{"id":305,"date":"2017-07-29T15:18:40","date_gmt":"2017-07-29T13:18:40","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/?page_id=305"},"modified":"2017-07-29T17:45:32","modified_gmt":"2017-07-29T15:45:32","slug":"akademisk-skriving-2","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/mine-interesser\/a-skrive-oppgaver\/akademisk-skriving-2\/","title":{"rendered":"Oppg\u00e5veskriving p\u00e5 akademisk vis"},"content":{"rendered":"<p dir=\"auto\">N\u00e5r du som student skal skrive ei oppg\u00e5ve, er det to grunnar til det. Den f\u00f8rste handlar om at du skal l\u00e6re. Den andre er at du skal vise at du har kunnskapar til den som skal vurdere oppg\u00e5va. Sj\u00f8lv om det f\u00f8rste er det viktigaste, m\u00e5 du ikkje gl\u00f8yme det siste. Du er tatt opp p\u00e5 eit studium med rammeplan, studieplan, emneplan og pensumliste. N\u00e5r du f\u00e5r ei oppg\u00e5ve, er den laga for at du som student skal l\u00e6re noko som er viktig innanfor desse rammene. Du m\u00e5 dermed passe p\u00e5 at du l\u00e6rer noko som er innanfor, men den gode studenten kan godt g\u00e5 litt utanfor. I s\u00e5 fall m\u00e5 du starte innanfor, bevege deg utanfor, men vende tilbake til kjernen. P\u00e5 den m\u00e5ten viser du at det som er utanfor er relevant for det du skal l\u00e6re i studiet. Det aller viktigaste er alts\u00e5 at du svarar p\u00e5 oppg\u00e5va. Vegen fram til dette svaret er ein probleml\u00f8ysingsprosess. Du m\u00e5 passe p\u00e5 at denne prosessen vert framstilt innanfor det som vert akseptert som god akademisk skriving.<\/p>\n<p dir=\"auto\">Akademsik skriving er ein sjanger som er sv\u00e6rt open, p\u00e5 same m\u00e5te som kriminalromanen. Der er likevel ein indre logikk som m\u00e5 f\u00f8lgjast. Ein krimroman har eit lovbrot og ein som pr\u00f8ver \u00e5 l\u00f8yse dette lovbrotet. P\u00e5 same m\u00e5te har den akademiske sjangeren ein indre logikk som f\u00f8rer lesaren gjennom probleml\u00f8ysingsprosessen. Det skal visast gjennom fire typar tekst: Innleiing, utgreiing, dr\u00f8fting og konklusjon. Kvar av desse kan ha mange delar, og treng ikkje \u00e5 ha desse nemningane. Innleiinga skal ta lesaren fr\u00e5 oppg\u00e5veteksten og inn i temaet ditt. Utgreiinga skal vise kvar du st\u00e5r fagleg. I dr\u00f8ftinga skal du vise at du reflekterer og i konklusjonen skal du vise at du har kome fram til noko (viktig).<\/p>\n<p dir=\"auto\">N\u00e5r du skriv ein akademisk tekst, m\u00e5 du ha klart f\u00f8re deg kven du skriv til. Den som skal lese\/vurdere teksten, er ein person som i utgangspunktet har meir kunnskapar om emnet enn deg. Det gjer at du ikkje m\u00e5 g\u00e5 i det som ofte vert kalla \u00abl\u00e6rebokfella\u00bb. Du skriv ikkje ei l\u00e6rebok om emnet. Du skal s\u00e5leis ikkje forklare det du veit til ein som ikkje veit noko. Det du skal gjere, er \u00e5 vise den med mykje kunnskap at du \u00f3g har kunnskap. MEN den gode oppg\u00e5va, den gjer at den h\u00f8gt utdanna og kloke sensoren l\u00e6rer noko nytt &#8211; og det er enklare enn du kanskje trur.<\/p>\n<p dir=\"auto\">Det er mange typar akademiske tekstar, og dei er bygde opp ulikt. Litt vert bestemt av kvar teksten vert publisert, litt av kva teksten handlar om, litt av kva den byggjer p\u00e5, og litt av kven det er som skriv. Mellom innleiinga og konklusjonen er det dermed mange ulike m\u00e5tar \u00e5 byggje opp teksten, men det er like fullt i all hovudsak to typar tekstelement det er tale om: utgreiing og dr\u00f8fting. Nokre gongar er utgreiinga samla f\u00f8rst, og s\u00e5 kjem dr\u00f8ftinga. Andre gongar er dei vevd inn i kvarandre.<\/p>\n<p dir=\"auto\">Det viktigaste n\u00e5r du skal skrive eit svar p\u00e5 ei oppg\u00e5ve, er sj\u00f8lvsagt at du svarar p\u00e5 oppg\u00e5va. Gjer du ikkje det, er kvaliteten p\u00e5 teksten irrelevant. Det vert ein \u00abF\u00bb uansett. Dei to elementa i teksten som er viktigast for om du svarar p\u00e5 oppg\u00e5va er innleiinga og avslutninga\/konklusjonen. Oppg\u00e5veteksten er i utgangspunktet vid, og kan sjeldan svarast p\u00e5 utan at den vert avgrensa og tolka. Dette gjer u i innleiinga. Det tyder likevel ikkje at der m\u00e5 vere ei overskrift som heiter \u00abavgrensing og tolking\u00bb. Der er andre og meir elegante m\u00e5tar \u00e5 gjere dette p\u00e5. I avslutninga\/konklusjonen m\u00e5 du g\u00e5 attende til det du tok opp i innleiinga, slik at du sikrar at det lesaren ventar seg av teksten i starten er det den endar opp med.<\/p>\n<p dir=\"auto\">Det er to vanar som eg sterkt fr\u00e5r\u00e5r p\u00e5 universitets- og h\u00f8gskuleniv\u00e5. Den eine er \u00e5 skrive innleiinga til slutt. Den andre er \u00e5 tru at ein tekstdel er ferdig. Innleiinga skal leie lesaren inn i det du skriv om, men ein viktigare fuksjon til innleiinga er \u00e5 hjelpe deg til \u00e5 fokusere teksten, og dermed svare p\u00e5 oppg\u00e5va. N\u00e5r innleiinga er skriven, er ofte halve arbeidet gjort. fordi du d\u00e5 veit kva du skal gjere. N\u00e5r du s\u00e5 har skrive resten av teksten har du l\u00e6rt meir, d\u00e5 m\u00e5 du g\u00e5 attende til innleiinga og syte for at innhaldet i den peikar i retning av det som kjem vidare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r du som student skal skrive ei oppg\u00e5ve, er det to grunnar til det. Den f\u00f8rste handlar om at du skal l\u00e6re. Den andre er at du skal vise at du har kunnskapar til den som skal vurdere oppg\u00e5va. Sj\u00f8lv om det f\u00f8rste er det viktigaste, m\u00e5 du ikkje gl\u00f8yme det siste. Du er tatt &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/mine-interesser\/a-skrive-oppgaver\/akademisk-skriving-2\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese<span class=\"screen-reader-text\"> \u00abOppg\u00e5veskriving p\u00e5 akademisk vis\u00bb<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":86,"featured_media":0,"parent":311,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/305"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/users\/86"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=305"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/305\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":316,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/305\/revisions\/316"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/311"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=305"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}