{"id":3192,"date":"2021-10-20T18:53:24","date_gmt":"2021-10-20T16:53:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=3192"},"modified":"2021-10-20T18:53:24","modified_gmt":"2021-10-20T16:53:24","slug":"orientering-til-hogskulestyret-styremote-21-10-2021-alesund","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2021\/10\/20\/orientering-til-hogskulestyret-styremote-21-10-2021-alesund\/","title":{"rendered":"Orientering til h\u00f8gskulestyret, styrem\u00f8te 21.10.2021, \u00c5lesund"},"content":{"rendered":"\n<p><em>P\u00e5 kvart styrem\u00f8te gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret b\u00f8r kjenne til. Desse orienteringane vert ogs\u00e5 lagt ut p\u00e5 rektorbloggen.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved H\u00f8gskulen i Volda.&nbsp;<a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/om-hogskulen-volda\/nyhendebrev\">Rektor skriv ogs\u00e5 eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte<\/a>. Nyhendebreva er tilgjengelege p\u00e5 nettsidene v\u00e5re og alle som vil kan f\u00e5 tilsendt nyhendebrevet \u2013 ein gong i veka.<\/p>\n\n\n\n<p>Hovudpunkta i orienteringa i dette m\u00f8tet er:<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Livet i studentbygda<\/li><li>Etatstyringsm\u00f8te i 2022<\/li><li>Status for NOKUT-tilsynet av kvalitetssystemet til HVO<\/li><li>Grunnskulel\u00e6rarutdanning i lys av Hurdalsplattforma (regjeringserkl\u00e6ringa)<\/li><li>Samarbeid med andre institusjonar<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Det er kjekt \u00e5 sj\u00e5 at studentlivet og kultur- og idrettslivet i Volda har teke seg opp etter opninga. <a href=\"http:\/\/www.rokken.no\">Studenthuset Rokken<\/a> gjekk fr\u00e5 null arrangement i haust til nesten daglege arrangement i oktober og november, s\u00e5 studentmilj\u00f8et er p\u00e5 veg oppover. Og det kan vi alle vere sv\u00e6rt glade for.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi har f\u00e5tt beskjed om at vi skal ha etatstyringsm\u00f8te ogs\u00e5 i 2022. Vi har ikkje f\u00e5tt dato for dette enno, men det brukar \u00e5 vere i juni. Kunnskapsdepartementet hadde planlagt \u00e5 ha eit etatstyringsm\u00f8te for 2021 i Volda, men det vart p\u00e5 video &#8211; s\u00e5 kanskje f\u00e5r vi bes\u00f8k av Kunnskapsdepartementet i juni 2022. <\/p>\n\n\n\n<p><em>Status for <\/em><em>NOKUT-tilsynet<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Som tidlegare meldt til styret, og som det g\u00e5r fram av styresaka om kvalitetsmeldinga s\u00e5 har vi f\u00e5tt frist til 31.12.2021 med \u00e5 ettersende periodiske studieprogramevalueringar til NOKUT &#8211; det er dette som manglar i NOKUTs akkreditering av h\u00f8gskulens kvalitetssystem.&nbsp;<br \/><br \/>Det vert arbeidd godt i dei utpeika studieprogramma, og arbeidet er i rute. Prorektor, studiedirekt\u00f8r og dekan f\u00f8lgjer prosessen tett opp for \u00e5 sikre at vi f\u00e5r levere til NOKUT i god tid.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Grunnskulel\u00e6rarutdanning<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>I Hurdalsplattforma st\u00e5r det at krava til opptak p\u00e5 l\u00e6rarutdanning skal justerast, og vi trur dette i praksis betyr at kravet om 4 i matematikk vert justert ned. Det vil kunne f\u00f8re til fleire kvalifiserte s\u00f8karar til grunnskulel\u00e6rarutdanning.<\/p>\n\n\n\n<p>Hurdalsplattforma seier ogs\u00e5 at det skal kome ein gjennomgang av profesjonsutdanningar.<\/p>\n\n\n\n<p>Den nye regjeringa ser ikkje ut til \u00e5 ville oppheve nasjonale rammeplaner for grunnskulel\u00e6rarutdanning, men signala kan tyde p\u00e5 at dei nasjonale rammeplanane blir noko meir generelle i form enn dei er i dag. UHR L\u00e6rarutdanning og UHR styret f\u00f8lgjer n\u00f8ye med p\u00e5 utviklinga.<\/p>\n\n\n\n<p><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2021\/10\/14\/hurdalsplattforma-og-ny-minister-meir-konkurranse\/\">I rektorbloggen har eg kommentert regjeringsplattforma<\/a>.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Samarbeid med andre institusjonar<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>I samband med regjeringsforhandlingane vart H\u00f8gskulen i Volda v\/rektor med p\u00e5 eit initiativ overfor dei nye regjeringspartia som handla om \u00e5 endre p\u00e5 dei s\u00e6rnorske reglane for akkreditering av universitet. Initiativet kom fr\u00e5 H\u00f8gskolen Kristiania og i tillegg til Volda var ogs\u00e5 Molde, \u00d8stfold og Samisk H\u00f8gskole med.<\/p>\n\n\n\n<p>Resonnementet for min del er at om vi f\u00f8rst klarer \u00e5 gjennomf\u00f8rer v\u00e5re planar blant anna om ein ny ph.d.-grad og vi deretter f\u00e5r ei endring i regelverket for universitetsakkreditering, s\u00e5 vil Volda ein gong i framtida bli kalla universitet. S\u00e5 slik eg ser det er ikkje universitetsakkreditering eit m\u00e5l i seg sj\u00f8lv, men eit teikn p\u00e5 at har n\u00e5dd andre kvalitetsm\u00e5l i forsking og utdanning.<\/p>\n\n\n\n<p>Litt meir detaljert handlar dette s\u00e6rnorske kravet om at i Noreg m\u00e5 ein institusjon blant anna ha fire doktorgrader for \u00e5 kunne kalle seg universitet. Krava for \u00e5 bli med i European University Association&nbsp; er at institusjonen har ein doktorgrad, noko som ogs\u00e5 er kriteriet for vitskaplege h\u00f8gskular, som til d\u00f8mes H\u00f8gskolen i Molde.<\/p>\n\n\n\n<p>Men som vi veit f\u00f8lgjer det fortsatt ikkje auka l\u00f8yving fr\u00e5 KD med ei eventuell universitetsakkreditering.<\/p>\n\n\n\n<p>Innspelet viser truleg igjen i regjeringserkl\u00e6ringa p\u00e5 eit punkt der det st\u00e5r at regjeringa vil: &laquo;Gjennomg\u00e5 sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i h\u00f8gare utdanning.&raquo; Her er lenke til kronikken p\u00e5 Khrono:<br \/><a href=\"https:\/\/khrono.no\/saernorske-universitetsregler-ma-fjernes\/619007\">https:\/\/khrono.no\/saernorske-universitetsregler-ma-fjernes\/619007<\/a><\/p>\n\n\n\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let om universitetstatus og universitetsakkreditering vart ogs\u00e5 diskutert p\u00e5 styreseminaret som vi hadde i g\u00e5r, og det vil vere naturleg \u00e5 ta opp sp\u00f8rsm\u00e5let i organisasjonen. N\u00e5r og p\u00e5 kva m\u00e5te m\u00e5 vi kome tilbake til.<\/p>\n\n\n\n<p>Rektors leiargruppe &#8211; dekanm\u00f8tet &#8211; vurderer ein studietur til Bergen v\u00e5ren 2022. Vi har f\u00e5tt f\u00f8rebels positiv respons fr\u00e5 HVL og UiB om separate m\u00f8te med dei to institusjonane. Der vil det vere naturleg \u00e5 diskutere erfaringar og eventuelle samarbeid om masterutdanning, ph.d-utdanning og heilt sikkert ogs\u00e5 andre sp\u00f8rsm\u00e5l.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>P\u00e5 kvart styrem\u00f8te gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret b\u00f8r kjenne til. Desse orienteringane vert ogs\u00e5 lagt ut p\u00e5 rektorbloggen. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved H\u00f8gskulen i Volda.&nbsp;Rektor skriv ogs\u00e5 eit nyhendebrev som vert send &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2021\/10\/20\/orientering-til-hogskulestyret-styremote-21-10-2021-alesund\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Orientering til h\u00f8gskulestyret, styrem\u00f8te 21.10.2021, \u00c5lesund<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3192"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3192"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3192\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3194,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3192\/revisions\/3194"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3192"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3192"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3192"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}