{"id":329,"date":"2015-09-25T13:00:13","date_gmt":"2015-09-25T11:00:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=329"},"modified":"2015-09-25T13:00:13","modified_gmt":"2015-09-25T11:00:13","slug":"skal-tausakjerringa-inn-i-kollektiv","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/09\/25\/skal-tausakjerringa-inn-i-kollektiv\/","title":{"rendered":"Skal tausakjerringa inn i kollektiv?"},"content":{"rendered":"<p><em>(Kommentar i N\u00e6ravisa 25. september 2015)<\/em><\/p>\n<p>Kunnskapsministeren har starta ein strukturprosess i h\u00f8gare utdanning. Det papirknitrande ordet \u00abStrukturprosess\u00bb reiser veldig store sp\u00f8rsm\u00e5l for H\u00f8gskulen i Volda. Skal h\u00f8gskulen halde fram som sj\u00f8lvstendig h\u00f8gskule? Skal h\u00f8gskulen g\u00e5 inn i alliansar med andre? Skal h\u00f8gskulen bli ein del av eit universitet eller ein ny h\u00f8gskule som er samansett av to eller fleire mindre h\u00f8gskular?<\/p>\n<p>Dette er store og vanskelege sp\u00f8rsm\u00e5l. Det er ikkje s\u00e5 rart at mange debattantar har forenkla det heile til ein kveld p\u00e5 Rokken. Kven dansar med kven? Kven g\u00e5r heim i lag? Og kven m\u00e5 g\u00e5 aleine? Det har sett ut til at mange statlege h\u00f8gskular skulle finne ein \u2013 eller fleire \u2013 partnarar. Til d\u00f8mes blir h\u00f8gskulane i \u00c5lesund, Gj\u00f8vik og S\u00f8r-Tr\u00f8ndelag fr\u00e5 1. januar 2016 ein del av NTNU. Men somme forhold har ogs\u00e5 havarert. Drama!<\/p>\n<p>I Volda er det ei gate som offisielt heiter Lensmann Smiths gate. <a href=\"http:\/\/nernett.no\/article\/19585\">P\u00e5 folkemunne heiter ho berre Tausakjerringsgata.<\/a> Ei tausakjerring var ei eldre ugift kvinne \u2013 underforst\u00e5tt ei som ikkje hadde lukkast med \u00e5 finne seg ein mann. Tausakjerring, attegl\u00f8yme eller veggpryd. Det h\u00f8yrest ikkje s\u00e5 bra ut. Er H\u00f8gskulen i Volda i ferd med \u00e5 bli ei tausakjerring i h\u00f8gskulenoreg? Ei prippen gammal jomfru som avviser friarar og ikkje vil vere med i dansen?<\/p>\n<p>Tausakjerring er eit ord fr\u00e5 ei tid d\u00e5 singel berre betydde sm\u00e5stein og einaste mulege partnar var ein av motsett kj\u00f8nn. Men som ei rekkje nyare levek\u00e5rsunders\u00f8kingar viser: Single kvinner har det i grunnen kjempebra! S\u00e5 kanskje har dagens tausakjerringar det langt betre enn meds\u00f8stre som meir eller mindre friviljug har vorte tvinga inn i polygamiske forhold \u2013 som ein av mange institusjonar under eit dominerande universitet. Om det er slik i h\u00f8gskulenoreg vil berre tida vise \u2013 s\u00e5 sant det vil finnast sj\u00f8lvstendige h\u00f8gskular \u00e5 samanlikne med.<\/p>\n<p>Men Kunnskapsdepartementet har ikkje god tid. Departementet har tid til \u00e5 vente p\u00e5 resultata av dei f\u00f8rste fusjonane og seier klart og tydeleg fr\u00e5 om at dei \u00f8nskjer at alle dei minste h\u00f8gskulane b\u00f8r inng\u00e5 i partnarskap snarast r\u00e5d. Vekk med tausakjerringane!<\/p>\n<p>Leiinga ved H\u00f8gskulen i Volda har det siste halv\u00e5ret utforska meir moderne samlivsformer som alternativ til aleinegang eller polygami. Vi har utforska ein h\u00f8gskuleallianse. Ein kan samanlikne alliansen med eit kollektiv. I eit kollektiv m\u00e5 alle betale litt for \u00e5 bu under same tak og s\u00e5 deler ein p\u00e5 fellesgoder og funksjonar som internett, kj\u00f8ken og bad. Men i tillegg \u00f8nskjer ein ogs\u00e5 \u00e5 gjere kjekke ting i lag, og \u00e5 l\u00e5ne kompetanse og ressursar fr\u00e5 kvarandre.\u00a0 Slik er det vi ser f\u00f8re oss eit samarbeid \u2013 ein h\u00f8gskuleallianse. F\u00f8rebels er det h\u00f8gskulane i Molde, Volda og Lillehammer som har starta med \u00e5 finne ut korleis kollektivet kan fungere.<\/p>\n<p>Vi er no inne i ein kjempespennande prosess der vi skal finne ut korleis kollektivet skal sj\u00e5 ut, kva det skal koste, kva vi skal dele p\u00e5 og kva vi skal samarbeide om. Og kanskje blir det ogs\u00e5 fleire som har lyst til \u00e5 bu i kollektivet? Kanskje fleire h\u00f8gskular vil inn i alliansen.<\/p>\n<p>Kunnskapsminister Isaksen har stilt ni \u2013 kanskje 12 \u2013 kvalitetskrav til h\u00f8gskular som har tenkt \u00e5 halde fram aleine utan \u00e5 fusjonere med andre h\u00f8gskular og universitet. Kollektivet av h\u00f8gskular m\u00e5 syne fram korleis dei i fellesskap skal svare p\u00e5 desse kvalitetskrava.<\/p>\n<p>For studentar kan det vere verd \u00e5 merke seg at sv\u00e6rt mange av desse kriteria handlar nettopp om &#8211; studentar. Tal p\u00e5 s\u00f8kjarar, tidsbruk p\u00e5 studering, gjennomf\u00f8ring av studia, opplevd studiekvalitet, rettleiing og undervisning og involvering i forskingsprosjekt vil bli brukt som kvalitetsm\u00e5l. I tillegg kjem andre kriterier som forskingspublisering og samhandling med samfunnet.<\/p>\n<p>Studentane si oppleving av H\u00f8gskulen i Volda vil bli m\u00e5lt gjennom det s\u00e5kalla Studiebarometeret. H\u00f8gskulen har nok ikkje teke Studiebarometeret s\u00e6rleg alvorleg tidlegare. Det har rett og slett vore veldig f\u00e5 studentar som har brukt 10-20 minutt av studietida p\u00e5 \u00e5 gje si vurdering av eigen h\u00f8gskule. Det trur eg er synd for H\u00f8gskulen i Volda. Det betyr b\u00e5de at vi g\u00e5r glipp av tal som kan hjelpe h\u00f8gskulen til \u00e5 bli betre \u2013 og s\u00e5 h\u00e5par og trur eg at h\u00f8gskulen eigentleg vil score godt p\u00e5 dei fleste sp\u00f8rsm\u00e5la i Studiebarometeret. Det synte seg i alle fall ved H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane i 2014 \u2013 dei fekk b\u00e5de h\u00f8g svarprosent og gode tal \u00e5 vise til.<\/p>\n<p>Singelliv, polygami eller kollektiv? Til sjuande og sist er det styret ved H\u00f8gskulen i Volda som skal bestemme dette. Styret er nytt og hadde sitt f\u00f8rste m\u00f8te i g\u00e5r, torsdag 24. september. Strukturdebatten er det viktigaste sp\u00f8rsm\u00e5let h\u00f8gskulestyret har f\u00e5tt p\u00e5 bordet sidan 1994. Eg h\u00e5per og trur at det nye styret vil sette seg godt inn i saka og vurdere n\u00f8ye kva som er best for h\u00f8gskulen.<\/p>\n<blockquote><p>Hastebryllup vert sjeldan lukkelege \u2013 d\u00e5 er det betre \u00e5 vere tausakjerring litt lenger.<\/p><\/blockquote>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>(Kommentar i N\u00e6ravisa 25. september 2015) Kunnskapsministeren har starta ein strukturprosess i h\u00f8gare utdanning. Det papirknitrande ordet \u00abStrukturprosess\u00bb reiser veldig store sp\u00f8rsm\u00e5l for H\u00f8gskulen i Volda. Skal h\u00f8gskulen halde fram som sj\u00f8lvstendig h\u00f8gskule? Skal h\u00f8gskulen g\u00e5 inn i alliansar med andre? Skal h\u00f8gskulen bli ein del av eit universitet eller ein ny h\u00f8gskule som er &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/09\/25\/skal-tausakjerringa-inn-i-kollektiv\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Skal tausakjerringa inn i kollektiv?<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/329"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=329"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/329\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":331,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/329\/revisions\/331"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=329"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=329"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=329"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}