{"id":388,"date":"2015-12-11T14:05:04","date_gmt":"2015-12-11T13:05:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=388"},"modified":"2015-12-18T10:56:59","modified_gmt":"2015-12-18T09:56:59","slug":"vegen-framover-i-strukturprosessen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/12\/11\/vegen-framover-i-strukturprosessen\/","title":{"rendered":"Vegen framover i strukturprosessen?"},"content":{"rendered":"<p>P\u00e5 julelunsjen til Forskarforbundet drodla eg litt omkring kva som skulle bli vegen framover i strukturprosessen for H\u00f8gskulen i Volda. Drodlinga\u00a0vart til ei teikning &#8211;\u00a0eit flytdiagram (kanskje?) som var eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 synleggjere\u00a0vegvala som H\u00f8gskulen i Volda st\u00e5r overfor. Og som dei\u00a0andre h\u00f8gskular og universitet som vi har ein relasjon til ogs\u00e5 driv og tenkjer p\u00e5 samtidig som oss.<\/p>\n<figure id=\"attachment_395\" aria-describedby=\"caption-attachment-395\" style=\"width: 4898px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/12\/IMG_0524.jpg\" rel=\"attachment wp-att-395\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-395\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/12\/IMG_0524.jpg\" alt=\"Johann Roppen\" width=\"4898\" height=\"3265\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-395\" class=\"wp-caption-text\">Voldarektor Johann Roppen: Kva skjer vidare i strukturprosessen? Foto: Per Straume.<\/figcaption><\/figure>\n<p>Ein ny versjon av teikninga\u00a0la eg fram for dekanm\u00f8tet onsdag 9. desember og p\u00e5 styrem\u00f8tet torsdag 10. desember la eg s\u00e5 teikninga\u00a0p\u00e5 bordet for styret undervegs i diskusjonen om strukturdebatten. Teikninga er eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 synleggjere det som pr i dag framst\u00e5r som dei mulege alternativa i strukturprosessen for H\u00f8gskulen i Volda.<\/p>\n<p>Her er teikninga:\u00a0<a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/12\/Strukturprosess-skisse-JR-2015-12-09.pdf\" rel=\"\">Strukturprosess-skisse-JR-2015-12-09<\/a><\/p>\n<p>Som det vart kommentert p\u00e5 styrem\u00f8tet s\u00e5\u00a0vil ein sjeldan fange alle mulege alternativ i ei slik teikning &#8211; og prosessen vil til ein viss grad leve sitt eige liv. Det vil overraske meg om\u00a0r\u00f8ynda blir s\u00e5 rettlinja\u00a0som i teikninga.<\/p>\n<p>Men det viktigaste er at H\u00f8gskulen i Volda uansett m\u00e5 og skal og b\u00f8r samarbeid med andre institusjonar i strukturprosessen. Men eg er rimeleg sikker p\u00e5 at sj\u00f8lvstendet vert best teke i vare gjennom ein alliansemodell, s\u00e5 det m\u00e5 vere plan A for H\u00f8gskulen i Volda.<\/p>\n<blockquote><p>Men eg er ogs\u00e5 sikker p\u00e5 at alliansen blir betre om\u00a0H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane ogs\u00e5 blir med.<\/p><\/blockquote>\n<p>Styret ved H\u00f8gskulen gjorde vedtak om \u00e5 ta til etterretning utgreiinga fr\u00e5 administrasjonen, men la til at leiinga m\u00e5 vere merksam p\u00e5 kvalitetskriteria som er stilt fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet. S\u00e5 alliansearbeidet held fram.<\/p>\n<p>Dei tre\u00a0allianseh\u00f8gskulane vil levere plan A(llianse) til Kunnskapsdepartementet 8. januar &#8211; og s\u00e5 f\u00e5r vi svar fr\u00e5\u00a0departementet &#8211; kanskje alt 13. januar &#8211; om korleis Allianseplanen blir vurdert av v\u00e5r eigar. Etter dette\u00a0b\u00f8r det bli klart om og n\u00e5r H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane kan og \u00f8nskjer \u00e5 bli med i alliansen.<\/p>\n<p>Har vi\u00a0s\u00e5 ein\u00a0plan B, C og D om alliansen ikkje blir &laquo;godkjent&raquo;?<\/p>\n<p>Nettavisa Khrono skreiv 10. desember ein\u00a0fyldig artikkel om status blant anna for H\u00f8gskulen i Volda i strukturprosessen. Artikkelen er vel verd \u00e5 lese og handlar litt om alternativa framover:<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/khrono.no\/samfunn-struktur\/2015\/12\/samarbeid-og-alliansar\">&laquo;Allianse slit med plan C, D og &#8230;&raquo;<\/a>\u00a0(Khrono, 10. desember).<\/p>\n<p>Det er nok heilt rett som det st\u00e5r i Khronos overskrift, at\u00a0H\u00f8gskulen i Volda vil slite om alliansestrevet er til inkjes. Det m\u00e5 presiserast at det\u00a0ikkje er noko d\u00e5rleg alternativ med\u00a0fortsatt sj\u00f8lvstende &#8211; utanfor alliansar og fusjonar. Det er ikkje slik at H\u00f8gskulen i Volda\u00a0M\u00c5 inng\u00e5 i alliansar eller fusjonar.<\/p>\n<p>Men som eit tankeeksperiment kan det vere nyttig \u00e5 g\u00e5\u00a0inn i teikninga (flytdiagrammet) og pr\u00f8ver \u00e5 f\u00f8lgje tr\u00e5dane vidare i retning av fusjon, s\u00e5 opnar det seg ei rekkje alternativ &#8211; teoretisk sett. Det er sp\u00f8rsm\u00e5l vi vil m\u00f8te &#8211; og m\u00e5tte svare p\u00e5.<\/p>\n<blockquote><p>Men dei fleste pilane (p\u00e5 teikninga) peikar i retning av fortsatt sj\u00f8lvstende for H\u00f8gskulen i Volda.<\/p><\/blockquote>\n<p><strong>Tida g\u00e5r &#8230;\u00a0<\/strong><\/p>\n<p>Kva skjer vidare i strukturprosessen? Tida er sv\u00e6rt viktig &#8211; ogs\u00e5 her. Her er nokre viktige datoar:<\/p>\n<ul>\n<li>18. desember 2015: NIFU-utgreiing om profesjonsh\u00f8gskulen for Vestlandet.<\/li>\n<li>8. januar 2016: Allianseh\u00f8gskulane leverer alliansedokument\u00a0til Kunnskapsdepartementet.<\/li>\n<li>13. januar 2016: Allianseh\u00f8gskulane m\u00f8ter Kunnskapsdepartementet.<\/li>\n<li>28. januar 2016: Styrem\u00f8te ved H\u00f8gskulen i Volda.<\/li>\n<li>2. februar 2016: \u00a0Felles styrem\u00f8te for h\u00f8gskulane i profesjonsh\u00f8gskulen for Vestlandet (HiSF, HiB, HSH).<\/li>\n<li>10. mars 2016: Ordin\u00e6rt styrem\u00f8te ved H\u00f8gskulen i Volda. Det kan bli omframt styrem\u00f8te i februar om det trengst.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Det g\u00e5r\u00a0ikkje s\u00e5\u00a0godt fram av teikninga (flytskjemaet), men\u00a0etter som tida g\u00e5r vil blir det f\u00e6rre alternativ for H\u00f8gskulen i Volda &#8211; det er ikkje berre vi som tenkjer og grunnar p\u00e5 desse sp\u00f8rsm\u00e5la. Ting skjer rundt oss. Kven hadde trudd for litt over eitt \u00e5r sidan at H\u00f8gskolen i \u00c5lesund 1. januar 2016 blir overtatt av NTNU?<\/p>\n<p>Ein n\u00e6rliggande prosess som vil avgrense alternativa for H\u00f8gskulen i Volda er om\u00a0andre h\u00f8gskular\u00a0startar fusjonsforhandlingar. Det vil vere naturleg \u00e5 starte fusjonsforhandlingar med \u00e5 sl\u00e5 fr\u00e5 seg andre alternativ. Mitt generelle\u00a0inntrykk av slike forhandlingar er at\u00a0bordet fangar. Det kan kjennast\u00a0verre ut\u00a0\u00e5 avbryte forhandlingane enn \u00e5 godta eit d\u00e5rleg eller usikkert resultat. \u00a0Tida vil vise kva som skjer.<\/p>\n<p>Korleis st\u00e5r dei andre h\u00f8gskulane rundt oss i desse\u00a0diskusjonane?<\/p>\n<p><strong>H\u00f8gskulen i Molde<\/strong> har styrem\u00f8te 16. desember og av styrepapira g\u00e5r det fram at v\u00e5r potensielle alliansepartnar eigentleg ikkje har ein plan B om alliansen av ein eller annan grunn ikkje let seg gjennomf\u00f8re.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.himolde.no\/OmHiMolde\/h%C3%B8gskolestyret\/Sider\/Styresaker%20og%20-protokoller.aspx\">Styrepapir for H\u00f8gskulen i Molde (16. desember 2015)<\/a><\/p>\n<p>Nettavisa Panorama har ein brei omtale av styrem\u00f8tet i Molde:<br \/>\n<a href=\"http:\/\/panorama.himolde.no\/2015\/12\/17\/vil-sta-alene-med-allianse-eller-samarbeidsavtaler\/\">http:\/\/panorama.himolde.no\/2015\/12\/17\/vil-sta-alene-med-allianse-eller-samarbeidsavtaler\/<\/a><\/p>\n<p>Styrevedtaket gjeldande allianse i Molde blei slik:<\/p>\n<blockquote><p>Etter debatten sluttet et enstemmig styre seg til f\u00f8lgende vedtak om alternativ til UH-allianse: \u00abHiM alene, men med \u00f8kt fokus p\u00e5 samarbeidsavtaler.\u00bb<\/p><\/blockquote>\n<p><strong>H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane<\/strong> hadde styrem\u00f8te 17. desember. Rektor Rasmus Stokke skreiv i m\u00f8teinnkallinga f\u00f8lgjande om alliansen:<\/p>\n<blockquote><p>&laquo;Rektor\u00a0ser framleis p\u00e5 dette [alliansen] som eit alternativ viss vi vel \u00e5 ikkje g\u00e5 vidare i forhandlingar s\u00f8rover.&raquo;<\/p><\/blockquote>\n<p>I styrepapira\u00a0er det ogs\u00e5 presentert resultat av ei sp\u00f8rjeunders\u00f8king blant dei tilsette p\u00e5 H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane med vurderingar av kva profesjonsh\u00f8gskulen kan f\u00e5 \u00e5 seie for H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p>I unders\u00f8kinga vart dei tilsette ogs\u00e5 spurt om kva dei tenkte om samansl\u00e5ing med H\u00f8gskulen i Volda.\u00a0Det virkar\u00a0ikkje som det er stor entusiasme for samansl\u00e5ing\u00a0berre med Volda &#8211; skepsisen er kanskje s\u00e6rleg stor blant einingsleiarane:<\/p>\n<figure id=\"attachment_401\" aria-describedby=\"caption-attachment-401\" style=\"width: 1200px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/12\/1-M\u00f8teinnkalling-H\u00f8gskulestyret-17122015_Page_27.jpg\" rel=\"attachment wp-att-401\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-401\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/12\/1-M\u00f8teinnkalling-H\u00f8gskulestyret-17122015_Page_27.jpg\" alt=\"Resultat fr\u00e5 sp\u00f8rjeunders\u00f8king blant tilsette ved H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane\" width=\"1200\" height=\"634\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-401\" class=\"wp-caption-text\">Eitt av resultata fr\u00e5 sp\u00f8rjeunders\u00f8king blant tilsette ved H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane<\/figcaption><\/figure>\n<p>P\u00e5 sj\u00f8lve styrem\u00f8tet vil ogs\u00e5 NIFUs utgreiing av Profesjonsh\u00f8gskulen for Vestlandet bli presentert.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/vev.hisf.no\/no\/content\/download\/34132\/237030\/file\/M%F8teinnkalling+H%F8gskulestyret+17122015.pdf\">Styrepapir for H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane (17. desember 2015).<\/a><\/p>\n<p><strong>H\u00f8gskolen i Lillehammer<\/strong> har styrem\u00f8te 15. desember og f\u00e5r nytt styre i 2016.\u00a0P\u00e5 m\u00f8tet vil leiinga legge fram ein munnleg presentasjon av status i strukturprosessen.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.hil.no\/hjem\/hva_skjer\/styremoete2\">Styrepapir for H\u00f8gskolen i Lilehammer (15. desember 2015).<\/a><\/p>\n<p>Det blir nokre spennande veker i januar-februar. Men vonleg vil styret ved H\u00f8gskulen i Volda p\u00e5 m\u00f8tet 10.\u00a0mars sj\u00e5 ein\u00a0tydeleg veg framover.<\/p>\n<p>Eller som statssekret\u00e6r Bj\u00f8rn Haugstad sa p\u00e5 eit m\u00f8te med allianseh\u00f8gskulane i september 2015:<\/p>\n<blockquote><p>&#8211; Vi kan ikkje halde p\u00e5 i det uendelege med strukturprosessen.<\/p><\/blockquote>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>P\u00e5 julelunsjen til Forskarforbundet drodla eg litt omkring kva som skulle bli vegen framover i strukturprosessen for H\u00f8gskulen i Volda. Drodlinga\u00a0vart til ei teikning &#8211;\u00a0eit flytdiagram (kanskje?) som var eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 synleggjere\u00a0vegvala som H\u00f8gskulen i Volda st\u00e5r overfor. Og som dei\u00a0andre h\u00f8gskular og universitet som vi har ein relasjon til ogs\u00e5 driv og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/12\/11\/vegen-framover-i-strukturprosessen\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Vegen framover i strukturprosessen?<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[11,10,16,14,4,3],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/388"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=388"}],"version-history":[{"count":16,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/388\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":416,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/388\/revisions\/416"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=388"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=388"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=388"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}