Sjølvrettande oppgåver
Oppgåver knytt til innhald som vert presentert bidrar til å aktivisere kursdeltakaren og gir informasjon om dei har
Vi tilbyr ulike former for sjølvrettande oppgåver. Desse vert integrert med andre element som td. tekst og video.
Vi kan lage ulike oppgåver ved hjelp av forskjellege verktøy, her er nokre eksempel:
Forfattarverktøy
Ein kan både presentere innhaldet og lage ulike typar oppgåver i eit såkalla forfattarverktøy. Her er to døme frå engelsk grammatikk:
Oppgåver i WordPress
Vi kan også programmere ulike oppgåvetypar i bloggverktøyet WordPress. Klikk på lenka for å sjå eksempel.
Surveyverktøy
Verktøy som er laga for å lage spørjeskjema har ofte gode spørsmålstypar som også kan brukast i ein opplæringskontekst. På HVO brukar vi SurveyXact som har mange mulegheiter, enklare variantar kan vere Excel Survey og Google Forms. Førsteamanuensis Roar Stokken har blogga om sine erfaringar med bruk av surveyverktøy i undervisning i store grupper.
Kviss
Kvissar kan både fungere godt for aktivere studentane i ei undervisningsøkt, og dei kan vere nyttige reiskap for undervegsvurdering. Det finst ulike nettbaserte verktøy som er gratis i bruk. Ein lagar brukarnamn og passord, og opprettar kvissen. Studentane kan svare ved hjelp av smarttelefon eller berbar datamaskin.
- Kahoot: https://getkahoot.com/
- Socrative: https://www.socrative.com/
- Flinga: https://demo.flinga.fi/
Refleksjonsoppgåver
Spørsmål som oppmodar studenten til å arbeide meir med delar av fagstoffet, kan hjelpe studenten til å sentrale delar av fagstoffet Desse spørsmåla kan også vere gode utgangspunkt for drøfting i kollokviegrupper. På lenka er eit eksempel frå engelsk litteratur.