Oppgåveskriving på akademisk vis

Når du som student skal skrive ei oppgåve, er det to grunnar til det. Den første handlar om at du skal lære. Den andre er at du skal vise at du har kunnskapar til den som skal vurdere oppgåva. Sjølv om det første er det viktigaste, må du ikkje gløyme det siste. Du er tatt opp på eit studium med rammeplan, studieplan, emneplan og pensumliste. Når du får ei oppgåve, er den laga for at du som student skal lære noko som er viktig innanfor desse rammene. Du må dermed passe på at du lærer noko som er innanfor, men den gode studenten kan godt gå litt utanfor. I så fall må du starte innanfor, bevege deg utanfor, men vende tilbake til kjernen. På den måten viser du at det som er utanfor er relevant for det du skal lære i studiet. Det aller viktigaste er altså at du svarar på oppgåva. Vegen fram til dette svaret er ein problemløysingsprosess. Du må passe på at denne prosessen vert framstilt innanfor det som vert akseptert som god akademisk skriving.

Akademsik skriving er ein sjanger som er svært open, på same måte som kriminalromanen. Der er likevel ein indre logikk som må følgjast. Ein krimroman har eit lovbrot og ein som prøver å løyse dette lovbrotet. På same måte har den akademiske sjangeren ein indre logikk som fører lesaren gjennom problemløysingsprosessen. Det skal visast gjennom fire typar tekst: Innleiing, utgreiing, drøfting og konklusjon. Kvar av desse kan ha mange delar, og treng ikkje å ha desse nemningane. Innleiinga skal ta lesaren frå oppgåveteksten og inn i temaet ditt. Utgreiinga skal vise kvar du står fagleg. I drøftinga skal du vise at du reflekterer og i konklusjonen skal du vise at du har kome fram til noko (viktig).

Når du skriv ein akademisk tekst, må du ha klart føre deg kven du skriv til. Den som skal lese/vurdere teksten, er ein person som i utgangspunktet har meir kunnskapar om emnet enn deg. Det gjer at du ikkje må gå i det som ofte vert kalla «lærebokfella». Du skriv ikkje ei lærebok om emnet. Du skal såleis ikkje forklare det du veit til ein som ikkje veit noko. Det du skal gjere, er å vise den med mykje kunnskap at du óg har kunnskap. MEN den gode oppgåva, den gjer at den høgt utdanna og kloke sensoren lærer noko nytt – og det er enklare enn du kanskje trur.

Det er mange typar akademiske tekstar, og dei er bygde opp ulikt. Litt vert bestemt av kvar teksten vert publisert, litt av kva teksten handlar om, litt av kva den byggjer på, og litt av kven det er som skriv. Mellom innleiinga og konklusjonen er det dermed mange ulike måtar å byggje opp teksten, men det er like fullt i all hovudsak to typar tekstelement det er tale om: utgreiing og drøfting. Nokre gongar er utgreiinga samla først, og så kjem drøftinga. Andre gongar er dei vevd inn i kvarandre.

Det viktigaste når du skal skrive eit svar på ei oppgåve, er sjølvsagt at du svarar på oppgåva. Gjer du ikkje det, er kvaliteten på teksten irrelevant. Det vert ein «F» uansett. Dei to elementa i teksten som er viktigast for om du svarar på oppgåva er innleiinga og avslutninga/konklusjonen. Oppgåveteksten er i utgangspunktet vid, og kan sjeldan svarast på utan at den vert avgrensa og tolka. Dette gjer u i innleiinga. Det tyder likevel ikkje at der må vere ei overskrift som heiter «avgrensing og tolking». Der er andre og meir elegante måtar å gjere dette på. I avslutninga/konklusjonen må du gå attende til det du tok opp i innleiinga, slik at du sikrar at det lesaren ventar seg av teksten i starten er det den endar opp med.

Det er to vanar som eg sterkt frårår på universitets- og høgskulenivå. Den eine er å skrive innleiinga til slutt. Den andre er å tru at ein tekstdel er ferdig. Innleiinga skal leie lesaren inn i det du skriv om, men ein viktigare fuksjon til innleiinga er å hjelpe deg til å fokusere teksten, og dermed svare på oppgåva. Når innleiinga er skriven, er ofte halve arbeidet gjort. fordi du då veit kva du skal gjere. Når du så har skrive resten av teksten har du lært meir, då må du gå attende til innleiinga og syte for at innhaldet i den peikar i retning av det som kjem vidare.