{"id":147,"date":"2024-05-10T12:13:20","date_gmt":"2024-05-10T10:13:20","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/?p=147"},"modified":"2024-05-10T12:13:20","modified_gmt":"2024-05-10T10:13:20","slug":"verdien-av-vidareutdanning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/2024\/05\/10\/verdien-av-vidareutdanning\/","title":{"rendered":"Verdien av vidareutdanning\u00a0"},"content":{"rendered":"\n<p>I byrjinga av april kunne det bli storstreik. Rett f\u00f8r dei siste timane i meklinga varsla Fellesforbundet ei raskare og st\u00f8rre opptrapping enn det som er vanleg f\u00f8r ein eventuell streik. Det var ikkje l\u00f8n aleine som gjorde forhandlinga vanskeleg. Det som var mest krevjande, var kravet om kompetanseheving. Partane klarte ikkje l\u00f8yse dette sj\u00f8lve. Regjeringa m\u00e5tte inn og love tiltak.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-content\/uploads\/sites\/222\/2023\/05\/FEB7E76B-AEF6-485F-92F4-53C7D492471D.jpeg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"683\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-content\/uploads\/sites\/222\/2023\/05\/FEB7E76B-AEF6-485F-92F4-53C7D492471D-1024x683.jpeg\" alt=\"\" class=\"wp-image-13\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-content\/uploads\/sites\/222\/2023\/05\/FEB7E76B-AEF6-485F-92F4-53C7D492471D-1024x683.jpeg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-content\/uploads\/sites\/222\/2023\/05\/FEB7E76B-AEF6-485F-92F4-53C7D492471D-300x200.jpeg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-content\/uploads\/sites\/222\/2023\/05\/FEB7E76B-AEF6-485F-92F4-53C7D492471D-768x512.jpeg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-content\/uploads\/sites\/222\/2023\/05\/FEB7E76B-AEF6-485F-92F4-53C7D492471D-1536x1024.jpeg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-content\/uploads\/sites\/222\/2023\/05\/FEB7E76B-AEF6-485F-92F4-53C7D492471D.jpeg 1800w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption class=\"wp-element-caption\">Sett fr\u00e5 Kaarstad-parken.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Kravet om kompetanseheving handlar ikkje om at ein er d\u00e5rleg i faget sitt. Tvert imot. Det handlar om at ein er stolte av yrke, fag og jobb, og vil utvikle seg og arbeidsplassen sin vidare. Gjennom etter- og vidareutdanning f\u00e5r ein nye verkt\u00f8y, erfaringar og refleksjonar knytt til eigen praksis.<\/p>\n\n\n\n<p>Personleg har eg opplevd verdien av kompetanseheving fr\u00e5 fleire perspektiv. Eg har undervist matematikkl\u00e6rarar i grunnskulen. Det \u00e5 sj\u00e5 fleire l\u00e6rarar saman reflektere over eigen praksis opp mot forsking, teori og konkrete d\u00f8me, og f\u00e5 st\u00f8tte dei i utviklinga av eiga l\u00e6rargjerning, er noko av mest givande eg gjer. Som h\u00f8gskule har vi gleda av \u00e5 gi av v\u00e5r kunnskap og samtidig l\u00e6re av dyktige profesjonsut\u00f8varar. Forskinga og utviklingsarbeidet v\u00e5rt endrar praksis, inspirerer og gjer at fleire elevar meistrar matematikk.<\/p>\n\n\n\n<p>Fr\u00e5 dei ulike fagmilj\u00f8a p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda (HVO), h\u00f8yrer eg kollegaene mine fortelje om studiereiser, gjesteopphald, vidareutdanning, doktorgradskurs og seminar dei har delteke p\u00e5. B\u00e5de administrativt og vitskaplege tilsette har h\u00f8ve til \u00e5 l\u00e6re og utvikle seg, og deler ny erfaring og kunnskap med kvarandre. HVO er noko langt meir enn eit statleg forvaltningsorgan. Vi er eit fellesskap av nysgjerrige folk. Vi held oss oppdatert p\u00e5 fag og funksjonar og nyttar variasjonen av r\u00f8ynsler og kunnskap som bur i organisasjonen.<\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5r noko s\u00e5 positivt som kompetanseheving kan f\u00f8re til streik, er det verdt \u00e5 reflektere over kva som kan vere problematisk. Det handlar ofte om pengar. P\u00e5 HVO har vi stipend for forsking og utvikling, og fleire avdelingar og seksjonar bruker av budsjetta sine til \u00e5 oppdatere \u00e9in eller fleire tilsette gjennom reisest\u00f8tte, litteraturkj\u00f8p, kursavgifter og anna.<\/p>\n\n\n\n<p>Kompetanseheving krev tid og pengar, b\u00e5de for arbeidsgjevar og arbeidstakar. Det er ofte verdt det, men p\u00e5 kort sikt kan det vere vanskeleg \u00e5 prioritere. Derfor har staten store ordningar for vidareutdanning av l\u00e6rarar, og i l\u00f8nsoppgjeret blei det lova ei form for ordning for industrisektoren. Mange arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar har ogs\u00e5 eigne kompetansefond i tillegg.<\/p>\n\n\n\n<p>Veldig mange av studentane ved HVO tek vidareutdanning. Dei bygger p\u00e5 kompetansen sin med studium. Nokre f\u00e5r alt dekt, og andre f\u00e5r til d\u00f8mes dekt reise eller permisjon med l\u00f8n til eksamen.<\/p>\n\n\n\n<p>Sj\u00f8lv tek eg vidareutdanning ved NTNU.&nbsp;Det er nyttig for meg \u00e5 vere student p\u00e5 ein annan institusjon samstundes som eg er i leiinga ved HVO. \u00c5 vere student er ei viktig og god erfaring i seg sj\u00f8lv, og ei ekstra verdifull erfaring n\u00e5r eg leiar ein utdanningsinstitusjon. Eg tek utdanning i leiing av offentleg sektor.<\/p>\n\n\n\n<p>Eg er heldig p\u00e5 fleire vis. Studiet er gratis, og verken HVO eller eg treng betale studieavgift. Eg f\u00e5r dekt reise og opphald p\u00e5 studiet av HVO som arbeidsgivar. I teorien kan eg ogs\u00e5 arbeide noko med studia i arbeidstida, men til liks med mange andre som tek vidareutdanning, g\u00e5r mange av kveldane og helgene mine&nbsp;med til \u00e5 lese og skrive ved kj\u00f8kkenbordet.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 studiet m\u00f8ter eg andre leiarar fr\u00e5 offentleg sektor med anna leiarerfaring enn meg. R\u00f8ynde leiarar fr\u00e5 ulike delar av offentleg forvalting, som t.d. kriminalomsorg, politi og helsesektoren , deler kunnskap og reflekterer over erfaringane i lys av teori og forsking. Deltakarar p\u00e5 vidareutdanning bygg kompetanse saman og bidreg til \u00e5 utvikle b\u00e5de arbeidsplassane og seg sj\u00f8lv. Dette er ogs\u00e5 noko av det som gjorde etter- og vidareutdanning til ein viktig del av l\u00f8nsforhandlingane i byrjinga av april.<\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen i Volda har h\u00f8g kompetanse p\u00e5 viktige omr\u00e5de for offentleg sektor. Vi er s\u00e6rleg sterke p\u00e5 l\u00e6rarutdanning og skuleutvikling, inkludert faga i skulen,&nbsp;<a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/forsking-og-utvikling\/ny-phd-volda-startar-opp-2025\">som HVO nett har f\u00e5tt godkjent doktorgradsutdanning for<\/a>. Vi er ogs\u00e5 sv\u00e6rt sterke innan helse- og sosialfag, samfunnsplanlegging og leiing. Kvifor er dette styrkar ved HVO? Fordi vi driv kontinuerleg kompetanseutvikling i alle ledd i organisasjonen.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi har ogs\u00e5 kunnskap som er&nbsp;viktig for privat sektor, innan mediefag, kulturfaga og for s\u00e5 vidt med den kompetansen vi har i fag og profesjonar&nbsp;fr\u00e5 offentleg sektor. HVO arbeider no med ein etter- og vidareutdanningsstrategi, der vi har som m\u00e5l \u00e5 gjere emne tilgjengeleg for folk som er i arbeidslivet, og \u00e5 skape kontaktflater mellom engasjerte studentar og erfarne profesjonsut\u00f8varar.&nbsp;Vi ser fram til \u00e5 utvikle nye tilbod for framtida i tr\u00e5d med etterspurnad i arbeidslivet.<\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen i Volda er avhengig av at offentleg sektor satsar p\u00e5 kompetanseheving. D\u00e9t er ogs\u00e5 samfunnet avhengig av. Ein offentleg sektor som ikkje opnar seg mot verda, ny kunnskap og andre fagmilj\u00f8, stagnerer. Det har offentleg sektor skj\u00f8nt \u2013 derfor blir det satsa p\u00e5 kompetanseheving, leiarutvikling og vidareutdanning. Partane i arbeidslivet, b\u00e5de arbeidsgjevarar og arbeidstakarorganisasjonane, har ogs\u00e5 skj\u00f8nt det. Etter- og vidareutdanning er viktig for \u00e5 saman utvikle eit betre samfunn.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Odd Helge Mjellem Tonheim<br \/>Rektor H\u00f8gskulen i Volda<\/p>\n\n\n\n<p><em>Innlegget er ogs publisert i <a href=\"https:\/\/www.tk.no\/verdien-av-vidareutdanning\/o\/5-51-1527767\">Tidens Krav<\/a> og <a href=\"https:\/\/www.rbnett.no\/meninger\/i\/1Mn56M\/verdien-av-vidareutdanning\">Romsdals Budstikke<\/a><\/em><\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I byrjinga av april kunne det bli storstreik. Rett f\u00f8r dei siste timane i meklinga varsla Fellesforbundet ei raskare og st\u00f8rre opptrapping enn det som er vanleg f\u00f8r ein eventuell streik. Det var ikkje l\u00f8n aleine som gjorde forhandlinga vanskeleg. Det som var mest krevjande, var kravet om kompetanseheving. Partane klarte ikkje l\u00f8yse dette sj\u00f8lve. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/2024\/05\/10\/verdien-av-vidareutdanning\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Verdien av vidareutdanning\u00a0<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":224,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[4,24],"tags":[7,25],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/147"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/users\/224"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=147"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/147\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":148,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/147\/revisions\/148"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=147"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=147"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/rektor\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=147"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}