Ressurskartlegging bydel St. Hanshaugen

I dette innlegget vil eg legge fram ei kortfatta ressurskartlegging. Kva kjelder har eg tilgjengeleg som kan nyttast til å gje utfyllande skildringar av bydel St. Hanshaugen.

Bibliotek

Deichmann hovedbibliotek (St. Hanshaugen)

Søket i «St. Hanshaugen» i deira database gav følgjande treff:

8 resultater:

  • St. Hanshaugen Ullevål: Striftog i bydelens nedre del (Eva Ramm)
  • Poplene på St. Hanshaugen (Bjørg Vik)
  • Elsi Lund-Triologien (Bjørg Vik)
  • St. Hanshaugen og omegn (Ole Martin Overn)
  • Små nøkler, store rom (Bjørg Vik)
  • Rundt Egebergløkken (Eva Ramm)
  • Trefoldighetskirkens 70-års jubileum: kirken og omegn i 70 år i tekst og billeder
    (Ole Martin Overn)

Bildebase ved Deichman bibliotek:
http://bildebaser.deichman.no/items/browse?collection=9


Oria

151 treff:

2. Bilete (funn i Dechmanns database)

Biblioteket på Bymuseet

Biblioteket opplyser på sine sider at dei har ei samling av Oslohistorie; byutvikling, innbyggernes liv livsvillkår, innvandring, bykultur og teaterhistorie.

Nasjonalbiblioteket

Eit søk i Nasjonalbiblotekets datgabase gav eit betydeleg større treff enn dei overnevnte databasene. Av desse treffa var 7 964 bøker, 125 745 aviser og 180 bilete. 1 553 var treff i tidsskrift.

Digitalt museum med bilete frå St.Hanshaugen

St. Hanshaugen Historielag

St. Hanshaugen har sitt eige historielag. Dette vart stifta i 2015. Lokallaget har følgjande formål:

formål er å fremme interessen for og øke kunnskapen om bydelens historie, samt bidra til vern av bydelens kulturminner

Historielagets vedtekter vart fastsatt i 2015. I vedtektene finn du blant anna informasjon om formål, informasjon om medlemskap og styresjamansetning. I vedtektene står det også at historielaget bør vera tilknytt Landslaget for Lokalhistorie via Fellesrådet for Historielagene i Oslo.

På nettsidene står det vidare opplyst at det er interessegrupper som arbeider med ulike innsatsområde. Døme på dette er:
Jubileum Ila skole, Bergfjerdingen, Spesialskolene og Valle-løkken.

Arkiv

I Oslo kommune er det fleire arkiv:

Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo
Riksarkivet arkiverer frå sentrale statlege organ
Statsarkivet arkiverer fra regionale og lokale statlege arkiver i Oslo, Akershus og Østfold. I tillegg har dei også privatarkiver.



Bydel St. Hanshaugen

Tårnhuset på St. Hanshaugen i solnedgang foto
https://www.oslo.kommune.no/politikk-og-administrasjon/bydeler/bydel-st-hanshaugen/#gref
https://www.oslo.kommune.no/politikk-og-administrasjon/bydeler/bydel-st-hanshaugen/#gref

I Oslo ligg det ein bydel midt i hjarta av hovudstaden. Frå Hammersborg og Hausmanskvartala i aust til Marinlyst og Ullevål i nord ligg bydel St. hanshaugen. Bydelen strekker seg frå aust til vest og har heile 39 000 innbyggjarar.

I bydelen finn du mellom anna desse kjente serverdigheitene:

  • Deichmann hovedbiblioteket
  • Vår frelsers gravlund
  • Bislett stadion
  • NRK
  • Parken St. hanshaugen
  • Stensbergparken

Historie

St. Hanshaugen vart offisielt ein bydel i 2004. Før dette gjekk bydelen under namnet St. Hanshaugen – Ullevål frå 1977-2003. Før dette var bydelen enda større og omfatta St.Hanshaugen, Gamle Aker, deler av Ila og Fagerborg.

Bydelen har namnet etter St. Hanshaugen park. Parken har også tidlegare vorte kalt MærrahaugenAggersbakken og St. Hans Høien. Tidleg på 1600-talet var området ein del av bymarka som vart nytta til beitemark for husdyr. Det meste av områda rundt vart privat eigedom, men parken vart att.

Namnet på parken kom på grunn av dei kjente St. Hans-feiringane på 1800-talet. Det var banksjef og bystyremedlem Fritz Heinrich Frølich som ynskja at det skulle vera ein park for arbeidarar. i 1854 vart det beslutta at det skulle plantast tre med håp om å utarbeide eit friluftsområde.

St. Hanshaugen omfattar også størket St. Hanshaugen i Oslo. Det er monge som snakkar om strøkte og ikkje bydelen når dei omtalar St. Hanshaugen.

Kjelder