Å finne problemstilling

 

Sidan problemstillinga skal styre det ein skriv, altså det ein skal bruke tid på og lære meir om, må ein velje den med klokskap. Den ideelle problemstillinga er i skjeringsfeltet mellom

  1. Det du likar
  2. Det du er god til
  3. Det som du opplever som nyttig
  4. Det du må gjere – altså innanfor studiet sine rammer

Når du har funne dette skjeringspunktet, då har du temaet ditt. Deretter kjem neste steg – sjølve problemstillinga. Den må altså ta utgangspunkt i temaet, og spisse det i forhold til kva du har av ressursar. Dei viktigaste ressursane du har er:

  1. Tilgjengeleg teori
  2. Tilgang på empiri
  3. Rettleiaren din sin kompetanse
  4. Eventuelle samarbeidspartnarar sine interesse.
  5. OG IKKJE MINST at spørsmålet verkar spanande for DEG.

Utan at du finn teori som kan belyse temaet, tilgang på empiri som du kan drøfte teorien i forhold til, eit spørsmål som rettleiaren din og andre samarbeidspartnarar kan hjelpe deg med, og at du finn spørsmålet spanande, vert det eit slit å bli ferdig.

Men altså: Problemstillinga:

Ei god problemstilling har eit subjekt, eit verb og eit objekt (eller ein kontekst). Subjektet peikar på det perspektivet du tek, den ståstaden arbeidet ditt skal ta utgangspunkt i. Om du er interessert i barn med åtferdsvanskar kan dette vere subjektet. Det neste du treng er eit objekt – altså noko barnet med åtferdsvanskar forheld seg til. Om du er lærar, kan det vere skulen – og om du er barneverspedagog kan det vere barnevernet. Deretter treng du eit verb. Verbet reflekterer tilhøvet det er mellom subjektet og objektet. Til slutt treng du eit spørjeord. Då kan problemstillinga bli slik:

  • Korleis opplever barn med åtferdsvanskar møtet med barnevernet?

Barn med åtferdsvanskar kan også vere objektet. Då treng du eit subjekt som er relevant for studiet ditt. Det kan til dømes vere barnevernspedagogen. Og så treng du eit verb som handlar om tilhøvet mellom dei. Då kan problemstillinga vere slik:

  • Korleis kan ein barnevernspedagog møte barn med åtferdsvanskar på ein god måte.

Om du vel den første problemstillinga, vil oppgåva di handle om barn si oppleving, medan den i det andre tilfellet vil handle om barnevernspedagogen si yrkesutøving. Dette gjer at dei to oppgåvene må ha ulik teoretisk basis. Den første kan for eksempel starte i psykologiske teoriar, medan den andre kan starte i yrkesteori – men begge må nesten ha med teori som seier noko om åtferdsvanskar.

Når du er komen så langt at du har ein ide til problemstilling, må spørsmålet formast slik at du kan svare på det ved hjelp av det du har tilgjengeleg av teori og empiri som er innanfor studiet og oppgåva sine rammer. Du kan for eksempel kome i den situasjonen at du oppdagar at det er for mykje teori å ta tak i. Då kan det vere ein ide å snevre inn problemstillinga til t.d.:

  • Korleis kan ein barnevernspedagog skape tillit i møtet med barn som har åtferdsvanskar?

Det kan også vere slik at du finn ut at du ikkje får tak i empiri om barn med åtferdsvanskar, men at det er mykje empiri på barn med angst. Då kan det vere eit alternativ å bytte ut åtferdsvanskar med angst, men pass på at du ikkje forsvinn ut av det temaet du brenn for.