{"id":3553,"date":"2022-11-14T10:16:37","date_gmt":"2022-11-14T09:16:37","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=3553"},"modified":"2022-12-17T10:03:01","modified_gmt":"2022-12-17T09:03:01","slug":"volda-laerarskule-nokre-glimt-fra-ei-svunnen-tid","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/11\/14\/volda-laerarskule-nokre-glimt-fra-ei-svunnen-tid\/","title":{"rendered":"Nokre glimt fr\u00e5 Volda l\u00e6rarskule og kvardagslivet"},"content":{"rendered":"\n<p><em><a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/tilsette\/administrasjon\/rune-johan-krumsvik\">Av professor Rune Johan Krumsvik, Universitetet i Bergen\/professor II H\u00f8gskulen i Volda<\/a><\/em>.<\/p>\n\n\n\n<p>\u00d8rsta og Volda var p\u00e5 mange m\u00e5tar ein smeltedigel for nasjonsbygging, utdanning, reiseliv og friluftsliv p\u00e5 slutten av 1800-talet. Rune Slagstad skriv i boka si \u00abDa fjellet ble dannet\u00bb (2018) at den norske fjellheimens danningshistorie og fjellets danningsagentar ofte omhandla tinderanglande danningsagentar som Emanuel Mohn, Charles W. Patchell og William Cecil Slingsby. Desse f\u00f8retok fleire f\u00f8rstestigningar av fjelltoppar i Sunnm\u00f8rsalpane i \u00d8rsta, der dei f\u00f8rst og fremst dreiv fjellklatring, men \u00f2g tidvis bj\u00f8rnejakt og laksefiske rundt Norangsfjorden og n\u00e6rliggjande omr\u00e5de. Om lag p\u00e5 same tid kom keisar Wilhelm II av Tyskland til Norangsfjorden i \u00d8rsta kvart \u00e5r med skipet sitt. Det same gjorde Oscar II av Sverige, Kong Haakon, og ei rekkje andre, og fr\u00e5 1883-1891 blei det bygt heile fire hotell i Norangsdalen for \u00e5 kunne huse den stadig aukande mengda tilreisande som kom p\u00e5 denne tida.<\/p>\n\n\n\n<p>\u00d8rstingen Ivar Aasen la p\u00e5 denne tida grunnlaget for det moderne nynorske skriftspr\u00e5ket og ein annan \u00f8rsting, Anders Hovden samarbeidde med Aasen og blei kjent som b\u00e5de salmediktar, prest og folketalar. Nokre kilometer unna, i nabokommunen Volda, skjedde det \u00f2g mykje p\u00e5 denne tida, og fr\u00e5 1861 og utover fekk Volda mykje merksemd for \u00e5 starte den f\u00f8rste ungdoms- og l\u00e6rarskulen for Sunnm\u00f8re og Nordfjord. Dette blei kimen til skulestaden Volda og som hadde ein klangbotn attende til Hans Str\u00f8m, Sivert Aarflot og lesande b\u00f8nder p\u00e5 1700-talet. Fr\u00e5 1861-1922 blei Volda eit stadig viktigare \u00abkraftsentrum\u00bb for l\u00e6rarutdanning, og i 1922 var Volda L\u00e6rarskule den st\u00f8rste l\u00e6rarskulen i Skandinavia med 437 elevar, ein legendarisk l\u00e6rarstab og med ein framsynt og h\u00f8gt verdsett rektor Henrik Kaarstad. Kaarstad-huset ved Volda L\u00e6rarskule blei opna i 1922 med brask og bram med ein vidgjeten seremoni med over 1500 til stades fr\u00e5 b\u00e5de n\u00e6romr\u00e5det, storting og departement.<\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>Om lag p\u00e5 same tid budde kunstnarar som Hugo Lous Mohr og Dagfin Werenskiold i Volda, forfattaren Inger Hagerup studerte der i fem \u00e5r, salmediktaren Anders Hovden var l\u00e6rarstudent der \u2013 i det heile var det mange av dei som skulle ha mykje \u00e5 seie for ettertida \u2013 som hadde hatt ei tilknyting til \u00abskulestaden Volda\u00bb. Mange sp\u00f8r seg den dag i dag kva Volda hadde vore utan Volda L\u00e6rarskule. Og korleis p\u00e5verka l\u00e6rarskulen kvardagslivet i Volda? Her er nokre sm\u00e5 glimt fr\u00e5 kvardagslivet og eiga slektsgrein.<\/p>\n\n\n\n<p>Per Aarviknes skriv i 1970 at n\u00e5r den nye skuleordninga kom i gong i Volda i 1742 blei fem l\u00e6rarar tilsette i prestegjeldet. Ein av desse var Ola Olsson og han var l\u00e6rar og skulehaldar i tre skulehald fr\u00e5 1744-1763. Denne spede byrjinga til det vi i dag kjenner som skulegong tok vidare form utover 1800-talet og p\u00e5 slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det langt fr\u00e5 enkelt \u00e5 bli l\u00e6rar, det var f\u00e5 l\u00e6rarskular her til lands og tilh\u00f8va var generelt utfordrande. Voldingane Svein Kile og Anders Folkestad tok difor til p\u00e5 Elverum L\u00e6rarskole p\u00e5 slutten av 1800-talet, og gjekk ved fleire h\u00f8ve til fots fr\u00e5 Volda til Elverum og attende under si l\u00e6rarutdanning. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Lars-Britanus-Olsson-Krumsvik.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Lars-Britanus-Olsson-Krumsvik.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3554\" width=\"690\" height=\"920\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Lars-Britanus-Olsson-Krumsvik.jpg 360w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Lars-Britanus-Olsson-Krumsvik-225x300.jpg 225w\" sizes=\"(max-width: 690px) 100vw, 690px\" \/><\/a><figcaption>Skulel\u00e6rar Lars Britanus Olsson Krumsvik (1847-1919) (Foto: Gunnar Sigve Aurdal, mfl.)<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Andre, fr\u00e5 eiga slektsgrein, som <a>Lars Britanus Olsson Krumsvik (1847-1919, som var i slekt med Ola Olsson<\/a><a href=\"#_edn1\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">[*]<\/a>) blei utdanna ved <em>Voldens h\u00f8iere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Almueskolel\u00e6rere,<\/em> som var forl\u00f8paren til det som etter kvart blei til Volda L\u00e6rarskule. Han blei skulel\u00e6rar i ei tid d\u00e5 kvinner ikkje hadde tilgang til l\u00e6rarutdanning (det kom f\u00f8rst i 1890) og samfunnet generelt s\u00e5g ganske annleis ut enn i dag. Helsevesenet var d\u00e5rleg utbygd, Volda hadde ikkje elektrisk straum (den kom f\u00f8rst i 1908) og det var heller ikkje sjukehus i Volda p\u00e5 denne tida. Akuttoperasjonar i Volda p\u00e5 slutten av 1800-tallet gjekk difor ofte f\u00f8re seg i Krumsvikstova hj\u00e5 l\u00e6rar Lars B. O. Krumsvik sin bror, Ole Martinus Olsson Krumsvik (som f\u00f8rst var omgangsskulel\u00e6rar og deretter garvarsvein) og svigerinna Ane Krumsvik. <\/p>\n\n\n\n<p>Doktor Arentz nytta Ane som \u00absjukepleiar\u00bb under og etter operasjonane, d\u00e5 ho var kjent for \u00e5 vareta det operasjonshygieniske p\u00e5 ein s\u00e6rs god m\u00e5te. Ane var b\u00e5de ei sterk og sv\u00e6rt omsorgsfull kvinne, s\u00e5 n\u00e5r den to \u00e5r gamle sonen, Johan strigrein n\u00e5r han s\u00e5g at Ane var sjuk under barsel, tok ho han opp i senga og heldt han i armane sine medan ho f\u00f8dde. Anekdoten (gjengjeve i avisa \u00abM\u00f8re\u00bb i 1966) kan illustrere korleis b\u00e5de voldingar og tilreisande l\u00e6rarstudentar m\u00e5tte klare seg s\u00e5 godt dei kunne med det helsetilbodet som var, og det var f\u00f8rst i 1938 at det blei opna eit sjukehus i Volda. At det p\u00e5 l\u00e6rarskulen blei servert middag var difor kj\u00e6rkome for mang ein l\u00e6rarstudent, og det var ikkje utan grunn at det var ei plikt \u00e5 ete middag p\u00e5 skulen for alle elevar som ikkje budde i Volda. God ern\u00e6ring kunne f\u00f8rebygga tuberkulose, blei det sagt, og \u00abtruleg var det middagen som berga helsa\u00bb, skreiv ein av dei nokre \u00e5r etter.<\/p>\n\n\n\n<p>Skulel\u00e6rar og skulehaldar Lars B.O. Krumsvik inspirerte b\u00e5de elevar, slekt og vener til \u00e5 sj\u00e5 viktigheita av utdanning og gjorde \u00f2g inntrykk p\u00e5 niesa si, Laura Krumsvik. Hausten 1896 f\u00e5r 15 \u00e5r gamle Laura ein bibel i konfirmasjonsg\u00e5ve fr\u00e5 onkel Lars, ho likte b\u00e5de lesing og skriving, ho var skuleflink, og heime i Krumsvikstova var der ei stor kiste med b\u00f8ker som ho kunne fordjupe seg i sidan faren, Ole M. O. Krumsvik hadde vore omgangsskulel\u00e6rar. I \u00e5ra frametter gjorde Laura det s\u00e5pass godt p\u00e5 skulen at ho fekk tilbod om friplass p\u00e5 l\u00e6rarskulen fr\u00e5 sj\u00f8lvaste rektor Kaarstad. Men Laura takka nei til denne friplassen. Omsorgsfull som ho var valde ho i staden \u00e5 pleie den sjuke mora si, Ane, noko ho gjorde fr\u00e5 1914 til 1934 d\u00e5 mora gjekk bort. P\u00e5 sine eldre dagar pleia \u00f2g Laura den sjuke broren sin fram til ho var 85 \u00e5r (og falt stygt i kjellartrappa p\u00e5 Vikeneset). Slik var det p\u00e5 denne tida \u2013 i mangel p\u00e5 eit utbygt og velfungerande helsevesen \u2013 var det eigne familiemedlemmar som tok seg av sine sjuke og gamle i lokalsamfunnet.<\/p>\n\n\n\n<p>Laura var \u00f2g ein av dei som tok seg av dei tyske, utmagra borna som kom til Volda sommaren 1919 etter f\u00f8rste verdskrigen var over. Erich Bornstein fr\u00e5 Dresden var ein av desse borna og sonen, Tormod Bornstein, skriv i \u00abVoldaminne 2005\u00bb at \u00abLaura Krumsvik m\/fl. var sentral i mottaking og stell av desse borna. Tante Laura som ho vart kalla, kunne litt tysk, og dei vart veldig glade i henne\u00bb. Laura oppheldt seg \u00f2g ein periode i Kristiania der ho b\u00e5de var veninne og kammerpike for den kjente, norske operasongarinna Borghild Langaard, som i 1906 debuterte saman med Edvard Grieg p\u00e5 piano og seinare opptredde ved Nationalteatret og Covent Garden i London. Ho var \u00f2g veninne med songarinna Edith Ranum, ho hadde elles mange vener i kunstnarmilj\u00f8et i Kristiania p\u00e5 denne tida og var solist i eit songkor p\u00e5 Jel\u00f8ya. S\u00e5 \u00ablivets skule\u00bb ga Laura kanskje vel s\u00e5 mykje som friplassen p\u00e5 l\u00e6rarskulen kunne gitt.<\/p>\n\n\n\n<p>Samuel \u00c5ge Sofus Stabell var l\u00e6rarutdanna fr\u00e5 Universitet i Oslo og ein friluftslivsmann som \u00abkleiv dei mange toppane p\u00e5 Sunnm\u00f8re\u00bb (som rektor Olav Kaarstad uttrykkjer det i 1969) og Stabell var den som saman med Henrik Kaarstad etablerte \u00abVoldens Privatseminarium\u00bb (1895-1908, forl\u00f8paren til Volda L\u00e6rarskule). Henrik Kaarstad gjorde fr\u00e5 1908 og frametter eit uvurderleg arbeid for vidareutviklinga og etableringa Volda L\u00e6rarskule<a href=\"#_edn1\">[**]<\/a>, men alt gjekk ikkje knirkefritt under bygginga av Kaarstad-huset. Under bygningsarbeidet blei det hyra inn mange danske murarar, sidan dei hadde god r\u00f8ynsle med b\u00e5de murararbeid og Kaarstad-huset sin arkitektur.  Dei tyktest det var naturleg \u00e5 ta seg ei \u00f8l (\u00abmurar\u00bb) i pausane sine for \u00e5 sl\u00f8kkje t\u00f8rsten slik dei alltid gjorde heime i Danmark. Det fekk rektor, fr\u00e5haldsmannen Kaarstad til \u00e5 reagere, og han la ned forbod mot dette. Det ville ikkje dei danske murarane ha noko av og ville difor reise heim. I siste liten m\u00e5tte Kaarstad \u00abbite i de sure eplet\u00bb og fekk danskane til \u00e5 gjere vendereis og bli verande for \u00e5 sluttf\u00f8re murararbeidet sitt med l\u00f8yve til \u00e5 ta seg ein \u00abmurar\u00bb i ny og ne. &nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Kaarstad-huset-1922.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"720\" height=\"410\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Kaarstad-huset-1922.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-3556\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Kaarstad-huset-1922.png 720w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/Kaarstad-huset-1922-300x171.png 300w\" sizes=\"(max-width: 720px) 100vw, 720px\" \/><\/a><figcaption>Volda L\u00e6rarskule i 1922 (Foto: Statsbygg)<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Forfattaren Inger Hagerup budde og tok examen artium i Volda (1919-1924) d\u00e5 Kaarstad-huset blei sluttf\u00f8rt og skriv i sj\u00f8lvbiografien at: \u00abHele bygden er fullstappet med skoleungdom, l\u00e6rerskole, middelskole, gymnasium, landbruksskole\u00bb. For at dei mange l\u00e6rarstudentane i Volda skulle ha husly, hadde n\u00e6rast annankvar Volda-familie l\u00e6rarstudentar buande hj\u00e5 seg p\u00e5 kvisten, og Hagerup nevner at \u00ab(\u2026) husene (\u2026) var oppdelt i sm\u00e5 hybelb\u00e5ser og proppet med ungdom av alle arter og st\u00f8rrelser fra hele Norges land\u00bb. Hj\u00e5 oldeforeldra mine p\u00e5 Vikeneset budde det l\u00e6rarstudentar p\u00e5 1920 og 30-talet, i heile oppveksten til mor mi (1934-&gt;) budde 2-3 l\u00e6rarstudentar p\u00e5 kvisten i huset deira, og mot slutten av 1960-talet minnest eg sj\u00f8lv at vi hadde l\u00e6rarstudentar buande hj\u00e5 oss. <\/p>\n\n\n\n<p>Mange Volda-familiar kom naturleg nok tett inn p\u00e5 l\u00e6rarstudentane som budde p\u00e5 kvisten, det var ofte harde k\u00e5r, tuberkulose var ei fare, det var inga l\u00e5nekasse, mange bekymra seg for den skrale \u00f8konomien sin og ikkje alle hadde r\u00e5d til \u00e5 reise heim. Medkjensla for elevane (l\u00e6rarstudentane) stod h\u00f8gt i kurs, husm\u00f8drene pleia dei ofte n\u00e5r dei var sjuke og det senka seg ofte ei stillheit i husa av omsyn til dei som las \u2013 \u00abvi levde med i eksamensnervar, i sigrar og nederlag. I kj\u00f8ken og stove, i helg og yrke \u2013 elevane var der og var med \u00e5 forme v\u00e5re liv \u2013 og vi truleg deira (\u2026) Mang ei god Volda-husmor var psykoterapeut for s\u00e5re elevsjeler utan at ho visste det. Det var berre omsorg og menneskeplikt for henne. <\/p>\n\n\n\n<p>Ingen har visst takka dei offentleg \u2013 s\u00e5 det gjer eg no\u00bb nemner voldingen Svein M. Kile (tidlegare professor ved Universitetet i Bergen) i ein artikkel fr\u00e5 1995. Bestemor hans hadde, blant andre, salmediktar Anders Hovden buande hj\u00e5 seg p\u00e5 kvisten og sj\u00f8lv om Hovden gjorde godt inntrykk p\u00e5 dei fleste, var han faktisk p\u00e5 eit tidspunkt n\u00e6r med \u00e5 bli utvist fr\u00e5 l\u00e6rarskulen. Oldefar til Kile fekk forhindra dette i siste liten ved \u00e5 kontakte rektor Kaarstad \u2013 \u00abikkje uviktig for norsk m\u00e5lsoge\u00bb, nemnar Svein M. Kile p\u00e5 sin typisk lune m\u00e5te. Inger Hagerup budde \u00f2g p\u00e5 kvisten til ymse Volda-familiar. Sonen til Inger Hagerup, Klaus Hagerup, skildrar Inger sine fem \u00e5r i Volda som dei \u00abgylne \u00e5ra\u00bb. Ho fekk mange veninner i Volda og knytte sterke band til dei familiane ho budde hj\u00e5 i si studietid. D\u00e5 Inger var 22 \u00e5r var ho p\u00e5 hyttetur i rektor Henrik Kaarstad si hytte i Aldalen n\u00e6r Volda, og skreiv sitt f\u00f8rste nynorske dikt i hytteboka den 6. august 1927. \u00abDen gamle skolen\u00bb var eit anna dikt som Hagerup skreiv om Volda i 1960, og i 1966 skriv ho ein god del om tida si i Volda i sj\u00f8lvbiografien \u00abHva skal du her nede\u00bb.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Sidan Volda hadde lange skitradisjonar blei det etablert ein skifabrikk her i 1929. Det var difor lett for l\u00e6rarstudentar p\u00e5 1930-40 talet \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pe eller l\u00e5ne seg ski som dei nytta p\u00e5 skiturar i fjella i n\u00e6rleiken. Den krigsskuleutdanna motstandsmannen og gymnastikkl\u00e6raren Olav Eidset (1906\u20131993) tok med seg Erich Bornstein, l\u00e6rarstudentar og andre p\u00e5 dei fleste toppane i Sunnm\u00f8rsalpane og dette var medverkande til at friluftslivet vart ein stadig viktigare del av l\u00e6rarstudentane sine fritidssyslar. Andre l\u00e6rarstudentar fekk l\u00e5ne sykkel av familien dei budde hj\u00e5, og sykla d\u00e5 gjerne rundt i n\u00e6romr\u00e5det. Men det var sjeldan den lokale ferga gjekk og dei som budde eller ville sykle p\u00e5 folkestadsida av Voldsfjorden, nytta tidvis andre skyssmiddel over fjorden. Far min blei litt involvert i dette d\u00e5 hans store lidenskap i dei formative \u00e5r var segling, og allereie som ti\u00e5ring (1942) skyssa han kvinnelege l\u00e6rarskulestudentar, med syklane sine om bord, \u00e5leine over Voldsfjorden i sin vesle f\u00e6ring (eller bestefarens seglrigga f\u00e6ring), der dei anten sigla eller rodde over fjorden. Tidvis passerte dei tyske marinefart\u00f8y som patruljerte og lite visste tyskarane at far hans var ein sentral motstandsmann i Volda, og at han rett som det var l\u00f8pargut for motstandsmennene Ola Krumsvik (far) og Hallvard N\u00e6rb\u00f8vik med telegram og beskjeder (desse to hadde Olav Eidset som f\u00f8ringsoffiser). Jostein N\u00e6rb\u00f8vik skriv grundig og godt i boka si \u00abKrigs\u00e5r og motstandsvilje 1940-1945\u00bb (1996) om denne motstandskampen i Volda og ogs\u00e5 viktigheita av at Kristvik, Mager\u00f8y, Alvestad og Eiken ved l\u00e6rarskulen sto knallhardt i mot tyskarane og lokale quislingar, og synte at \u00abVestlandsl\u00e6raren\u00bb var urokkeleg ovanfor den tyske okkupasjonsmakta.<\/p>\n\n\n\n<p>Men sj\u00f8lv om mange studerande i Volda opplevde mange fine og minnerike stunder, b\u00e5de p\u00e5 skulen og i fritida, var det sj\u00f8lvsagt ogs\u00e5 triste hendingar som sat sitt preg p\u00e5 mange. Inger Hagerup skildrar fleire stadar kor hardt det var \u00e5 miste besteveninna \u00abLank\u00bb (Ragnhild Barstad fr\u00e5 Volda) og i 1972 blei tre l\u00e6rarstudentar tekne av sn\u00f8ras og omkom under ein fjellskitur i folkestadfjella. 14 \u00e5r seinare (1986) var eg sj\u00f8lv som l\u00e6rarstudent ved Volda L\u00e6rarh\u00f8gskule med p\u00e5 vinterfriluftlivsturen til Asbj\u00f8rndalen i Lesja kommune, der to av mine medstudentar omkom d\u00e5 sn\u00f8holene raste saman (som f\u00f8lgje av at sn\u00f8skavlen kollapsa).<\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5r Kaarstad-huset i desse dagar feirar 100-\u00e5rsjubileum er det verdt minne om at 21. august 1922 m\u00f8tte 350 aspirantar opp ved Volda L\u00e6rarskule og konkurrerte om 144 studieplassar. Som ein skj\u00f8nar var det generelt vanskeleg \u00e5 koma inn p\u00e5 l\u00e6rarskulen for hundre \u00e5r sidan, karakterkrava var sv\u00e6rt h\u00f8ge og berre elevar med dei aller beste karakterane fr\u00e5 gymnaset kom inn p\u00e5 den 2-\u00e5rige l\u00e6rar-utdanningslina p\u00e5 1930-talet. Madssen (2020) nemner at \u00abUtdanninga hadde h\u00f8y sosial prestisje. I praksis var l\u00e6rerutdanninga i perioder et lukka studium med stor konkurranse om studieplassene\u00bb. Sj\u00f8lv p\u00e5 50-talet var det vanskeleg \u00e5 kome inn p\u00e5 l\u00e6rarskulen, og fleire voldingar byrja p\u00e5 Universitet i Oslo av di dei ikkje kom inn i Volda. P\u00e5 60-talet fortel dei to onklane mine, som gjekk der, at ein m\u00e5tte ha minst ha hovudkarakter \u00abMykje tilfredsstillande\u00bb og h\u00f8g poengsum fr\u00e5 gymnaset for \u00e5 kome inn p\u00e5 f\u00f8rsteopptaket ved l\u00e6rarskulen. I 1964 m\u00f8tte 200 aspirantar opp til opptakspr\u00f8va og der berre 64 av desse slapp gjennom n\u00e5lauget. &nbsp;&nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>I \u00abMine Dannelsesagenter\u00bb (2021) understrekar Rune Slagstad den nasjonale viktigheita av det som skjedde fr\u00e5 Hans Str\u00f8m og Sivert Aarflot sin tid i Volda p\u00e5 1700-talet, om viktigheita av dei lesande b\u00f8ndene, Ivar Aasen si verksemd og av at Olav Riste og Johan Fredrik Voss starta opp det f\u00f8rste private landsgymnaset her. Men spesielt l\u00f8ftar Slagstad fram reformpedagogen Erling Kristvik sin nasjonale tydnad for norsk skule og l\u00e6rarutdanning, men ogs\u00e5 som \u00abnorsk sosiologis fremste skikkelse mellom Eilert Sund og Vilhelm Aubert\u00bb. Samstundes er Slagstad klar p\u00e5 at voldingen Jostein N\u00e6rb\u00f8vik har vore ein danningsagent for han sj\u00f8lv og er spesielt imponert over at N\u00e6rb\u00f8vik klarte det kunststykke \u00e5 gjere Volda sin lokalhistorie til storsl\u00e5tt norgeshistorie gjennom sine fire bind. Slik sett er det nett samspelet mellom sentrum og periferi med ein klangbotn tilbake til slutten av 1700-1800-talet som N\u00e6rb\u00f8vik meiner skapte \u00abskulestaden Volda\u00bb og \u00abVestlandsl\u00e6raren\u00bb.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Kjelder:<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Bergem, P. (Red.) (1995). <em>Forkynning, fellesskap og forsking<\/em>. <em>Volda L\u00e6rarskule 1895-1995<\/em>. H\u00f8gskulen i Volda: Volda<\/p>\n\n\n\n<p>Hagerup, I (1966). <em>Hva skal du her nede?<\/em> Oslo: Aschehoug &amp; Co.<\/p>\n\n\n\n<p>J.B.T\/Krumsvik, L. (1966). Ei samtale med Laura Krumsvik. Intervju. <em>M\u00f8re,<\/em> 23. desember, 1966.<\/p>\n\n\n\n<p>Madssen, K.A (2020). <em>Levde l\u00e6rerliv. Volda-l\u00e6reren i brevb\u00f8ker 1930\u20131995<\/em>. Cappelen Damm Akademisk<\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e6rb\u00f8vik, J. (1996). <em>Krigs\u00e5r og motstandsvilje 1940-45<\/em>. Volda: Volda kommune<\/p>\n\n\n\n<p>Slagstad, R. (2018). <em>Da fjellet ble dannet<\/em>. Oslo: Dreyer Forlag<\/p>\n\n\n\n<p>Slagstad, R. (2021). <em>Mine dannelsesagenter. En politisk id\u00e8historie<\/em>. Oslo: Dreyers Forlag<\/p>\n\n\n\n<p>Volda L\u00e6rarskule (1969). <em>Volda L\u00e6rarskule 1895-1970<\/em>. Volda: Volda L\u00e6rarskule<\/p>\n\n\n\n<p>Aamb\u00f8, R. (2020). <em>Kvinner i \u00d8rsta og Volda. <\/em>Volda: Reidun Aamb\u00f8<\/p>\n\n\n\n<p>Aarviknes, P. (1955). <em>Gardar og \u00e6tter i Volda 1603-1950 (1. bandet).<\/em> Volda: Hjelles Bokbinderi og Trykkeri<\/p>\n\n\n\n<p>Aarviknes, P. (1970). Ein l\u00e6rar fr\u00e5 den gamle skulen. Kronikk. <em>M\u00f8re<\/em>, 22. desember, 1970.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Andre kjelder:<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Volda Sogelag: Voldaminne(\u00e5rsutg\u00e5vene 1999-2016).<\/p>\n\n\n\n<p>Nasjonalbiblioteket: Diverse nettkjelder 1950-2010.<\/p>\n\n\n\n<p>Samtale med Liv Krumsvik (2022)<\/p>\n\n\n\n<p>Samtale med Marit Krumsvik (2022)<\/p>\n\n\n\n<p>Samtale med Johan Krumsvik (2022)<\/p>\n\n\n\n<p>Samtale med Ola Krumsvik (1983)<\/p>\n\n\n\n<p>Lars Britanus Olsson Krumsvik bibelg\u00e5ve til Laura Krumsvik 11.10.1896.<\/p>\n\n\n\n<p>E-kommunikasjon Gunnar Sigve Aurdal (2022<\/p>\n\n\n\n<p>E-kommunikasjon med Bjarne Slettebak (2022)<\/p>\n\n\n\n<p>E-kommunikasjon med Olav Slettebak (2022)<\/p>\n\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator\" \/>\n\n\n\n<p><a href=\"#_ednref1\">[*]<\/a> Dette er det noko usikkerheit rundt d\u00e5 dei skriftlege kjeldene er vage fr\u00e5 denne tida, men det er likevel fleire munnlege kjelder peikar i retning av at det var eit slikt slektskap.<\/p>\n\n\n\n<p>[**] Det var i 1924 at namnet blei endra til Volda L\u00e6rarskule og det skjedde etter at staten tok over drifta av l\u00e6rarskulen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av professor Rune Johan Krumsvik, Universitetet i Bergen\/professor II H\u00f8gskulen i Volda. \u00d8rsta og Volda var p\u00e5 mange m\u00e5tar ein smeltedigel for nasjonsbygging, utdanning, reiseliv og friluftsliv p\u00e5 slutten av 1800-talet. Rune Slagstad skriv i boka si \u00abDa fjellet ble dannet\u00bb (2018) at den norske fjellheimens danningshistorie og fjellets danningsagentar ofte omhandla tinderanglande danningsagentar som &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/11\/14\/volda-laerarskule-nokre-glimt-fra-ei-svunnen-tid\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Nokre glimt fr\u00e5 Volda l\u00e6rarskule og kvardagslivet<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3553"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3553"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3553\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3646,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3553\/revisions\/3646"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3553"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3553"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3553"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}