{"id":83,"date":"2017-01-21T14:17:00","date_gmt":"2017-01-21T13:17:00","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/?page_id=83"},"modified":"2018-02-22T09:12:06","modified_gmt":"2018-02-22T08:12:06","slug":"om-a-skrive-oppgave","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/mine-interesser\/a-skrive-oppgaver\/om-a-skrive-oppgave\/","title":{"rendered":"Empirisk oppg\u00e5ve"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5 skrive oppg\u00e5ve handlar om \u00e5 overtyde lesaren om at du kan det oppg\u00e5va handlar om. N\u00e5r du skal skrive ei oppg\u00e5ve der du samlar empiri og analyserer denne i lys av teori, m\u00e5 du ogs\u00e5 overtyde lesaren om at denne prosessen er gjort p\u00e5 rett m\u00e5te. Men f\u00f8r du kjem s\u00e5 langt, er det ei enno viktigare oppg\u00e5ve: Du m\u00e5 overtyde lesaren om at det du gjer er viktig. Det gjer innleiinga til dei viktigaste sidene i oppg\u00e5va di, for den skal gjere at lesaren (tenk sensor) skal forst\u00e5 *kva* du skal finne ut, *kvifor\u201d du skal finne det ut og *korleis* du skal finne det ut.<\/p>\n<h4>F\u00f8r du byrjar \u00e5 skrive<\/h4>\n<p>F\u00f8r du kan skrive innleiinga, m\u00e5 du alts\u00e5 finne ut kva du skal unders\u00f8kje. Bachelor- og mastergradsoppg\u00e5ver er forskingsprosjekt. Det tyder at du skal skape ny kunnskap. Det tyder at det ikkje skal vere mogeleg \u00e5 finne ut det same ved \u00e5 lese ei anna oppg\u00e5ve, ei anna bok eller ein forskingsartikkel. MEN det tyder ikkje at du m\u00e5 skape noko heilt nytt og revolusjonerande. Du kan godt ta ei problemstilling fr\u00e5 ein kontekst, og teste den i ein annan. Om vi tenkjer oss at du les ein forskingsartikkel som seier at korttidsfr\u00e5v\u00e6ret gjekk ned n\u00e5r firma \u201cA\u201d innf\u00f8rte forbod mot alkohol p\u00e5 firmasamlingar, s\u00e5 kan de teste det same i firma \u201cB\u201d &#8211; s\u00e5 lenge firma \u201cB\u201d enten har innf\u00f8rt same forbodet, eller de f\u00e5r dei til \u00e5 gjere det. \u00c5 gjennomf\u00f8re noko som har vore gjort f\u00f8r, men ein annan stad, kan alts\u00e5 vere ei god l\u00f8ysing.<\/p>\n<p>Denne nye kunnskapen kan ha mange former og vere basert p\u00e5 mange sortar datamateriale, fr\u00e5 ei stor sp\u00f8rjeunders\u00f8king med 10 000 respondentar, via unders\u00f8kingar av ulike typar skriftlege kjelder, til intervju eller observasjonar. Det einaste kravet som er absolutt, er at du bidreg til kunnskapsdanninga i verda med ein bitte liten, kanskje nesten umerkeleg del.<\/p>\n<p>Det f\u00f8rste du m\u00e5 finne ut av, er med andre ord kva du skal skrive om. Dette skal fangast i problemstillinga. Den skal vere s\u00e5 liten og konkret, at de skal kunne svare p\u00e5 den med ei setning eller to, utan at lesaren (igjen: tenk sensor) skal kunne seie at den ikkje alltid gjeld. Altfor vage problemstillingar er til d\u00f8mes:<\/p>\n<ul>\n<li>Kva skal til for \u00e5 bli ein god leiar?<\/li>\n<li>Kvifor vert barn mobba?<\/li>\n<li>Korleis kan ein skape gode relasjonar mellom barn og barnevernspedagogar?<\/li>\n<\/ul>\n<p>Mykje betre problemstillingar er til d\u00f8mes:<\/p>\n<ul>\n<li>Kva meiner dei tilsette i Bedrift AS er viktige verkemiddel for \u00e5 redusere sjukefr\u00e5veret?<\/li>\n<li>Kva meiner barn ved Plage skule er grunnen til at nokre born vert mobba?<\/li>\n<li>Kva kjenneteiknar det som barn ved Gode\u00e5sen barneheim oppfattar som gode relasjonar mellom dei sj\u00f8lve og tilsette?<\/li>\n<\/ul>\n<p>Problemstillinga skal alts\u00e5 vere s\u00e5 konkret og liten at den a) omhandlar berre ein ting og b) avgrensar det til ei gruppe ein skal hente data\/informasjon\/kunnskap ifr\u00e5.<\/p>\n<h4>Strukturen<\/h4>\n<p>Struktur er viktig i oppg\u00e5va, for det gjer det lettare \u00e5 f\u00e5 fram bodskapen. Det er ikkje alltid den strukturen eg her set opp let seg gjere i praksis, men det er ofte lurt \u00e5 tenkje i desse banene.<\/p>\n<p>Innleiinga inneheld ei problemstilling, som leier ut i forskingssp\u00f8rsm\u00e5l. Det er ein god ide om kvart forskingssp\u00f8rsm\u00e5l har ein teoretisk basis. D\u00e5 m\u00e5 kvart av dei teoretiske perspektiva ha sin del i teorikapitlet. Ut fr\u00e5 kombinasjonen av teori og forskingssp\u00f8rsm\u00e5l, lagar ein intervjusp\u00f8rsm\u00e5l. Dei svara ein f\u00e5r p\u00e5 desse sp\u00f8rsm\u00e5la, skriv ein saman i funndelen, aller helst med utgangspunkt i omgrep fr\u00e5 teorien. Desse funna leier fram til oppsummeringar. Oppsummeringane tek ein med seg inn i diskusjonenen og dr\u00f8ftar desse med utgangspunkt i teorien. Dr\u00f8ftinga f\u00f8rer fram til delkonklusjonar, som ein set saman for \u00e5 finne svaret p\u00e5 problemstillinga.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/01\/struktur-1.png\" width=\"758\" height=\"215\" align=\"middle\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>D\u00f8met under illustrerer korleis dette kan tenkjast. Det er utarbeida i samarbeid med Mats Mulstrand, og er basert p\u00e5 skissa han leverte til mastergradsprosjekt.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-content\/uploads\/sites\/85\/2017\/01\/Problemstillingar.png\" width=\"782\" height=\"404\" align=\"middle\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<h4>Innleiinga<\/h4>\n<p>N\u00e5r problemstillinga er p\u00e5 plass, er det klart for \u00e5 skrive innleiinga. Den skal forklare for lesaren (..og du tenkjer kven?&#8230;) kvifor forskingssp\u00f8rsm\u00e5let er s\u00e5 viktig at du vel \u00e5 bruke veldig mykje tid p\u00e5 \u00e5 finne svar p\u00e5 det. Om du skriv mastergradsoppg\u00e5ve er det tale om 1000 timar om du er \u00e5leine, eller 2000 timar om det er to. Deretter skal de gi ei kort skisse over heile prosjektet. Det gjer at n\u00e5r innleiinga er p\u00e5 plass, s\u00e5 er det nesten berre arbeid att.<\/p>\n<p>Den skal p\u00e5 f\u00f8rste halve sida skal difor innehalde: 1) Eit tema. 2) Vise til litteratur som belyser temaet. 3) Sl\u00e5 fast noko som litteraturen ikkje gir svar p\u00e5 (dette er grunen til at ein skal gidde \u00e5 lese teksten din). 4) Forklare at dette er viktig for feltet du forskar i. 5) Fortelje at og korleis du vil skape klarheit i dette, og s\u00e5 6) sl\u00e5 fast m\u00e5let med forskinga (Nesten problemstillinga).<\/p>\n<p>Deretter brukar du 3-4 sider p\u00e5: 7) Kvar du\/de skal samle data og litt om konteksten. 8) Litt litteratur som forklarar kvifor du\/de fokuserer som du\/de gjer. 9) Litt om metode, alts\u00e5 type datainnsamling og kva type analyse du gjer. 10) Litt om nytteverdien, gjerne b\u00e5de teoretisk og praktisk, og s\u00e5 11) avsluttar du med \u00e5 sl\u00e5 fast problemstilling og forskingssp\u00f8rsm\u00e5l.<\/p>\n<p>Forskingssp\u00f8rsm\u00e5la skal utdjupe problemstillinga, og m\u00e5 ha same subjekt. Eit d\u00f8me er om vi tek utgangspunkt i problemstillinga: \u201dKorleis oppfattar leiarane ved Bedrift AS prestasjonsm\u00e5lingssystemet som er i bruk?\u201d. Forskingssp\u00f8rsm\u00e5la m\u00e5 dermed alle saman ha fokus p\u00e5 leiarane si oppfatning. Relevante forskingssp\u00f8rsm\u00e5l kan d\u00e5 vere t.d. \u201dKorleis opplever leiarane ved Bedrift AS at prestasjonsm\u00e5lingssystemet verkar inn p\u00e5 XXX\u201d, det XXX kan vere 1) kvaliteten p\u00e5 arbeidet som vert utf\u00f8rt, 2) dialogen med medarbeidarar, 3) dei tilsette sitt samarbeid, eller 4) kunnskapsdelinga mellom dei tilsette.<\/p>\n<p>Det er langt fr\u00e5 sikkert at denne strukturen passar 100%. I s\u00e5 fall m\u00e5 du vere kreativ, men hugs at innleiinga skal synleggjere at du tek f\u00f8re deg noko som er relevant for kunnskapssamfunnet \u2013 og at du er i stand til \u00e5 finne svar p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let du stiller p\u00e5 ein m\u00e5te som er akseptert som forsking.<\/p>\n<h4>Teori<\/h4>\n<p>I dette kapitlet f\u00e5r vi vite kva perspektiv du skal nytte for \u00e5 l\u00f8yse problemet som problemstillinga set opp. Vil de sj\u00e5 p\u00e5 dette i \u00f8konomisk, psykologisk, sosialfagleg, sosiologisk, organisatorisk og\/eller juridisk perspektiv? Dette kapitlet legg alts\u00e5 ut alle verkya du skal nytte til \u00e5 forst\u00e5 eit fenomen. Til saman dannar teorikapitlet det analytiske rammeverket du skal bruke i funn- og diskusjonsdelen.<\/p>\n<p>Nokre element kan passe b\u00e5de i innleiing og i teorikapittelet. Det som avgjer kvar det skal st\u00e5, er analysekapitlet. Det du treng til \u00e5 analysere funna dine skal st\u00e5 i teorikapitlet. Det du treng til \u00e5 gjere unders\u00f8kinga di relevant, det skal st\u00e5 i innleiinga.<\/p>\n<p>Det kan vere ein fordel om du tenkjer at teorikapitlet skal innehalde ein del som belyser problemstillinga og ein del som belyser kvar av forskingssp\u00f8rsm\u00e5la. Den f\u00f8rste delen, som omhandlar problemstillinga M\u00c5 forklare kvifor du har valt \u00e5 fokusere p\u00e5 dei omr\u00e5da som forskingssp\u00f8rsm\u00e5la viser.<\/p>\n<p>Om vi tek utgangspunkt i problemstillinga med prestasjonsm\u00e5ling, kan det vere naturleg at ein har ein teoridel om prestasjonsm\u00e5ling som belyser problemstillinga \u201dKorleis oppfattar leiarane ved Bedrift AS prestasjonsm\u00e5lingssystemet som er i bruk?\u201d. Denne m\u00e5 vise at kvalitet, dialog, samarbeid og l\u00e6ring enten er relevant for prestasjonsm\u00e5ling, eller for \u00e5 skape effektive organisasjonar. Deretter kjem det ein del for kvar av forskingssp\u00f8rsm\u00e5la. I d\u00f8met startar desse med \u201dKorleis opplever leiarane ved Bedrift AS at prestasjonsm\u00e5lingssystemet verkar inn p\u00e5 XXX\u201d. Kvalitetsteori vil vere relevant for det som handlar om \u201d1) kvaliteten p\u00e5 arbeidet som vert utf\u00f8rt\u201d. Kommunikasjonsteori som kan kaste lys over \u201d2) dialogen med medarbeidarar\u201d, team eller samarbeidsteori som kan informere \u201d3) dei tilsette sitt samarbeid\u201d og l\u00e6ringsteori som kan bidra til ein analyser av \u201d4) kunnskapsdelinga mellom dei tilsette.\u201d<\/p>\n<p>Du b\u00f8r avslutte kvar teoridel med eit avsnitt som gjer teorien relevant for det du studerer \u2013 alts\u00e5 feltet. Om du skriv om prestasjonsm\u00e5ling, og har eit delkapittel om motivasjon, s\u00e5 b\u00f8r du avslutt med noko som koplar motivasjon til prestasjonsm\u00e5ling \u2013 MEN aller helst b\u00f8r teorien koplast til akkurat det du studerer \u2013 alts\u00e5 til det prestasjonsm\u00e5lingssystemet du ser p\u00e5 i den bedrifta du hentar data fr\u00e5.<\/p>\n<h4>Metode<\/h4>\n<p>Metodekapitlet skal formidle korleis du har henta inn all den informasjonen (alts\u00e5 data) du brukar til \u00e5 vurdere problemstillinga. Dette kapitlet b\u00f8r vere s\u00e5 detaljert, at ein ikkje opplever at ein treng \u00e5 unders\u00f8ke vedlegg. M\u00e5let med kapitlet er s\u00e5leis \u00e5 skape tillit til at funna dine er valide, reliable og generaliserbare. Det vil seie at funna svarar p\u00e5 det dei seier at dei skal svare p\u00e5, at dei er til \u00e5 stole p\u00e5, og til ei viss grad er gyldige ut over nett det du har unders\u00f8kt. Regelen er at du skal skrive om det du har gjort, ikkje om alle dei tinga du ikkje har gjort. Om du gjer eit kvalitativt prosjekt, d\u00e5 skriv du om kvifor du har valt det og *ikkje* om kvifor du ikkje har valt eit kvantitativt prosjekt. Du skal heller ikkje skrive sidevis om vitskapsteori, men det kan vere gode grunnar for \u00e5 skrive litt om vitskapsteori her og der.<\/p>\n<p>Relevante delkapittel er: Val av metode, forskingdesign, kontekst, datainnsamling, databehandling, kvalitet og etikk.<\/p>\n<p>Innanfor temaet kvalitet, er det viktig \u00e5 synleggjere:<\/p>\n<ul>\n<li>Kva som gjer at forskinga er gyldig (validitet)<\/li>\n<li>Kva som gjer forskinga p\u00e5liteleg (reliabilitet).<\/li>\n<li>Korleis de har tenkt i h\u00f8ve generalisering av forskinga (naturalistisk, moderat, konseptuell generalisering)<\/li>\n<li>Transparens<\/li>\n<li>Refleksivitet<\/li>\n<li>Integritet<\/li>\n<\/ul>\n<p>Sj\u00e5 Tjora 2017, <em>Kvalitative forskningsmetoder i praksis<\/em>, kapittel 8 for meir utfyllande forklaringar p\u00e5 omgrepa.<\/p>\n<h4>Funn<\/h4>\n<p>I denne delen skriv du eit samandrag av den informasjonen du har samla inn. I mange tilfelle vil det handle om at de sl\u00e5r saman funn for mindre grupper av informasjon til st\u00f8rre grupper. Det er ofte naturleg \u00e5 ha ein del for kvart av forskingssp\u00f8rsm\u00e5la. I eksempelet om prestasjonsm\u00e5ling, kan det vere fornuftig \u00e5 ha t.d. overskriftene \u201dKvalitet\u201d, \u201dDialog\u201d, \u201dSamarbeid\u201d og \u201dKunnskapsdeling\u201d. Det er ofte ein god ide \u00e5 bruke ein variant av dei same overskriftene som grunnlag for \u00e5 strukturere diskusjonen.<\/p>\n<p>Her skal det ikkje vere 300 sitat eller 700 tabellar. Dette kapitlet er eit utval av informasjonen du har samla inn. Kvart tema i denne delen vert etterf\u00f8lgt av eit lite samandrag. Dette samandraget kan med fordel omskrivast lett til \u00e5 bli innleiing til kvar av dei same delane i diskusjonsdelen.<\/p>\n<h4>Diskusjon<\/h4>\n<p>Denne delen koplar hovedfunna til teori. Er funna i samsvar med teori? I motsetning til teori? Korleis kan ein forst\u00e5 funna i form av teori? osb. N\u00e5r diskusjonskapitlet er ferdig, har du f\u00e5tt samla relativt spreidde funn til nokre f\u00e5 punkt som de tek vidare inn i konklusjonen. Koplinga til teori er spesielt viktig i kvalitative unders\u00f8kingar, sidan ein p\u00e5 denne m\u00e5ten kan legitimere generalisering.<\/p>\n<p dir=\"ltr\">I d\u00f8met om prestasjonsm\u00e5ling vil du ha ein del-konklusjon for \u201dKvalitet\u201d, ein del-konklusjon for \u201dDialog\u201d, ein annan for \u201dSamarbeid\u201d og end\u00e5 ein annan for \u201dKunnskapsdeling\u201d.<\/p>\n<p dir=\"ltr\">Skrivestilmessig er dette ei dr\u00f8fting. Alle dr\u00f8ftingar har tre element: 1) Ei innleiing som har form som ei utgreiing (redegj\u00f8relse), 2) hovuddelen som er dr\u00f8ftande og 3) avslutninga som er konkluderande. Kvart tema du er innom i dr\u00f8ftinga b\u00f8r ha denne strukturen.<\/p>\n<p dir=\"ltr\">Innleiinga er ei utgreiinga som tek utgangspunkt i funna. Deretter kjem ei vurdering av funna opp mot teorien i hovuddelen. I denne vurderinga er det ikkje behov for noko for\/mot vurdering, men der m\u00e5 inn tydelege mark\u00f8rar som viser at du dr\u00f8ftar. Slike mark\u00f8rar er t.d. \u00abom vi ser desse funna opp mot kvarandre\/teorien&#8230;\u00bb, \u00abviss vi tenkjer oss at\u00bb, \u00abeit anna argument kan vere\u00bb, \u00abimidlertid er det ogs\u00e5 slik at\u00bb o.l. Slike <em>dr\u00f8ftingsmark\u00f8rar<\/em> er veldig viktige, fordi dei viser tydeleg at du gjer ei vurdering. I den siste delen av kvar dr\u00f8fting, er det viktig at der er ein oppsummering. Alts\u00e5 at du sn\u00f8rar dette saman til ein slags konklusjon. Slike konklusjonar kan til d\u00f8mes starte med: \u00abdet er dermed tydeelg at\u2026\u00bb, \u00abvi ser her at\u2026\u00bb eller \u00absamla sett er det dermed slik at\u2026.\u00bb<\/p>\n<h4>Konklusjon<\/h4>\n<p>Konklusjonen samlar tr\u00e5dane fr\u00e5 diskusjonen til noko lite og konkret. Dette vesle er det ein kallar bidraget. Bidraget er det som dine arbeidstimar med oppg\u00e5va tilf\u00f8rer menneska si globale kunnskapsbase. Bidraget b\u00f8r kunne formulerast i ei einaste setning.<\/p>\n<p>I konklusjonen er det naturleg at du brukar teorien fr\u00e5 den f\u00f8rste delen av teorikapitlet, og set del-konklusjonane fr\u00e5 diskusjonen inn p\u00e5 dei omr\u00e5da som du nytta til \u00e5 lage forskingssp\u00f8rsm\u00e5la. Om vi tenkjer oss dette inn i d\u00f8met, kan det vere at leiarane opplever at prestasjonsm\u00e5ling aukar kvaliteten men reduserer dialog, samarbeid og kunnskapsdeling. I s\u00e5 fall m\u00e5 du vurdere dette opp mot teorien og vurdere korleis dette verkar inn p\u00e5 noko vesentleg for bedrifta.<\/p>\n<p>Eg treng sj\u00f8lvsagt ikkje nemne at konklusjonen skal svare p\u00e5 problemstillinga?<\/p>\n<p>Om de gjer handverket ditt godt, s\u00e5 er oppg\u00e5va som ein liten krim-roman. Mordet er problemstillinga og mordaren er konklusjonen \u2013 dvs. svaret p\u00e5 problemstillinga. Teori, metode, funn og diskusjon er kapitla som gjer at lesaren tenkjer \u201dSj\u00f8lvsagt!!\u201d n\u00e5r han\/ho les konklusjonen. Diskusjonen og konklusjonen skal leie lesaren, i l\u00f8pet av 1 time, dit som du har brukt 1000 timar (eller 2000 om de er to) p\u00e5 \u00e5 kome om du skriv ei mastergradsoppg\u00e5ve.<\/p>\n<h4>MEN<\/h4>\n<p>Det kan vere sv\u00e6rt gode grunnar til \u00e5 avvike fr\u00e5 denne malen, men i dei aller fleste tilfelle l\u00f8ner det seg \u00e5 halde seg til den, fordi det er slik lesaren (og dermed sensoren din) i utgangspunktet forventar at den skal vere bygd opp. Det tyder i praksis at det ikkje er nok med sv\u00e6rt gode grunnar, men at du ogs\u00e5 har evne til \u00e5 gjere desse tydelege og forst\u00e5elege for lesaren.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5 skrive oppg\u00e5ve handlar om \u00e5 overtyde lesaren om at du kan det oppg\u00e5va handlar om. N\u00e5r du skal skrive ei oppg\u00e5ve der du samlar empiri og analyserer denne i lys av teori, m\u00e5 du ogs\u00e5 overtyde lesaren om at denne prosessen er gjort p\u00e5 rett m\u00e5te. Men f\u00f8r du kjem s\u00e5 langt, er det &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/mine-interesser\/a-skrive-oppgaver\/om-a-skrive-oppgave\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese<span class=\"screen-reader-text\"> \u00abEmpirisk oppg\u00e5ve\u00bb<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":86,"featured_media":0,"parent":311,"menu_order":2,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/83"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/users\/86"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=83"}],"version-history":[{"count":14,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/83\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":453,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/83\/revisions\/453"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/311"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=83"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}