{"id":2174,"date":"2019-06-13T19:21:45","date_gmt":"2019-06-13T17:21:45","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=2174"},"modified":"2019-06-13T19:21:45","modified_gmt":"2019-06-13T17:21:45","slug":"orientering-til-hogskulestyret-13-juni-2019","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2019\/06\/13\/orientering-til-hogskulestyret-13-juni-2019\/","title":{"rendered":"Orientering til h\u00f8gskulestyret, 13. juni 2019"},"content":{"rendered":"\n<p><em>P\u00e5 kvart styrem\u00f8te gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret b\u00f8r kjenne til. Desse orienteringane vert ogs\u00e5 lagt ut p\u00e5 rektorbloggen.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p><em>I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved H\u00f8gskulen i Volda. Rektor skriv ogs\u00e5 eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege p\u00e5 denne nettsida: https:\/\/www.hivolda.no\/om-hogskulen-volda\/nyhendebrev<\/em> <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Idrettsanlegg p\u00e5 og ved h\u00f8gskuleomr\u00e5det<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Kommunestyret i Volda kommune har vedteke \u00e5 seie ja til framlegget om \u00e5 bygge ein ny idrettshall ved h\u00f8gskuleomr\u00e5det: Volda Campus Sparebank1 Arena. Bygginga startar om kort tid og byggetida er ca 1,5 \u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi er spente b\u00e5de p\u00e5 byggetida og kva denne hallen f\u00e5r \u00e5 seie for h\u00f8gskulen og h\u00f8gskuleomr\u00e5det. Pr i dag har h\u00f8gskulen ingen avtalar om bruk av den nye idrettshallen. Volda kommune eig grunnen og parkeringskjellaren under huset. Der vil det kome ca 120 parkeringsplassar og vi reknar med det vil kome p\u00e5 plass ein avtale mellom kommune og h\u00f8gskule om bruk av desse plassane.<\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen <a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/nyhende\/ny-tilstandsrapport-symjehallen-volda-ma-stengast\">stengde symjebassenget i Idrettsbygget<\/a> m\u00e5ndag den 13.mai. Det gjorde vi etter at vi fredag den 10. mai fekk eit brev fr\u00e5 Statsbygg der vurderingar i ein konsulentrapport fr\u00e5 selskapet Ramb\u00f8ll vart formidla. Det var ut fr\u00e5 ei vurdering av tryggleik hallen vart stengt. Rapporten fr\u00e5 Ramb\u00f8ll ligg p\u00e5 v\u00e5re nettsider. Dette er ikkje kjekt. Korkje for studentar, tilsette og ikkje minst barn og unge i Volda og andre stader som har brukt symjehallen mykje i nesten 60 \u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>Leigekontrakta skulle i utgangspunktet g\u00e5 ut \u00e5r 2020, og vi har f\u00f8rebels ikkje diskutert med Statsbygg korleis vi skal bli kompensert for at symjehallen no m\u00e5tte stengast meir enn eit \u00e5r f\u00f8r tida.<\/p>\n\n\n\n<p>Symje- og livredningsundervisning ved h\u00f8gskulen vil vi l\u00f8yse ved \u00e5 leige oss inn andre stadar. Men det er lite slik undervisning hausten 2019, s\u00e5 vi har litt tid p\u00e5 \u00e5 finne alternativ.<\/p>\n\n\n\n<p>Leiinga ved H\u00f8gskulen foreslo tilbake i 2017 at Volda kommune og H\u00f8gskulen i Volda skulle dele kostnadene med \u00e5 forlenge levetida til hallen, men dette framlegget vart diverre avvist av Volda kommune. H\u00f8gskuleleiinga gjorde det der klart at vi ville starte planlegging av riving og ombygging av symjehall og idrettshall om det blei nei, s\u00e5 vi var veldig tydelege p\u00e5 det punktet.<\/p>\n\n\n\n<p>Om Volda kommune \u00f8nskjer \u00e5 ta over symjehallen fr\u00e5 Statsbygg s\u00e5 skal ikkje h\u00f8gskulen vere i mot det. Men det er ei sak mellom dei to partane, men ikkje ei sak for h\u00f8gskulen.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi h\u00e5per no Volda kommune vil kunne starte bygginga av ein ny symjehall og at den kan vert bygd i forlenginga av Volda Campus Sparebank1 Arena  b\u00e5de reint fysisk slik det er planlagt &#8211; men ogs\u00e5 som prosjekt &#8211; ved at bygginga av symjehallen tek til kort etter at idrettshallen er ferdig. B\u00e5de fordi det trengst symjehall, men ogs\u00e5 fordi bygginga er krevande for dagleg bruk av h\u00f8gskuleomr\u00e5det.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Nybygget<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Dei tilsette, leiinga, entrepren\u00f8rar og konsulentar st\u00e5r no midt oppe i ein intens fase med sv\u00e6rt stor m\u00f8teverksemd. Husteikningane skal bearbeidast i ein s\u00e5kalla optimaliseringsprosess. Dei tilsette har gjennom avdelingsr\u00e5d og tillitsvalde bidrege mykje og konstruktivt. Alle arbeider no hardt for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass alle planar og teikningar f\u00f8r ferien, og vi h\u00e5per det g\u00e5r bra.<\/p>\n\n\n\n<p>Eksternt s\u00e5 m\u00e5 vi melde til styret at den siste vurderinga vi har f\u00e5tt fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet er at det ikkje er sikkert at det blir fremja regjeringsnotatet med godkjenning av prosjektet p\u00e5 denne sida av sommarferien. Det vil i s\u00e5 fall vere sv\u00e6rt beklageleg. B\u00e5de fordi det utset prosjektet, men ogs\u00e5 fordi det blir mindre tid og fokus p\u00e5 \u00e5 arbeide for ei ekstral\u00f8yving p\u00e5 25 millionar til medieteknisk utstyr i statsbudsjettet for 2020.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi har likevel ikkje gitt opp h\u00e5pet om dette, og <a href=\"https:\/\/stortinget.no\/no\/Saker-og-publikasjoner\/Sporsmal\/Skriftlige-sporsmal-og-svar\/Skriftlig-sporsmal\/?qid=76534\">h\u00e5per at prosjektet blir prioritert av politikarar fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal<\/a>.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Struktursaka<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Vi har ein tre\u00e5rig samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen, og tek sikte p\u00e5 \u00e5 fornye og forlenge den for tre nye \u00e5r fr\u00e5 hausten 2019.  For \u00e5 f\u00e5 til det vil vi ha eit m\u00f8te med faglege leiarar ved Universitetet i Bergen i midten av oktober. Dette blir eit m\u00f8te p\u00e5 dekan og instituttleiarniv\u00e5 mellom dei to institusjonane.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi har som f\u00f8r l\u00f8pande kontakt og samarbeidsprosjekt ogs\u00e5 med andre institusjonar, og d\u00e5 naturlegvis H\u00f8gskolen i Molde,  NTNU \u00c5lesund, H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet og dei andre institusjonane i UH Nett Vest.<\/p>\n\n\n\n<p>19.-20.juni blir Fjordkonferansen 2019 arrangert i Loen, med H\u00f8gskulen i Volda som arrang\u00f8r. Dette er eit \u00e5rleg arrangement. Fjordkonferansen er ein forskingskonferanse som tradisjonelt har hatt forskarar fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal og Sogn og Fjordane som deltakarar, men dei seinare \u00e5ra har det ogs\u00e5 kome deltakarar ogs\u00e5 fr\u00e5 andre h\u00f8gskular og universitet.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Saker til oppf\u00f8lging<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Vi har eit utval som arbeider med evaluerer ordninga med avdelingsr\u00e5d. Status i dette utvalets arbeid er diverre at dei ikkje har kome s\u00e5 langt som vi og dei hadde h\u00e5pa p\u00e5, og vi har difor ikkje noko resultat \u00e5 legge fram for styret p\u00e5 dette m\u00f8tet. Vi kjem naturlegvis tilbake til saka seinare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>P\u00e5 kvart styrem\u00f8te gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret b\u00f8r kjenne til. Desse orienteringane vert ogs\u00e5 lagt ut p\u00e5 rektorbloggen. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved H\u00f8gskulen i Volda. Rektor skriv ogs\u00e5 eit nyhendebrev som vert &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2019\/06\/13\/orientering-til-hogskulestyret-13-juni-2019\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Orientering til h\u00f8gskulestyret, 13. juni 2019<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2174"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2174"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2174\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2176,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2174\/revisions\/2176"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2174"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2174"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2174"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}