{"id":3331,"date":"2022-03-15T08:23:00","date_gmt":"2022-03-15T07:23:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=3331"},"modified":"2022-03-23T09:09:39","modified_gmt":"2022-03-23T08:09:39","slug":"nynorsk-og-engelsk-klarsprak-og-kvalitet-og-litt-om-dilemma","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/03\/15\/nynorsk-og-engelsk-klarsprak-og-kvalitet-og-litt-om-dilemma\/","title":{"rendered":"Nynorsk og engelsk, klarspr\u00e5k og kvalitet. Og litt om dilemma."},"content":{"rendered":"\n<p><em><a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/nettseminar-om-spraklova-og-tilhovet-mellom-engelsk-og-norsk-akademia\">Kommentar i h\u00f8ve nettseminar om spr\u00e5klova og tilh\u00f8vet mellom engelsk og norsk i akademia, 15. mars 2022.<\/a><\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Min eigen bakgrunn gjer at dette med spr\u00e5k eigentleg er sv\u00e6rt enkelt: Nynorsk er eit naturleg val. Vidare b\u00f8r ein skrive s\u00e5 lettforst\u00e5eleg og tydeleg som muleg. Klar og tydeleg nynorsk f\u00f8rer oss langt i retning av god spr\u00e5kleg kvalitet, men som vi veit kan ogs\u00e5 spr\u00e5kleg kvalitet vere like vanskeleg \u00e5 definere som anna kvalitet. Endeleg s\u00e5 meiner eg vi b\u00f8r skrive (ny)norsk n\u00e5r vi kan og engelsk n\u00e5r vi m\u00e5. Vi er ein del av den store verda og det er ikkje alle som kjenner Ivar Aasen. Dessverre. <\/p>\n\n\n\n<p>Desse fire m\u00e5la: Nynorsk, klarspr\u00e5k, spr\u00e5kleg kvalitet og eit medvite forhold til engelsk finn vi ogs\u00e5 st\u00f8tte for i H\u00f8gskulen i Voldas overordna dokument som handlar om spr\u00e5k.  <\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen i Volda har vedtatt <a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/sites\/default\/files\/documents\/1900914-11-sprakpolitiske-retningslinjer-hogskulen-volda-3661682955770.pdf\">eigne spr\u00e5kpolitiske retningsliner<\/a> &#8211; dei byggjer p\u00e5 &laquo;Lov om spr\u00e5k (spr\u00e5klova) som vart vedtatt i 2021. Her er eit viktig avsnitt i retningslinene v\u00e5re: <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"221\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-1024x221.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-3332\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-1024x221.png 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-300x65.png 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-768x166.png 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image.png 1296w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen har i 2021 vedtatt <a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/sites\/default\/files\/documents\/strategiplan2022final.pdf\">ny strategiplan<\/a>. Den er skriven p\u00e5 nynorsk og spr\u00e5k er omtala i bolken som handlar om profil:<\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p>&laquo;Vi tek eit s\u00e6rleg ansvar for \u00e5 bevare og utvikle nynorsk spr\u00e5k og skriftkultur.&raquo;<\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p>S\u00e5 kunne ein kanskje tru at med lova p\u00e5 plass, strategiplan p\u00e5 plass og spr\u00e5kpolitiske retningsliner p\u00e5 plass s\u00e5 er det meste avklara? <\/p>\n\n\n\n<p>Hadde det vore slik, s\u00e5 hadde vi nok ikkje arrangert to seminar om spr\u00e5k ved H\u00f8gskulen i Volda i mars 2022. Det f\u00f8rste den 15. mars har dei nasjonale perspektiva og bruk av engelsk som tema &#8211; men om f\u00e5 dagar skal vi ha eit nytt seminar &#8211; og d\u00e5 handlar det om oss sj\u00f8lve. Om spr\u00e5k i den praktiske kvardagen. Og det handlar b\u00e5de om \u00e5 gjere lova og retningslinene kjende &#8211; og \u00e5 f\u00f8lgje dei opp i kvardagen. <\/p>\n\n\n\n<p>Og sj\u00f8lv om spr\u00e5k og spr\u00e5kval kanskje er lett for meg, s\u00e5 er det nok ikkje det for alle. Og ser eg ogs\u00e5 dilemma knytt til eit nynorsk klarspr\u00e5ksprogram. Her vil eg pr\u00f8ve \u00e5 diskutere litt dilemma knytt til alle dei fire m\u00e5la: <\/p>\n\n\n\n<ul><li>Nynorsk<\/li><li>Klarspr\u00e5k<\/li><li>Spr\u00e5kleg kvalitet<\/li><li>Engelsk<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p><strong>Nynorsk:<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Noko av det f\u00f8rste eg opplevde av faglege forventningar d\u00e5 eg tok til som rektor tilbake i 2015 var at ein del representantar fr\u00e5 m\u00e5lr\u00f8rsla viste seg \u00e5 vere sm\u00e5kritiske til H\u00f8gskulen i Volda. Ikkje for kva vi gjorde, men kva vi ikkje gjorde for nynorsk. Eg m\u00f8tte klare forventningar til at H\u00f8gskulen i Volda skulle vere offensiv og kreve at studentar &#8211; ikkje berre p\u00e5 norsk &#8211; men ogs\u00e5 i medieutdanningane &#8211; skulle skrive og formidle b\u00e5de p\u00e5 nynorsk og bokm\u00e5l. Eller end\u00e5 meir konkret: I sin lokaljournalistikk burde dei skrive p\u00e5 nynorsk, og H\u00f8gskulen i Volda burde stille det som arbeidskrav.<\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>Svaret mitt var at H\u00f8gskulen i Volda heller burde f\u00e5 hjelp og st\u00f8tte fordi vi er medieutdanninga som har klart mest nynorsk i kvardagen, i administrasjonen, p\u00e5 pensum og ikkje minst i milj\u00f8et rundt utdanninga. Og med brei aksept for b\u00e5de nynorsk og dialekt i kringkastingspr\u00e5ket i Noreg s\u00e5 vert medieutdanningane ved H\u00f8gskulen i Volda ein viktig leverand\u00f8r av nynorskbrukarar inn i norsk medieverd og dermed norsk kvardag. <\/p>\n\n\n\n<p>Ein konsekvens av at vi rekrutterer nasjonalt er at vi ogs\u00e5 f\u00e5r studentar som ikkje h\u00f8yrer til det nynorske kjerneomr\u00e5det. Dei brukar bokm\u00e5l. Men eg h\u00e5per og trur at dei ved \u00e5 studere ved H\u00f8gskulen i Volda kan f\u00e5 sj\u00e5 kor godt nynorsk fungerer som kvardagsspr\u00e5k &#8211; og at dei ogs\u00e5 i utdanninga si kjem opp i situasjonar der dei sj\u00f8lve vel \u00e5 skrive p\u00e5 nynorsk fordi det er mest effektivt, til d\u00f8mes om du skal skrive tekster som ein nynorskbrukande kollega skal ha. Slik kan det fort bli i kvardagen n\u00e5r v\u00e5re kandidatar skal arbeide i ein kringkastar &#8211; eller i ein kommune. <\/p>\n\n\n\n<p>Dette sp\u00f8rsm\u00e5let dukkar ogs\u00e5 opp n\u00e5r vi skal marknadsf\u00f8re H\u00f8gskulen i Volda, fortelje nye generasjonar av studentar om kva studietilbod og fagmilj\u00f8 vi har, og kvifor dei b\u00f8r vurdere \u00e5 kome til Volda. Skal vi marknadsf\u00f8re oss berre p\u00e5 nynorsk spr\u00e5k? D\u00e5 f\u00e5r vi ikkje mykje drahjelp fr\u00e5 Google og andre sosiale media &#8211; som ikkje n\u00f8dvendigvis forst\u00e5r at dei som leitar etter utdanning meiner det same om dei s\u00f8ker etter l\u00e6rarutdanning eller l\u00e6rerutdanning. <\/p>\n\n\n\n<p>Oppskrifta er nok i praksis \u00e5 kj\u00f8pe seg reklameplass p\u00e5 bokm\u00e5l &#8211; og s\u00e5 f\u00f8re framtidige studentar inn p\u00e5 den rette og smale vegen &#8211; til v\u00e5re nettsider p\u00e5 nynorsk.  <\/p>\n\n\n\n<p>Men er vi framleis ein nynorskinstitusjon? I m\u00f8rke stunder har eg mine tvil:<\/p>\n\n\n\n<p>Ein del av arbeidet mitt som rektor har heilt fram til no vore \u00e5 signere p\u00e5 vitnem\u00e5l, p\u00e5 papir, og her ser eg blant anna kva m\u00e5lform studentane st\u00e5r oppf\u00f8rt med. Det er diverre ikkje lysteleg lesing for oss som meiner at nynorsk burde vere eit sj\u00f8lvsagt val, ikkje berre p\u00e5 Sunnm\u00f8re.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-3.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"653\" height=\"298\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-3.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-3335\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-3.png 653w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2022\/03\/image-3-300x137.png 300w\" sizes=\"(max-width: 653px) 100vw, 653px\" \/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<p>Studentar p\u00e5 l\u00e6rarutdanningane er kanskje 80-90 prosent fr\u00e5 Sunnm\u00f8re, men eg er redd for at det berre er kanskje 20-30 prosent som har nynorsk som m\u00e5lform p\u00e5 vitnem\u00e5la. P\u00e5 medieutdanningane rekrutterer vi nasjonalt, og her er talet p\u00e5 nynorskbrukarar end\u00e5 l\u00e5gare &#8211; under 10 prosent i alle fall i ein bunke som eg signerte p\u00e5 i fjor.<\/p>\n\n\n\n<p>Men kanskje handlar dette ikkje berre om aktive val fr\u00e5 studentanes side, men ogs\u00e5 om systematikken i systemet som ligg bakom. Alts\u00e5 i Kunnskapsdepartementets IT-l\u00f8ysingar. Eg fekk ein sterk mistanke om det d\u00e5 eg skulle signere p\u00e5 vitnem\u00e5la til studentane som hadde teke mastergrad i nynorsk skriftkultur. Desse hadde skrive masteroppg\u00e5ve p\u00e5 nynorsk, om sp\u00f8rsm\u00e5l som er viktige for nynorsk. Men faktisk viste det seg at ogs\u00e5 desse hadde f\u00e5tt vitnem\u00e5l p\u00e5 bokm\u00e5l.<\/p>\n\n\n\n<p>Studieadministrasjonen ved H\u00f8gskulen i Volda tok kontakt med Samordna opptak og Felles studentsystem, og det viser seg at val av m\u00e5lform er til ein viss grad valt av dei store datasystema. Ein variant var at m\u00e5lform vart automatisk valt ut fr\u00e5 kva spr\u00e5k som var valt i nettlesaren til den som skulle registrere seg som student.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 det er godt muleg at andelen nynorskstudentar ved H\u00f8gskulen i Volda er h\u00f8gare enn det tal fr\u00e5 dei store studentregistra kan tyde p\u00e5. Og naturlegvis vil det gjelde ogs\u00e5 for andre h\u00f8gskular og universitet. <\/p>\n\n\n\n<ul><li>Kunnskapsdepartementet b\u00f8r som overordna organ b\u00e5de for h\u00f8gskular og universitet, for Samordna opptak og for digitaliseringa i sektoren ta ansvar for \u00e5 legge til rette for at nynorsk som det minst bruka norske spr\u00e5ket blir valt av studentar og ikkje blir offer for teknologiske raritetar.&nbsp; Til d\u00f8mes ved \u00e5 la nynorsk vere automatisk f\u00f8rehandsval, og ein m\u00e5 aktivt velgje bokm\u00e5l &#8211; no ser det ut til \u00e5 ha vore omvendt &#8211; i alle fall for ein del studentar i ei viss tid. <\/li><\/ul>\n\n\n\n<p><strong>Klarspr\u00e5k:<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Retningslinene v\u00e5re seier ogs\u00e5 at spr\u00e5ket v\u00e5rt skal vere klart og tydeleg &#8211; og dermed forst\u00e5eleg.<\/p>\n\n\n\n<p>Er det ogs\u00e5 dilemma knytt til klarspr\u00e5k? Det trur eg vi alle opplever kvar einaste dag. \u00c5 snakke &#8211; eller skrive &#8211; rett fr\u00e5 levra er ofte framheva som eit litt artig ideal. Men treff ikkje alle alltid. Kanskje kan det i somme h\u00f8ve vere n\u00f8dvendig \u00e5 vere litt vag og opne for tolkingar. B\u00e5de for den som skriv og den som les?<\/p>\n\n\n\n<p>Dessverre trur eg at n\u00e5r tekstar er uklare s\u00e5 er det meir p\u00e5 grunn av at: Det uklart tenkte er det uklart sagte, eller skrivne. Eller at ein ikkje har lagt nok arbeid i \u00e5 skrive teksten.<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Vi sparer mykje tid p\u00e5 \u00e5 skrive klart og tydeleg, sj\u00f8lv om det ogs\u00e5 kan vere risikabelt. <\/li><\/ul>\n\n\n\n<p><strong>Kvalitet:<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Ein ha venta at akademikarar har gode nok spr\u00e5klege kunnskapar til at dei skulle kunne&nbsp; skrive godt, alltid.<\/p>\n\n\n\n<p>Eit opplagt dilemma er tid og pengar. Det tek meir tid \u00e5 lese gjennom dokument i fleire omgangar. Det kostar pengar \u00e5 leige inn spr\u00e5kvaskarar, anten det er p\u00e5 norsk eller engelsk eller andre spr\u00e5k. Men p\u00e5 den andre sida: Det kostar pengar \u00e5 klare opp i mistydingar ogs\u00e5. <\/p>\n\n\n\n<p>Ein m\u00e5te \u00e5 sikre spr\u00e5kleg kvalitet p\u00e5 er \u00e5 bruke profesjonell korrekturhjelp p\u00e5 s\u00e6rleg viktige dokument. Det gjer H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet, og det gjer vi ogs\u00e5 p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda med \u00e5rsrapporten v\u00e5r og ein del andre sentrale dokument, spesielt dei som mange skal lese eller ha lang levetid.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 styredokumenta er det alltid fleire som les gjennom papira f\u00f8r dei blir sende ut. Eit konkret spr\u00e5kleg kvalitetstiltak.<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Alle burde tenke gjennom kva dokument som er s\u00e6rleg viktige \u00e5 ha god spr\u00e5kleg kvalitet i, og \u00e5 bruke tid p\u00e5 \u00e5 arbeide skikkeleg med dei. Slike dokument vil ofte tene som f\u00f8red\u00f8me for andre dokument, anten det no er gjennom klipp og lim eller p\u00e5 meir avansert vis.<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p><strong>Engelsk:<\/strong> <\/p>\n\n\n\n<p>I heile verda ser vi at engelsk tek over som daglegspr\u00e5k p\u00e5 fleire og fleire omr\u00e5de. Det kan kallast domenetap, n\u00e5r norsk g\u00e5r ut av bruk p\u00e5 eit omr\u00e5de og engelsk tek over. Til fleire domene som g\u00e5r tapt, til veikare vil eit spr\u00e5k bli. Er norsk tapt som vitskapleg spr\u00e5k? Eg h\u00e5per ikkje det.<\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5r norske forskarar skal skrive vitskaplege artiklar s\u00e5 vel norske forskarar engelsk i 9 av 10 tilfelle. Mindre enn 1 av 10 vitskaplege artiklar vert alts\u00e5 skrive p\u00e5 norsk. Og i dette bildet snakkar vi fort om promiller n\u00e5r det gjeld artiklar p\u00e5 nynorsk.<\/p>\n\n\n\n<p>Dette er ikkje nytt. Tidlegare har b\u00e5de latin, fransk og tysk hatt same rolla som engelsk har i dag &#8211; vi m\u00e5 forst\u00e5 kvarandre p\u00e5 tvers av land- og spr\u00e5kgrenser for \u00e5 utvikle vitskapen, for \u00e5 lage ny kunnskap.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Men vi har ogs\u00e5 forsterka denne utviklinga gjennom tellekantsystemet v\u00e5rt der forskingsresultat p\u00e5 engelsk f\u00e5r h\u00f8gare sk\u00e5re enn norske bidrag.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi trur at engelsk er s\u00e5 bra, men slik er det ikkje n\u00f8dvendigvis. Eit passande d\u00f8me p\u00e5 det er ordet: Campus. Sv\u00e6rt mange brukar det, men ingen kan eigentleg heilt definere presist og dermed blir det brukt med veldig ulikt innhald. I Volda har campus p\u00e5 folkemunne vorte ein idrettshall: Volda Campus Sparebank1 Arena. Internt p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda har vi tillegg mulege variantar som handlar om heile h\u00f8gskuleomr\u00e5det, husa p\u00e5 h\u00f8gskuleomr\u00e5det eller berre innand\u00f8rs, alts\u00e5 innomhus p\u00e5 h\u00f8gskulen. Hendig ord som kan brukast til s\u00e5 mykje og betyr s\u00e5 lite (\u00e5tvaring: Ironi!) <\/p>\n\n\n\n<p><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2019\/03\/01\/nei-til-campus-ja-til\/\">Eg har tidlegare skrive eit blogginnlegg om bruken av &laquo;campus&raquo;.<\/a><\/p>\n\n\n\n<p>Vi har ei ny regjering no som har eit breiare perspektiv p\u00e5 desse sp\u00f8rsm\u00e5la, og kanskje kan vi f\u00e5 ei oppjustering av artiklar p\u00e5 norsk, eller kanskje aller helst nynorsk og samisk? Tellekantsystemet er alt komplisert. Ein tidlegare kunnskapsminister innf\u00f8rte kreativ kvadratrotgymnastikk for \u00e5 n\u00e5 sine politiske m\u00e5l. S\u00e5 \u00e5 innf\u00f8re ein nynorsk og samisk potens som motyting for engelske kvadratr\u00f8ter ville vere eit steg i rett retning! <\/p>\n\n\n\n<p>Eit anna problem med engelsk er rekruttering: Kva skal vi kreve av utanlandske tilsette &#8211; kva skal reknast som god nok kunnskap i norsk to \u00e5r etter tilsetting? I heile sektoren trur eg dette er eit delvis sovande krav &#8211; sj\u00f8lv om det heilt sikkert finst d\u00f8me p\u00e5 tilsette som ikkje f\u00e5r halde fram etter seks m\u00e5nader &#8211; eller to \u00e5r &#8211; p\u00e5 grunn av manglande norskkunnskapar. <\/p>\n\n\n\n<p>Eg trur det b\u00f8r utgreiast ei nasjonal ordning, nasjonale krav, for norskkunnskapar til forskarar i h\u00f8gare utdanning &#8211; men minst like viktig er gode kurstilbod til dei.  <\/p>\n\n\n\n<p>Kontrasten mellom manglande eller uklare krav til forskarar og krava til studentar er noks\u00e5 stor: Ved H\u00f8gskulen i Volda har vi eit eitt\u00e5rig studietilbod: <a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/studietilbod\/norwegian-language-and-civilization-international-students-nis\/haust\">Norsk for internasjonale studentar<\/a>. Den fullstendige tittelen er: Norwegian language and civilization for international students (NIS). <\/p>\n\n\n\n<p>Her m\u00e5 studentar p\u00e5 eitt \u00e5r l\u00e6re seg norsk s\u00e5 godt at dei kan g\u00e5 vidare p\u00e5 bachelor- eller masterutdanningar med norsk som oppl\u00e6ringsspr\u00e5k. Og det er slett ikkje alle som klarer \u00e5 gjennomf\u00f8re dette heiltidsstudiet med godt nok resultat.<\/p>\n\n\n\n<p>Finansieringa av studiet har vore utfordrande for oss i mange \u00e5r. Den f\u00f8rre regjeringa endra finansieringsordninga for studiet utan \u00e5 kome med alternativ finansiering. Fagmilj\u00f8et ved H\u00f8gskulen i Volda har prioritert \u00e5 halde i gang studiet, og studiet har alltid hatt sv\u00e6rt h\u00f8g s\u00f8king og mange studentar.<\/p>\n\n\n\n<p>No n\u00e5r krigen kom til Ukraina og dermed til oss, s\u00e5 sp\u00f8r Kunnskapsdepartementet spesifikt om det er muleg for oss \u00e5 &laquo;hurtig oppskalere&raquo; (litt av eit spr\u00e5k) tilbodet i norskoppl\u00e6ring av utanlandske studentar. Ja, fordi vi har eit studietilbod fr\u00e5 f\u00f8r s\u00e5 kan vi gjere det &#8211; men hadde vi ikkje hatt dette tilbodet hadde vi ikkje kunna gjort det.<\/p>\n\n\n\n<p>Spr\u00e5k m\u00e5 ogs\u00e5 finansierast &#8211; ikkje berre n\u00e5r det er krig. <\/p>\n\n\n\n<p>Store eller sm\u00e5 dilemma: Vi m\u00e5 finne l\u00f8ysingar p\u00e5 dei i kvardagen, og eg h\u00e5per og trur at vi ved \u00e5 snakke om dei finn dei gode svara. For djupast sett har vi berre ein verkeleg god m\u00e5te \u00e5 finne kunnskap og semje enn &#8211; gjennom spr\u00e5ket. Og helst nynorsk.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kommentar i h\u00f8ve nettseminar om spr\u00e5klova og tilh\u00f8vet mellom engelsk og norsk i akademia, 15. mars 2022. Min eigen bakgrunn gjer at dette med spr\u00e5k eigentleg er sv\u00e6rt enkelt: Nynorsk er eit naturleg val. Vidare b\u00f8r ein skrive s\u00e5 lettforst\u00e5eleg og tydeleg som muleg. Klar og tydeleg nynorsk f\u00f8rer oss langt i retning av god &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2022\/03\/15\/nynorsk-og-engelsk-klarsprak-og-kvalitet-og-litt-om-dilemma\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Nynorsk og engelsk, klarspr\u00e5k og kvalitet. Og litt om dilemma.<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[31,272,19,271],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3331"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3331"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3331\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3344,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3331\/revisions\/3344"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3331"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3331"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3331"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}