{"id":226,"date":"2017-03-06T20:45:17","date_gmt":"2017-03-06T19:45:17","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/?p=226"},"modified":"2017-03-07T12:58:18","modified_gmt":"2017-03-07T11:58:18","slug":"survey-verkty-i-undervisninga","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/2017\/03\/06\/survey-verkty-i-undervisninga\/","title":{"rendered":"Survey-verkty i undervisninga"},"content":{"rendered":"<p>Det \u00e5 legge til rette for at studentane reflekterer under undervisnings\u00f8kta er viktig for meg. <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/2017\/01\/22\/den-som-laerer-mest\/\">Eg har skrive om grunnen til dette<\/a>, og eg har skrive om<a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/2017\/02\/01\/twitter-for-studentaktiv-laering\/\"> korleis eg har nytta Twitter i undervisninga<\/a>. Twitter har fungert greitt, men eg er ikkje heilt n\u00f8gd. Eg veit eigentleg ikkje kvifor, men det gir meg (heldigvis) ein grunn for \u00e5 leite etter andre m\u00e5tar \u00e5 legge til rette for at mange f\u00e5r reflektert og mange vert h\u00f8yrde.<\/p>\n<p>H\u00f8gskulen i Volda har kj\u00f8pt tilgang til surveyXact. Eg har nytta dette verktyet, og det er i prinsippet likt alle andre digitale surveyverkty. Ein lagar eit sp\u00f8rjeskjema, distribuerer det, og f\u00e5r ut rapportar. For meg er det viktig at det skal vere enkelt for studentane \u00e5 ta del. Terskelen skal i prinsippet ikkje vere der. Difor gir eg studentane ei lenke og ei QR-kode dei kan nytte.\u00a0QR-koden kan lesast p\u00e5 mobilen, t.d. i Snapchat, og lenka kan skrivast inn p\u00e5 b\u00e5de berbare og p\u00e5 telefonen.<\/p>\n<p>N\u00e5r surveyXact lagar lenker, vert dei ganske lange. D\u00f8met under f\u00e5r til d\u00f8mes lenka: https:\/\/svar.hivolda.no\/LinkCollector?key=E1VU359Z3N9P. For \u00e5 f\u00e5 den kortare, nyttar eg ein URLforkortar. Her har eg nytta <a href=\"http:\/\/goo.gl\">http:\/\/goo.gl<\/a>.<\/p>\n<p>I undervisnings\u00f8kta ber eg studentane diskutere eit sp\u00f8rsm\u00e5l i grupper p\u00e5 to til fire, for deretter \u00e5 sende inn svaret. Medan studentane jobbar, tek eg fram unders\u00f8kinga og ser kva dei skriv. N\u00e5r eit passeleg tal studentar har skrive noko meiningsfullt, byttar eg fr\u00e5 PowerPoint til rapporten eg har laga p\u00e5 f\u00f8rehand. Eg g\u00e5r d\u00e5 gjennom svara og peikar p\u00e5 dei elementa eg meiner er viktige for det vi skal jobbe vidare med. Eg nyttar den berbare maskina mi til \u00e5 vise plansjane og den stasjon\u00e6re i undervisningslokalet til \u00e5 leite fram og klargjere det studentane skriv. Eg byttar mellom desse ved hjelp av kontrollpanelet p\u00e5 kateteret. Svara som studentane gav p\u00e5 dei fire oppg\u00e5venem, lasta eg opp i l\u00e6ringsplattformen saman med plansjane mine.<\/p>\n<h3>Tekstsvar<\/h3>\n<p>Eg likar \u00e5 legge inn ein refleksjon tidleg i undervisnings\u00f8kta. I dette tilfellet var temaet &laquo;Offentlege organisasjonar&raquo;. Etter \u00e5 ha g\u00e5tt gjennom den vanlege introduksjonen av tema og m\u00e5l for dagen, slo eg fast at: &laquo;Ingen har sett ein organisasjon&raquo;. Etter det gjekk vi rett p\u00e5 f\u00f8rste refleksjons\u00f8kt. Eg introduserer \u00f8kta ved hjelp av f\u00f8lgjande plansje:<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-229 size-medium\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/Skjermbilde-300x260.png\" width=\"300\" height=\"260\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/Skjermbilde-300x260.png 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/Skjermbilde.png 766w\" sizes=\"(max-width: 300px) 85vw, 300px\" \/><\/p>\n<p>B\u00e5de QR-koden og URLen f\u00f8rer til eit skjema som ser slik ut:<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-230 size-full\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/Skjermbilde-1.png\" width=\"443\" height=\"199\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/Skjermbilde-1.png 443w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/Skjermbilde-1-300x135.png 300w\" sizes=\"(max-width: 443px) 85vw, 443px\" \/><\/p>\n<p>Sjemaet fungerer b\u00e5de p\u00e5 mobil og berbar. Studentane fyller inn kva dei meiner ein organisasjon er, og sender svaret. P\u00e5 dette sp\u00f8rsm\u00e5let fekk eg heile 53 svar fr\u00e5 omlag 100 studentar. Dei fleste svara var knytt til at menneske jobba saman mot m\u00e5l. Her er eit lite utval av svara, der mange som var knytt til samarbeid mot m\u00e5l er fjerna:<\/p>\n<ul>\n<li><span class=\"fontstyle0\">Mennesker som jobber sammen mot et bestemt m\u00e5l<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">Organisme<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">En tjenesteyter<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">Det er en organisert virksomhet. Best\u00e5r av mennesker og et m\u00e5l<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">En gruppe mennesker som jobber sammen om et felles m\u00e5l<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">Er to eller flere mennesker som arbeider sammen for \u00e5 utf\u00f8re oppgaver der en skal oppn\u00e5 et mer eller mindre klart definert m\u00e5l. Alts\u00e5, det er et bevisst, stabilt og m\u00e5lretter samarbeid mellom mennesker<br \/>\n<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">Gruppe personer med satt struktur og regelverk som har et gitt form\u00e5l.<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">En organisasjon er en gruppe mennesker som jobber mot et felles m\u00e5l. Det skal v\u00e6re \u00e5rsm\u00f8ter, vedtekter,<br \/>\nretningslinjer, et eller flere styrer (et nasjonalt, og eventuelt noen lokale styrer), og en skal v\u00e6re registrer i<br \/>\nBr\u00f8nn\u00f8ysundregisteret (?).<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">Fleire mennesker som arbeider sammen og utf\u00f8rer en oppgave<br \/>\n<\/span><\/li>\n<li><span class=\"fontstyle0\">N\u00e5r en gruppe mennesker er sammen om et eller flere m\u00e5l eller har like rammer<\/span><\/li>\n<\/ul>\n<p>Eg viste svara som ein Word-rapport. P\u00e5 den m\u00e5ten kunne eg justere skriftstorleiken til noko som var lett lesbart for studentane.<\/p>\n<p>Dei neste tre plansjane mine gjekk p\u00e5 kjenneteikn p\u00e5 organisasjonar ut fr\u00e5 pensumlitteraturen. N\u00e5r eg gjekk gjennom dei, kunne eg vise til at svara deira hadde lite fokus p\u00e5 identitet og hierarki, men i stor grad p\u00e5 rasjonalitet.<\/p>\n<h3>Svare gjennom val av alternativ<\/h3>\n<p>Eit alternativ til det \u00e5 hente inn tekst, er \u00e5 k\u00f8yre &laquo;meiningsm\u00e5lingar&raquo; knytt til faste svar. I pensum er\u00a0der ein forskingsrapport knytt til leiarar\u00a0i offentleg og privat sektor. Eg laga eit sp\u00f8rjeskjema i surveyXact som s\u00e5g slik ut:<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-233 size-full\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/leiarstil-trygdesjef.png\" width=\"397\" height=\"109\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/leiarstil-trygdesjef.png 397w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/leiarstil-trygdesjef-300x82.png 300w\" sizes=\"(max-width: 397px) 85vw, 397px\" \/><\/p>\n<p>Der var tilsvarande sp\u00f8rsm\u00e5l for rektorar og bedriftsleiarar. I tillegg var der sp\u00f8rsm\u00e5l om beslutningsstil og motivasjonsprofil. Resultata var slik:<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-234 size-large\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/resultat-leiarstil-1024x430.png\" width=\"980\" height=\"412\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/resultat-leiarstil-1024x430.png 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/resultat-leiarstil-300x126.png 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/resultat-leiarstil-768x322.png 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/03\/resultat-leiarstil.png 1096w\" sizes=\"(max-width: 709px) 85vw, (max-width: 909px) 67vw, (max-width: 1362px) 62vw, 840px\" \/><\/p>\n<p>&laquo;Fasiten&raquo; ut fr\u00e5 forskingsrapporten er at dei offentlege leiarane er mest forandringsorientert og bedriftsleiarane er i hovudsak personalorienterte.<\/p>\n<p>Skillet mellom det studentane trur og det forskinga viser, gjer at eg kan justere fokuset mot der eg ser at det er grunn til \u00e5 forklare og justere oppfatningane deia.<\/p>\n<h3>I sum<\/h3>\n<p>Eg fekk fleire svar gjennom bruk av surveyXact enn eg fekk gjennom Twitter. Det er tale om ei anna gruppe enn den gruppa der eg brukte Twitter. Det kan vere grunnen, men eg opplevde at bruken av surveyXact hadde ein l\u00e5gare brukarterskel. Vidare er studentane anonyme i surveyXact, noko som gjer at det vert mindre farleg \u00e5 skrive noko som er feil. Det eg ikkje fekk med surveyXact, var at studentane s\u00e5g svara som dei andre gav etter kvart. Det har b\u00e5de positive og negative sider, men eg trur kanskje det er ei vinning for deira refleksjon sin del. Ein annan fordel med surveyXact i h\u00f8ve til Twitter, er at ein ikkje g\u00e5r inn i ein kommunikativ sjanger som ikkje oppfordrar til refleksjon. surveyXact gir ogs\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 setje saman fleire sp\u00f8rsm\u00e5l, slik at ein kan f\u00e5 ei lenger refleksjons\u00f8kt.<\/p>\n<p>I\u00a0sum vil eg mest truleg ha surveyXact som f\u00f8rsteval neste gong eg treng eit verkty for studentaktivitet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det \u00e5 legge til rette for at studentane reflekterer under undervisnings\u00f8kta er viktig for meg. Eg har skrive om grunnen til dette, og eg har skrive om korleis eg har nytta Twitter i undervisninga. Twitter har fungert greitt, men eg er ikkje heilt n\u00f8gd. Eg veit eigentleg ikkje kvifor, men det gir meg (heldigvis) ein &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/2017\/03\/06\/survey-verkty-i-undervisninga\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese<span class=\"screen-reader-text\"> \u00abSurvey-verkty i undervisninga\u00bb<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":86,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[13,10],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/226"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/users\/86"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=226"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/226\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":238,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/226\/revisions\/238"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=226"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=226"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=226"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}