{"id":491,"date":"2016-01-17T12:15:26","date_gmt":"2016-01-17T11:15:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=491"},"modified":"2016-01-17T12:19:41","modified_gmt":"2016-01-17T11:19:41","slug":"hogskulane-og-regional-utvikling","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/01\/17\/hogskulane-og-regional-utvikling\/","title":{"rendered":"H\u00f8gskulane og regional utvikling"},"content":{"rendered":"<p><a href=\"http:\/\/www.smp.no\/meninger\/kronikk\/2016\/01\/13\/H%C3%B8gskulane-og-regional-utvikling-12021941.ece\">Kronikk i Sunnm\u00f8rsposten 13.01.2016<\/a><\/p>\n<p>M\u00f8re og Romsdal fylkeskommune arbeider med ny Forskings- og innovasjonsstrategi for fylket, noko som vart presentert av <a href=\"http:\/\/www.smp.no\/meninger\/kronikk\/2015\/12\/29\/Perfekt-timing-for-ny-forskings-og-innovasjonsstrategi-11969101.ece\">Anna Marie Hatlestad i ein kronikk i Sunnm\u00f8rsposten 29. desember der ho meinte det var \u00abperfekt timing\u00bb<\/a> for \u00e5 kome med ein ny <a href=\"https:\/\/mrfylke.no\/Tenesteomraade\/Regional-og-naeringsutvikling\/Naeringsutvikling\/Forsking-og-utvikling\/FoI-strategi-for-Moere-og-Romsdal-2016-2020\">FoI-plan for fylket<\/a>.<\/p>\n<p>Det er kanskje aldri noko godt eller d\u00e5rleg tidspunkt for framtidsplanlegging i eit fylke som v\u00e5rt: Dagleg les vi om problem hos verft og supplyreiarlag. Men samtidig ser vi rekordresultat i oppdrett og anna fiskeri.<\/p>\n<p>Vi les om arbeid med kommunesamansl\u00e5ingar p\u00e5 lokalt niv\u00e5. Men M\u00f8re og Romsdal fylkeskommune skal best\u00e5.<\/p>\n<h3>Mangfald<\/h3>\n<p>Ogs\u00e5 i h\u00f8gare utdanning i fylket har vi eit mangfaldig bilde:<\/p>\n<p>H\u00f8gskolen i \u00c5lesund blir ein del av NTNU, medan h\u00f8gskulane i Volda og Molde \u00f8nskjer \u00e5 halde fram som sj\u00f8lvstendige h\u00f8gskular.<\/p>\n<p>Dei tre h\u00f8gskulane er d\u00e5 ogs\u00e5 ulik fagprofil og orientering.<\/p>\n<p>Eg trur at eit mangfald av l\u00f8ysingar gjev eit meir robust fylke, og h\u00e5per det ogs\u00e5 kan bli gjenspegla i ein framtidig plan for forsking og innovasjon.<\/p>\n<p>Men dei statlege h\u00f8gskulane i M\u00f8re og Romsdal har i grunnen kome litt i bakgrunnen i framtidsplanlegginga for fylket. I den gjeldande fylkesplanen st\u00e5r det at eit styrka h\u00f8gskuletilbod i M\u00f8re og Romsdal vil vere viktig for \u00e5 m\u00f8te regionale behov for rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon. Dette blir ikkje mindre viktig i framtida.<\/p>\n<p>N\u00e5r M\u00f8re og Romsdal fylkeskommune no har oppretta eit h\u00f8gskulefond s\u00e5 er det eit veldig konkret og godt tiltak for \u00e5 styrke samarbeid og dialog mellom h\u00f8gskulane og fylket, og dette er noko h\u00f8gskulane har merka seg.<\/p>\n<h3>Sj\u00f8lvstende<\/h3>\n<p>H\u00f8gskulane i Volda, Molde og Lillehammer meiner at vi blir betre regionale akt\u00f8rar av \u00e5 halde fram som sj\u00f8lvstendige h\u00f8gskular og ha gode samarbeid med andre forskingsmilj\u00f8.<\/p>\n<p>Dei tre h\u00f8gskulane skal denne veka i m\u00f8te med Kunnskapsdepartementet for \u00e5 diskutere alliansemodellen \u2013 eit unikt innovativt tiltak for samarbeid mellom sj\u00f8lvstendige h\u00f8gskular som har ei klar regional forankring. Eg trur at H\u00f8gskulen i Volda best kan tene regionen ved \u00e5 levere h\u00f8gt utdanna arbeidskraft ogs\u00e5 i framtida ved at vi held fram som ein lokalt styrt h\u00f8gskule.<\/p>\n<p>Sagt p\u00e5 ein annan m\u00e5te: Studentar fr\u00e5 Volda, Molde og \u00c5lesund har lyst til \u00e5 arbeide i v\u00e5r region n\u00e5r dei er ferdige med utdanninga si.<\/p>\n<h3>Forskingsmilj\u00f8<\/h3>\n<p>Igjen ser vi at mangfald er viktig. NAV fortel om mange ledige l\u00e6rarstillingar, noko som er viktig i desse tider d\u00e5 oljebaserte n\u00e6ringar slit.<\/p>\n<p>For H\u00f8gskulen i Volda somhar drive med l\u00e6rarutdanning i nesten 150 \u00e5r er det viktig \u00e5 formidle til studentane at dei kan rekne med \u00e5 finne arbeid i regionen med eksamenspapir fr\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda.<\/p>\n<p>Med ca 200 forskarar er H\u00f8gskulen i Volda blant dei st\u00f8rre forskingsmilj\u00f8a mellom Bergen og Trondheim. Vi har fleire tilsette med professorkompetanse enn dei fleste statlege h\u00f8gskular og i fjor leverte forskarane fleire artiklar og b\u00f8ker enn alle andre h\u00f8gskular p\u00e5 Vestlandet.<\/p>\n<p>Vi er alts\u00e5 eit levande forskingsmilj\u00f8 med h\u00f8g kompetanse, men vi kan nok bli end\u00e5 betre til \u00e5 kome i dialog med regionen v\u00e5r.<\/p>\n<p>Det er likevel tankevekkande at h\u00f8gskulane ikkje er blant eigarane av den nye FoI-planen. Fylket har valgt Innovasjon Norge, Norges Forskingsr\u00e5d, LO, NHO, SIVA, KS, Fylkesmannen i M\u00f8re og Romsdal og NAV som partar i dette arbeidet.<\/p>\n<p>Helsef\u00f8retaket er heller ikkje med blant eigarane. I sum st\u00e5r h\u00f8gskulane og helsef\u00f8retaket for FoU i fleire hundre millionars klassen i form av FoU-tid for hundrevis av forskarar ved h\u00f8gskulane og i helsef\u00f8retaket.<\/p>\n<h3>Samarbeid<\/h3>\n<p>Vonleg kan vi finne arbeidsm\u00e5tar der vi kan arbeide i lag &#8211; ogs\u00e5 for \u00e5 n\u00e5 regionale m\u00e5l.<\/p>\n<p>Ein slik arena for utvikling av felles strategiar er R\u00e5d for samarbeid med arbeidslivet (RSA), der h\u00f8gskulane i Volda og Molde og NTNU \u00c5lesund no har teke initiativ til ein ny start for samarbeidet.<\/p>\n<p>Det er mykje av dei same akt\u00f8rane som st\u00e5r bak FoI-planen som ogs\u00e5 er med i R\u00e5det for samarbeid med arbeidslivet, s\u00e5 vonleg kan det bli ein god arena for regional utvikling.<\/p>\n<p>Det er antakelig rett at det er rett tid \u00e5 kome med ein ny Forskings- og innovasjonsplan for M\u00f8re og Romsdal, og eg h\u00e5per og trur at dei regionale akt\u00f8rane kan dra i lag b\u00e5de i arbeidet med planen &#8211; men ikkje minst n\u00e5r planen skal settast ut i livet.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.rbnett.no\/meninger\/Kronikk\/2016\/01\/08\/Hva-blir-det-til-med-H%C3%B8gskolen-i-Molde-12007225.ece\">Sj\u00e5 ogs\u00e5 kronikk i Romsdals Budstikke (08.01.2016) av Hallgeir Gammels\u00e6ter, rektor ved H\u00f8gskolen i Molde: &laquo;Hva blir det til med H\u00f8gskolen i Molde?&raquo;.<\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kronikk i Sunnm\u00f8rsposten 13.01.2016 M\u00f8re og Romsdal fylkeskommune arbeider med ny Forskings- og innovasjonsstrategi for fylket, noko som vart presentert av Anna Marie Hatlestad i ein kronikk i Sunnm\u00f8rsposten 29. desember der ho meinte det var \u00abperfekt timing\u00bb for \u00e5 kome med ein ny FoI-plan for fylket. Det er kanskje aldri noko godt eller d\u00e5rleg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/01\/17\/hogskulane-og-regional-utvikling\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">H\u00f8gskulane og regional utvikling<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/491"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=491"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/491\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":495,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/491\/revisions\/495"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=491"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=491"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=491"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}