{"id":2360,"date":"2019-12-02T10:14:13","date_gmt":"2019-12-02T09:14:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=2360"},"modified":"2020-03-09T15:19:34","modified_gmt":"2020-03-09T14:19:34","slug":"bor-hvo-eller-ahl-fa-eit-eige-ph-d-program","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2019\/12\/02\/bor-hvo-eller-ahl-fa-eit-eige-ph-d-program\/","title":{"rendered":"B\u00f8r HVO &#8211; eller AHL? &#8211; f\u00e5 eit eige ph.d. program?"},"content":{"rendered":"\n<p><em>Avdeling for humanistiske fag og l\u00e6rarutdanning (AHL) ved H\u00f8gskulen i Volda hadde avdelingsseminar i Loen, 26. november 2019 og p\u00e5 dagsorden stod ogs\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let om ein eigen ph.d. Her er Per Halses innleiing og dei tre f\u00f8rebudde innlegga p\u00e5 denne delen av seminaret.<\/em><\/p>\n\n\n\n<ul><li>Per Halse: <a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Per-Halse-PHd-Loen2019-11-27.pdf\">&laquo;PhD ved AHL. Kva krevst?&raquo;<\/a> (stikkord\/hovudpunkt)<\/li><li>Johann Roppen: <a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/HVO-2019-11-27-PhD-1.pdf\">&laquo;Ph.d &#8211; strategiske perspektiv&raquo;<\/a> (presentasjonen som mesteparten av dette blogginnlegget er basert p\u00e5)<\/li><li><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Heggen-AHL-PhDLoen2019-11-27.docx\">K\u00e5re Heggen: &laquo;PhD-graden HVO har i lag med HiMolde; erfaringar fr\u00e5 planlegging og gjennomf\u00f8ring; behov og moglege synergiar med eit AHL-basert program&raquo;<\/a> (stikkord\/hovudpunkt)<\/li><li>Gudrun Kl\u00f8ve-Juuhl: <a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?page_id=2367\">&laquo;Gode grunnar for \u00e5 f\u00e5 eit eige doktorgradsprogram ved AHL&raquo;<\/a> (talemanuskript)<\/li><\/ul>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"768\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Loen-2019-gruppearbeid-1024x768.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-2381\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Loen-2019-gruppearbeid-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Loen-2019-gruppearbeid-300x225.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Loen-2019-gruppearbeid-768x576.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Loen-2019-gruppearbeid-1536x1152.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2019\/11\/Loen-2019-gruppearbeid-2048x1536.jpg 2048w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><figcaption>Gruppediskusjon i Loen. Fr\u00e5 venstre Hildegunn Valen Kleive, Kari Leikanger Buset, Anne Randi Fagerlid Fest\u00f8y, Eivind Patrick Hanevik og Leif Bj\u00f8rn Skorpen. Foto: Johann Roppen<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p><em> <\/em><strong>Ph.d. &#8211; strategiske perspektiv<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p><em>Av Johann Roppen<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen i Volda har lange tradisjonar fr\u00e5 l\u00e6rarskulane i 1861 og 1895 via DH-skulen i 1969. Mange av oss vil gjerne sj\u00e5 bakover, men n\u00e5r vi tenkjer strategi s\u00e5 er overskrifta i <a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/om-hogskulen-volda\/strategi-og-visjon\">strategiplanen: Kunnskap for framtida<\/a>. Kva det betyr m\u00e5 vi tenkje over heile tida. Kva slags kunnskap er det som trengst i framtida? <\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen har sidan 1994 utvikla seg mykje i kvantitative termar. Vi har hatt ein sterk auke b\u00e5de i talet p\u00e5 studentar og tal tilsette. Vi har f\u00e5tt ein sterk auke p\u00e5 etter- og vidareutdanning og ikkje minst har vi f\u00e5tt mange internasjonale studentar. <\/p>\n\n\n\n<p>Om vi avgrensar utviklinga til fagleg utvikling s\u00e5 er den mest framst\u00e5ande endringa auken i talet p\u00e5 mastergrader og tilsette i fagmilj\u00f8et som har oppn\u00e5dd professor, dosentkompetanse eller f\u00f8rstekompetanse &#8211; eller som arbeider med det som stipendiat eller p\u00e5 andre m\u00e5tar. Med litt store tal kan vi seie at H\u00f8gskulen i Volda i 1994 hadde ca 130 fagleg tilsette &#8211; og ca 30 med doktorgrad og\/eller professorkompetanse. No 25 \u00e5r etterp\u00e5 har vi auka til over 130 med professor\/dosent, f\u00f8rstekompetanse og stipendiatar som arbeider med doktorgrad p\u00e5 fulltid. Det samla tal tilsette til ca 240. <\/p>\n\n\n\n<p>Det er i alle fall ein ting som er sikkert n\u00e5r vi arbeider med kompetanseheving og kvalitetsutvikling: Ting tek tid. Men vi har kome langt p\u00e5 desse \u00e5ra, og den kompetansen dei tilsette har bygd opp har vore viktig for institusjonen: I 1994 hadde vi ingen mastergrader, og doktorgradsutdanning verka nok litt utopisk. I 2019 har vi 10 mastergrader og har hatt eit doktorgradsprogram i 4-5 \u00e5r. Som kjent er ph.d.-utdanninga ein fellesgrad i samarbeid med H\u00f8gskolen i Molde: <a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/phd\/phd-helse-og-sosialfag\">\u00abPh.d. i helse- og sosial: Vilk\u00e5r for profesjonsut\u00f8ving\u00bb.<\/a> <\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>Sett utanfr\u00e5 kan kanskje h\u00f8gskulen verke som ein litt treg statleg, akademisk institusjon der dynamikk og endringsvilje kanskje ikkje er dei fremste eigenskapane. Det er b\u00e5de rett og feil. Sett fr\u00e5 min plass vil eg legge vekt p\u00e5 at vi sidan 1994 har hatt i hovudsak dei same fagmilj\u00f8a, og alle fagmilj\u00f8a har hatt utvikling og vekst, ikkje minst n\u00e5r det gjeld den evige digitaliseringa. Men fagleg sett har vi bygd i h\u00f8gda &#8211; og ikkje i breidda. Vi har ikkje etablert nye utdanningar p\u00e5 heilt nye fagomr\u00e5de, men vi har alts\u00e5 etablert masterutdanningar p\u00e5 toppen av etablerte profesjonsstudium som har g\u00e5tt stega fr\u00e5 \u00e5 vere to\u00e5rige, til \u00e5 bli tre\u00e5rige bachelorgrader til \u00e5 ha f\u00e5tt masterutdanningar som overbygningar. <\/p>\n\n\n\n<p>Dei neste som har ambisjonar om \u00e5 g\u00e5 denne l\u00f8ypa er barnehagel\u00e6rarutdanninga som har inne akkrediteringss\u00f8knad om master i barnehagel\u00e6rarutdanning. Sosialarbeidarutdanningane har liknande diskusjonar, b\u00e5de lokalt og nasjonalt. Vi snakkar ikkje om \u00e5 hoppe direkte fr\u00e5 bachelor til master &#8211; fagmilj\u00f8a har jo alt hatt mastertilbod innan undervisning og l\u00e6ring p\u00e5 AHL og b\u00e5de meistring og myndiggjering og samfunnsplanlegging p\u00e5 ASH. <\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5r grunnskulel\u00e6rarutdanningane alt har vorte masterutdanningane kan ein sp\u00f8rje seg om ikkje det snart vil kome krav om at ogs\u00e5 barnehagel\u00e6rarutdanning og sosialarbeidarutdanningane b\u00f8r bli masterutdanningar. Med dei strenge akkrediteringskrava som f\u00f8lgde med dei nye grunnskulel\u00e6rarutdanningane kan ein berre belage seg p\u00e5 liknande krav ogs\u00e5 p\u00e5 andre fagomr\u00e5de. Og d\u00e5 er det viktig \u00e5 vere tidleg ute. Vi klarte det p\u00e5 GLU &#8211; om vi held fram med den jamne gode fag- og kompetanseutviklinga kan vi nok klare det p\u00e5 andre omr\u00e5de ogs\u00e5. <\/p>\n\n\n\n<p>Eg meiner det er heilt rett \u00e5 sp\u00f8rje oss sj\u00f8lve om vi no skal satse p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 v\u00e5rt eige doktorgradsprogram? Svaret p\u00e5 dette sp\u00f8rsm\u00e5let er langt fr\u00e5 gitt. Men i 2020 vil det nye h\u00f8gskulestyret gjennomf\u00f8re ein strategiprosess &#8211; og d\u00e5 b\u00f8r sp\u00f8rsm\u00e5let om ph.d. vere eitt av dei sentrale sp\u00f8rsm\u00e5la. <\/p>\n\n\n\n<p>Ei av mange utfordringar i strategiarbeidet er at vi ikkje har mangel p\u00e5 satsingar eller prosjekt som vi \u00f8nskjer \u00e5 gjennomf\u00f8re. Vi klarer nok ikkje \u00e5 gjennomf\u00f8re alt &#8211; eller \u00e5 bruke like store ressursar p\u00e5 alle store og viktige prosjekt som vi skulle \u00f8nske oss. Kva er det som ventar rundt neste sving? Her er i alle fall nokre av dei: <\/p>\n\n\n\n<ul><li>Nytt ph.d.-program?<\/li><li>Master i barnehagel\u00e6rarutdanning?<\/li><li>Master i sosialfag? <\/li><li>Master for praktiske og estetiske fag?<\/li><li>Bygging av mediehus &#8211; inventar og medieteknisk utstyr<\/li><li>Ombygging og rehabilitering av Str\u00f8m-huset<\/li><li>Samarbeid om bygging av kunnskapspark i Ivar Aasen-huset<\/li><li>Gjennomf\u00f8ring av utviklingsplan for h\u00f8gskuleomr\u00e5det Campusutviklingsplan)<\/li><li> \u2026og heilt sikkert andre sp\u00f8rsm\u00e5l \u2026 <\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Det kan vere greitt \u00e5 minne oss om at det gjerne kjem ein prislapp p\u00e5 alle desse tiltaka. <\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5r vi skal vurdere om vi skal starte nye studium har vi p\u00e5lagt oss sj\u00f8lve \u00e5 bruke ein s\u00e5kalla SEF\u00d8-modell. Store eller sm\u00e5 studium. Vi b\u00f8r tenkje likt. SEF\u00d8 er ei forkorting for: <\/p>\n\n\n\n<ul><li>Strategi <\/li><li>Etterspurnad <\/li><li>Fagmilj\u00f8<\/li><li>\u00d8konomi <\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Vi skal alts\u00e5 ha ei balansert vurdering og ikkje berre legge vekt p\u00e5 ein av desse fire faktorane. Her vil eg seie korleis eg ser p\u00e5 ei muleg ny ph.d.-utdanning i h\u00f8ve til desse fire faktorane. <\/p>\n\n\n\n<p>F\u00f8r eg g\u00e5r gjennom det m\u00e5 eg f\u00e5 seie at p\u00e5 eit s\u00e5 tidleg stadium i tenkinga omkring ei s\u00e5pass stor og tung satsing s\u00e5 veit ingen av oss kva innretning ei eventuell ny ph.d. vil kunne f\u00e5, og med ulike innretningar vil vurderingane kunne bli ulike. Men kanskje nettopp derfor er det lurt \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 bordet ulike alternativ for \u00e5 kunne vurdere dei opp mot kvarandre. Det er slik andre institusjonar har arbeidd med sine doktorgradstiltak. Styret har sett doktorgradsutdanningar som strategisk m\u00e5l, og s\u00e5 har fagmilj\u00f8a funne ut kva omr\u00e5de og kva innretning doktorgradsprogram b\u00f8r g\u00e5. Med kravet om fire doktorgradsprogram for \u00e5 kunne kalle seg universitet s\u00e5 har dette vore ein vanleg prosess i mange tidlegare h\u00f8gskulemilj\u00f8. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>S = Strategisk <\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>For meg virkar det opplagt at ei eiga doktorgradsutdanning vil kunne bidra til at vi oppfyller mange av dei strategiske m\u00e5la vi har sett oss &#8211; under f\u00f8resetnad av kva fagleg innretning doktorgraden f\u00e5r. <\/p>\n\n\n\n<p>V\u00e5rt strategiske visjon er \u00abKunnskap for framtida\u00bb. Det er vidare konkretisert i retning av livslang l\u00e6ring, relevant forsking, kommunikative dugleikar og samskaping, kreativitet og likeverd. <\/p>\n\n\n\n<p>I dagens strategiplan (2017-2020) er ph.d.-utdanninga (fellesgraden) ei av houvdastsingane &#8211; og arbeid med ein eventuell ny ph.d.vil vere s\u00e5pass krevande at det ogs\u00e5 vil bli ei hovudsatsing. Fellesgraden er ogs\u00e5 satsingsomr\u00e5de innanfor for FoU. <\/p>\n\n\n\n<p>Eit doktorgradsprogram ville kunne bidra til at vi f\u00e5r auka kompetanse, at vi klarer ogs\u00e5 i framtida \u00e5 vere ein sentral kunnskapsleverand\u00f8r og interessant partner for akt\u00f8rar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Ei eiga doktorgradsutdanning ville vere ein styrke og eit viktig bidrag til \u00e5 kunne l\u00f8yse andre utfordringar. <\/p>\n\n\n\n<p>Eitt d\u00f8me p\u00e5 dette er at vi ville bli sj\u00f8lvakkrediterande p\u00e5 omr\u00e5de innanfor doktorgraden. Vi ville f\u00e5 ein lettare veg for f\u00f8rsteamanuensar p\u00e5 veg mot professorkompetanse til \u00e5 kunne rettleie lokale doktorgradskandidatar. Det er ikkje alltid s\u00e5 lett \u00e5 f\u00e5 innpass eller \u00e5 bli prioritert av andre doktorgradsgivande institusjonar. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>E = Etterspurnad <\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Stipendiatane p\u00e5 h\u00f8gskulen har dei siste \u00e5ra utf\u00f8rt 20-24 \u00e5rsverk. Det er noko fleire \u00e5rsverk enn vi har heimlar for, blant anna p\u00e5 grunn av at somme forlengar stipendiatperioden til fire \u00e5r, men i tillegg kjem forsinkingar og permisjonar.  <\/p>\n\n\n\n<p>Etter samarbeidsavtalen med H\u00f8gskolen i Molde har vi \u00f8yremerka tre stipendiatstillingar til fellesgraden i Helse- og sosial &#8211; og det har vi gjennomf\u00f8rt og det er kjekt at det har meldt seg kvalifiserte s\u00f8kjarar kvart \u00e5r. Om vi skal ha nok ph.d.-studentar til \u00e5 kunne f\u00e5 eit program av fornuftig storeik b\u00f8r nok dei fleste stipendiatane &#8211; kanskje alle &#8211; vere tilknytt v\u00e5re eigne ph.d.-program. Er det nok? Det vil kunne vere nok sidan vi i tillegg til dei heiltidsforskande stipendiatane ogs\u00e5 har 10-15 tilsette som er inne i s\u00e5kalla 50\/50 program. Dei vil etter individuelle avtalar med sine dekanar f\u00e5 tildelt 50 prosent forskingstid fordelt over 4 \u00e5r, alts\u00e5 50\/50 forsking og andre oppg\u00e5ver. I tillegg f\u00e5r dei 50 to FoU-stipend som gir to semester med forsking og i sum blir dette 3 forskings\u00e5rsverk over fem \u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<p>Eigne tilsette er ein viktig marknad for \u00e5 rekruttere kandidatar til eit ph.d.program &#8211; og dette er i seg sj\u00f8lv ei viktig grunngjeving for at eit eige doktorgradsprogram kan gjere det lettare \u00e5 drive kompetansebygging ved H\u00f8gskulen i Volda. Vi har ca 100 h\u00f8gskulelektorar som alle burde vere potensielle kandidatar for eit doktogradsprogram &#8211; og n\u00e5r programmet er tilgjengeleg i Volda burde det vere attraktivt for mange. <\/p>\n\n\n\n<p>Men etterspurnad handlar ogs\u00e5 om arbeidsmarknaden utanfor H\u00f8gskulen i Volda. Tidlegare universitetsrektor Gunnar Bovim ved NTNU meinte det burde finnast ein ph.d. p\u00e5 alle l\u00e6rarrom. Litt av bakgrunnen for det h\u00e5rete m\u00e5let er at studentar p\u00e5 grunnskulel\u00e6rautdanningane kjem ut i praksis og vil vere n\u00e6r ein fullf\u00f8rt master. D\u00e5 vil krava til rettleiarar ute i skulen auke tilsvarande &#8211; og det betyr i praksis at rettleiarane ogs\u00e5 b\u00f8r ha doktorgradsutdanning. <\/p>\n\n\n\n<p>M\u00f8re og Romsdal er eit fylke som ligg i l\u00e5gaste tredelen n\u00e5r det gjeld utdanning p\u00e5 h\u00f8gskuleniv\u00e5, og vi er p\u00e5 botn i landet n\u00e5r det gjeld andel av l\u00e6rarar i vidareg\u00e5ande skule har fullgod utdanning p\u00e5 sine fagomr\u00e5de &#8211; eller sagt p\u00e5 ein annan m\u00e5te: Vi har flest l\u00e6rarar med dispensasjon. Det er ikkje bra, og i dette bildet m\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda som den einaste l\u00e6rarutdanningsinstitusjonen i fylket ta ansvar og vere eit utdanningspolitisk lokomotiv og dra kommunar og skular med seg &#8211; eller helst l\u00f8fte i lag med dei. Men om skuleeigarar og andre potensielle arbeidsgjevarar deler denne vurderinga veit vi eigentleg lite om. <\/p>\n\n\n\n<p>Eit anna sp\u00f8rsm\u00e5l som gjeld etterspurnad er at det for fagfolk som vurderer \u00e5 s\u00f8ke seg jobb p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda s\u00e5 vil h\u00f8ve til \u00e5 kunne arbeide p\u00e5 ei doktorgradsutdanning kunne telje positivt. Det gir utsikter til fagleg utvikling p\u00e5 aller h\u00f8gste niv\u00e5. <\/p>\n\n\n\n<p>Ut fr\u00e5 desse vurderingane trur eg at ei doktorgradsutdanning vil kunne ha god etterspurnad b\u00e5de hos mulege stipendiatar, i arbeidslivet og blant framtidige fagfolk. Men om dette viser seg \u00e5 stemme ogs\u00e5 i praksis trengst \u00e5 bli n\u00e6rare unders\u00f8kt og vurdert. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>F = Fagmilj\u00f8<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Den mest kritiske faktoren inn i eit doktorgradsprogram er om fagmilj\u00f8et er sterkt nok til \u00e5 kunne bere ein doktorgrad. Det er ikkje lenger slik at dette berre handlar om ei enkel opptelling av talet p\u00e5 professorar &#8211; sj\u00f8lv om det er eit kritisk punkt i vurderinga. Men dei aktuelle professorane og andre fagfolka skal ogs\u00e5 ha forska p\u00e5 dei tema og sp\u00f8rsm\u00e5l som doktorgradsprogrammet skal handle om. Og dette blir faktisk n\u00f8ye vurdert av den faglege komiteen som NOKUT peikar ut. Dette punktet kan kanskje bety at ein m\u00e5 sette i gang fagleg aktivitet p\u00e5 omr\u00e5de som ein ser manglar i eit eventuelt framtidig doktorgradsprogram. <\/p>\n\n\n\n<p>Ei anna side ved dette er at om ein bygg opp eit fagmilj\u00f8 kring eit doktorgradsprogram, s\u00e5 risikerer ein \u00e5 utarme fagmilj\u00f8et p\u00e5 bachelor- og masterutdanningar. Sp\u00f8rsm\u00e5let ein m\u00e5 stille er faktisk om det finst nok h\u00f8gt kompetente fagfolk til \u00e5 kunne gje gode utdanningar p\u00e5 alle niv\u00e5. <\/p>\n\n\n\n<p>Dette er ei djup fagleg vurdering som eg ikkje trur nokon p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda i dag er i stand til \u00e5 svare p\u00e5. Det er jo ogs\u00e5 avhengig av kva innretning ein eventuell ph.d. vil f\u00e5. Men ein overordna m\u00e5te \u00e5 vurdere dette p\u00e5 er at vi dei siste \u00e5ra har hatt ca 20 professorar. Og 3 av desse har vore tilknytte fellesgraden. Og d\u00e5 trengst det kanskje ca 6 professorar til \u00e5 drive ein heil grad aleine? Om ein riggar seg slik at den nye graden dekker andre omr\u00e5de enn fellesgraden s\u00e5 vil ein kunne kople p\u00e5 professorar p\u00e5 fagomr\u00e5de som ligg utanfor fellesgraden &#8211; s\u00e5 potensialet ligg der. Men p\u00e5 den andre sida ville vi d\u00e5 ha berre 10-11 professorar som skal vere faglege toppfolk p\u00e5 10 masterutdanningar og bachelorutdanningane. Har vi mange nok med h\u00f8g kompetanse til \u00e5 makte det? <\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 eg er usikker p\u00e5 om vi har mange nok toppkompetente &#8211; eller med rett kompetanse &#8211; til \u00e5 kunne l\u00f8fte in doktorgrad. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>\u00d8 = \u00d8konomi<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>\u00d8konomi er kanskje det enklaste punktet i denne vurderinga: Det er ikkje i seg sj\u00f8lv l\u00f8nsamt \u00e5 starte eit doktorgradsprogram. Styret hadde forventningar til at fellesgraden skulle f\u00e5 ekstern finansiering. Det har ikkje lukkast og det er i dag vanskeleg \u00e5 vite om det er r\u00e5d \u00e5 f\u00e5 slik finansiering p\u00e5 ein eventuell annan doktorgrad.<\/p>\n\n\n\n<p>Utteljinga eit doktorgradsprogram f\u00e5r i kandidatproduksjonen dekker antakelig ikkje ein gong dei administrative kostnadene. Ein kan h\u00e5pe p\u00e5 at eit doktorgradsprogram f\u00f8rer til styrking av eit interessant fagmilj\u00f8 med kapasitet og breidde til \u00e5 skaffe forskingsmidlar fr\u00e5 andre kjelder &#8211; som ogs\u00e5 er eit strategisk m\u00e5l. Men forskingsprosjekt skal jo vere sj\u00f8lvfinansierande og vil neppe bidra til \u00e5 finansiere sj\u00f8lve doktorgradsprogrammet. <\/p>\n\n\n\n<p>Ein lokal doktorgrad vil gje stipendiatane lokal rettleiing og forskingsnettverk og det kan f\u00f8re til raskare gjennomstr\u00f8yming, alts\u00e5 fleire disputasar. Men det vil neppe vere ein \u00f8konomisk fordel som vert synleg for fagmilj\u00f8et kring ein doktorgrad slik vi i dag er organisert.<\/p>\n\n\n\n<p>I dag er det andre doktorgradsgjevande institusjonar som tek kostnadene med opptak, rettleiing og disputas for HVO-tilsette som doktorerer. Ut fr\u00e5 \u00f8konomiske vurderingar s\u00e5 er det jo fint at andre tek kostnader for oss &#8211; men det sp\u00f8rs naturlegvis om vi tapar p\u00e5 andre m\u00e5tar. <\/p>\n\n\n\n<p>Eit doktorgradsprogram f\u00f8reset tilf\u00f8ring av vesentlege ressursar, og for H\u00f8gskulen i Volda betyr det i praksis overf\u00f8ring av ressursar fr\u00e5 grunnutdanningane til topputdanninga. Det er ingen tvil om at h\u00f8gskulen har lov til \u00e5 gjere ei slik omprioritering. Sp\u00f8rsm\u00e5let er om det er klokt, og om det er vilje til det.  <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Konklusjon<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Konklusjonen er alts\u00e5 at eit doktorgradsprogam vil verte kostesamt, og ut fr\u00e5 \u00f8konomiske vurderingar aleine er det eit underskotsprosjekt. Eit doktorgradsprogram m\u00e5 difor vere viktig ut fr\u00e5 strategiske vurderingar, f\u00f8re til styrking av fagmilj\u00f8et og vere etterspurt for at ein skal kunne forsvare \u00e5 prioritere ei slik satsing. <\/p>\n\n\n\n<p>Dette er vanskelege og viktige vurderingar s\u00e5 det er viktig at vi tek oss tida som trengst for \u00e5 gjere grundige vurderingar av desse sp\u00f8rsm\u00e5la &#8211; og strategidiskusjonen i 2020 er ein opplagt arena for slike sp\u00f8rsm\u00e5l. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Avdeling for humanistiske fag og l\u00e6rarutdanning (AHL) ved H\u00f8gskulen i Volda hadde avdelingsseminar i Loen, 26. november 2019 og p\u00e5 dagsorden stod ogs\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let om ein eigen ph.d. Her er Per Halses innleiing og dei tre f\u00f8rebudde innlegga p\u00e5 denne delen av seminaret. Per Halse: &laquo;PhD ved AHL. Kva krevst?&raquo; (stikkord\/hovudpunkt) Johann Roppen: &laquo;Ph.d &#8211; &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2019\/12\/02\/bor-hvo-eller-ahl-fa-eit-eige-ph-d-program\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">B\u00f8r HVO &#8211; eller AHL? &#8211; f\u00e5 eit eige ph.d. program?<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2360"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2360"}],"version-history":[{"count":15,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2360\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2383,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2360\/revisions\/2383"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2360"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2360"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2360"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}