{"id":348,"date":"2015-10-09T10:03:48","date_gmt":"2015-10-09T08:03:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=348"},"modified":"2015-10-09T11:48:10","modified_gmt":"2015-10-09T09:48:10","slug":"volda-ved-vegskiljet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/10\/09\/volda-ved-vegskiljet\/","title":{"rendered":"Volda ved vegskiljet"},"content":{"rendered":"<p>H\u00f8gskulen i Volda har antakelig tre\u00a0alternative vegval for framtidige\u00a0alliansar og fusjonar. Ingen av dei er enkle og tydelege, og ingen av dei framst\u00e5r som godt merka trygge l\u00f8yper med opptrakka spor og kjentfolk \u00e5 sp\u00f8rje. Det finst heller\u00a0ikkje noko kart. Kanskje er det ogs\u00e5 slik at nokre av vegvala f\u00f8rer fram til same stad, og det ser ut til \u00e5 vere\u00a0Bergen.<\/p>\n<p>P\u00e5 styreseminar\/styrem\u00f8te 29.-30. oktober kjem dei aktuelle\u00a0vegvala til \u00e5 bli presenterte for h\u00f8gskulestyret. Det b\u00f8r\u00a0bli eit spennande m\u00f8te!<\/p>\n<p>Dei tre alternativa ser i dag ut til \u00e5 vere desse:<\/p>\n<p><strong>1. Allianse mellom sj\u00f8lvstendige institusjonar<\/strong><\/p>\n<p>Det siste halv\u00e5ret har dei tre h\u00f8gskulane i Molde, Volda og Lillehammer hatt fleire m\u00f8te for \u00e5 utvikle ideen om ein h\u00f8gskuleallianse. Den grunnleggande ideen er at dette skal bli\u00a0ein allianse mellom sj\u00f8lvstendige regionale h\u00f8gskular. Eit\u00a0alliansesamarbeid vil\u00a0sikre at det ogs\u00e5 i framtida vil vere\u00a0h\u00f8gre\u00a0utdanning av god kvalitet i regionane.<\/p>\n<p>Leiinga ved H\u00f8gskulen i Volda har arbeidd med dette sp\u00f8rsm\u00e5let sidan det vart klart at H\u00f8gskulen i \u00c5lesund blei ein del av NTNU. H\u00f8gskulestyret bad d\u00e5 administrasjonen ved H\u00f8gskulen i Volda om \u00e5\u00a0\u00a0innleie samtalar ogs\u00e5 med Lillehammer, og det har b\u00e5de tidlegare og noverande leiing ved dei tre h\u00f8gskulane gjort.<\/p>\n<p>Rektoratet gjekk til val p\u00e5 ei sj\u00f8lvstendelinje for h\u00f8gskulen. Pr i dag ser\u00a0ein allianse ut til \u00e5 vere den beste m\u00e5ten\u00a0\u00e5\u00a0halde p\u00e5 sj\u00f8lvstendet p\u00e5. Men til sjuande og sist er det naturlegvis Kunnskapsdepartementet som bestemmer.<\/p>\n<p>Kunnskapsdepartementet har invitert\u00a0dei tre allianseh\u00f8gskulane til eit m\u00f8te om alliansealternativet 23.oktober. For dei tre h\u00f8gskulane har nok alliansealternativet ulik status. For H\u00f8gskolen i Molde er det einaste alternativ, for H\u00f8gskolen p\u00e5 Lillehammer\u00a0og for Volda er dette eitt av fleire alternativ.<\/p>\n<p><strong>2. Universitetet i Bergen &#8211; og Volda: \u00a0<\/strong><\/p>\n<p>Universitetet i Bergen har signalisert at dei <a href=\"http:\/\/www.hivolda.no\/hivolda\/om-hogskulen\/fellestenester\/drift\/?&amp;displayitem=5460&amp;module=news\">\u00f8nskjer seg eit tettare fagleg samarbeid med H\u00f8gskulen i Volda<\/a> &#8211; etter m\u00f8nster fr\u00e5\u00a0samarbeidet UiB har med\u00a0H\u00f8gskulen i Bergen.\u00a0Det\u00a0er s\u00e6rleg p\u00e5 dei to omr\u00e5da mediefag og norsk at universitetet har merka seg at Volda har sterke fagmilj\u00f8. Det kjem truleg ein invitasjon\u00a0om kort tid der universitetet seier meir om kva dei tenkjer om samarbeidet, og den vil bli lagt fram for hg\u00f8skulestyret.<\/p>\n<p>Utspelet fr\u00e5 UiB\u00a0kan minne om eit alliansesamarbeid med ein annan akt\u00f8r enn dei tre alliansekameratane Volda, Molde og Lillehammer. Men samtidig virkar det som\u00a0at Universitetet i Bergen i framtida ser f\u00f8re seg ein fusjon \u00a0mellom universitetet og H\u00f8gskulen i Bergen.<\/p>\n<p><strong>3. Profesjonsh\u00f8gskulen\/-universitetet for\u00a0Vestlandet.<\/strong><\/p>\n<p>H\u00f8gskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord \/ Haugesund er i ferd med \u00e5 starte ei <a href=\"http:\/\/khrono.no\/2015\/10\/profesjonsuniversitet-vestlandet\">utgreiing av ein profesjonsh\u00f8gskule eller kanskje eit framtidig profesjonsuniversitet for Vestlandet<\/a>. L\u00e6rarutdanning, ingeni\u00f8rfag og sjukepleie er viktige fagomr\u00e5de for alle dei tre h\u00f8gskulane og utgreiinga\u00a0b\u00f8r kunne hjelpe h\u00f8gskulane til \u00e5 vurdere om ein fusjon vil styrke\u00a0utdanningane. Kunnskapsdepartementet har invitert til denne utgreiinga og betalar kostnadene. Departementet \u00f8nskjer truleg at utgreiinga skal\u00a0vere klar p\u00e5 ny\u00e5ret slik at h\u00f8gskulane kan bruke v\u00e5ren p\u00e5 \u00e5 vurdere om dei skal fusjonere. Kunnskapsdepartementet \u00f8nskjer seg fusjonar med verknad fr\u00e5 1.1.2017, og d\u00e5 m\u00e5 vedtaka gjerast v\u00e5ren 2016.<\/p>\n<p>H\u00f8gskulen i Volda vart p\u00e5 eit m\u00f8te i Bergen 7.-8. september\u00a0invitert med i denne utgreiinga. Leiinga og h\u00f8gskulestyret i Volda har f\u00f8rebels venta med \u00e5 meine noko om dette, men det ville vere ein fordel om det l\u00e5g f\u00f8re ein konkret invitasjon til\u00a0h\u00f8gskulen slik at h\u00f8gskulestyret kan ta stilling til dette alternativet p\u00e5 komande styrem\u00f8te 29.-30. oktober.<\/p>\n<p><strong>Kva b\u00f8r HVO\u00a0gjere?<\/strong><\/p>\n<p>Styret b\u00f8r etter mi meining vurdere n\u00f8ye alle dei tre alternativa &#8211; men ikkje\u00a0l\u00e5se seg til det eine eller det andre no. Faglege samarbeid skal H\u00f8gskulen i Volda uansett drive med mange akt\u00f8rar &#8211; det er b\u00e5de naturleg og n\u00f8dvendig.<\/p>\n<p>Det skjer ogs\u00e5 andre viktige ting som antakelig vil p\u00e5verke vegvalet for H\u00f8gskulen i Volda. 1. november vil\u00a0rammeplanutvalet for grunnskulel\u00e6rarutdanning p\u00e5 masterniv\u00e5 kome med sitt framlegg til korleis l\u00e6rarutdanning p\u00e5 masterniv\u00e5 skal sj\u00e5 ut fr\u00e5 2017.\u00a0Ein skal ikkje sj\u00e5 bort fr\u00e5 at det som st\u00e5r her vil kunne p\u00e5verke vegvalet til h\u00f8gskulen. S\u00e5 det er ogs\u00e5 ein grunn til \u00e5\u00a0vente med \u00e5 ta avgjerd om det endelege vegvalet.<\/p>\n<p><strong>Kva skjer framover?<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>8.10.2015: <a href=\"http:\/\/khrono.no\/2015\/10\/tre-i-mote-pa-dombas\">Alliansem\u00f8te mellom h\u00f8gskulane i Volda, Molde og Lillehammer<\/a><\/li>\n<li>23.10.2015:\u00a0Dei tre allianseh\u00f8gskulane er inviterte til Kunnskapsdepartementet for \u00e5 snakke om alliansen.<\/li>\n<li>29.-30.10.2015: Styreseminar og styrem\u00f8te ved H\u00f8gskulen i Volda. Statssekret\u00e6r Bj\u00f8rn Haugstad deltek p\u00e5 f\u00f8rste del av m\u00f8tet.<\/li>\n<li>1.11.2015: <a href=\"https:\/\/www.hihm.no\/prosjektsider\/rammeplanutvalg-for-grunnskolelaererutdanninger-paa-masternivaa\">Rammeplanutvalet for grunnskulel\u00e6rarutdanning p\u00e5 masterniv\u00e5 har frist til \u00e5 legge fram si innstilling<\/a>. Deretter skal den p\u00e5 h\u00f8yring.<\/li>\n<li>16.-17.11.2015:\u00a0Seminar Avdeling for humanistiske fag og l\u00e6rarutdanning &#8211; diskusjon av rammeplanutvalets rapport\u00a0st\u00e5r p\u00e5 dagsorden.<\/li>\n<li>10.12.2015: Styrem\u00f8te ved H\u00f8gskulen i Volda.<\/li>\n<\/ul>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>H\u00f8gskulen i Volda har antakelig tre\u00a0alternative vegval for framtidige\u00a0alliansar og fusjonar. Ingen av dei er enkle og tydelege, og ingen av dei framst\u00e5r som godt merka trygge l\u00f8yper med opptrakka spor og kjentfolk \u00e5 sp\u00f8rje. Det finst heller\u00a0ikkje noko kart. Kanskje er det ogs\u00e5 slik at nokre av vegvala f\u00f8rer fram til same stad, og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/10\/09\/volda-ved-vegskiljet\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Volda ved vegskiljet<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/348"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=348"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/348\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":353,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/348\/revisions\/353"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=348"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=348"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=348"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}