{"id":3392,"date":"2022-05-05T08:11:01","date_gmt":"2022-05-05T06:11:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=3392"},"modified":"2022-05-05T08:11:01","modified_gmt":"2022-05-05T06:11:01","slug":"orientering-til-hogskulestyret-styremote-5-5-2022","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/05\/05\/orientering-til-hogskulestyret-styremote-5-5-2022\/","title":{"rendered":"Orientering til h\u00f8gskulestyret, styrem\u00f8te 5.5.2022"},"content":{"rendered":"\n<p><em>P\u00e5 kvart styrem\u00f8te gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret b\u00f8r kjenne til. Desse orienteringane vert ogs\u00e5 lagt ut her p\u00e5 rektorbloggen.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved H\u00f8gskulen i Volda.&nbsp;<a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/om-hogskulen-volda\/nyhendebrev\">Rektor skriv ogs\u00e5 eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte<\/a>. Nyhendebreva er tilgjengelege p\u00e5 nettsidene v\u00e5re og alle som vil kan f\u00e5 tilsendt nyhendebrevet \u2013 ein gong i veka.<\/p>\n\n\n\n<p>Hovudpunkta i orienteringa i dette m\u00f8tet:<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Ukraina og studietilbod<\/li><li>Samordna opptak 2022<\/li><li>Studietur til Bergen<\/li><li>Student- og festivallivet vaknar opp att<\/li><li>50-\u00e5rs markeringar<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p><strong>Ukraina og studietilbod<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Som nemnt i f\u00f8rre orientering til h\u00f8gskulestyret s\u00e5 har vi tre partnaruniversitet i Russland. Vi har gitt beskjed til dei tre om at partnarskapet er lagt p\u00e5 is inntil vidare, dette i tr\u00e5d med regjeringas tilr\u00e5ding.<\/p>\n\n\n\n<p>Krigen i Ukraina held fram og Volda\/\u00d8rsta har f\u00f8rebels ikkje f\u00e5tt mange flyktningar og h\u00f8gskulen har ikkje merka krigen i s\u00e6rleg grad. Men det er engasjement for Ukraina hos studentar og tilsette og vi har begynt \u00e5 f\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 internasjonale studentar som kan tenke seg \u00e5 kome til Volda.<\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>Kunnskapsdepartementet har invitert oss til \u00e5 konkretisere framlegg til studietilbod til flyktningar fr\u00e5 Ukraina, og vi har sagt at vi kan ta p\u00e5 oss ca. 35 studieplassar. Dei er fordelte med 25 p\u00e5 engelskspr\u00e5klege studietilbod p\u00e5 Avdeling for mediefag og 10 p\u00e5 Norsk for internasjonale studentar p\u00e5 Avdeling for humanistiske fag og l\u00e6rarutdanning. I l\u00f8pet av mai f\u00e5r vi dei f\u00f8rste signala p\u00e5 om vi f\u00e5r l\u00f8yving fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet til dette, men endeleg svar kjem f\u00f8rst tidleg i juni. Vi er alt i gang med auke kapasiteten ved \u00e5 tilsette fleire undervisarar p\u00e5 dei aktuelle studietilboda. Det er for seint \u00e5 starte med \u00e5 tilsette folk i juni. Veldig mykje er uavklara eller uvisst &#8211; blant anna om det er r\u00e5d \u00e5 f\u00e5 kvalifiserte studentar til tilboda vi startar.<\/p>\n\n\n\n<p>Studentsamskipnaden har gitt Volda kommune tilbod om bustader for flyktningar i eit hus som samskipnaden eig, men som ikkje er ein del av studentheimane i Volda.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Samordna opptak 2022<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Vi fekk s\u00f8kartala fr\u00e5 samordna opptak for 2022 i f\u00f8rre veke, og tala var ikkje gode for H\u00f8gskulen i Volda. Nasjonalt har s\u00f8kartala g\u00e5tt ned med ca. 12 prosent, mens for H\u00f8gskulen i Volda samla sett har tala g\u00e5tt ned med ca. 20 prosent. Vi f\u00e5r truleg ogs\u00e5 ein nedgang i lokalopptaket. S\u00e5 hausten 2022 tippar eg vi vil ha ca. 4.000 studentar mot over 4.500 studentar dei siste tre \u00e5ra.<\/p>\n\n\n\n<p>No m\u00e5 det seiast at dei tre siste \u00e5ra har vi hatt sv\u00e6rt mange studentar, s\u00e5 kanskje er tala for 2022 ein naturleg korreksjon. Men vi ser ogs\u00e5 at talet p\u00e5 19-\u00e5ringar i M\u00f8re og Romsdal og resten av landet g\u00e5r nedover i \u00e5ra som kjem, s\u00e5 konkurransen om studentane blir nok hardare i \u00e5ra som kjem. I lys av det er det kjekt \u00e5 kunne fortelje til framtidige studentar at heile h\u00f8gskulen i 2023 vil vere nyoppussa og innbydande p\u00e5 alle m\u00e5tar, at for studentar er det billegast \u00e5 bu i Volda &#8211; og at p\u00e5 somme studium har vi landets mest forn\u00f8gde studentar. Eg tenker d\u00e5 s\u00e6rleg p\u00e5 grunnskulel\u00e6rarutdanninga for 1-7. klasse.<\/p>\n\n\n\n<p>Studia som har hatt flest s\u00f8karar dei siste \u00e5ra er ogs\u00e5 i 2022 vanskelegast \u00e5 kome inn p\u00e5. Det er s\u00e6rleg journalistikk, friluftsliv, sosionom og barnevern. Vi er uroa over l\u00e5ge s\u00f8kartal p\u00e5 mange av l\u00e6rarutdanningane. Det er eit problem for oss, men eit end\u00e5 st\u00f8rre problem for regionen og for landet. Det vil vere behov for mange nye l\u00e6rarar i \u00e5ra som kjem.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi held fram med samtalane med akt\u00f8rar p\u00e5 Nordm\u00f8re og arbeider vidare med vurderinga av om vi skal starte l\u00e6rarutdanning i Campus Kristiansund. Det kan vere aktuelt b\u00e5de med Grunnskulel\u00e6rarutdanning og med Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Ein del av vurderinga handlar ogs\u00e5 om vi kan f\u00e5 ein sterkare posisjon p\u00e5 vidareutdanning av l\u00e6rarar p\u00e5 Nordm\u00f8re.<\/p>\n\n\n\n<p>Det kan ogs\u00e5 bli aktuelt \u00e5 starte eit desentralisert tilbod i barnehagel\u00e6rarutdanning i Molde hausten 2023.<\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskolen i Molde er naturlegvis med p\u00e5 og\/eller er orientert om m\u00f8ta med Campus Kristiansund sj\u00f8lv om det er heilt andre fagomr\u00e5de det er snakk om. Vi er ogs\u00e5 i samtalar med H\u00f8gskolen i Molde om samarbeid om pedagogisk basiskompetanse.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>HVO har f\u00e5tt godkjent kvalitetssystemet<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Som styret har vore informert om langs med s\u00e5 har NOKUT hatt tilsyn med studiekvalitetsysytemet ved HVO. Tilsynet byrja med innsending av dokumentasjon hausten 2019, institusjonsbes\u00f8k hausten 2020. Rapporten fr\u00e5 kommisjonen var klar i mars 2021, og konklusjonen der var at HVO hadde eit godt kvalitetssystem med mykje studentmedverknad, men at vi m\u00e5tte gjennomf\u00f8re periodiske studieprogramevalueringar for \u00e5 f\u00e5 det endeleg godkjent. Desse vart gjennomf\u00f8rt v\u00e5ren\/hausten 2022 og dokumentasjon vart sendt inn f\u00f8r jul 2022. Den 21. april behandlar styret i NOKUT den endelege rapporten fr\u00e5 kommisjonen, og HVO har f\u00e5tt godkjent kvalitetssystemet. HVO f\u00e5r mykje skryt fr\u00e5 kommisjonen, samt nokre gode r\u00e5d for vidare utvikling. Det vert arbeida med \u00e5 forenkle og forbetre&nbsp; kvalitetssystemet i lys av tilbakemeldingane f\u00e5r NOKUT, og styret vil dette som sak i l\u00f8pet av hausten 2022.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Studietur til Bergen<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Rektors leiargruppe, det s\u00e5kalla dekanm\u00f8tet, har vore p\u00e5 studietur til Bergen og hatt dagsm\u00f8te med leiinga ved H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet og med leiinga ved Universitetet i Bergen. Blant tema vi diskuterte med H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet var studieportef\u00f8lje og gjennomf\u00f8ringsgrad p\u00e5 masterutdanningar. Dette med gjennomf\u00f8ringsgrad har HVL arbeidd med i mange program og vi hadde nyttige erfaringsutvekslingar. Med Universitetet i Bergen snakka vi mest om samarbeid om doktorgradsutdanningar og om internasjonal utveksling. B\u00e5de internasjonal utveksling og samarbeidsavtalar b\u00f8r ta utgangspunkt i faglege samarbeid p\u00e5 forskarniv\u00e5 var eitt av bodskapa vi tok med oss.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Student- og festivallivet i Volda<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Det har vore veldig kjekt \u00e5 sj\u00e5 korleis studentmilj\u00f8et i Volda har vakna til live igjen v\u00e5ren 2022. Studentveka, X2-festivalen og dokumentarfilmfestivalen har hatt godt bes\u00f8k og vore vellukka arrangement. No st\u00e5r snart Bygdepride for d\u00f8ra, og det er ogs\u00e5 arrangement som studentane er opptekne av. Til hausten blir det Fadderveke og animasjonsfestival, og her er arbeidet godt i gang. S\u00e5 no kan vi sj\u00e5 framover igjen etter pandemien og glede oss over at livet g\u00e5r som normalt igjen.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>50-\u00e5rs markeringar<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>B\u00e5de sosialfaga og mediefaga har hatt sine 50 \u00e5rs markeringar no v\u00e5ren 2022. Dette var blant dei f\u00f8rste studia som starta p\u00e5 den splitte nye Distriktsh\u00f8gskulen i Volda hausten 1971. Som vi forst\u00e5r m\u00e5tte jubileumsmarkeringane utsettast fr\u00e5 2021 til 2022. Men det er inspirerande \u00e5 sj\u00e5 at tidlegare studentar kjem tilbake til Alma Mater som det heiter, og somme fortel at studie\u00e5ra i Volda var dei beste \u00e5ra i deira liv. Og fleire fortalde ogs\u00e5 om at det var i Volda dei m\u00f8tte kvinna &#8211; eller mannen &#8211; i sitt liv. Snart skal ogs\u00e5 historie markere sine 50 \u00e5r som studium ved H\u00f8gskulen.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi har ogs\u00e5 f\u00e5tt f\u00f8respurnad fr\u00e5 tidlegare l\u00e6rarstudentar som m\u00e5tte utsette 60 \u00e5rs jubileet sitt i to \u00e5r &#8211; men dei skal seinare i v\u00e5r feire at det var 62 \u00e5r sidan dei tok l\u00e6rarutdanning p\u00e5 Volda l\u00e6rarskule!<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Konferanse i \u00c5lesund<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Samtidig som det er styrem\u00f8te for H\u00f8gskulen i Volda er det ogs\u00e5 start p\u00e5 ein internasjonal forskarkonferanse som blir arrangert i samarbeid mellom UH-milj\u00f8a i Volda, \u00c5lesund og Molde. Konferansestad er \u00c5lesund og professor Knut-Willy S\u00e6ther ved H\u00f8gskulen i Volda er fagleg ansvarleg for konferansen i kraft av at han er visepresident i ESSSAT, European<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>P\u00e5 kvart styrem\u00f8te gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret b\u00f8r kjenne til. Desse orienteringane vert ogs\u00e5 lagt ut her p\u00e5 rektorbloggen. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved H\u00f8gskulen i Volda.&nbsp;Rektor skriv ogs\u00e5 eit nyhendebrev som vert &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/05\/05\/orientering-til-hogskulestyret-styremote-5-5-2022\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Orientering til h\u00f8gskulestyret, styrem\u00f8te 5.5.2022<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3392"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3392"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3392\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3394,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3392\/revisions\/3394"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3392"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3392"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3392"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}