{"id":258,"date":"2017-03-16T17:49:55","date_gmt":"2017-03-16T16:49:55","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/?page_id=258"},"modified":"2017-07-29T18:04:18","modified_gmt":"2017-07-29T16:04:18","slug":"a-finne-problemstilling","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/mine-interesser\/a-skrive-oppgaver\/a-finne-problemstilling\/","title":{"rendered":"\u00c5 finne problemstilling"},"content":{"rendered":"<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Sidan problemstillinga skal styre det ein skriv, alts\u00e5 det ein skal bruke tid p\u00e5 og l\u00e6re meir om, m\u00e5 ein velje den med klokskap. Den ideelle problemstillinga er i skjeringsfeltet mellom<\/p>\n<ol>\n<li>Det du likar<\/li>\n<li>Det du er god til<\/li>\n<li>Det som du opplever som nyttig<\/li>\n<li>Det du m\u00e5 gjere \u2013 alts\u00e5 innanfor studiet sine rammer<\/li>\n<\/ol>\n<p>N\u00e5r du har funne dette skjeringspunktet, d\u00e5 har du temaet ditt. Deretter kjem neste steg \u2013 sj\u00f8lve problemstillinga. Den m\u00e5 alts\u00e5 ta utgangspunkt i temaet, og spisse det i forhold til kva du har av ressursar. Dei viktigaste ressursane du har er:<\/p>\n<ol>\n<li>Tilgjengeleg teori<\/li>\n<li>Tilgang p\u00e5 empiri<\/li>\n<li>Rettleiaren din sin kompetanse<\/li>\n<li>Eventuelle samarbeidspartnarar sine interesse.<\/li>\n<li>OG IKKJE MINST at sp\u00f8rsm\u00e5let verkar spanande for DEG.<\/li>\n<\/ol>\n<p>Utan at du finn teori som kan belyse temaet, tilgang p\u00e5 empiri som du kan dr\u00f8fte teorien i forhold til, eit sp\u00f8rsm\u00e5l som rettleiaren din og andre samarbeidspartnarar kan hjelpe deg med, og at du finn sp\u00f8rsm\u00e5let spanande, vert det eit slit \u00e5 bli ferdig.<\/p>\n<p>Men alts\u00e5: Problemstillinga:<\/p>\n<p>Ei god problemstilling har eit subjekt, eit verb og eit objekt (eller ein kontekst). Subjektet peikar p\u00e5 det perspektivet du tek, den st\u00e5staden arbeidet ditt skal ta utgangspunkt i. Om du er interessert i barn med \u00e5tferdsvanskar kan dette vere subjektet. Det neste du treng er eit objekt &#8211; alts\u00e5 noko barnet med \u00e5tferdsvanskar forheld seg til. Om du er l\u00e6rar, kan det vere skulen &#8211; og om du er barneverspedagog kan det vere barnevernet. Deretter treng du eit verb. Verbet reflekterer tilh\u00f8vet det er mellom subjektet og objektet. Til slutt treng du eit sp\u00f8rjeord. D\u00e5 kan problemstillinga bli slik:<\/p>\n<ul>\n<li>Korleis opplever barn med \u00e5tferdsvanskar m\u00f8tet med barnevernet?<\/li>\n<\/ul>\n<p>Barn med \u00e5tferdsvanskar kan ogs\u00e5 vere objektet. D\u00e5 treng du eit subjekt som er relevant for studiet ditt. Det kan til d\u00f8mes vere barnevernspedagogen. Og s\u00e5 treng du eit verb som handlar om tilh\u00f8vet mellom dei. D\u00e5 kan problemstillinga vere slik:<\/p>\n<ul>\n<li>Korleis kan ein barnevernspedagog m\u00f8te barn med \u00e5tferdsvanskar p\u00e5 ein god m\u00e5te.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Om du vel den f\u00f8rste problemstillinga, vil oppg\u00e5va di handle om barn si oppleving, medan den i det andre tilfellet vil handle om barnevernspedagogen si yrkesut\u00f8ving. Dette gjer at dei to oppg\u00e5vene m\u00e5 ha ulik teoretisk basis. Den f\u00f8rste kan for eksempel starte i psykologiske teoriar, medan den andre kan starte i yrkesteori &#8211; men begge m\u00e5 nesten ha med teori som seier noko om \u00e5tferdsvanskar.<\/p>\n<p>N\u00e5r du er komen s\u00e5 langt at du har ein ide til problemstilling, m\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let formast slik at du kan svare p\u00e5 det ved hjelp av det du har tilgjengeleg av teori og empiri som er innanfor studiet og oppg\u00e5va sine rammer. Du kan for eksempel kome i den situasjonen at du oppdagar at det er for mykje teori \u00e5 ta tak i. D\u00e5 kan det vere ein ide \u00e5 snevre inn problemstillinga til t.d.:<\/p>\n<ul>\n<li>Korleis kan ein barnevernspedagog skape tillit i m\u00f8tet med barn som har \u00e5tferdsvanskar?<\/li>\n<\/ul>\n<p>Det kan ogs\u00e5 vere slik at du finn ut at du ikkje f\u00e5r tak i empiri om barn med \u00e5tferdsvanskar, men at det er mykje empiri p\u00e5 barn med angst. D\u00e5 kan det vere eit alternativ \u00e5 bytte ut \u00e5tferdsvanskar med angst, men pass p\u00e5 at du ikkje forsvinn ut av det temaet du brenn for.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>&nbsp; Sidan problemstillinga skal styre det ein skriv, alts\u00e5 det ein skal bruke tid p\u00e5 og l\u00e6re meir om, m\u00e5 ein velje den med klokskap. Den ideelle problemstillinga er i skjeringsfeltet mellom Det du likar Det du er god til Det som du opplever som nyttig Det du m\u00e5 gjere \u2013 alts\u00e5 innanfor studiet sine &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/mine-interesser\/a-skrive-oppgaver\/a-finne-problemstilling\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese<span class=\"screen-reader-text\"> \u00ab\u00c5 finne problemstilling\u00bb<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":86,"featured_media":0,"parent":311,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/258"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/users\/86"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=258"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/258\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":318,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/258\/revisions\/318"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/311"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/roars\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=258"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}