{"id":219,"date":"2026-08-19T13:42:27","date_gmt":"2026-08-19T11:42:27","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/?p=219"},"modified":"2026-08-19T13:42:27","modified_gmt":"2026-08-19T11:42:27","slug":"rektors-orientering-til-styret-18-06-2026","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/2026\/08\/19\/rektors-orientering-til-styret-18-06-2026\/","title":{"rendered":"Rektors orientering til styret 18.06.2026"},"content":{"rendered":"\n<h3 class=\"wp-block-heading\">Prosessane og \u00f8konomi<\/h3>\n\n\n\n<p>Vi har eit krevjande \u00e5r bak oss, og \u00f8konomien er stram b\u00e5de i sektoren og hos oss. Heile universitets- og h\u00f8gskulesektoren er inne i ein periode med stramare rammer og sterkare statleg styring. For HVO er l\u00f8yvinga fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet, som utgjer rundt 90 prosent av inntektene v\u00e5re, redusert vesentleg dei siste \u00e5ra. Vi har mellombels dekka mykje av dette ved \u00e5 flytte dei strategiske midlane v\u00e5re fr\u00e5 satsingar og investeringar til drift og ikkje minst godt arbeid med \u00e5 redusere utgifter i alle einingane. Men med dagens balanse mellom inntekter og kostnader er ikkje det ei l\u00f8ysing vi kan leve med p\u00e5 sikt. Vi m\u00e5 difor b\u00e5de tilpasse kostnadene og arbeide for \u00e5 styrkje inntektene framover. Det er dette biletet som ligg til grunn for arbeidet med organisasjonsstrukturen. Ei arbeidsgruppe med representantar fr\u00e5 dei tillitsvalde, studentane, dekanane og h\u00f8gskuledirekt\u00f8ren er sett ned for \u00e5 vurdere organisasjonsstrukturen v\u00e5r, for \u00e5 vurdere om vi kan organisere oss meir robust og effektivt.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let er ikkje om HVO skal endre seg, men korleis vi byggjer oss for \u00e5 m\u00f8te dei ytre endringane med eigne, gjennomtenkte val. Saman med arbeidet med studieportef\u00f8ljen, som styret f\u00e5r som eiga sak i dag, h\u00f8yrer dette til dei store prosessane vi st\u00e5r midt oppe i. Det m\u00e5 merkast at ei eventuell endring av organisasjonsstrukturen i seg sj\u00f8lv truleg ikkje vil spare nok pengar, men om strukturen skal endrast s\u00e5 m\u00e5 det gjerast p\u00e5 ein m\u00e5te som f\u00f8rer til at vi kan drive ulike delar av organisasjonen meir effektivt, og det er nettopp denne effektiviseringa som m\u00e5 vere ein del av l\u00f8ysinga p\u00e5 \u00f8konomien. Dette l\u00f8yser truleg ikkje heile biletet, og difor heng dette saman med dei andre grepa vi m\u00e5 arbeide med framover. Gruppa arbeide levere sitt arbeid i mot slutten av august og det er planlagt h\u00f8yring i slutten august og september, og organisasjonsmodellen kjem til styret som sak 29. oktober. Eg er klar over at slike prosessar skaper uro, og det tek vi p\u00e5 alvor. Eg vil vere \u00e6rleg om at vegen vidare vil bli krevjande, men eg held fast ved m\u00e5let om \u00e5 bevare fagmilj\u00f8a v\u00e5re og p\u00e5 kva slags institusjon vi er saman. Det er viktig at h\u00f8gskulen st\u00e5r samla i denne prosessen.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<h3 class=\"wp-block-heading\">Etatsstyringsm\u00f8tet<\/h3>\n\n\n\n<p>M\u00f8tet med Kunnskapsdepartementet var prega av ein open og konstruktiv dialog. Eg opplevde at departementet m\u00f8tte HVO med ei tydeleg vilje til \u00e5 bidra og vere ein st\u00f8ttande part. Samtalen bar preg av gjensidig respekt og forst\u00e5ing for institusjonen sin situasjon, og det var rom for \u00e5 dr\u00f8fte b\u00e5de utfordringar og moglegheiter p\u00e5 ein god m\u00e5te.<\/p>\n\n\n\n<p>Samtidig var departementet tydelege b\u00e5de p\u00e5 HVO sin autonomi og p\u00e5 dei forventningane som ligg til institusjonen. Dei peika s\u00e6rleg p\u00e5 behovet for tydelegare strategiske prioriteringar i studieportef\u00f8ljen, betre gjennomstr\u00f8mming i utdanningane og ein meir balansert og realistisk framstilling av resultat og utfordringar. Vidare understreka dei behovet for \u00e5 styrke forskingsaktiviteten og tilslaget p\u00e5 eksterne midlar, samt \u00e5 halde fram arbeidet med organisasjonsutvikling og sikre ein berekraftig \u00f8konomi. Desse f\u00f8ringane gir eit tydeleg rammeverk for det vidare arbeidet ved HVO, samstundes som dei bekreftar institusjonen sitt handlingsrom i dei strategiske vala som skal gjerast framover.<\/p>\n\n\n\n<h3 class=\"wp-block-heading\">Utviklingsavtale<\/h3>\n\n\n\n<p>Leiinga hadde 28. mai eit m\u00f8te med Kunnskapsdepartementet om den nye utviklingsavtalen, der v\u00e5rt f\u00f8rste utkast vart presentert. Departementet gav tilbakemeldingar p\u00e5 at mykje er p\u00e5 rett veg men ogs\u00e5&nbsp;&nbsp;mellom anna at vi m\u00e5 heve ambisjonsniv\u00e5et i m\u00e5la, nytte fleire indikatorar til kvar styringsparameter og arbeide vidare med ein tydelegare raud tr\u00e5d i m\u00e5l 3, eventuelt stryke m\u00e5l 3. Frist for endeleg tekst er 1. oktober 2026, og styret f\u00e5r saka til handsaming i september. Vi vil sende referat fr\u00e5 m\u00f8tet til styret s\u00e5 snart vi har f\u00e5tt endeleg referat fr\u00e5 departementet.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<h3 class=\"wp-block-heading\">Leige av kontor som erstatning for lettbygget og paviljongane<\/h3>\n\n\n\n<p>HVO har ikkje avtale om bruk av paviljongane og lettbygget etter medio 2028. Gitt den \u00f8konomiske situasjonen vil h\u00f8gskulen ikkje g\u00e5 ut p\u00e5 den eksterne marknaden og leige erstatningsareal, og dei bygningane vi mister, blir ikkje erstatta. Vi m\u00e5 difor utnytte eksisterande areal p\u00e5 ein annan m\u00e5te. Dei gjennomf\u00f8rte kontorkartleggingane viser at det er rom for \u00e5 nytte den eksisterande romkapasiteten betre, og Eigedom vil saman med avdelingane sj\u00e5 p\u00e5 l\u00f8ysingar som tek vare p\u00e5 b\u00e5de forsking og undervisning p\u00e5 best mogleg m\u00e5te framover.<\/p>\n\n\n\n<p>A- og C-paviljongane er allereie t\u00f8mde, og D-paviljongen er neste ut. Tilsette er flytta over i nye kontorlokale, og paviljongen vart klargjord for overlevering 29. mai. B-paviljongen og lettbygget vil vere i bruk som i dag ut 2027, f\u00f8r dei blir rydda og t\u00f8mde v\u00e5ren 2028.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Prosessane og \u00f8konomi Vi har eit krevjande \u00e5r bak oss, og \u00f8konomien er stram b\u00e5de i sektoren og hos oss. Heile universitets- og h\u00f8gskulesektoren er inne i ein periode med stramare rammer og sterkare statleg styring. For HVO er l\u00f8yvinga fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet, som utgjer rundt 90 prosent av inntektene v\u00e5re, redusert vesentleg dei siste \u00e5ra. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/2026\/08\/19\/rektors-orientering-til-styret-18-06-2026\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Rektors orientering til styret 18.06.2026<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":224,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/219"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/users\/224"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=219"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/219\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":220,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/219\/revisions\/220"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=219"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=219"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=219"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}