{"id":8,"date":"2016-11-04T20:10:00","date_gmt":"2016-11-04T19:10:00","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.hivolda.no\/roars\/?p=8"},"modified":"2017-02-02T09:09:26","modified_gmt":"2017-02-02T08:09:26","slug":"praksisnaert","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/2016\/11\/04\/praksisnaert\/","title":{"rendered":"Praksisn\u00e6rt"},"content":{"rendered":"<p>Eg har siste veka (som er mi f\u00f8rste), fleire gongar h\u00f8yrt at sosialarbeidarstudia m\u00e5 vere praksisn\u00e6re. Sj\u00f8lv om intensjonen i at noko skal vere praksisn\u00e6rt er god, er der eit ibuande problem i dette som ein m\u00e5 jobbe medvite for \u00e5 unng\u00e5.<\/p>\n<p>Sosialarbeidarstudia er profesjonsstudium, til liks med sjukepleiarutdanninga og l\u00e6rarutdanninga. Eg har h\u00f8yrt desse skildra som akademiserte yrkesskular. Dette er ei skildring som gir meining i mitt hovud, ikkje minst fordi det peikar p\u00e5 at studia ligg i spenningsfeltet mellom handverket og akademia.<\/p>\n<p>Eg trur at tanken om at studiet skal vere praksisn\u00e6rt er ein kritikk mot at dei akademiske aspekta ved studiet har f\u00e5tt for stort fokus, og at handverket har tapt p\u00e5 det. Det treng ikkje vere slik. Det er ikkje ein motsetnad mellom akademisk og praksisn\u00e6rt, slik det er ein motsetnad mellom det abstrakte og det praksisn\u00e6re.<\/p>\n<p>Eg er ikkje sosialarbeidar; eg er l\u00e6rar. I l\u00e6rarutdanninga har innhaldet to hovudaspekt: 1)Kunnskap ein skal l\u00e6re for \u00e5 kunne l\u00e6re den vekk og 2) danning i form av det \u00e5 verte ein l\u00e6rar med dei &laquo;rette&raquo; haldningane og verdiane. Sj\u00f8lv om ogs\u00e5 sosialarbeidaren bedriv kunnskapsformidling, har den mindre vekt enn hos l\u00e6raren. Studiet har s\u00e5leis ein st\u00f8rre danningsdel enn mi profesjonsutdanning, noko som kan gjere kravet om at studiet skal vere praksisn\u00e6rt enno farlegare enn i den profesjonmsutdanninga som eg har.<\/p>\n<p>Eg opplever l\u00e6rarar som sv\u00e6rt praksisorienterte. Det som kan brukast i klasserommet er bra; lite anna er bra. Dette gjer vidareutdanning av l\u00e6rarar utfordrande, men eg trur at det praksisn\u00e6re kan gjere utdanning av sosialarbeidarar enno meir utfordrande.<\/p>\n<p>Danning er ikkje praksisn\u00e6rt. Det handlar om \u00e5 tenkje p\u00e5 andre m\u00e5tar, og det krev refleksjon. Det er s\u00e5leis noko av det minst praktiske ein kan tileigne seg. Det tek tid, og ein har ikkje kjensla av \u00e5 ha l\u00e6rt noko. For det handlar ikkje om klare eller ikkje klare &#8211; det handlar om \u00e5 bli ein annan.<\/p>\n<p>Ein kan dannast gjennom praksisn\u00e6re oppg\u00e5ver &#8211; og ein kan dannast gjennom akademiske \u00f8vingar. Men ein vert ikkje danna av \u00e5 l\u00e6re sakshandsamingsreglar. Det er yrkesskulen. Og der skal vi ikkje vere &#8211; det meiner eg (kanskje fordi eg har blitt danna gjennom det akademiske systemet).<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har siste veka (som er mi f\u00f8rste), fleire gongar h\u00f8yrt at sosialarbeidarstudia m\u00e5 vere praksisn\u00e6re. Sj\u00f8lv om intensjonen i at noko skal vere praksisn\u00e6rt er god, er der eit ibuande problem i dette som ein m\u00e5 jobbe medvite for \u00e5 unng\u00e5. Sosialarbeidarstudia er profesjonsstudium, til liks med sjukepleiarutdanninga og l\u00e6rarutdanninga. Eg har h\u00f8yrt desse &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/2016\/11\/04\/praksisnaert\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese<span class=\"screen-reader-text\"> \u00abPraksisn\u00e6rt\u00bb<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":86,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/users\/86"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":143,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8\/revisions\/143"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}