{"id":800,"date":"2016-07-04T14:24:40","date_gmt":"2016-07-04T12:24:40","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=800"},"modified":"2016-11-19T15:56:39","modified_gmt":"2016-11-19T14:56:39","slug":"sommarhelsing-fra-kunnskapsdepartementet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/07\/04\/sommarhelsing-fra-kunnskapsdepartementet\/","title":{"rendered":"Sommarhelsing fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet"},"content":{"rendered":"<p>Kunnskapsdepartementet har sendt brev til H\u00f8gskulen i Volda &#8211; med ros og mest ris.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/khrono.no\/debatt\/mest-ris-fra-departementet-til-volda\">Dette blogginnlegget er ogs\u00e5 publisert i nettavisa Khrono.<\/a><\/p>\n<p>Annakvart \u00e5r vert representantar fr\u00e5 h\u00f8gskulestyret og toppleiinga ved h\u00f8gskulen innkalla til etatstyringsm\u00f8te med Kunnskapsdepartementet. F\u00f8rre m\u00f8te var i 2015, s\u00e5 no i 2016 kom det i staden eit brev med tilbakemelding fr\u00e5 departementet. Dette er dei mest konkrete tilbakemeldingane H\u00f8gskulen i Volda f\u00e5r fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet i rolla som eigar.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.hivolda.no\/hivolda\/om-hogskulen\/styre-og-leiing\/styringsdokument\">Tilbakemeldinga\u00a0\u00a0fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet finn du p\u00e5 denne nettsida i lag med andre styringsdokument som gjeld h\u00f8gskulen.<\/a> (sj\u00e5 under &laquo;etatstyring&raquo;)<\/p>\n<figure id=\"attachment_571\" aria-describedby=\"caption-attachment-571\" style=\"width: 620px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/03\/Mediehus_bilde_620.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-571\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/03\/Mediehus_bilde_620.jpg\" alt=\"Nytt mediehus p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda\" width=\"620\" height=\"413\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-571\" class=\"wp-caption-text\">Nytt mediehus p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda: Det viktigaste prosjektet for H\u00f8gskulen i Volda i \u00e5ra som kjem.<\/figcaption><\/figure>\n<p>Vurderinga til Kunnskapsdepartementet omhandlar hovudsakleg 2015 og byggjer p\u00e5 tildelingsbrevet for 2015, men ogs\u00e5 Studiebarometeret og andre dokument som omtalar verksemda ved h\u00f8gskulen.<\/p>\n<p><!--more--><\/p>\n<blockquote><p>Kva er s\u00e5 departementet opptekne av n\u00e5r det gjeld drifta ved H\u00f8gskulen i Volda?<\/p><\/blockquote>\n<p>Dei mest overordna kommentarane fr\u00e5 departementet handlar om strategiske val hos h\u00f8gskulen og er nyttige \u00e5 ta med seg inn i strategiprosessen som H\u00f8gskulen i Volda skal gjennomf\u00f8re hausten 2016.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/05\/26\/ny-strategi-kvifor-treng-vi-det\/\">Les om strategiprosessen i rektorbloggen i mai 2016.<br \/>\n<\/a><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/07\/HVO-strategiprosess-2016.pdf\">Styrevedtak (10. juni 2016) om strategiprosess ved HVO 2016 (pdf-fil)<\/a><\/p>\n<p>Strategiprosessen som styret vedtok er\u00a0ein &laquo;verkstadmodell&raquo; som er omtala i saksutgreiinga.\u00a0Det vil bli leigd inn ein prosessdrivar som skal syte for gjennomf\u00f8ring av strategiprosessen. Leiinga\u00a0vil\u00a0delta p\u00e5 verkstadene i fagmilj\u00f8a og fellesadministrasjonen.<\/p>\n<p>Departementet sp\u00f8r fleire stader i si vurdering\u00a0om korleis H\u00f8gskulen har tenkt \u00e5 n\u00e5 sine m\u00e5l.\u00a0Vi b\u00f8r rett og slett ha meir konkrete handlingsplanar for\u00a0\u00e5 kunne f\u00e5 ei tydelegare retning p\u00e5 korleis vi skal n\u00e5 v\u00e5re m\u00e5l. Eg reknar med at\u00a0strategiprosessen kan gi oss det.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 og med 2016\u00a0skal H\u00f8gskulen i Volda og andre h\u00f8gskular levere ein ny type \u00e5rsrapportar for verksemda, og departementet at\u00a0H\u00f8gskulen skal bli tydelegare i \u00e5rsrapportane p\u00e5 vurdering av framtidsutsiktene og nasjonale m\u00e5lsettingar. Igjen noko som ikkje er vanskeleg for h\u00f8gskulen \u00e5 vere samd i at dette skal vi gjere. S\u00e5 f\u00e5r vi heller diskutere dei konkrete m\u00e5la, middela og\u00a0resultata med departementet.<\/p>\n<p>Men departementet\u00a0kjem ogs\u00e5 med ei meir konkret oppmoding til h\u00f8gskulen:<\/p>\n<ul>\n<li>&laquo;H\u00f8yskolen b\u00f8r etter departementets syn vurdere \u00e5 redusere antall tiltak og\u00a0konsentrere seg om de tiltakene som h\u00f8yskolen forventer vil f\u00e5 st\u00f8rst effekt, ikke minst p\u00e5\u00a0omr\u00e5der med h\u00f8y risiko.&raquo;<\/li>\n<\/ul>\n<p>P\u00e5 den eine sida \u00f8nskjer departementet at vi skal liste opp f\u00e6rre tiltak, men samtidig at vi skal bli meir konkrete p\u00e5\u00a0korleis vi skal n\u00e5 v\u00e5re m\u00e5l? Dette m\u00e5 vi tygge litt p\u00e5.<\/p>\n<blockquote><p>Strukturdebatten: Kva vil HVO?<\/p><\/blockquote>\n<p>Kunnskapsdepartementet forventar at\u00a0H\u00f8gskulen i Volda i strategiprosessen vurderer si eiga\u00a0framtid og &laquo;tek ansvar for eiga utvikling&raquo;.\u00a0Kunnskapsdepartementet formulerer seg slik:<\/p>\n<ul>\n<li>&laquo;Departementet forventer at h\u00f8yskolen tar ansvar for egen utvikling, inkludert en vurdering av institusjonens situasjon etter strukturendringen i uh-sektoren. Departementet ber om at h\u00f8yskolen vurderer slike sp\u00f8rsm\u00e5l i strategiprosessen.&raquo;<\/li>\n<\/ul>\n<p>Departementet kjem alts\u00e5 ikkje med p\u00e5legg eller konkrete f\u00f8ringar til H\u00f8gskulen i Volda, men er opptekne av \u00e5 halde saka varm. Eg er samd i at dette er rett og viktig og heilt p\u00e5 sin plass \u00e5 diskutere i strategisk samanheng. Og det skreiv eg d\u00e5\u00a0ogs\u00e5 i <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/05\/26\/ny-strategi-kvifor-treng-vi-det\/\">rektorbloggen i mai<\/a>.<!--more--><\/p>\n<blockquote><p>Campusutvikling og nybygg<\/p><\/blockquote>\n<p>Kunnskapsdepartementet\u00a0har f\u00e5tt tilsendt campusutviklingsplanen og peikar p\u00e5 overordna m\u00e5l for korleis h\u00f8gskular skal ta i bruk nye l\u00e6ringsformer og arbeidsreiskapar. Departementet seier\u00a0vidare.<\/p>\n<ul>\n<li>&laquo;Campusutviklinga m\u00e5 ogs\u00e5 sj\u00e5ast i lys av h\u00f8gskulens plass i det nye institusjonslandskapet&raquo;.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Det er ikkje s\u00e5 godt \u00e5 vite kva som ligg bak denne siste setninga fr\u00e5 departementet. Mi eiga vurdering er at uansett kva som blir H\u00f8gskulen i Voldas framtidige plass i det nye institusjonslandskapet s\u00e5 er det viktig og n\u00f8dvendig \u00e5 byggje eit nytt hus for mediering og formidling.\u00a0Dette er i tr\u00e5d med prioriteringar i\u00a0strategiplanen og samtidig vil vi kunne styrke alle norske institusjonar p\u00e5 desse omr\u00e5da. S\u00e5 dette er planar som st\u00e5r st\u00f8tt p\u00e5 eigne bein &#8211; uansett framtidig institusjonslandskap eller medielandskap.<\/p>\n<blockquote><p>Utdanning:<\/p><\/blockquote>\n<p>Departementet har merka seg v\u00e5re gode resultat n\u00e5r det gjeld gjennomf\u00f8ring p\u00e5 normert studietid. Vi er som kjent best i landet, noko departementet tykkjer er &laquo;bra&raquo;. Skal tru korleis dei omtalar alle andre?<\/p>\n<p>Det er s\u00e6rleg to utfordringar departementet dreg fram:<\/p>\n<ul>\n<li>Rekruttering til GLU 1-7 der rekrutteringa har vore svak i mange \u00e5r. Departementet forventar ei &laquo;grundig og s\u00e6rskilt analyse av GLU 1-7 i \u00e5rsrapporten for 2016&raquo;.<\/li>\n<li>Gjennomf\u00f8ring av masterutdanning: H\u00f8gskulen har m\u00e5lsetting om 35 prosent gjennomf\u00f8ring, men det er &laquo;alt for lavt&raquo; og departementet forventar at vi set inn tiltak som f\u00f8rer til h\u00f8gare gjennomf\u00f8ring.<\/li>\n<\/ul>\n<p>N\u00e5r det gjeld GLU 1-7 s\u00e5 er det svak s\u00f8king over heile landet &#8211; men for oss som ein mindre institusjon er det s\u00e6rleg viktig \u00e5 f\u00e5 tak p\u00e5 kva dette handlar om. Rekrutteringsarbeidet v\u00e5rt retta mot GLU 1-7 m\u00e5 naturlegvis halde fram &#8211; men vi b\u00f8r nok ogs\u00e5 sp\u00f8rje studentar, skuleeigarar og andre om kva som b\u00f8r gjerast. Det er i alle fall sikkert at b\u00e5de M\u00f8re og Romsdal og Sogn og Fjordane treng fleire og betre utdanna l\u00e6rarar til grunnskulen.<\/p>\n<p>Studieadministrasjonen og fagmilj\u00f8a m\u00e5\u00a0hausten 2016 gjere grundige analysar av masterutdanningane v\u00e5re. Sidan masterutdanning blir vanlegare og vanlegare i samfunnet og <a href=\"http:\/\/www.hivolda.no\/hivolda\/nyhende?displayitem=5683&amp;module=news\">alle grunnskulel\u00e6rarutdanningane fr\u00e5 hausten 2017 blir fem\u00e5rige<\/a> er dette eit sv\u00e6rt viktig arbeid. Reint praktisk vil vi gjere desse analysane\u00a0i samband med det <a href=\"http:\/\/www.hivolda.no\/hivolda\/om-hogskulen\/kvalitetsarbeid\/arshjul-for-kvalitetsarbeid\">vanlege arbeidet med studiekvalitet<\/a>.<\/p>\n<figure id=\"attachment_807\" aria-describedby=\"caption-attachment-807\" style=\"width: 584px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/07\/arshjul_small.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-807\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/07\/arshjul_small.png\" alt=\"\u00c5rshjul for studiekvalitetsarbeid ved H\u00f8gskulen i Volda\" width=\"584\" height=\"424\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/07\/arshjul_small.png 584w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/07\/arshjul_small-300x218.png 300w\" sizes=\"(max-width: 584px) 100vw, 584px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-807\" class=\"wp-caption-text\">\u00c5rshjul for studiekvalitetsarbeid ved H\u00f8gskulen i Volda<\/figcaption><\/figure>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><!--more-->Det er naturlegvis ikkje kjekt \u00e5 sj\u00e5 at vi for masterutdanningar ligg i motsett ende av skalaen i h\u00f8ve til bachelorutdanningar. Det er litt mystisk kvifor v\u00e5re studentar er best eller raskast p\u00e5 gjennomf\u00f8ring av bachelorutdanningar medan v\u00e5re masterstudentar er\u00a0svakast eller seinast p\u00e5 gjennomf\u00f8ring av masterutdanning. Ei forklaring eg h\u00f8yrer fr\u00e5 fagmilj\u00f8a er at mange av masterstudentane ikkje er fulltidsstudentar og mange\u00a0tek utdanninga ved sidan av jobb. D\u00e5 blir s\u00e6rleg masteroppg\u00e5va ein skikkeleg b\u00f8yg. Somme meiner ogs\u00e5 at opplegget for masterutdanningane b\u00f8r\u00a0endrast.\u00a0Men\u00a0dette m\u00e5 vi finne ut meir om.<\/p>\n<blockquote><p>Forsking: Korleis skaffe forskingsprosjekt?<\/p><\/blockquote>\n<p>Dei siste \u00e5ra har H\u00f8gskulen i Volda g\u00e5tt i feil\u00a0retning\u00a0n\u00e5r det gjeld \u00e5 skaffe forskingsmidlar fr\u00e5 Forskingsr\u00e5det eller andre kjelder. Dette har vore omtalt i\u00a0rapportar dei siste \u00e5ra og no lurer Kunnskapsdepartementet p\u00e5 kvifor tiltaka ikkje har verka og\u00a0&laquo;anmoder styret om \u00e5 arbeide systematisk med \u00e5 styrke aktiviteten p\u00e5 dette omr\u00e5det.&raquo;<\/p>\n<p>Tiltaka vi har sett i verk handlar om \u00e5 flytte ressursar til avdelingane gjennom eigne BOA (Bidrag- og Oppdrags Arbeid) -koordinatorar der b\u00e5de Avdeling for samfunnsfag og Avdeling for humanistiske fag og l\u00e6rarutdanning begge har koordinatorar p\u00e5 fulltid medan AMF og AKF har koordinatorar i deltidsstillingar.<\/p>\n<p>Vidare seier strategiplanen at forskingsgrupper skal vere eit viktig verkt\u00f8y &#8211; men her har vi nok kome ganske kort i veg. Dei siste \u00e5ra har v\u00e5re interne forskingsmidlar (Sm\u00e5 driftsmidlar, FoU-stipend) vorte lyste ut med oppmoding til forskarane om \u00e5 knyte seg til\u00a0forskingsgrupper. Det har hatt liten verknad.<\/p>\n<p>Satsingsmidlane har i \u00e5r vorte tildelt etter S\u00e5korn-prinsippet &#8211; midlane skal alts\u00e5 vere s\u00f8knadsf\u00f8rebuande eller posisjonerande i h\u00f8ve til komande utlysingar. Det er nok for tidleg \u00e5 sj\u00e5 verknad av dette f\u00f8rebels.<\/p>\n<p>FoU-strategien skal\u00a0no bli ein tydelegare del av h\u00f8gskulens overordna strategi og det trur eg er ein fordel\u00a0n\u00e5r ein skal tydeleggjere kva m\u00e5l og middel som skal til for \u00e5 skaffe meir\u00a0eksterne forskingsinntekter.<\/p>\n<p>Men likevel:\u00a0Vi har ikkje d\u00e5rlege forskingsresultat samla sett som institusjon. Kanskje\u00a0b\u00f8r vi vurdere \u00e5 ha ein nasjonal, alternativ profil: Som\u00a0ein forskingsinstitusjon der vi set den individuelle forskaren i sentrum og legg st\u00f8rre vekt p\u00e5 deltaking i eksterne nasjonale og internasjonale nettverk framfor \u00e5 byggje opp forskingsgrupper? Samanlikna med andre institusjonar har tilsette ved HVO h\u00f8g\u00a0FoU-andel i stillingane og stor fridom til \u00e5 nytte denne FoU-tida. Det b\u00f8r vi i alle fall ha med oss inn i\u00a0diskusjonen av FoU-strategi.<\/p>\n<p>Uansett blir dette eit sp\u00f8rsm\u00e5l som blir viktig for H\u00f8gskulens <a href=\"http:\/\/www.hivolda.no\/hivolda\/forsking-og-utvikling\/forskingsutvalet\">forskingsutval som blant anna er r\u00e5dgjevande organ for FoU-strategi<\/a>.<\/p>\n<p>***<\/p>\n<p>Andre merknader fr\u00e5 departementet handlar om at vi har store avsetningar &#8211; og at dei har auka dei siste \u00e5ra. Dette gjeld fors\u00e5vidt heile sektoren, men ved H\u00f8gskulen i Volda er det i nokre f\u00e5 fagmilj\u00f8 at avsetningane har vorte verkeleg store. Men det er i milj\u00f8 som for f\u00e5 \u00e5r sidan hadde det motsette problemet og avsetningane er ogs\u00e5 eit resultat av myke hardt arbeid. Men avsetningane\u00a0gjer ingen godt s\u00e5 lenge dei berre st\u00e5r som pluss i rekneskapen &#8211; dei m\u00e5 omsettast til aktivitet.<\/p>\n<p>Oppsummeringsvis vil eg seie at dette ikkje var ei d\u00e5rleg sommarhelsing \u00e5 f\u00e5 fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet &#8211;\u00a0og har\u00a0ikkje vorte mindre spent p\u00e5 strategiprosessen i haust!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kunnskapsdepartementet har sendt brev til H\u00f8gskulen i Volda &#8211; med ros og mest ris. Dette blogginnlegget er ogs\u00e5 publisert i nettavisa Khrono. Annakvart \u00e5r vert representantar fr\u00e5 h\u00f8gskulestyret og toppleiinga ved h\u00f8gskulen innkalla til etatstyringsm\u00f8te med Kunnskapsdepartementet. F\u00f8rre m\u00f8te var i 2015, s\u00e5 no i 2016 kom det i staden eit brev med tilbakemelding fr\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/07\/04\/sommarhelsing-fra-kunnskapsdepartementet\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Sommarhelsing fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[30,29,32,31,22,33],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/800"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=800"}],"version-history":[{"count":12,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/800\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1012,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/800\/revisions\/1012"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=800"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=800"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=800"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}