{"id":3769,"date":"2023-06-26T00:24:56","date_gmt":"2023-06-25T22:24:56","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=3769"},"modified":"2023-06-26T00:37:27","modified_gmt":"2023-06-25T22:37:27","slug":"takk-for-meg-og-takk-for-alle-svelene","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2023\/06\/26\/takk-for-meg-og-takk-for-alle-svelene\/","title":{"rendered":"Takk for meg &#8211; og takk for alle svelene!"},"content":{"rendered":"\n<p><em>Helsing p\u00e5 sommaravslutninga for studie\u00e5ret 2022- 2023. Og avtakking etter \u00e5tte \u00e5r som rektor. 23. juni 2023.  <\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Eg har hatt privilegiet \u00e5 vere rektor ved H\u00f8gskulen i Volda i \u00e5tte \u00e5r. F\u00f8r det var eg ein del av leiinga som forskingskoordinator i ca. tre \u00e5r. No har eg f\u00e5tt eit \u00e5r til fagleg oppdatering s\u00e5 er det faktisk 12 \u00e5r sidan eg var ein del av det daglege arbeidet som fagtilsett p\u00e5 Avdeling for mediefag. B\u00e5de 8 og 12 \u00e5r er lenge i eit liv &#8211; anten ein no snakkar om eit livsl\u00f8p eller ein karriere. Blant anna er det sv\u00e6rt mange av dagens tilsette p\u00e5 HVO som har vorte tilsette etter 2015. S\u00e5 har vi ogs\u00e5 vore gjennom ei forynging av staben &#8211; som mange kan misunne oss. <\/p>\n\n\n\n<p>Eg vil sj\u00e5 tilbake p\u00e5 dei 8 \u00e5ra som rektor med glede &#8211; fordi eg har l\u00e6rt mykje av \u00e5 ha rolla som rektor &#8211; eg f\u00f8ler eg har vorte godt kjend med heile institusjonen &#8211; og ogs\u00e5 f\u00e5tt del av gleder og sorger. Fred og strid. Men framfor har det vore gode \u00e5r n\u00e5r det gjeld \u00f8konomi, vekst og utvikling for H\u00f8gskulen i Volda.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/05\/20220404_075603-scaled.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/05\/20220404_075603-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3422\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/05\/20220404_075603-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/05\/20220404_075603-300x169.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/05\/20220404_075603-768x432.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/05\/20220404_075603-1536x864.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/05\/20220404_075603-2048x1152.jpg 2048w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption class=\"wp-element-caption\">Hans Str\u00f8m-huset og Sivert Aarflot-huset<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Dei st\u00f8rste og mest synlege endringane og tiltaka er jo Sivert Aarflot-huset og Hans Str\u00f8m-huset. Dette er store investeringar og dermed tunge l\u00f8ft for H\u00f8gskulen i Volda &#8211; vi snakkar om fornyingar som har kosta over 300 millionar kroner. Det eine prosjektet starta f\u00f8r eg vart rektor og det andre blir sluttf\u00f8rt etter at eg har slutta. S\u00e5 dette er prosjekt som har teke tid, og som vi berre har hatt r\u00e5d til fordi vi over lang tid har drive i tr\u00e5d med sunnm\u00f8rske dygder som \u00e5 spare p\u00e5 skillingen og drive n\u00f8kternt, men ogs\u00e5 fordi vi har vore optimistiske og hatt gode og fornuftige prosjekt.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 fagleg side vart det meste av arbeidet med doktorgraden i helse og sosial gjort f\u00f8r eg var rektor, og den nye doktorgraden i Utdanning, spr\u00e5k og kultur vil ikkje starte opp f\u00f8r tidlegast i 2025. <\/p>\n\n\n\n<p>Og s\u00e5 er eg spent og optimistisk med tanke p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 akkreditert masterutdanning i Natur, kultur og berekraft p\u00e5 Avdeling for kulturfag. Med den p\u00e5 plass vil vi ha masterutdanningar p\u00e5 toppen av alle v\u00e5re bachelorutdanningar. Det er ei viktig og n\u00f8dvendig utvikling for oss, sidan samfunnet blir meir og meir kompetansedrive, og vi m\u00e5 utvikle oss p\u00e5 same m\u00e5te som alle andre h\u00f8gskular og universitet.<\/p>\n\n\n\n<p>Det g\u00e5r ikkje alltid s\u00e5 fort i&nbsp; h\u00f8gre utdanning, men kontinuitet, \u00e5 arbeide trottug og langsiktig er n\u00f8dvendig for \u00e5 f\u00e5 til resultat.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 eg h\u00e5per og trur at dei 8 \u00e5ra vi har lagt bak oss vil bli huska som gode \u00e5r for H\u00f8gskulen i Volda.<\/p>\n\n\n\n<p>Dei politiske signala tyder p\u00e5 at vi kan f\u00e5 t\u00f8ffare \u00e5r n\u00e5r det gjeld \u00f8konomi, men ogs\u00e5 at vi f\u00e5r st\u00f8rre ansvar for lokale og dermed regionale prioriteringar.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi er ein h\u00f8gskule i ein region som er prega av sterk og global orientert industri. Men v\u00e5r region er ogs\u00e5 prega av sterk fr\u00e5flytting og aukande mangel p\u00e5 arbeidskraft.<\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>Vi er ein statleg institusjon i ein del av landet som har sv\u00e6rt l\u00e5g andel statleg tilsette, men v\u00e5r del av landet har ogs\u00e5 f\u00e6rre h\u00f8gre utdanning, og s\u00e6rleg mange f\u00e6rre med lang h\u00f8gre utdanning. Ei nedprioritering av H\u00f8gskulen i Volda vil dermed ogs\u00e5 vere ei nedprioritering av regionen. Utan gode barnehagar, skular og andre offentlege tenester vert ikkje v\u00e5r del av verda meir, men mindre attraktiv \u00e5 bu i. Dette er bodskapar som vi berre m\u00e5 gjenta gong etter gong. Kanskje g\u00e5r det inn ein dag?<\/p>\n\n\n\n<p>Eg er heilt sikker p\u00e5 at toppleiinga fr\u00e5 1. august er like opptatt av desse viktige sp\u00f8rsm\u00e5la som eg har vore, men vi m\u00e5 alle dra i lag og minne oss sj\u00f8lve og omgivelsane v\u00e5re p\u00e5 kvifor vi er her, at vi har vore her sidan 1861, og at vi og regionen er i same b\u00e5t.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 langt tema som ein rektortale b\u00f8r omtale.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/sveler-2-scaled.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"991\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/sveler-2-1024x991.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3770\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/sveler-2-1024x991.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/sveler-2-300x290.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/sveler-2-768x743.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/sveler-2-1536x1486.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/sveler-2-2048x1982.jpg 2048w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption class=\"wp-element-caption\">Sveler fr\u00e5 kantina p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda. Med heilt rett farge!<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Men no vil eg gjere eit aldri s\u00e5 lite sceneskifte, og snakke om det som verkeleg betyr noko. Noko som har gitt Volda eit unikt rykte, og som vi ikkje hadde klart oss utan i ein omskifteleg kvardag.<\/p>\n\n\n\n<p>Litt varme og s\u00f8dme i kvardagen, og som er tilgjengeleg for ein liten slant. I alle fall i lunsjtida, men som kanskje er borte p\u00e5 slutten av dagen.<\/p>\n\n\n\n<p>Og til \u00e5 introdusere dette unike med Volda har eg f\u00e5tt litt hjelp av Otto Jespersen:<\/p>\n\n\n\n<p>I filmen B\u00f8rning er Otto Jespersen passasjer i ein bil som er LITT forsinka p\u00e5 \u00e5 n\u00e5 ferja, men dei n\u00e5r ferja akkurat etter eit flygade bil-stunt inn p\u00e5 ferjedekket p\u00e5 &laquo;Vardehorn&raquo;. Og kva seier Otto Jespersen d\u00e5? Spol fram til ca. 1:37 inn i klippet:<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed is-type-video is-provider-youtube wp-block-embed-youtube wp-embed-aspect-16-9 wp-has-aspect-ratio\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\n<iframe loading=\"lazy\" title=\"B\u00f8rning (trailer)\" width=\"660\" height=\"371\" src=\"https:\/\/www.youtube.com\/embed\/AlY1Q-wA-Ms?feature=oembed\" frameborder=\"0\" allow=\"accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allowfullscreen><\/iframe>\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<p><\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\">\n<p>N\u00e5 skal det smake med en svele.<\/p>\n<cite>Otto Jespersen i &laquo;B\u00f8rning&raquo;<\/cite><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Ogs\u00e5 i oppf\u00f8lgaren B\u00f8rning 2 dukkar svelene opp. Eg trur det er nokre englar som byr Otto Jespersen-karakteren p\u00e5 sveler fr\u00e5 baksetet p\u00e5 bilen. Sveler er alts\u00e5 ein form for englemat.<\/p>\n\n\n\n<p>Englemat. Det er jo eit treffande namn p\u00e5 dei runde, lysebrune, s\u00f8te og kroppsvarme svelene som eg og mange andre set utruleg stor pris p\u00e5 at vi har i kantina v\u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<p>Eg trur faktisk at dette er noko av det som studentane set ekstra stor pris p\u00e5 og som dei hugsar tilbake til studie\u00e5ra i Volda med varm glede.<br \/><br \/>Viktige hendingar i \u00e5ra mine som rektor kan faktisk ogs\u00e5 oppsummerast gjennom nokre episoder &#8211; med sveler.<\/p>\n\n\n\n<p>Nokre av dykk hugsar kanskje at vi for nokre \u00e5r sidan hadde ein statssekret\u00e6r som heitte Bj\u00f8rn Haugstad. No er han organisasjonssjef ved NTNU. Han reiste landet rundt og ville at h\u00f8gskular som han tykte var sm\u00e5 burde sl\u00e5 seg saman med nokon st\u00f8rre.<\/p>\n\n\n\n<p>Og til Volda hadde han f\u00f8lgande <a href=\"https:\/\/khrono.no\/hoyere-utdanning-kunnskapsdepartementet-forskning\/haugstad-mange-har-et-umodent-forhold-til-kjop-av-forskning\/213478\">kraftsalve, i avskjedsintervjuet:<\/a><\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\">\n<p>H\u00f8gskulen i Volda [m\u00e5] finne ut hva som skal v\u00e6re deres konkurransefortrinn. Og det m\u00e5 v\u00e6re basert p\u00e5 noe mer enn nynorsk, sveler og fantastisk vestlandsnatur.<\/p>\n<cite>Bj\u00f8rn Haugstad i Khrono 4. mars 2018.<\/cite><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Eg svarte vel at eg tykte det var ei kraftig nedvurdering av svelenes kraft og av privat n\u00e6ringsliv. Ferjereiar Per S\u00e6vik selde jo sveler for ca. ein milliard i \u00e5ret &#8211; den gongen. Ja kanskje var det ikkje berre sveler han selde i kioskane. Men det private n\u00e6ringslivet og publikum har vel oppdaga det Haugstad ikkje s\u00e5g. I alle fall n\u00e5r det gjeld sveler. <\/p>\n\n\n\n<p>Dei som kan si svelehistorie har nok f\u00e5tt med seg at det er ferjeselskapet M\u00f8re og Romsdal Fylkesb\u00e5tar, ogs\u00e5 kalla MRF, eller M\u00f8re Fylke, som har f\u00e5tt \u00e6ra for \u00e5 ha gjort sveler og ferjer til eit usl\u00e5eleg radarpar. <\/p>\n\n\n\n<p>Svela er faktiske eit moderne fenomen. Eit viktig kjeldeskrift i sveleforskinga er <a href=\"https:\/\/www.akademika.no\/skjonnlitteratur\/romaner\/kjaerleikens-ferjereiser\/9788252189056\">Kj\u00e6rleikens ferjereiser, roman av Edvard Hoem fr\u00e5 1974<\/a>. Men som kjeldeskrift er den viktigast for kva der ikkje st\u00e5r. For p\u00e5 den fiktive ferjeturen til Hoem, fr\u00e5 Ramvik til Vind\u00f8y, til Land\u00f8y til Eik\u00f8y, s\u00e5 blir det ikkje servert ei einaste svele. Dette handlar neppe om kunstnarleg fridom, men mykje meir truleg er det at f\u00f8r 1970 fanst det ikkje sveler \u00e5 oppdrive p\u00e5 ferja. Ferja hadde kaf\u00e8&nbsp; &#8211; men Hoem serverte passasjeane og lesarane sine berre br\u00f8dmat og kaffi.<\/p>\n\n\n\n<p>Svela fekk fast plass p\u00e5 ferja etter ein internkonkurranse i ferjeselskapet der dei ville ha framlegg til ny ferjemat. <a href=\"https:\/\/www.detsoteliv.no\/oppskrift\/sveler-fra-ferjeselskapet-fjord1-mrf\">Vinnar vart kokken Steinar Slettest\u00f8l som alts\u00e5 foreslo ei sveleoppskrift<\/a>. Og svela vart f\u00f8rst testa ut p\u00e5 Romsdalsfjorden f\u00f8r den spreidde seg vidare i s\u00e5 sterk grad at somme faktisk \u00f8nskar \u00e5 boikotte ferjer som ikkje serverer sveler.<\/p>\n\n\n\n<p>Svelekokk Steinar Slettest\u00f8l vart f\u00f8dd 25.12.1930, og eg lurer p\u00e5 om han framleis lever. Det&nbsp; er i alle fall ein som heiter Steinar Slettest\u00f8l og bur p\u00e5 Skredestranda i ein nabokommune til Volda. Og om han han framleis lever i ein alder av 93 \u00e5r s\u00e5 m\u00e5 det ver eit sikkert teikn p\u00e5 at med sveler s\u00e5 kan du f\u00e5 eit langt, og s\u00f8tt liv.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/Aud-Osdal.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/Aud-Osdal-1024x758.jpg\" alt=\"Aud Osdal - tidlegare tilsett i kantina p\u00e5 DH og HVO. \" class=\"wp-image-3772\" width=\"690\" height=\"510\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/Aud-Osdal-1024x758.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/Aud-Osdal-300x222.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/Aud-Osdal-768x568.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/Aud-Osdal.jpg 1173w\" sizes=\"(max-width: 690px) 100vw, 690px\" \/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Aud Osdal &#8211; tidlegare tilsett i kantina p\u00e5 DH &#8211; og HVO.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Eg har forst\u00e5tt det slik at svelene kom f\u00f8rst til DH, og til studentkroa. Og etter samansl\u00e5inga i 1994 og ny felles kantine i 1999 vart det sveler som vart valt &#8211; framfor vafler. Eit lukkeleg val! Og som faktisk ogs\u00e5 var ein effektiv produksjonsmodell for kantina. <\/p>\n\n\n\n<p>Det finst ogs\u00e5 d\u00e5rlege svelekopiar, og eg har ei klar \u00e5tvaring: Du m\u00e5 ikkje ete sveler som har vorte vakuumpakka i plast. Risikoen er stor for at du faktisk ikkje lenger vil ha svele. Stor var mi forventning til \u00e5 ete sveler for aller f\u00f8rste gong i \u00c5lesund, p\u00e5 Color Line Stadion, for nokre \u00e5r sidan. Her snakka vi om eliteseriespel, og p\u00e5 den tida hadde jo \u00c5lesund ogs\u00e5 vorte cupmeister. Men eg kan avsl\u00f8re at eliteseriesvela var ei smaklaus oppleving, levert fr\u00e5 eit bakeri i Tr\u00f8ndelag, n\u00e6r svenskegrensa. Og langt fr\u00e5 den nysteikte, varme kj\u00e6rleiken fr\u00e5 ei heit sveletakke p\u00e5 Sunnm\u00f8re.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 det er langt fr\u00e5 sikkert at svelene er betre i bya, i \u00c5lesund. Og slett ikkje dei fr\u00e5 Tr\u00f8ndelag. Sj\u00f8lv om dei heilt sikkert har god greie p\u00e5 plastpakka masseproduksjon.<\/p>\n\n\n\n<p>Konklusjonen m\u00e5 vere klar: H\u00f8gskulen i Volda ville rykke ned mange divisjonar om vi skulle kopiere eliteseriesveler med tr\u00f8ndersk oppskrift.<\/p>\n\n\n\n<p>Nei svelene blir best om dei er lokalt produserte og steikte p\u00e5 staden. Eg tykkjer det er veldig passande at sveler blir steikte p\u00e5 ei sveletakke. Takk for det.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 kan ein lure p\u00e5 om v\u00e5rt svelefellesskap er einsformig og keisamt og prega av monotoni. Vi har mange faglege debattar i v\u00e5r sektor. Slik b\u00f8r det vere. Det er ille om vi var samde om alt.<\/p>\n\n\n\n<p>I sveleverda er det ogs\u00e5 mange faglege debattar om viktige sp\u00f8rsm\u00e5l:<\/p>\n\n\n\n<p>Kor store skal svelene vere? Skal vi forenkle, spisse og justere p\u00e5 sveleportef\u00f8ljen v\u00e5r? Og kva er rett farge p\u00e5 svelene, s\u00e5nn etter ein trafikklysmodell? Kor brunt er for brunt? Kor lyse er dei f\u00f8r vi m\u00e5 varsle og skru p\u00e5 det gule eller raude trafikklyset? <\/p>\n\n\n\n<p>Sj\u00f8lv har eg teke p\u00e5 meg eit tungt verv som kvalitetssikrar av fargen p\u00e5 svelene. Det er definitivt ikkje heile sveleopplevinga, men det startar med f\u00f8rsteinntrykket.<\/p>\n\n\n\n<p>I v\u00e5r sektor har det vore eit jag etter det fremste, og vi f\u00e5r h\u00f8yre at det ikkje er noko poeng \u00e5 bli norsk meister. Ein m\u00e5 konkurrere med dei fremste i verda om det skal vere noko \u00e5 snakke om. Det synest eg er eit veldig sneversynt perspektiv. For dei som likar og set pris p\u00e5 sveler i kvardagen, eller heile livet, er det mykje viktigare \u00e5 vere av jamn, trygg og f\u00f8re\u00e5tseieleg kvalitet.<\/p>\n\n\n\n<p>Det f\u00f8rste teiknet p\u00e5 om svela er av god kvalitet er fargen. Ikkje for m\u00f8rk. Slett ikkje for lys. Og om svela har spraglete let s\u00e5 er eg usikker p\u00e5 om eg har lyst p\u00e5 den. Sj\u00f8lv om eg veit at smaken heilt sikkert er god!<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 vi m\u00e5 kvar dag passe p\u00e5 b\u00e5de fargen og innhaldet i svelene vi serverer til kvarandre &#8211; og til studentane. Mi erfaring er at dei som jobbar i kantina p\u00e5 HVO er glade for \u00e5 f\u00e5 tilbakemelding p\u00e5 kvalitet. Sj\u00f8lv om dei av og til m\u00e5 flire litt av at nokon bryr seg. Men &#8211; vi m\u00e5 faktisk alle bry oss.<\/p>\n\n\n\n<p>Som vi veit er omgrepet kvalitet eitt av dei aller vanskelegaste i v\u00e5r sektor. Vi kan b\u00e5de seie topp kvalitet &#8211; og meiner d\u00e5 det fremste. Og vi kan seie jamn kvalitet. Og meiner d\u00e5 at alle skal vere av like god kvalitet. Men jamn, og god nok kvalitet trur eg er viktig.<\/p>\n\n\n\n<p>I andre samanhengar er vi opptatt av \u00e5 formidle at &laquo;Du er god nok som du er&raquo;. Av og til \u00f8nsker og treng ein faktisk berre ei heilt grei svele.<\/p>\n\n\n\n<p>Eg har inntrykk av at dei internasjonale studentane og tilsette ogs\u00e5 set pris p\u00e5 sveler. Men eg trur ikkje dei har tenkt tanken p\u00e5 at svelene smakar betre om dei f\u00e5r eit engelsk namn. S\u00e5 har vi d\u00e5 ogs\u00e5 f\u00e5tt ein nasjonal strategi for norsk fagspr\u00e5k, som eg h\u00e5per betyr at ogs\u00e5 svelenamnet ogs\u00e5 f\u00e5r spr\u00e5kleg vern.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 mine siste ord om &#8211; sveler &#8211; blir:<\/p>\n\n\n\n<p>Vi m\u00e5 ta vare p\u00e5 svelene v\u00e5re &#8211; det er ingen andre h\u00f8gskular eller universitet som kan sl\u00e5 oss der.<br \/><br \/>Og vi m\u00e5 ta vare p\u00e5 dei ved \u00e5 sj\u00e5 til at dei ogs\u00e5 i framtida blir skapte i kj\u00e6rleik. Og at dei m\u00e5 nytast med andakt.<\/p>\n\n\n\n<p>Takk for meg!<\/p>\n\n\n<div  id=\"jtg-3805\" class=\"modula modula-gallery modula-custom-grid\" data-config=\"{&quot;height&quot;:0,&quot;tabletHeight&quot;:0,&quot;mobileHeight&quot;:0,&quot;desktopHeight&quot;:0,&quot;enableTwitter&quot;:false,&quot;enableWhatsapp&quot;:false,&quot;enableFacebook&quot;:false,&quot;enablePinterest&quot;:false,&quot;enableLinkedin&quot;:false,&quot;enableEmail&quot;:false,&quot;randomFactor&quot;:0,&quot;type&quot;:&quot;custom-grid&quot;,&quot;columns&quot;:12,&quot;gutter&quot;:10,&quot;mobileGutter&quot;:10,&quot;tabletGutter&quot;:10,&quot;desktopGutter&quot;:10,&quot;enableResponsive&quot;:&quot;0&quot;,&quot;tabletColumns&quot;:&quot;2&quot;,&quot;mobileColumns&quot;:&quot;1&quot;,&quot;lazyLoad&quot;:0,&quot;lightboxOpts&quot;:{&quot;animated&quot;:true,&quot;Thumbs&quot;:{&quot;type&quot;:&quot;modern&quot;,&quot;showOnStart&quot;:false},&quot;Toolbar&quot;:{&quot;display&quot;:{&quot;right&quot;:[&quot;close&quot;]},&quot;enabled&quot;:true},&quot;Carousel&quot;:{&quot;Panzoom&quot;:{&quot;touch&quot;:true},&quot;infinite&quot;:false},&quot;keyboard&quot;:{&quot;Escape&quot;:&quot;close&quot;,&quot;Delete&quot;:&quot;close&quot;,&quot;Backspace&quot;:&quot;close&quot;,&quot;PageUp&quot;:false,&quot;PageDown&quot;:false,&quot;ArrowUp&quot;:false,&quot;ArrowDown&quot;:false,&quot;ArrowRight&quot;:false,&quot;ArrowLeft&quot;:false},&quot;touch&quot;:false,&quot;backdropClick&quot;:false,&quot;l10n&quot;:{&quot;CLOSE&quot;:&quot;Close&quot;,&quot;NEXT&quot;:&quot;Next&quot;,&quot;PREV&quot;:&quot;Previous&quot;,&quot;Error&quot;:&quot;The requested content cannot be loaded. Please try again later.&quot;,&quot;PLAY_START&quot;:&quot;Start slideshow&quot;,&quot;PLAY_STOP&quot;:&quot;Pause slideshow&quot;,&quot;FULL_SCREEN&quot;:&quot;Full screen&quot;,&quot;THUMBS&quot;:&quot;Thumbnails&quot;,&quot;DOWNLOAD&quot;:&quot;Download&quot;,&quot;SHARE&quot;:&quot;Share&quot;,&quot;ZOOM&quot;:&quot;Zoom&quot;,&quot;EMAIL&quot;:&quot;Here is the link to the image : %%image_link%% and this is the link to the gallery : %%gallery_link%%&quot;,&quot;MODAL&quot;:&quot;You can close this modal content with the ESC key&quot;,&quot;ERROR&quot;:&quot;Something Went Wrong, Please Try Again Later&quot;,&quot;IMAGE_ERROR&quot;:&quot;Image Not Found&quot;,&quot;ELEMENT_NOT_FOUND&quot;:&quot;HTML Element Not Found&quot;,&quot;AJAX_NOT_FOUND&quot;:&quot;Error Loading AJAX : Not Found&quot;,&quot;AJAX_FORBIDDEN&quot;:&quot;Error Loading AJAX : Forbidden&quot;,&quot;IFRAME_ERROR&quot;:&quot;Error Loading Page&quot;,&quot;TOGGLE_ZOOM&quot;:&quot;Toggle zoom level&quot;,&quot;TOGGLE_THUMBS&quot;:&quot;Toggle thumbnails&quot;,&quot;TOGGLE_SLIDESHOW&quot;:&quot;Toggle slideshow&quot;,&quot;TOGGLE_FULLSCREEN&quot;:&quot;Toggle full-screen mode&quot;},&quot;Images&quot;:{&quot;Panzoom&quot;:{&quot;maxScale&quot;:2}},&quot;mainClass&quot;:&quot;modula-fancybox-container modula-lightbox-jtg-3805&quot;,&quot;Html&quot;:{&quot;videoAutoplay&quot;:0,&quot;videoTpl&quot;:&quot;&lt;video class=\\&quot;fancybox__html5video\\&quot; controls muted playsinline controlsList controlsList=\\&quot;nodownload\\&quot; poster=\\&quot;{{poster}}\\&quot; src=\\&quot;{{src}}\\&quot; type=\\&quot;{{format}}\\&quot; &gt;  Sorry, your browser doesn&#039;t support embedded videos, &lt;a href=\\&quot;{{src}}\\&quot;&gt; download &lt;\\\/a&gt; and watch with your favorite video player! &lt;\\\/video&gt;&quot;}},&quot;inView&quot;:false,&quot;email_subject&quot;:&quot;Check out this awesome image !!&quot;,&quot;email_message&quot;:&quot;Here is the link to the image : %%image_link%% and this is the link to the gallery : %%gallery_link%%&quot;,&quot;lightbox&quot;:&quot;fancybox&quot;}\">\n\n\t\n\t<div  class=\"modula-items\">\n\t\t<div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3803\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3803\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2015.jpg\" title=\"2015\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2015-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2015-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3806\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3806\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2016.jpg\" title=\"2016\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2016-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2016-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3801\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3801\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2017.jpg\" title=\"2017\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2017-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2017-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3802\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3802\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2018.jpg\" title=\"2018\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2018-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2018-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3807\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3807\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2019.jpg\" title=\"2019\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2019-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2019-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3814\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3814\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2020-5.jpg\" title=\"2020\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2020-5-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2020-5-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3804\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3804\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2021.jpg\" title=\"2021\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2021-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2021-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3816\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3816\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-1-2.jpg\" title=\"2022-1\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-1-2-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-1-2-150x150.jpg\" data-caption=\"\"\/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div><div class=\"modula-item effect-pufrobo\" data-width=\"2\" data-height=\"2\" >\n\t<div class=\"modula-item-overlay\"><\/div>\n\n\t<div class=\"modula-item-content\">\n\n\t\t<a data-image-id=\"3800\" role=\"button\" tabindex=\"0\" rel=\"jtg-3805\" data-caption=\"\" aria-label=\"Open image in lightbox\" class=\"tile-inner modula-item-link\"><\/a><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"pic wp-image-3800\"  data-valign=\"middle\" data-halign=\"center\" alt=\"\" data-full=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2.jpg\" title=\"2022-2\" crop=\"\" width=\"150\" height=\"150\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2-150x150.jpg\" data-src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2-150x150.jpg\" data-caption=\"\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2.jpg 1440w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2-300x300.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2-1024x1024.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2-150x150.jpg 150w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2023\/06\/2022-2-768x768.jpg 768w\" sizes=\"(max-width: 150px) 100vw, 150px\" \/>\n\t\t<div class=\"figc no-description\">\n\t\t\t<div class=\"figc-inner\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t<\/div>\n\n\t<\/div>\n\n<\/div>\t\t\n\t<\/div>\n\n\t\n\t\n\t<script type=\"application\/ld+json\">\n\t{\n\t\t\"@context\": \"http:\/\/schema.org\",\n\t\t\"@type\"   : \"ImageGallery\",\n\t\t\"id\"      : \"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2023\/06\/26\/takk-for-meg-og-takk-for-alle-svelene\/\",\n\t\t\"url\"     : \"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2023\/06\/26\/takk-for-meg-og-takk-for-alle-svelene\/\"\n\t}\n\n\t<\/script>\n\n\t\n<\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Helsing p\u00e5 sommaravslutninga for studie\u00e5ret 2022- 2023. Og avtakking etter \u00e5tte \u00e5r som rektor. 23. juni 2023. Eg har hatt privilegiet \u00e5 vere rektor ved H\u00f8gskulen i Volda i \u00e5tte \u00e5r. F\u00f8r det var eg ein del av leiinga som forskingskoordinator i ca. tre \u00e5r. No har eg f\u00e5tt eit \u00e5r til fagleg oppdatering s\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2023\/06\/26\/takk-for-meg-og-takk-for-alle-svelene\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Takk for meg &#8211; og takk for alle svelene!<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[4,3,318],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3769"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3769"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3769\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3827,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3769\/revisions\/3827"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3769"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3769"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3769"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}