{"id":246,"date":"2015-06-18T18:04:39","date_gmt":"2015-06-18T16:04:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=246"},"modified":"2015-06-20T14:39:42","modified_gmt":"2015-06-20T12:39:42","slug":"fjordkonferansen-viktig-regional-moteplass-men-kva-med-framtida","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/06\/18\/fjordkonferansen-viktig-regional-moteplass-men-kva-med-framtida\/","title":{"rendered":"Fjordkonferansen: Viktig regional m\u00f8teplass  &#8211; men kva med framtida?"},"content":{"rendered":"<p><a href=\"http:\/\/www.fjordkonferansen.no\">Fjordkonferansen<\/a> er ein forskingskonferanse for forskarar i M\u00f8re og Romsdal og Sogn og Fjordane. 18.-19. juni 2015 vart konferansen\u00a0arrangert for tredje gong. Det har vorte lagt fram heile 60 paper og deltakarane er\u00a0n\u00f8gde med det faglege innhaldet. At konferansen er ved <a href=\"http:\/\/www.alexandra.no\/\">Hotell Alexandra<\/a> i\u00a0Loen er heller ikkje eit minus.<\/p>\n<p>Sunnm\u00f8rsposten har gjeve Fjordkonferansen 2015 brei omtale:<br \/>\n<a href=\"http:\/\/www.smp.no\/nyheter\/article11222071.ece\">Trenger hverandre mer enn f\u00f8r<\/a> (19.06.2015)<br \/>\n<a href=\"http:\/\/www.smp.no\/nyheter\/article11221356.ece\">Forskerpris til M\u00f8reforsking (19.06.2015)<\/a><br \/>\n<a href=\"http:\/\/www.smp.no\/nyheter\/article11220998.ece\">Over 100 samlet til forskerkonferanse i Loen (18.06.2015)<br \/>\n<\/a><\/p>\n<p>Men vil det bli \u00a0arrangert ein Fjordkonferanse i 2016 &#8211; og kva med seinare \u00e5r?<\/p>\n<blockquote><p>Kva plass har\u00a0Fjordkonferansen\u00a0n\u00e5r h\u00f8gskulane p\u00e5 nordvestlandet er i ferd med \u00e5 g\u00e5 inn i samarbeid med\u00a0akt\u00f8rar utanfor regionen?<\/p><\/blockquote>\n<p><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/06\/fjordkonferansen.jpg\"> <img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone size-full wp-image-247\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/06\/fjordkonferansen.jpg\" alt=\"fjordkonferansen\" width=\"1010\" height=\"566\" \/><\/a><\/p>\n<p>\u00c5rets\u00a0konferanse har samla ca 100 forskarar fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal og Sogn og fjordane &#8211; og nokre fr\u00e5 andre stader.\u00a0Og det b\u00f8r\u00a0leggast vekt p\u00e5 at det er FORSKARAR\u00a0som har m\u00f8ttes. Deltakarane p\u00e5 konferansen la i 2015 fram i alt ca 50-60 forskingsarbeid (paper) for diskusjon og kritikk blant kolleger. Som forskingskonferanse kan ein sl\u00e5 fast at konferansen fungerer. Viktige premissar for konferansen er mobilisering og l\u00e5g terskel. Mange forskarar har framf\u00f8rt innlegg p\u00e5 vitskapleg konferanse for f\u00f8rste gong p\u00e5 Fjordkonferansen.<\/p>\n<p>Det utlyste temaet for \u00e5rets konferanse var:<\/p>\n<blockquote><p>Innovasjon i velferdssamfunnet<\/p><\/blockquote>\n<p>Valet av tema er godt og innlegga p\u00e5 konferansen har i stor grad funne sin plass under denne overskrifta &#8211; i alle fall n\u00e5r ein ser p\u00e5 tittelen p\u00e5 innlegga. Dei fleste innlegga p\u00e5 konferansen samlast under overskrifta\u00a0velferd og helse &#8211; det varierer nok kor framtredande innovasjonsperspektivet har vore.<\/p>\n<p>Samtidig har denne tittelen p\u00e5 konferansen muligens f\u00f8rt til at sentrale fagmilj\u00f8 i regionen ikkje har prioritert konferansen h\u00f8gt. Logistikkmilj\u00f8et i Molde, maritim forsking i \u00c5lesund, mediefag i Volda og sentrale forskingsmilj\u00f8 ved H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane var i liten eller ingen grad representert p\u00e5 konferansen. Eventuelt ser dei mest spissa milj\u00f8a seg ikkje tent med \u00e5 prioritere ein konferanse med l\u00e5gterskel og regionalt fokus. Det kjenner eg ikkje svaret p\u00e5.<\/p>\n<p>Det er sv\u00e6rt f\u00e5 akt\u00f8rar utanom forskingsmilj\u00f8a p\u00e5 konferansen &#8211; blant anna var ikkje M\u00f8re og Romsdal Fylkeskommune representert &#8211; og heller ikkje akt\u00f8rar fr\u00e5 offentleg forvaltning som helsef\u00f8retaka, NAV eller andre. Sp\u00f8rsm\u00e5let er om det er eit problem for forskingsmilj\u00f8a\u00a0\u00a0&#8211; eller for dei som ikkje orienterer seg inn mot aktiviteten i\u00a0dei regionale forskingsmilj\u00f8a. Antakelig taper alle p\u00e5 dette.<\/p>\n<p><strong>Lite samarbeid mellom forskingsintitusjonane<\/strong><\/p>\n<p>Har Fjordkonferansen f\u00f8rt til auka samarbeid mellom institusjonane?\u00a0I seg sj\u00f8lv er konferansen eit fellestiltak som institusjonane n\u00f8dvendigvis m\u00e5 samarbeid om \u00e5 arrangere.\u00a0Forskarar m\u00f8tast p\u00e5 tvers av institusjonane for presentere og kommentere innlegg. Og\u00a0ser ein p\u00e5 innlegga s\u00e5 har fleirtalet fleire forfattarar &#8211; det er vanleg \u00e5 skrive i lag &#8211; to eller fleire. Men skriv forskarane i lag med forskarar p\u00e5 andre institusjonar p\u00e5 nordvestlandet? Svaret p\u00e5 det er at det skjer i for liten grad &#8211; det burde vore meir.<\/p>\n<p>Lista over innlegg syner at forskarane p\u00e5 konferansen helst har skrive i lag med andre forskarar ved same institusjon. Og n\u00e5r det er samforfattarskap med utanforst\u00e5ande s\u00e5 var det f\u00e5 innlegg som var skrivne i lag med forskarar ved andre h\u00f8gskular p\u00e5 nordvestlandet. Det same m\u00f8nsteret ser ein for deltakarar fr\u00e5 forskingsinstitutta og helsef\u00f8retaka.<\/p>\n<p>Det finst definitivt\u00a0fagomr\u00e5de der forskarane ved h\u00f8gskulane kunne ha\u00a0samarbeidd, s\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let blir d\u00e5 om auka samarbeid og sampublisering er \u00f8nskjeleg og n\u00f8dvendig.\u00a0Og kvifor det skjer i s\u00e5 liten grad.<\/p>\n<p>Etter mi meining handlar dette f\u00f8rst og fremst om tid. Tid til at Fjordkonferansen skal bli etablert i medvitet hos akt\u00f8rane &#8211; tid til \u00e5 bli kjent med fagfolk og fagmilj\u00f8 p\u00e5 andre institusjonar og tid til \u00e5 forske. Eit doktorgradsprosjekt krev minst tre \u00e5r p\u00e5 fulltid. Dei f\u00e6rraste deltakarane p\u00e5 Fjordkonferansen er inne i doktorgradsprosjekt, men skriv sine forskingsbidrag ved sidan av vanleg arbeid som h\u00f8gskulelektorar, oppdragsforskarar eller i andre fagstillingar.<\/p>\n<p>S\u00e5 Fjordkonferansen b\u00f8r halde fram &#8211; og s\u00e5 b\u00f8r\u00a0forskarar og forskingsmilj\u00f8 vurdere om det finst middel til \u00e5 stimulere til meir forsking p\u00e5 tvers av fag og institusjonar.<\/p>\n<p>Den nye alliansen som er p\u00e5 trappene: Molde, Volda og Lillehammer vil ha behov for denne typen av m\u00f8teplassar &#8211; og gjerne med deltakarar fr\u00e5 andre interesserte institusjonar. Men med end\u00e5 sterkare innslag fr\u00e5 H\u00f8gskolen p\u00e5 Lillehammer ligg det\u00a0d\u00e5 an til at konferansen d\u00e5 b\u00f8r f\u00e5 eit nytt namn:<\/p>\n<blockquote><p>Fjord- og fjellkonferansen 2016<\/p><\/blockquote>\n<p>Kanskje.<\/p>\n<p><strong>FAKTA OM FJORDKONFERANSEN<\/strong><\/p>\n<p>Henta fr\u00e5 nettsida: <a href=\"http:\/\/www.fjordkonferansen.no\">www.fjordkonferansen.no<\/a><\/p>\n<p>&laquo;Fjordkonferansen er eit fellestiltak for forskings- og utdanningsmilj\u00f8a i Sogn og Fjordane og M\u00f8re og Romsdal. H\u00f8gskolen i Molde, H\u00f8gskolen i \u00c5lesund, H\u00f8gskulen i Volda, H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane og M\u00f8reforsking har saman teke initiativet til Fjordkonferansen. Fjordkonferansen skal vere ein m\u00f8teplass for fagmilj\u00f8a der formidling, l\u00e6ring og fagleg utvikling skal st\u00e5 i fokus.<\/p>\n<p>Fjordkonferansen har f\u00e5tt finansiering fr\u00e5 m.a. Sparebanken M\u00f8re, Sogn og Fjordane fylkeskommune, M\u00f8re og Romsdal fylkeskommune og M\u00f8realliansen.&raquo;<\/p>\n<p><strong>Styringsgruppe for 2015:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>Leiar:<a title=\"Send e-post til Amdam\" href=\"mailto:jorgen.amdam@hivolda.no\" target=\"_blank\">Professor J\u00f8rgen Amdam<\/a>, H\u00f8gskulen i Volda.<\/li>\n<li><a href=\"mailto:hy@hials.no\">Professor Harald Yndestad<\/a>, H\u00f8gskolen i \u00c5lesund<\/li>\n<li><a title=\"Send e-post til Halvorsen\" href=\"mailto:ljh@hivolda.no\" target=\"_blank\">Forskar Lars Julius Halvorsen<\/a>, M\u00f8reforsking AS<\/li>\n<li><a href=\"mailto:jon.nesse@hisf.no\">F\u00f8rstelektor Jon Nesse<\/a>, H\u00f8gskolen i Sogn og fjordane<\/li>\n<li><a title=\"Send e-post til Hjelle\" href=\"mailto:harald.hjelle@himolde.no\" target=\"_blank\">F\u00f8rsteamanuensis Harald\u00a0M. Hjelle<\/a>, H\u00f8gskolen i Molde<\/li>\n<li><a title=\"Send e-post til Helgesen\" href=\"mailto:oh@hials.no\" target=\"_blank\">Professor \u00d8yvind Helgesen<\/a>, H\u00f8gskolen i \u00c5lesund<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>Fjordantologiane:\u00a0<\/strong><\/p>\n<p>Kommentarane p\u00e5 konferansen hjelpe forskarane med \u00e5 skrive betre innlegg, og\u00a0eit utval av innlegga p\u00e5 tidlegare Fjordkonferansar har kome ut i bokform &#8211; \u00a0i utvida og utvikla utg\u00e5ve. Den f\u00f8rste antologien kom i 2014 og hadde bidrag utvikla fr\u00e5 konferansen i 2013 &#8211; og no i 2015 kom bidraga fr\u00e5 konferansen \u00e5ret f\u00f8r.<\/p>\n<p>I\u00a02016-utg\u00e5va av\u00a0Fjordantologien vil ca 1\/4 av dei ca 60 innlegga i 2015 f\u00e5 plass, og det er ein respektabel avvisningsprosent\u00a0&#8211; om det h\u00f8ver \u00e5 bruke eit slikt omgrep i denne samanhengen. Det er alts\u00e5 reell konkurranse om \u00e5 f\u00e5 plass i antologien.<\/p>\n<p>Fjordantologien 2013: <em>Det mangfoldige kvalitetsomgrepet<\/em>. Redakt\u00f8rar: J\u00f8rgen Amdam, \u00d8yvind Helgesen og Knut-Willy S\u00e6ther.\u00a0<a href=\"http:\/\/www.haugenbok.no\/Det-mangfaldige-kvalitetsomgrepet\/I9788282850780\">Boka kan blant anna kj\u00f8past fr\u00e5 HaugenBok.<\/a>\u00a0Boka er ogs\u00e5 <a href=\"http:\/\/www.haugenbok.no\/Fagboeker\/Samfunnsvitenskapelige-fag\/Det-mangfaldige-kvalitetsomgrepet\/I9788282850797\">tilgjengeleg som e-bok.<\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/06\/fjordantologien2013.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-248 size-full\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/06\/fjordantologien2013.jpg\" alt=\"fjordantologien2013\" width=\"318\" height=\"450\" \/><\/a><\/p>\n<p>Fjordantologien 2014: <em>Fragmentering eller mobilisering? Regional utvikling i nordvest<\/em>. Redakt\u00f8rar: \u00d8yvind Strand, Erik Nesset og Harald Yndestad.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/06\/IMG201506181628531.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-251 size-full\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2015\/06\/IMG201506181628531.jpg\" alt=\"IMG20150618162853\" width=\"314\" height=\"450\" \/><\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Blir det ein Fjordkonferanse i 2016?<\/strong><\/p>\n<p>Eg har snakka med fleire deltakarar p\u00e5 Fjordkonferansen &#8211; og flest fr\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda og M\u00f8reforsking Volda. Dei er positive b\u00e5de til innhaldet p\u00e5 konferansen &#8211; og gjev tommelen opp for \u00e5 halde fram med Fjordkonferansen.<\/p>\n<p>Fjordkonferansens opphav kan antakelig knyttast\u00a0til M\u00f8realliansen &#8211; eller ambisjonanen om \u00e5 byggje ein h\u00f8gskule for Nordvestlandet &#8211; eller M\u00f8re og Romsdal. Det toget er vel g\u00e5tt sidan NTNU tek over H\u00f8gskolen i \u00c5lesund. Men har Fjordkonferansen gjennom tre \u00e5r synt seg levef\u00f8r av eiga kraft?<\/p>\n<p><strong>Institusjonar representerte p\u00e5 Fjordkonferansen 2015:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>H\u00f8gskolen i Molde<\/li>\n<li>H\u00f8gskolen i \u00c5lesund<\/li>\n<li>H\u00f8gskulen i Volda<\/li>\n<li>H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane<\/li>\n<li>H\u00f8gskolen p\u00e5 Lillehammer<\/li>\n<li>M\u00f8reforsking<\/li>\n<li>Vestlandsforsking<\/li>\n<li>Helse M\u00f8re og Romsdal<\/li>\n<li>Helse F\u00f8rde<\/li>\n<li>NOVA<\/li>\n<li>H\u00f8gskolen i Oslo og Akershus<\/li>\n<li>Sogn og Fjordane Fylkeskommune<\/li>\n<li>\u00c5lesund kommune<\/li>\n<\/ul>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fjordkonferansen er ein forskingskonferanse for forskarar i M\u00f8re og Romsdal og Sogn og Fjordane. 18.-19. juni 2015 vart konferansen\u00a0arrangert for tredje gong. Det har vorte lagt fram heile 60 paper og deltakarane er\u00a0n\u00f8gde med det faglege innhaldet. At konferansen er ved Hotell Alexandra i\u00a0Loen er heller ikkje eit minus. Sunnm\u00f8rsposten har gjeve Fjordkonferansen 2015 brei &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2015\/06\/18\/fjordkonferansen-viktig-regional-moteplass-men-kva-med-framtida\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Fjordkonferansen: Viktig regional m\u00f8teplass  &#8211; men kva med framtida?<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/246"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=246"}],"version-history":[{"count":10,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/246\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":262,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/246\/revisions\/262"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=246"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=246"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=246"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}