{"id":3543,"date":"2022-11-14T10:04:53","date_gmt":"2022-11-14T09:04:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=3543"},"modified":"2022-12-17T10:04:53","modified_gmt":"2022-12-17T09:04:53","slug":"50-ar-historisk-institutt-landets-einaste","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/11\/14\/50-ar-historisk-institutt-landets-einaste\/","title":{"rendered":"50 \u00e5r: Historisk institutt: Landets einaste!"},"content":{"rendered":"\n<p>Historisk institutt ved H\u00f8gskulen i Volda har i 2022 markert sitt 50-\u00e5rs jubileum. Og Historisk institutt er faktisk det einaste i landet som berre har historie i namnet sitt &#8211; alle andre historiske fagmilj\u00f8 er ein del av til dels mykje st\u00f8rre faglege einingar. <\/p>\n\n\n\n<p><a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/nyhende\/50-ar-med-historie-ved-historisk-institutt\" data-type=\"URL\" data-id=\"https:\/\/www.hivolda.no\/nyhende\/50-ar-med-historie-ved-historisk-institutt\">Her er omtale av 50-\u00e5rsjubileet p\u00e5 nettsidene til H\u00f8gskulen i Volda.<\/a><\/p>\n\n\n\n<p>Les helsingar til 50-\u00e5rs jubilanten fr\u00e5 Dekan Randi Bergem og rektor Johann Roppen. <\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p class=\"has-large-font-size\"><strong>Dekan Randi Bergem: Helsing til Historisk institutt \u2013 50 \u00e5rsjubileumsmarkering 3. november 2022<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Kj\u00e6re alle saman!<\/p>\n\n\n\n<p>Som dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, er det ei glede \u00e5 gratulere Historisk institutt&nbsp; med 50 \u00e5r. Historisk institutt er eitt av tre institutt ved v\u00e5r avdeling. Dei andre to er Institutt for sosialfag og Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag. Sj\u00f8lv om Historisk institutt er minst, viss vi legg til grunn talet p\u00e5 tilsette, s\u00e5 er instituttet sv\u00e6rt godt synleg, p\u00e5 mange m\u00e5tar. Slik har det vore langt tilbake i historia til instituttet.<\/p>\n\n\n\n<p>Eg hadde tenkt at eg ikkje skulle rote meg langt inn i arkivet og leite i gamle dokument. Men det har eg likevel gjort. S\u00e5 det vert alts\u00e5 eit lite klipp fr\u00e5 arkivet. I eit dokument fr\u00e5 1971 som inngjekk i prosessen med etablering av M\u00f8re og Romsdal Distriktsh\u00f8gskule, som etter kvart vart etablert og bestod av h\u00f8gskulesenter i Volda og Molde, kan vi lese om forslag til studium som kunne etablerast i Volda, og lokalhistorie\/sosiologi var eitt av forslaga.<\/p>\n\n\n\n<p>I dette dokumentet st\u00e5r det mellom anna:<\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p><em>F\u00f8rebels tek ein sikte p\u00e5 \u00e5 setje i gang det eitt\u00e5rige studiet hausten 1972 etter intensjonane som ligg til grunn for studieplanen. Studiet gir gode vilk\u00e5r for \u00e5 utvikle slike fagomr\u00e5de som allmenn historie, geografi, kultursosiologi, folkeminne, kommunalforvaltning, kommunal planlegging. Ein del av desse fagomr\u00e5da er ogs\u00e5 n\u00e6rskylde med emne i utdanning for organisasjon og velferd. Ein del av desse vil kunne utviklast til s\u00e6rskilde studium.<\/em><\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Og slik vart det, for eksempel det som i dag er dei to andre institutta ved v\u00e5r avdeling. <\/p>\n\n\n\n<p>Om studiet i lokalhistorie st\u00e5r det: <\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p><em>Studiet er oppbygd av eit innf\u00f8ringsstudium og eit temastudium. I temastudium inng\u00e5r studium av busetnad, n\u00e6ringsvegar- og vilk\u00e5r, kommunale styreorgan, politiske institusjonar, sosialt-, kulturelt- og \u00e5ndeleg liv innan eit avgrensa omr\u00e5de.<\/em><\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Fr\u00e5 \u00e5rsmeldinga (som var p\u00e5 14 sider) til M\u00f8re og Romsdal distriktsh\u00f8gskule for \u00e5ret 1971-1972, kan vi lese at Jon Tvinnereim og Halvard Nord\u00e5s, begge cand. philol vart tilsette som h\u00f8gskulelektorar ved distriktsh\u00f8gskulen 1. august 1972, og d\u00e5 ved lokalhistoriestudiet. Og hausten 1972 var det sju studentar p\u00e5 lokalhistoriestudiet.<\/p>\n\n\n\n<p>Jon Tvinnereim som alts\u00e5 var ein av to h\u00f8gskulelektorar ved lokalhistoriestudiet, var formann (!) i det som heitte <strong>skuler\u00e5det<\/strong>, som var det \u00f8vste styringsorganet av dei interne styringsorgana ved DH i Volda (elles var det eit styret for heile MRDH, dvs. Volda og Molde). Skuler\u00e5det bestod av l\u00e6rarar, andre tilsette og studentar.<\/p>\n\n\n\n<p>Det vart etter kvart to fagseksjonar ved studiesenteret i Volda, og det var seksjon for samfunnsfag og seksjon for spr\u00e5k og media, Lokalhistorie var del av seksjon for samfunnsfag. Elles st\u00e5r det i same \u00e5rslemeldinga \u00e5 lese at <em>fagseksjonane er ansvarlege for \u00e5 dra opp retningsliner for forskingsarbeid, utgreiingsoppg\u00e5ver, og har eit spesielt ansvar for den faglege utviklinga og fornyinga. <\/em>Det er ikkje tvil om at Historisk institutt har f\u00f8lgt opp det ansvaret heilt sidan starten.<\/p>\n\n\n\n<p>\u00c5rsmeldinga inneheld end\u00e5til omtale av husv\u00e6re for tilsette og studentar. Og om det kan vi lese: <em>Tilsette ved skulen i Volda er blitt skaffa veleigna husv\u00e6re av Volda kommune for mellombels bruk. For dei som er interesserte i \u00e5 bygge sj\u00f8lve, legg kommunen ut tomter, men det er stor etterspurnad etter desse og til del lang ventetid.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Lokalhistoriestudiet var alts\u00e5 i gang i 1972 med tilsette i veleigna husv\u00e6re.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 flyttar eg meg fram til 1984. D\u00e5 gav rektor, som d\u00e5 var Jon Tvinnereim, ut <strong>Nytt p\u00e5 huset<\/strong>. Den 7. juni 1984 skriv han om s\u00f8kartal: <em>Best er resultatet for lokalsamfunnsstudiet og tysk, s\u00e5 langt. Elles er ikkje tala imponerande.<\/em> Og av tala ser vi at det d\u00e5 var 14 s\u00f8karar til historiestudiet.<\/p>\n\n\n\n<p>Eg skal avslutte denne historieleksjonen med eit sitat fr\u00e5 <strong>Nytt p\u00e5 huset<\/strong> i februar 1993. D\u00e5 var Ketil Halse rektor. I denne utg\u00e5va kan vi mellom anna lese. <em>Arnfinn Kielland har ferdiggjort andre bandet av Bygdebok for Lesja. Gards- og slektshistorie for n\u00f8rdre del av Lesja hovudsokn, 736 sider. Ei fin og faktarik bok. Gratulerer.<\/em> I same Nytt p\u00e5 huset &nbsp;fr\u00e5 1993 st\u00e5r det elles at s\u00f8kartalet til historie grunnfag var godt over 600 s\u00f8karar, og 58 ja-svar.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi m\u00e5 gjere eit byks i tid, og flytte oss raskt framover til i dag. P\u00e5 utdanningssida tilbyr instituttet no to bachelorar i historie, ein rein nettbasert og ein lokalt\/campus. Og instituttet samarbeider med Institutt for religion og livssyn om masterprogram i kulturm\u00f8te. S\u00e5 er det verdt \u00e5 nemne at Historisk institutt har vore sv\u00e6rt sentralt, og sterkt \u00f8nska bidragsytar, i arbeidet med s\u00f8knad om akkreditering av ny doktorgradsutdanning ved H\u00f8gskulen i Volda. Utdanninga har f\u00e5tt namnet doktorgradsprogram i <strong>utdanning, spr\u00e5k og kultur<\/strong>. S\u00f8knaden er sendt, og vi kryssar fingrane for at h\u00f8gskulen kjem i m\u00e5l med \u00e5 f\u00e5 akkreditert og kunne tilby dette doktorgradsprogrammet. Det vil vere bra for heile HVO, og vil kunne bidra til \u00e5 styrke aktiviteten ved Historisk institutt framover. Og vi veit at programmet er avhengig av det som Historisk institutt p\u00e5 ulike m\u00e5tar kan bidra med. Kjem h\u00f8gskulen i m\u00e5l med den akkrediteringa, kan Historisk institutt tilby studium p\u00e5 alle utdanningsniv\u00e5.<\/p>\n\n\n\n<p>Fagmilj\u00f8et ved HI har alltid vore eit solid fagmilj\u00f8, med dyktige forskarar og formidlarar. Det viser seg p\u00e5 mange m\u00e5tar, gjennom god undervisning og gode undervisningsopplegg. Fagmilj\u00f8et har mellom anna vore tidleg ute og langt framme med digitalisering og nettbaserte undervisningsopplegg. Instituttet var lenge det fagmilj\u00f8et som brukte innspelingsstudioet v\u00e5rt i Str\u00f8m-huset aller mest.<\/p>\n\n\n\n<p>At det har vore &#8211; og er- eit sterkt fagmilj\u00f8 viser seg ikkje minst gjennom omfattande publisering i form av b\u00f8ker, artiklar i tidsskrift og antologiar. Det er skrive bygdeb\u00f8ker, fylkeshistorie, lokal- og regionalhistorie, fiskeri- og kysthistorie, bok om LOS-vesenet, om filantropi og misjonshistorie i internasjonalt perspektiv, om politikk og kultur i mellomaldereren, om krigs\u00e5r og freds\u00e5ra i Norge, om romfolk og omstreifarvesen og om trolldom. For \u00e5 nemne noko.<\/p>\n\n\n\n<p>I den grad vi skal snakke om tal, s\u00e5 viser poenga for vitskapleg publisering at det vert forska og skrive mykje ved Historisk institutt. Eg oppfattar fagmilj\u00f8et som eit godt f\u00f8rebilete for andre fagmilj\u00f8, b\u00e5de ved avdelinga og h\u00f8gskulen elles, og s\u00e6rleg n\u00e5r det gjeld forskingsaktivitet og formidling.<\/p>\n\n\n\n<p>Historisk institutt har tatt samfunnsoppdraget som formidlar p\u00e5 alvor. Tilsette ved instituttet har &#8211; og er&nbsp; &#8211; aktive formidlarar \u2013 b\u00e5de lokalt, regionalt og nasjonalt, og b\u00e5de gjennom skriftleg og munnleg formidling i mange ulike kanalar. Det ferskaste d\u00f8met, som eg kjenner til,&nbsp; er Chalak Kaveh sitt bidrag i NRK TV, der han vart intervjua om situasjonen i Iran.<\/p>\n\n\n\n<p>Kompetansen ved Historisk institutt er h\u00f8g, og nesten alle fast tilsette er minst f\u00f8rstekompetente. For tida tronar Inger Marie \u00e5leine som professor, men eg tippar at om to, tre \u00e5r, s\u00e5 har instituttet eit par professorar til.<\/p>\n\n\n\n<p>At fagmilj\u00f8et held h\u00f8gt niv\u00e5 har vist seg ogs\u00e5 gjennom tildeling av <strong>FoU-prisen ved H\u00f8gskulen i Volda<\/strong>. To gonger sidan opptarten i 2006 har prisen g\u00e5tt til eit fagmilj\u00f8, og Historisk institutt er eitt av fagmilj\u00f8a som har f\u00e5tt prisen. Det skjedde i <strong>2011<\/strong>, og i grunngjeving for tildelinga st\u00e5r mellom anna:<\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p><em>For f\u00f8rste gong gjekk prisen til eit <strong>fagmilj\u00f8<\/strong>. Instituttet har h\u00f8g fagleg kompetanse og stor forskingsaktivitet. Arbeidet femner vidt, fr\u00e5 middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, fr\u00e5 metodesp\u00f8rsm\u00e5l i lokal-historisk arbeid til sp\u00f8rsm\u00e5l om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturm\u00f8te og kvinneperspektiv.<\/em><\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Inger Marie Okkehaug var ikkje tilsett ved h\u00f8gskulen d\u00e5 fagmilj\u00f8et fekk prisen i 2011, men i 2020 fekk <strong>ho \u00e5leine <\/strong>FoU-prisen ved h\u00f8gskulen, og i grunngjeving for tildelinga kan vi lese:<\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p><em>Etter v\u00e5r meining er det liten tvil om at Okkenhaug fell inn under kriteria for FOU-prisen, som skal \u00absynleggjere og heidre framifr\u00e5 innsats\u00bb. Det same gjeld kriteriet om at dei som blir tildelt prisen skal vere \u00abf\u00f8rebilete og modellar for resten av fagmilj\u00f8et, slik at kvaliteten p\u00e5 og omfanget av FoU-arbeidet aukar\u00bb.<\/em> <em>Alle arbeida hennar er innanfor internasjonal og utaneuropeisk historie, og geografisk er det Midtausten og ikkje minst Armenia som er\/har vore hovudinteressa, men med sideblikk til Afrika og i seinare tid har ogs\u00e5 Nord-Amerika og Kina kome innanfor interessefeltet. Misjonshistorie \u2014 og med eit klart kj\u00f8nnsperspektiv \u2014 er ei klar hovudinteresse. Her er ho i den norske og internasjonale forskingsfronten.\u00bb<\/em><\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p>I starten av Historisk institutt si tid, var profilen lokalhistorie, ikkje berre i innhald, men ogs\u00e5 i namnet p\u00e5 studiet. Lokal- og regionalhistorie har vore sentralt i forskinga i fagmilj\u00f8et i heile femti\u00e5rsperioden, men utover p\u00e5 2000-talet har globalhistorie og internasjonale perspektiv vorte tydlegare, b\u00e5de i utdanningane og i forskinga.<\/p>\n\n\n\n<p>Historisk institutt best\u00e5r av eit solid fagmilj\u00f8. Det er stor aktivitet ved instituttet, og fleire gode stipendiatar som bidreg med ny forsking og nye perspektiv. Det lovar godt for vidare rekruttering, h\u00e5per vi.<\/p>\n\n\n\n<p>Eg har ikkje lese alle publikasjonar som er publiserte av tilsette ved Historisk institutt i den perioden eg har vore dekan, men eg har lese ein del. Og det er alltid like kjekt og l\u00e6rerikt. Ikkje minst er det ei glede \u00e5 lese, fordi folka skriv s\u00e5 godt (spr\u00e5k).<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 lenge eg er dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, vil eg \u2013 p\u00e5 dei m\u00e5tar eg kan &#8211; arbeide for \u00e5 legge til rette for at H\u00f8gskulen i Volda skal ha eit godt fagmilj\u00f8 i historie med aktive forskarar, som gjer at vi ogs\u00e5 kan tilby utdanningar i historie, med god kvalitet. Eg meiner det er viktig at v\u00e5r region har ein institusjon som kan bidra slik at skular og samfunnet elles f\u00e5r tilgang til kandidatar med historiekunnskap. Dagens samfunn treng historiekunnskap \u2013 ja, kanskje meir enn nokon gong.<\/p>\n\n\n\n<p>Gratulerer med jubileet og lykke til med seminaret og feiringa \u2013 og alt godt p\u00e5 vegen vidare for tilsette og studentar ved Historisk institutt!<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/colosseum.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"768\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/colosseum-1024x768.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3550\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/colosseum-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/colosseum-300x225.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/colosseum-768x576.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/colosseum-1536x1152.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/colosseum.jpg 1632w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption>Studietur til Roma er ein tradisjon p\u00e5 Historisk institutt. Her fr\u00e5 2019.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p class=\"has-large-font-size\"><strong>Helsing fr\u00e5 rektor Johann Roppen<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Kj\u00e6re alle tilsette p\u00e5 Historisk institutt og alle andre gjester.<\/p>\n\n\n\n<p>Gratulerer s\u00e5 mykje med \u00e5 ha blitt 50.<\/p>\n\n\n\n<p>Mange av dykk er stort sett opptatt av \u00e5 telle \u00e5rhundre eller \u00e5rtusen, s\u00e5 1971 eller 1972 er jo ikkje akkurat s\u00e5 lenge sidan &#8211; og 50 \u00e5r er jo ingen alder. Men likevel: 50 \u00e5r med historieutdanning i Volda &#8211; det er virkeleg verd \u00e5 markere!<\/p>\n\n\n\n<p>Som ten\u00e5ring vart eg klar over at Distriktsh\u00f8gskulen i Volda hadde eit historiestudium, og at det til og med kanskje vart kalla Lokalhistorie. Tenk at det gjekk an \u00e5 studere lokal &#8211; historie. At det fanst forskarar som tenkte at det var viktig ogs\u00e5 \u00e5 studere lokalsamfunn i eit historisk perspektiv. Kanskje var det d\u00e5 eg vart nyfiken p\u00e5 kva slags fagmilj\u00f8 som fanst i Volda.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 1980-talet, i 1986, byrja eg \u00e5 trakke i gangane p\u00e5 Ivar Aasen-huset og det var jo s\u00e5 sm\u00e5 forhold p\u00e5 DH-skulen den tida at det var fort gjort \u00e5 l\u00e6re seg namna p\u00e5 alle tilsette.<\/p>\n\n\n\n<p>Ogs\u00e5 historikarane.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 den tida var historie eit \u00e5rsstudium s\u00e5 vidt eg huskar, men var nede i ein b\u00f8lgedal n\u00e5r det gjeld studentar, men s\u00e5 snudde det br\u00e5tt, nesten fr\u00e5 eit \u00e5r til det neste.<\/p>\n\n\n\n<p>Og ein kreativ medstudent av meg, Hans Morten Sundnes, gjorde ein historisk-litter\u00e6r vri n\u00e5r han skulle skrive om akkurat det &#8211; at det hadde blitt fleire studentar p\u00e5 historie.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 han fann eit passande bilde og tittelen var: Det er kamp om \u00e5 komme inn p\u00e5 Nord\u00e5s sine forelesninger. Og bildet var naturlegvis henta fr\u00e5 Snorres kongesoger der eg trur det kong Harald Hardr\u00e5de som storma ei borg i Serkland. S\u00e5 det var kamp om plassane ja!<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/700px-Det_kom_op_en_kamp_i_borgporten_mellem_Vaeringene_og_borgmaendene.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"700\" height=\"500\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/700px-Det_kom_op_en_kamp_i_borgporten_mellem_Vaeringene_og_borgmaendene.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3544\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/700px-Det_kom_op_en_kamp_i_borgporten_mellem_Vaeringene_og_borgmaendene.jpg 700w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/700px-Det_kom_op_en_kamp_i_borgporten_mellem_Vaeringene_og_borgmaendene-300x214.jpg 300w\" sizes=\"(max-width: 700px) 100vw, 700px\" \/><\/a><figcaption>Soga om Harald Hardr\u00e5de: &laquo;De vart eit slag i borg-lede.&raquo; &#8211; eller: &laquo;Det er kamp om \u00e5 komme inn p\u00e5 Nord\u00e5s sine forelesninger&raquo;<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>***<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 den tida arbeidde Historisk institutt med Fylkessoga for M\u00f8re og Romsdal, og igjen s\u00e5 slo det meg at historia var eit prioritert prosjekt for fylket.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/CCI07092021_0015-743x1024-1.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"743\" height=\"1024\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/CCI07092021_0015-743x1024-1.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3546\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/CCI07092021_0015-743x1024-1.jpg 743w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/CCI07092021_0015-743x1024-1-218x300.jpg 218w\" sizes=\"(max-width: 743px) 100vw, 743px\" \/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<p>I dag har eg inntrykk av at det som ikkje kan symje eller flyte &#8211; og seljast &#8211; ikkje er s\u00e5 interessant i M\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n\n\n\n<p>***<\/p>\n\n\n\n<p>Men Historisk institutt har over tid hatt ein jamn portef\u00f8lje av lokalhistorie-prosjekt, men ogs\u00e5 kyst og fiskeri-historie og heilt andre prosjekt &#8211; i andre land og kulturar. Eg h\u00e5per og trur at b\u00e5de det n\u00e6re og lokale og det meir internasjonale kan dra i saman.<\/p>\n\n\n\n<p>Eller som de skriv p\u00e5 nettsida dykkar:<\/p>\n\n\n\n<p>&laquo;Historie i Volda vart oppretta i 1972 og er eit levande fagmilj\u00f8 med lange tradisjonar i kyst-, lokal- og regionalhistorie, og har no ogs\u00e5 fokus p\u00e5 mellom anna migrasjon, minoritetar og kulturm\u00f8ter i historia.&raquo;<\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p>&laquo;Historie i Volda vart oppretta i 1972 og er eit levande fagmilj\u00f8 med lange tradisjonar i kyst-, lokal- og regionalhistorie, og har no ogs\u00e5 fokus p\u00e5 mellom anna migrasjon, minoritetar og kulturm\u00f8ter i historia.&raquo;<\/p><cite><a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/om\/samfunnsfag-og-historie\/historisk-institutt\">https:\/\/www.hivolda.no\/om\/samfunnsfag-og-historie\/historisk-institutt<\/a> <\/cite><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Her kan det ogs\u00e5 nemnast at Historisk institutt stod bak eit Strategisk h\u00f8gskuleprosjekt &#8211; Forskingsr\u00e5dsprosjekt &#8211; <a href=\"https:\/\/www.idunn.no\/doi\/full\/10.18261\/issn.1894-3195-2021-01-03\">Kulturperspektiv p\u00e5 m\u00f8te mellom embetsmenn og b\u00f8nder ca. 1660\u20131870<\/a> &#8211; og som vel var ein f\u00f8resetnad for at vi fekk p\u00e5 plass ein Master i kulturm\u00f8te. Forsking fekk betydning ogs\u00e5 for utdanningane og studieportef\u00f8ljen v\u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<p>***<\/p>\n\n\n\n<p>I n\u00e6ringslivet sa ein i tidlegare at &laquo;all business is local&raquo; &#8211; i v\u00e5r tid med digital og grenseoverskridande teknologi&nbsp; kan ein bli litt i tvil om det framleis er slik. Men eg er noks\u00e5 sikker p\u00e5 at det tek litt tid f\u00f8r historiefaget sluttar \u00e5 bru seg om staden, det lokale &#8211; at hendingar skjer ein stad &#8211; at menneske held til ein plass og kan studerast ut fr\u00e5 det. Anten den staden er Volda, Skodje, Al Andalus, Anatolia eller Kurdistan.<\/p>\n\n\n\n<p>**<\/p>\n\n\n\n<p>Kva plass har s\u00e5 Historisk institutt p\u00e5 H\u00f8gskulen?<\/p>\n\n\n\n<p>Eg veit ikkje korleis fagmilj\u00f8et oppfatta det &#8211; om dei var ein slags indrepolitisk skillemynt d\u00e5 avdelingsstrukturen vart endra og historisk institutt vart flytta fr\u00e5 Avdeling for humanistiske fag og over til Avdeling for samfunnsfag og historie. Men det er mitt klare inntrykk at dette fungerer.<\/p>\n\n\n\n<p>Historier er d\u00e5 ogs\u00e5 det einaste fagmilj\u00f8 som er eksplisitt nemnt i namngjevinga p\u00e5 H\u00f8gskulen: Avdeling for samfunnsfag og historie. Alle andre fagmilj\u00f8 m\u00e5 n\u00f8ye seg med \u00e5 vere paraply under ei st\u00f8rre overskrift: Samfunnsfag, mediefag, l\u00e6rarutdanning, humanistiske fag og kulturfag.<\/p>\n\n\n\n<p>Korleis st\u00e5r det til for historiske institutt ved andre l\u00e6restader i Noreg? Kvar finn ein bacehlor-utdanningane i historie, og ikkje minst historikarane?<br \/><br \/>Dei er g\u00f8ymt bak til dels lange og mystiske namn under humanistiske fakultet &#8211; tidlegare kalla historisk-filosofiske fag &#8211; og institutta har titlar som:<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Institutt for arkeologi, konservering og historie (UiO)<\/li><li>Institutt for historiske og klassiske studier (NTNU)<\/li><li>Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (UiB)<br \/>&nbsp;<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Det var tre s\u00e5kalla &laquo;gamle&raquo; universitet, men kvar finst historikarane p\u00e5 dei nyare universiteta?<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora :&nbsp; Institutt for kultur- og spr\u00e5kvitskap (UiS)<\/li><li>Fakultet for humaniora og pedagogikk : Institutt for religion, filosofi og historie (UiA)<\/li><li>Fakultet for \u00f8konomi og samfunnsvitskap : Institutt for samfunnsvitskap, under&nbsp; (HVL)<\/li><li>USN Handelsh\u00f8yskolen: Insitutt for \u00f8konomi, historie og samfunnsvitenskap (USN)<\/li><\/ul>\n\n\n\n<ul><li>Fakultet for samfunnsvitskap : Faggruppe Historie, kultur og media (Nord Universitet)<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Det er kanskje ei puste\u00f8ving dette, men eg har spart den lengste til slutt:<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og l\u00e6rarutdanning : Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi (Troms\u00f8)<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Det er i alle fall to konklusjonar som kan dragast ut fr\u00e5 dette materialet, og det er for det f\u00f8rste at historikarar tydelegvis kan trivast under same tak som arkeologar, prestar, pedagogar, filosofar, \u00f8konomar, samfunnsvitarar, medievitarar og alle som kallar seg kulturforskarar.<\/p>\n\n\n\n<p>Den andre konklusjonen er at vi har det enkelt her p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda!<\/p>\n\n\n\n<p>Gratulerer med jubileet &#8211; og med dei neste 50 \u00e5r!<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_HISTORIE_Foto_Per-Straume_cmyk_07_red-scaled.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"682\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_HISTORIE_Foto_Per-Straume_cmyk_07_red-1024x682.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3551\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_HISTORIE_Foto_Per-Straume_cmyk_07_red-1024x682.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_HISTORIE_Foto_Per-Straume_cmyk_07_red-300x200.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_HISTORIE_Foto_Per-Straume_cmyk_07_red-768x512.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_HISTORIE_Foto_Per-Straume_cmyk_07_red-1536x1023.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/11\/INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_HISTORIE_Foto_Per-Straume_cmyk_07_red-2048x1365.jpg 2048w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption>Studietur til Selje: Ogs\u00e5 ein tradisjon p\u00e5 historisk institutt. Her fr\u00e5 2015. <\/figcaption><\/figure>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Historisk institutt ved H\u00f8gskulen i Volda har i 2022 markert sitt 50-\u00e5rs jubileum. Og Historisk institutt er faktisk det einaste i landet som berre har historie i namnet sitt &#8211; alle andre historiske fagmilj\u00f8 er ein del av til dels mykje st\u00f8rre faglege einingar. Her er omtale av 50-\u00e5rsjubileet p\u00e5 nettsidene til H\u00f8gskulen i Volda. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/11\/14\/50-ar-historisk-institutt-landets-einaste\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">50 \u00e5r: Historisk institutt: Landets einaste!<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3543"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3543"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3543\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3647,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3543\/revisions\/3647"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3543"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3543"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3543"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}