{"id":3521,"date":"2022-10-13T00:34:45","date_gmt":"2022-10-12T22:34:45","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=3521"},"modified":"2022-10-25T22:36:39","modified_gmt":"2022-10-25T20:36:39","slug":"kor-mange-studentar-er-det-ved-hogskulen-i-volda","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/10\/13\/kor-mange-studentar-er-det-ved-hogskulen-i-volda\/","title":{"rendered":"Kor mange studentar er det ved H\u00f8gskulen i Volda? Oppdatert 25.10.2022: Svaret er 4.422!"},"content":{"rendered":"\n<p>Det ser ut til at vi hausten 2022 har omlag like mange studentar som vi har hatt dei siste tre-fire \u00e5ra: Ca. 4.500 studentar. Men kva slags studium g\u00e5r dei p\u00e5? Kva er dei lange linjene? <\/p>\n\n\n\n<p>Det endelege talet p\u00e5 studentar p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda er i ferd med \u00e5 kome p\u00e5 plass. <em>Oppdatert 25.10.2022: Talet er alts\u00e5 4.422.<\/em> Vi har ikkje teke inn fleire nye studentar p\u00e5 mange veker, men alle som st\u00e5r registrerte som studentar m\u00e5 jo sjekkast opp mot lister over kven som har betalt semesteravgift, om dei faktisk har m\u00f8tt opp &#8211; eller om dei kanskje har slutta. Dette puslespelet er no ferdig og talet p\u00e5 studentar hausten 2022 er p\u00e5 knapt 4.500. P\u00e5 den eine sida er dette nokre f\u00e6rre studentar enn i 2021. Men eg meiner det er meir interessant \u00e5 sj\u00e5 dei litt lenger linjene i talet p\u00e5 studentar &#8211; og p\u00e5 kva slags studium studentane tek: Bachelor, master, \u00e5rseiningar eller kortare kurs. Eg vart litt overraska over hovudtendensane. <\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>I figuren nedanfor st\u00e5r eit oversyn henta ut fr\u00e5 DBH (Database over h\u00f8gare utdanning) som no vert administrert av HK Dir (Direktoratet for kvalitet i h\u00f8gare utdanning). Tala som blir presentert syner kor mange studentar som har vorte registrerte p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda dei siste \u00e5ra &#8211; eller nokre utvalde \u00e5r: 2000, 2005, 2010 og \u00e5ra 2015-2022. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-gallery columns-1 is-cropped wp-block-gallery-1 is-layout-flex wp-block-gallery-is-layout-flex\"><ul class=\"blocks-gallery-grid\"><li class=\"blocks-gallery-item\"><figure><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-1.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-1-1024x576.jpg\" alt=\"\" data-id=\"3532\" data-full-url=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-1.jpg\" data-link=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/10\/13\/kor-mange-studentar-er-det-ved-hogskulen-i-volda\/studentar-2000-2022-1\/\" class=\"wp-image-3532\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-1-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-1-300x169.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-1-768x432.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-1.jpg 1280w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/figure><\/li><\/ul><figcaption class=\"blocks-gallery-caption\">HVO-studentar p\u00e5 ulike typar studium, utvalde \u00e5r 2000-2022 (Figuren vart 25.10.2022 oppdatert med tal for 2022)<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Som vi ser har h\u00f8gskulen over tid f\u00e5tt stadig fleire studentar, men veksten er ikkje jamt stigande, men meir som hopp i trappetrinn: <\/p>\n\n\n\n<ul><li>2000-2015: Ca 3.500 studentar<\/li><li>2015-2018: Ca. 4.000 studentar<\/li><li>2019-2022: Ca. 4.500 studentar <\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Desse tendensane heng delvis saman med nasjonale trendar &#8211; men ogs\u00e5 om lokale og regionale forhold. Sj\u00f8lv vurderer eg det slik at dei siste 20 \u00e5ra har H\u00f8gskulen i Volda eigentleg hatt ein noks\u00e5 stabil studieportef\u00f8lje. Auken i talet p\u00e5 studentar kjem alts\u00e5 i mindre grad av at vi har f\u00e5tt tilf\u00f8rt nye ressursar og teke til med heilt nye studietilbod. Det kjem heller av at vi har f\u00e5tt fleire studentar inn p\u00e5 tilboda vi alt har.  Men vi har ogs\u00e5 f\u00e5tt fleire masterutdanningar p\u00e5 toppen av etablerte bachelorutdanningar og naturlegvis har vi f\u00e5tt fleire kortare kurs &#8211; men igjen med utspring i dei fagmilj\u00f8a vi alt har. <\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 vi har klart \u00e5 drive effektivt og teke inn stadig fleire studentar til nesten same kostnad for staten. S\u00e5 staten har f\u00e5tt mykje att for pengane i Volda. Samstundes er M\u00f8re og Romsdal eit fylke som ligg l\u00e5gt p\u00e5 statistikken over andel av innbyggarane med h\u00f8g utdanning. Og p\u00e5 lang h\u00f8gre utdanning (master) s\u00e5 ligg vi l\u00e5gast i landet &#8211; saman med Nord-Noreg. Her er ein viktig jobb for H\u00f8gskulen i Volda og dei andre UH-institusjonane i fylket i \u00e5ra framover: \u00c5 utdanne fleire. Behovet for meir utdanning er stort i v\u00e5r region &#8211; men merkast kanskje best n\u00e5r det er l\u00e5gkonjunktur. <\/p>\n\n\n\n<p>Framskrivingane for M\u00f8re og Romsdal er ikkje lystelege n\u00e5r det gjeld tal p\u00e5 16-\u00e5ringar og tal p\u00e5 dei som er 67 \u00e5r og eldre: Vi blir f\u00e6rre yngre og fleire eldre i fylket dei neste ti-\u00e5ra. Men for oss som driv med h\u00f8gare utdanning betyr dette neppe f\u00e6rre oppg\u00e5ver, og heilt sikkert nye oppg\u00e5ver. Vi skal vere med p\u00e5 \u00e5 utdanne folk fr\u00e5 dei er 19 til 69. L\u00e6ring heile livet betyr at utdanningskapasiteten i h\u00f8gare utdanning ikkje kan riggast etter talet p\u00e5 19-\u00e5ringar men etter kompetansebehova i eit livsl\u00f8psperspektiv. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/Befolkning-MR-2035.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/Befolkning-MR-2035-1024x576.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-3523\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/Befolkning-MR-2035-1024x576.png 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/Befolkning-MR-2035-300x169.png 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/Befolkning-MR-2035-768x432.png 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/Befolkning-MR-2035-1536x864.png 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/Befolkning-MR-2035.png 1920w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<p>Korleis er s\u00e5 fordelinga mellom hovudtypane av utdanningar: Kva aukar vi p\u00e5? Kva minkar vi p\u00e5? <\/p>\n\n\n\n<p>I figuren nedanfor er dei same tala som i den f\u00f8rste figuren presenterte &#8211; men no i prosenturert form. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-prosentuert.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-prosentuert-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3533\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-prosentuert-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-prosentuert-300x169.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-prosentuert-768x432.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/10\/studentar-2000-2022-prosentuert.jpg 1280w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption>Fordeling p\u00e5 ulike typer av utdanningar ved H\u00f8gskulen i Volda, 2000, 2005, 2010 og 2015-2022. Prosentuert. (Figuren vart 25.10.2022 oppdatert med tal for 2022). <\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Igjen er tala kanskje noko overraskande &#8211; i alle fall for meg. Eg hadde nok trudd at vi over tid har hatt ein auke f\u00f8rst og fremst p\u00e5 kortare kurs &#8211; og at dette har vore med p\u00e5 \u00e5 gi fleire studentar, men ikkje n\u00f8dvendigvis fleire studiepoeng. Slik eg les tala stemmer ikkje det. H\u00f8gskulen har over tid &#8211; eller alle fall dei siste 10-12 \u00e5ra hatt sv\u00e6rt lik fordeling mellom hovudtypane av utdanningar: <\/p>\n\n\n\n<ul><li>Bachelorutdanningar:  Ca. 35 prosent<\/li><li>Masterutdanningar\/grunnskulel\u00e6rar: Ca. 15-20 prosent<\/li><li>1-2 \u00e5rseiningar: Ca. 15-20 prosent<\/li><li>Kortare kurs p\u00e5 l\u00e5gare niv\u00e5: Ca. 30 prosent <\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Det er klart at over tid varierer det noko mellom desse hovudkategoriane, men hovudinntrykket er likevel at vi har ein noks\u00e5 stabil portef\u00f8lje. Ei mogleg forklaring p\u00e5 dette kan vere noko s\u00e5 enkelt som at i v\u00e5r region: M\u00f8re og Romsdal og Nordfjord &#8211; er det eit noks\u00e5 stabilt behov for b\u00e5de grunnutdanning og vidareutdanning. Samstundes har vi alts\u00e5 hatt ein auke i talet p\u00e5 studentar. Ei mogleg forklaring p\u00e5 dette kan vere at nye tunnellar og vegar: Eiksundsambandet og Kvivsvegen &#8211; har gjort det lettare \u00e5 ta utdanning i Volda og \u00e5 bu i ein annan kommune. Noko som st\u00f8ttar denne tanken er at kapasiteten p\u00e5 nye bustader ved Studentsamskipnaden i Volda heller ikkje har auka med noko i n\u00e6rleiken av 1.000 nye bustader dei siste \u00e5ra. <\/p>\n\n\n\n<p>I eit fylkesperspektiv er det ogs\u00e5 viktig \u00e5 huske at kvinner utgjer ca. 70 prosent av studentane ved H\u00f8gskulen i Volda &#8211; og det er viktig i eit fylke der det er eit stort underskot av kvinner i 20-40 \u00e5rs alder &#8211; dei flyttar i stor grad ut for \u00e5 f\u00e5 jobb og utdanning andre stader. Situasjonen hadde vore langt verre utan studietilboda ved H\u00f8gskulen i Volda. <\/p>\n\n\n\n<p>Det er alltid kjekt \u00e5 melde om at H\u00f8gskulen har f\u00e5tt fleire studentar enn nokon gong tidlegare. Det syner at v\u00e5re utdanningar er etterspurde og at vi har gode fagmilj\u00f8. Fleire og fleire regionar har forst\u00e5tt kor viktig det er \u00e5 ha tilbod innan h\u00f8gare utdanning i sin region og arbeider hardt for \u00e5 behalde eller \u00e5 styrke tilboda dei alt har. Med ca. 4.500 studentar og ca. 400 tilsette er H\u00f8gskulen i Volda blant dei mindre h\u00f8gskulane &#8211; men vi er viktige for v\u00e5r region og ogs\u00e5 nasjonalt p\u00e5 somme omr\u00e5de. <\/p>\n\n\n\n<p><a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/om\/strategi-og-visjon\">I v\u00e5r nye strategiplan for 2022-2025 <\/a>har vi sagt at vi skal vere ein &laquo;tydeleg samfunnsakt\u00f8r i regionen&raquo; &#8211; og gjennom utdanningane v\u00e5re er vi det &#8211; meiner vi sj\u00f8lve. Men i strategiplanen st\u00e5r ogs\u00e5 at vi skal ha &laquo;utvalde satsingar der vi tek eit s\u00e6rleg ansvar for \u00e5 m\u00f8te regionale behov&raquo;. Innanfor utdanning er planlegging av l\u00e6rarutdanningar i Kristiansund ei slik satsing. Campus Kristiansund er eit prosjekt som fylket har prioritert sv\u00e6rt h\u00f8gt &#8211; og vi \u00f8nskjer \u00e5 bidra til ei slik satsing. Men vi arbeider ogs\u00e5 med planar om ei doktorgradsutdanning &#8211; og meiner det er ei viktig satsing for ein region som har f\u00e5 med lang h\u00f8gre utdanning. Og s\u00e5 har vi i v\u00e5rt <a href=\"https:\/\/opengov.360online.com\/Meetings\/HIVOLDA\/Meetings\/Details\/329461?agendaItemId=205682\">innspel til statsbudsjettet for 2024 bede om \u00e5 f\u00e5 planleggingsmidlar for \u00e5 kunne utgreie vernepleie- og sjukepleieutdanning<\/a>. I ein ny rapport i samband med den komande &laquo;utsynsmeldinga&raquo; st\u00e5r det at Nordvestlandet er blant regionane som manglar sjukepleiarar &#8211; s\u00e5 kanskje kan det bli ei ny oppg\u00e5ve for H\u00f8gskulen i Volda der vi &laquo;tek eit s\u00e6rleg ansvar for \u00e5 m\u00f8te regionale behov.&raquo;  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det ser ut til at vi hausten 2022 har omlag like mange studentar som vi har hatt dei siste tre-fire \u00e5ra: Ca. 4.500 studentar. Men kva slags studium g\u00e5r dei p\u00e5? Kva er dei lange linjene? Det endelege talet p\u00e5 studentar p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda er i ferd med \u00e5 kome p\u00e5 plass. Oppdatert 25.10.2022: &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/10\/13\/kor-mange-studentar-er-det-ved-hogskulen-i-volda\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Kor mange studentar er det ved H\u00f8gskulen i Volda? Oppdatert 25.10.2022: Svaret er 4.422!<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[291,293,292],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3521"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3521"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3521\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3534,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3521\/revisions\/3534"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3521"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3521"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3521"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}