Blogging

Å skrive oppgåver av ulike typar er ein sentral del av opplæringa i høgare utdanning. Slik bearbeider ein fagstoffet, ein kan relatere det til praksiserfaringar, ein kan drøfte ulike teoretiske perspektiv, reflektere og sjå nye samanhengar. Slik kan skriveprosessen vere ein måte å konstruere ny kunnskap og innsikt.

Når ein brukar blogg i opplæringa, får ein i tillegg tilført nye aspekt til undervisninga. Studentane skriv for ei anna målgruppe. Sidan tekstane skal publiserast, skriv dei ikkje lenger berre for læraren.  Medstudentane kan lese blogginnlegga, slik kan dei lære av kvarandre. Studentane kan også kommentere innlegga og på den måten trene på å gi skriftlege tilbakemeldingar på fagtekstar. Dette er ein mykje brukt akademisk arbeidsmåte som det er viktig å få trening i allereie i studiesamanheng. Studentane kan også lenke til eksternt materiale, og eksterne kan finne bloggane og lese dei. På denne måten vert ein del av eit fagleg fellesskap, og kan danne eit læringsnettverk.

 

På HVO har Kari Ryslett som er emneansvarleg på studiet «Mat, kultur og konservering» bytta tradisjonelle arbeidskrav med studieblogg.

 

Skal ein lukkast med blogg i undervisninga, bør ein ha klare forventningar til kor mykje studentane skal skrive, kva innlegg dei skal kommentere m.m. Norgesuniversitetet har publisert praktiske råd knytt til studieblogg «Slik bruker du blogg i studier»