{"id":865,"date":"2016-08-29T11:37:36","date_gmt":"2016-08-29T09:37:36","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=865"},"modified":"2016-08-29T11:37:36","modified_gmt":"2016-08-29T09:37:36","slug":"velkomen-til-strategiverkstad-bruk-hausten-til-a-gi-hogskulen-i-volda-ein-langsiktig-kurs","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/08\/29\/velkomen-til-strategiverkstad-bruk-hausten-til-a-gi-hogskulen-i-volda-ein-langsiktig-kurs\/","title":{"rendered":"Velkomen til strategiverkstad! Bruk hausten til \u00e5 gi H\u00f8gskulen i Volda ein langsiktig kurs!"},"content":{"rendered":"<div>Styret har invitert tilsette ved H\u00f8gskulen i Volda til \u00e5 kome med innspel til ny strategi for H\u00f8gskulen. Vi har tilsette med\u00a0h\u00f8g\u00a0kompetanse, kjensler for arbeidsplassen og ikkje minst eit mangfald av fagomr\u00e5de; s\u00e5 eg har stor trur p\u00e5 at det vil skje mykje spennande i haust &#8211; og at vi f\u00e5r ein god strategiplan!<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Og det trengst &#8211; som sj\u00f8lvstendig h\u00f8gskule vert vi s\u00e6rleg lagt merke til. Og det skal vi vere glade for!<\/div>\n<div>\n<div class=\"mceTemp\"><\/div>\n<figure id=\"attachment_868\" aria-describedby=\"caption-attachment-868\" style=\"width: 1200px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/DSC_2777.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-868\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/DSC_2777.jpg\" alt=\"Flinke tilsette: ASH-tilsette p\u00e5 opprykksmarkering i januar 2014\" width=\"1200\" height=\"797\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/DSC_2777.jpg 1200w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/DSC_2777-300x199.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/DSC_2777-768x510.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/DSC_2777-1024x680.jpg 1024w\" sizes=\"(max-width: 1200px) 100vw, 1200px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-868\" class=\"wp-caption-text\">Flinke tilsette: ASH-tilsette p\u00e5 opprykksmarkering i januar 2014<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Styret har lagt dei overordna rammene for strategiarbeidet.\u00a0Leiarar p\u00e5 fleire niv\u00e5 har dr\u00f8fta detaljar i\u00a0strategiarbeidet\u00a0i fleire m\u00f8te dei siste m\u00e5nadene. Det er s\u00e6rleg gjennom\u00a0strategiverkstadene at den einskilde tilsette og student f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 direkte p\u00e5verke strategiarbeidet.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>I eit nyhendebrev fredag 26. august vart det presentert datoar for strategiverkstadene hausten 2016.<\/div>\n<div><\/div>\n<ul>\n<li>Fellesadministrasjonen: 13. september.<\/li>\n<li>Avdeling for mediefag: 14. september.<\/li>\n<li>Avdeling for kulturfag: 16. september.<\/li>\n<li>Avdeling for samfunnsfag og historie: 16. september.<\/li>\n<li>Avdeling for humanistiske fag og l\u00e6rarutdanning: 3. oktober.<\/li>\n<\/ul>\n<div>Studentane (STIV) vil ogs\u00e5 f\u00e5 tilbod om ein eigen strategiverkstad.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Susanne Moen Ouff vert prosessleiar p\u00e5 strategiverkstadene, med Veronica Kvalen Pilskog som skrivar. Rektor, prorektor og direkt\u00f8r vil ogs\u00e5 delta p\u00e5 strategiverkstadene. Eg trur at ved \u00e5 ha ein r\u00f8ynd, (noks\u00e5) ekstern prosessleiar som deltek p\u00e5 alle verkstadene kan vi sikre ei retning og eit fokus p\u00e5 arbeidet. Ein ekstern prosessleiar vil heller ikkje ha ansvar for \u00e5 omsette innspel p\u00e5 strategiverkstadene til endelege beslutningar og kan difor konsentrere seg om \u00e5 gjere prosessen best muleg.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Kva skal skje p\u00e5 strategiverkstadene? Prosessleiar Susanne Moen Ouff vil kome med eit meir konkret opplegg n\u00e5r det n\u00e6rmar seg den f\u00f8rste verkstaden. Men avdelingane er s\u00e6rleg oppmoda til \u00e5 invitere eksterne interessentar inn i strategiverkstadene. Dei eksterne interessentane kan vere praksisstader, arbeidsgjevarar som tilset v\u00e5re kandidatar &#8211; eller andre akt\u00f8rar.<\/div>\n<div><\/div>\n<blockquote>\n<div>Eksterne samarbeidspartar vil hjelpe oss til ein betre strategi.<\/div>\n<\/blockquote>\n<div>Alt materialet fr\u00e5 strategiverkstadene vil bli gjort tilgjengeleg for styret f\u00f8r dei gjer vedtak om ny strategi. S\u00e5 styret vil f\u00e5 tilgang til kvar ein einaste id\u00e8 &#8211; ofte presentert i form av\u00a0ein gul lapp!<\/div>\n<div><\/div>\n<div>\n<figure id=\"attachment_867\" aria-describedby=\"caption-attachment-867\" style=\"width: 4160px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/styret-akf.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-867 size-full\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/styret-akf.jpg\" width=\"4160\" height=\"3120\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/styret-akf.jpg 4160w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/styret-akf-300x225.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/styret-akf-768x576.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/styret-akf-1024x768.jpg 1024w\" sizes=\"(max-width: 4160px) 100vw, 4160px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-867\" class=\"wp-caption-text\">H\u00f8gskulestyret p\u00e5 synfaring. Konsertsalen p\u00e5 Avdeling for kulturfag i 2015.<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n<div>Styret vil f\u00e5 p\u00e5 bordet resultatet av prosessen p\u00e5 styreseminaret 27. oktober. P\u00e5 styreseminaret er det i \u00e5r som tidlegare brei deltaking, blant anna med representantar for dei tilsette sine organisasjonar.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>B\u00e5de f\u00f8r og etter styreseminaret b\u00f8r det vere rom for allm\u00f8te eller m\u00f8te p\u00e5 avdelingar eller einingar. Eg trur at vi kan halde litt ope b\u00e5de tid og tema.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Avdelingsr\u00e5da er\u00a0ogs\u00e5 opplagte arenaer for \u00e5 dr\u00f8fte strategi.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Det er antakelig optimistisk \u00e5 rekne med at ein ny strategi kan vedtakast p\u00e5 styrem\u00f8tet tidleg i desember, men p\u00e5 m\u00f8tet 26. januar 2017 b\u00f8r nok ny strategiplan vedtakast.<\/div>\n<div><\/div>\n<div><\/div>\n<div><strong>Kva og korleis &#8211; men kvifor?<\/strong><\/div>\n<div><\/div>\n<div>For meg framst\u00e5r strategiarbeidet som ope.\u00a0Det er kanskje berre to viktige f\u00f8resetnader for arbeidet: Den f\u00f8rste er at alle tilsette og studentane blir inviterte til \u00e5 delta i strategiarbeidet. Dette handlar jo om eigen arbeidsplas, men i ein st\u00f8rre samanheng ogs\u00e5 om kva forsking og h\u00f8gare utdanning skal vere. Vi har stor autonomi &#8211; men er vi i stand til og interessert i \u00e5 nytte sj\u00f8lvstendet? Det m\u00e5 vi prove gjennom \u00e5 levere godt arbeid.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Den andre f\u00f8resetnaden for arbeidet er at h\u00f8gskulen m\u00e5 meine noko om kva H\u00f8gskulen i Volda skal vere, gjere og bli i h\u00f8ve til dei overordna sektorm\u00e5la fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet. Dei fire m\u00e5la er desse:<\/div>\n<div><\/div>\n<ul>\n<li>Kvalitet: H\u00f8g kvalitet i utdanning og forsking.<\/li>\n<li>Samfunnsm\u00e5l: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling.<\/li>\n<li>Tilgang: God tilgang til utdanning<\/li>\n<li>Robust: Effektiv, mangfaldig og solid h\u00f8gare utdanningssektor og forskingssystem<\/li>\n<\/ul>\n<div>Men h\u00f8gskulen har stor fridom til ogs\u00e5 \u00e5 sette sin eigne m\u00e5l. Det viktigaste d\u00f8met p\u00e5 det er kanskje strukturdebatten. H\u00f8gskulen i Volda framleis er sj\u00f8lvstendig og er ein av f\u00e5 statlege h\u00f8gskular i landet som ikkje har konkrete samansl\u00e5ingsplanar p\u00e5 dagsorden.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Ein av dekane har peika p\u00e5 at desse fire sektorm\u00e5la er p\u00e5 eit mellomniv\u00e5 &#8211; dei er strategiske m\u00e5l &#8211; som vi sj\u00f8lve m\u00e5 kome fram til meir konkrete handlingsm\u00e5l\/tiltak for \u00e5 bli betre. Men vi b\u00f8r ogs\u00e5 ha meir overordna leiestjerner &#8211; visjonar? &#8211; over dei fire sektorm\u00e5la fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet. Om dei fire sektorm\u00e5la svarar p\u00e5 Kva vi skal gjere og handlingsplanar og tiltak seier noko om Korleis vi skal gjere det.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>\n<p>S\u00e5 b\u00f8r vi ogs\u00e5 ha svar p\u00e5 eit Kvifor:<\/p>\n<\/div>\n<blockquote>\n<div>Kvifor er det bra for Noreg av vi har H\u00f8gskulen i Volda?<\/div>\n<\/blockquote>\n<div><\/div>\n<div><strong>Rigide rammer?<\/strong><\/div>\n<div><\/div>\n<div>Ein kan likevel lure p\u00e5 kva strategisk handlingsrom vi har. Dei overordna rammevilk\u00e5ra kan framst\u00e5 som gitte, eller l\u00e5ste. Til d\u00f8mes geografi.\u00a0Vi held til i Volda, og har lange tradisjonar. Men samtidig er vi p\u00e5 nett. Mange studentar kjem p\u00e5 samlingar. Eiksundsambandet og Kvivsvegen har opna opp for dagpendling. Studentflokken ser heilt annleis ut enn for f\u00e5 \u00e5r sidan. Men samtidig f\u00e5r vi stadig fleire internasjonale studentar, vi deltek i internasjonale utvekslingar og har forskingssamarbeid med ei rekkje institusjonar og einskildforskarar i inn- og utland.\u00a0Arbeidsplassen til dei tilsette er i Volda, men b\u00e5de studentar og tilsette er mobile. S\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda er ikkje berre i Volda.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>\n<figure id=\"attachment_866\" aria-describedby=\"caption-attachment-866\" style=\"width: 1200px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/1-hvo-barcelona.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-866\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/1-hvo-barcelona.jpg\" alt=\"Leiarar og administrativt tilsette ved H\u00f8gskulen i Volda p\u00e5 studietur i Barcelona, Abat Oliba universitetet. \" width=\"1200\" height=\"900\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/1-hvo-barcelona.jpg 1200w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/1-hvo-barcelona-300x225.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/1-hvo-barcelona-768x576.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/08\/1-hvo-barcelona-1024x768.jpg 1024w\" sizes=\"(max-width: 1200px) 100vw, 1200px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-866\" class=\"wp-caption-text\">Internasjonalt orientert: Leiarar og administrativt tilsette ved H\u00f8gskulen i Volda p\u00e5 studietur i Barcelona i 2015. Hos v\u00e5r partnar Universitat Abat Oliba CEU.<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Kroner og \u00f8re vil\u00a0ogs\u00e5 kjennest\u00a0som ei gitt &#8211; og trang! &#8211; ramme. Vi har ei basisl\u00f8yving som i mange \u00e5r har vore\u00a0urettferdig l\u00e5g. Kanskje b\u00f8r vi heller sp\u00f8rje kva begrensningar det gir oss?\u00a0Kor viktig &#8211; og risikabelt &#8211; er det \u00e5 arbeide for \u00e5 auke inntektene? Auka inntekter har ogs\u00e5 sin pris ved at det kan vere ein h\u00f8g risiko \u00e5 satse p\u00e5 konkurranseintensive aktivitetar som til d\u00f8mes forskingsmidlar.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Det er eit spenn og ein muleg konfliktlinje her mellom \u00e5 tenkje h\u00f8gt og fritt som fuglen og kanskje kome opp med dei verkeleg spennande ideane. Og motsett: \u00c5 vere heilt ned p\u00e5 jorda og kanskje ogs\u00e5 stikke ein finger eller to nedi ho.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Men fuglen m\u00e5 ogs\u00e5 ned p\u00e5 jorda. Og sj\u00f8lv om ein st\u00e5r p\u00e5 jorda m\u00e5 ein ogs\u00e5 kunne klare \u00e5 lette blikket.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Slik eg oppfattar stemninga i styret s\u00e5 er det vilje og \u00f8nskje til \u00e5 tenkje og arbeide strategisk. Styret \u00f8nskjer rett og slett ein strategiplan som fungerer som eit styringsreiskap. S\u00e5 dette arbeidet vil vonleg vere viktig for H\u00f8gskulen i Volda i mange \u00e5r framover.<\/div>\n<div><\/div>\n<blockquote>\n<div>Det er deg det kjem an p\u00e5.<\/div>\n<\/blockquote>\n<div><\/div>\n<div><strong>Tidlegare blogginnlegg om strategiprosessen i 2016: \u00a0<\/strong><\/div>\n<div><\/div>\n<div><strong>4.juli: &laquo;Sommarhelsing fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet&raquo;<\/strong><\/div>\n<div>&#8211; Blant anna med vurderingar av H\u00f8gskulen i Volda i h\u00f8ve til dei fire sektorm\u00e5la.<\/div>\n<div><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/07\/04\/sommarhelsing-fra-kunnskapsdepartementet\/\">https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/07\/04\/sommarhelsing-fra-kunnskapsdepartementet\/<\/a><\/div>\n<div><\/div>\n<div><strong>12.juni: &laquo;H\u00f8gskulen i Volda held fram som sj\u00f8lvstendig h\u00f8gskule&raquo;.<\/strong><br \/>\n&#8211; Rektors oppsummering av strukturprosessen s\u00e5 langt. Kronikk som ogs\u00e5 har st\u00e5tt i fleire aviser i M\u00f8re og Romsdal og Sogn og Fjordane.<\/div>\n<div><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/06\/12\/hogskulen-i-volda-held-fram-som-sjolvstendig-hogskule\/\">https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/06\/12\/hogskulen-i-volda-held-fram-som-sjolvstendig-hogskule\/<\/a><\/div>\n<div><\/div>\n<div><strong>26.april: &laquo;Ny strategi: Kvifor treng vi det?&raquo;<\/strong><br \/>\n&#8211; Blant anna med lenkjer til mange bakgrunnsdokument som tildelingsbrev, \u00e5rsrapportar, FoU-melding, dagens strategi.<\/div>\n<div><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/05\/26\/ny-strategi-kvifor-treng-vi-det\/\" rev=\"en_rl_small\">https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/05\/26\/ny-strategi-kvifor-treng-vi-det\/<\/a><\/div>\n<div><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Styret har invitert tilsette ved H\u00f8gskulen i Volda til \u00e5 kome med innspel til ny strategi for H\u00f8gskulen. Vi har tilsette med\u00a0h\u00f8g\u00a0kompetanse, kjensler for arbeidsplassen og ikkje minst eit mangfald av fagomr\u00e5de; s\u00e5 eg har stor trur p\u00e5 at det vil skje mykje spennande i haust &#8211; og at vi f\u00e5r ein god strategiplan! Og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/08\/29\/velkomen-til-strategiverkstad-bruk-hausten-til-a-gi-hogskulen-i-volda-ein-langsiktig-kurs\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Velkomen til strategiverkstad! Bruk hausten til \u00e5 gi H\u00f8gskulen i Volda ein langsiktig kurs!<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/865"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=865"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/865\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":870,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/865\/revisions\/870"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=865"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=865"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=865"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}