{"id":2084,"date":"2019-03-15T10:48:38","date_gmt":"2019-03-15T09:48:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=2084"},"modified":"2019-04-01T16:12:28","modified_gmt":"2019-04-01T14:12:28","slug":"tid-til-a-studere","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2019\/03\/15\/tid-til-a-studere\/","title":{"rendered":"Studiebarometeret: Tid til \u00e5 studere? (oppdatert)"},"content":{"rendered":"\n<p>I Studiebarometeret oppgir studentane kor mykje tid dei brukar p\u00e5 \u00e5 studere i l\u00f8pet av ei veke. Er dette tal vi kan stole p\u00e5? Og kva fortel dei eigentleg? <\/p>\n\n\n\n<p>Voldastudentane har dei siste <a href=\"https:\/\/dbh.nsd.uib.no\/styringsdata\/virksomhetsmaal_2013.action?undermeny=virksomhetsmaal_2013&amp;sektorKode=0&amp;ValgtinstDetail=0236&amp;valgtArstall=2018\">\u00e5ra oppgitt dei studerer knapt 30 timar pr veke<\/a>. Dette er gjennomsnittstal for alle studentar, og naturlegvis med variasjon mellom studieprogramma. <\/p>\n\n\n\n<p>Gjennomsnittleg tidsbruk for alle bachelorstudentar er 33 timar i veka for bachelorstudentar, g\u00e5r det fram av eit oversyn fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/studenttorget.no\/index.php?show=22&amp;expand=22,3796&amp;artikkelid=19736\">Studenttorget.no.<\/a> Men det er store skilnader mellom ulike typer av utdanningar. Kunnskapsminister <a href=\"https:\/\/www.dagbladet.no\/nyheter\/sa-lite-leser-norske-studenter---varsellampene-bor-blinke\/70792944\">Iselin Nyb\u00f8 meiner institusjonane b\u00f8r ha h\u00f8gre forventningar til studentane &#8211; at studentane b\u00f8r f\u00e5 h\u00f8gare krav og studere fleire timar i veka<\/a>. Noko liknande har ogs\u00e5 tidlegare kunnskapsminister <a href=\"https:\/\/www.universitetsavisa.no\/student\/2016\/02\/02\/Arkitektene-bruker-mest-tid-p%C3%A5-studiene-18367868.ece\">Torbj\u00f8rn R\u00f8e Isaksen sagt &#8211; blant anna tilbake i 2016<\/a>. <\/p>\n\n\n\n<p>Dette er alts\u00e5 viktige tal for Kunnskapsdepartementet: &laquo;Fagleg tidsbruk (timar pr veke)&raquo; er eitt av s\u00e5kalla <a href=\"https:\/\/dbh.nsd.uib.no\/styringsdata\/virksomhetsmaal_2013.action?undermeny=virksomhetsmaal_2013&amp;sektorKode=0&amp;ValgtinstDetail=0236&amp;valgtArstall=2018\">Nasjonale styringsparameter som alle UH-institusjonar blir m\u00e5lte p\u00e5<\/a>.<\/p>\n\n\n\n<!--nextpage-->\n\n\n\n<p>Men korleis ligg voldastudentane an samanlikna med studentar p\u00e5 v\u00e5re naboinstitusjonar?<\/p>\n\n\n\n<table class=\"wp-block-table is-style-stripes\"><tbody><tr><td><br \/><\/td><td><strong>Volda<\/strong><\/td><td><strong>HVL Sogndal<\/strong><\/td><td><strong>HVL Bergen<\/strong><\/td><td><strong>UiS<\/strong><\/td><td><strong>NTNU<\/strong><\/td><\/tr><tr><td>BLU<\/td><td>28,1<\/td><td>31,9<\/td><td>28,5<\/td><td>29,4<\/td><td>*)<\/td><\/tr><tr><td>GLU 1-7<\/td><td>31,3<\/td><td> 44,4 *)<\/td><td>27,2<\/td><td>27,6<\/td><td>31,2<\/td><\/tr><tr><td>GLU 5-10<\/td><td>26,6<\/td><td>19,6<\/td><td>28,9<\/td><td>26,3<\/td><td>26,2<\/td><\/tr><tr><td>Barnevern<\/td><td>26,5<\/td><td>24,7<\/td><td>*) <\/td><td>28,0<\/td><td>27,7<\/td><\/tr><tr><td>Sosionom<\/td><td>28,5<\/td><td>30,1<\/td><td>27,5<\/td><td>24,7<\/td><td>24,5<\/td><\/tr><tr><td>Gjsnitt<\/td><td>28,2<\/td><td>30,1<\/td><td>28,0<\/td><td>27,2<\/td><td>27,4<\/td><\/tr><\/tbody><\/table>\n\n\n\n<p>*) Det var sv\u00e6rt f\u00e5 svar fr\u00e5 Sogndal p\u00e5 GLU 1-7. NTNU har ikkje barnehagel\u00e6rarutdanning. HVL Bergen har ikkje barnevernsutdanning.<\/p>\n\n\n\n<p>I tabellen ovanfor er tala for voldastudentane p\u00e5 &nbsp;profesjonsstudia i l\u00e6rerutdanninga og sosialfag presentert i lag med tal for studentane p\u00e5 tilsvarande studium i Sogndal, Bergen, Stavanger og p\u00e5 NTNU. Det viser det seg at studentane brukar noks\u00e5 lik tid p\u00e5 \u00e5 studere p\u00e5 tvers av institusjonane: Alle brukar knapt 30 timar i veka p\u00e5 \u00e5 studere. Ser ein p\u00e5 tala p\u00e5 institusjonsniv\u00e5 er ogs\u00e5 tidsbruken noks\u00e5 stabil dei siste \u00e5ra. <\/p>\n\n\n\n<p>Det er mange sp\u00f8rsm\u00e5l som reiser seg ut fr\u00e5 slike tal. Har studentane svara &laquo;rett&raquo; n\u00e5r dei har oppgitt kor mykje tid dei brukar p\u00e5 \u00e5 studere? Har vi her eit metodeproblem? Det har vi naturlegvis. Men sidan Studiebarometeret er likt for alle institusjonar s\u00e5 m\u00e5 ein tru at sj\u00f8lvrapporteringa sl\u00e5r likt ut for dei fleste institusjonar. <\/p>\n\n\n\n<p>Eit anna sp\u00f8rsm\u00e5l er om det verkeleg er slik at det blir betre studiekvalitet av at studentane arbeider fleire timar i veka? Eg har litt vanskeleg for \u00e5 tru at det ikkje stemmer. Men vi har ein viss parallell til den lange debatten om kortare arbeidstid: Somme studiar syner at organisasjonar som kuttar i arbeidstida &#8211; til d\u00f8mes til 6 timars dag &#8211; faktisk klarer \u00e5 levere same produktivitet som f\u00f8r.  <br \/><br \/>Men om det er slik at studentane b\u00f8r arbeide fleire timar i veka: Vil ikkje det ogs\u00e5 kreve at dei tilsette ogs\u00e5 m\u00e5 bruke meir tid p\u00e5 undervisning og rettleiing? Svaret p\u00e5 det b\u00f8r ogs\u00e5 vere innlysande: Forventar ein at studentane skal arbeide 10 prosent meir s\u00e5 m\u00e5 ogs\u00e5 undervisnings- og rettleiingsinnsatsen aukast med 10 prosent. I alle fall n\u00e5r vi er p\u00e5 eit nasjonalt niv\u00e5. <\/p>\n\n\n\n<p>Det er ein viktig felles eigenskap ved UH-institusjonane som har studentar som arbeider flest timar i veka. I f\u00f8lgje Studenttorget er dette tannlegestudentar, legestudentar, politi, arkitektur og farmasi. Dette er studium som er p\u00e5 <a href=\"https:\/\/dbh.nsd.uib.no\/dokumentasjon\/kategorier.action\">h\u00f8gaste eller nest h\u00f8gaste niv\u00e5 i finansieringssystemet i h\u00f8gare utdanning.<\/a> Det betyr at den statlege l\u00f8yvinga pr student p\u00e5 lege og tannlege er 3-4 gonger h\u00f8gare enn for ein student p\u00e5 sosionom. <\/p>\n\n\n\n<p>Ein annan m\u00e5te \u00e5 illustrere skilnaden p\u00e5 er i statistikk over fagleg tilsette pr student. P\u00e5 sosialfaga i Volda er det ca 18 studentar pr tilsett. Til d\u00f8mes p\u00e5 medisinstudiet ved Universitetet i Oslo er det under 3 studentar pr tilsett. <\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 eit overordna niv\u00e5 burde det alts\u00e5 ikkje vere s\u00e5 vanskeleg for insitusjonar med god finansiering \u00e5 tilby meir undervisning &#8211; og dermed stille h\u00f8gare krav til studentar. Og tilsette. Det er i tillegg allment kjent at det er h\u00f8ge opptakskrav til legestudium og tannlegestudium. Men i sum er det vanskeleg \u00e5 legge til grunn at slike studium skal vere normen for norske studentar.<\/p>\n\n\n\n<p>Studiebarometeret b\u00f8r ikkje reknast ein fasit for \u00e5 vurdere kva som fungerer eller ikkje &#8211; men i staden eit godt grunnlag for \u00e5 stille nye sp\u00f8rsm\u00e5l. <\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Studiebarometeret oppgir studentane kor mykje tid dei brukar p\u00e5 \u00e5 studere i l\u00f8pet av ei veke. Er dette tal vi kan stole p\u00e5? Og kva fortel dei eigentleg? Voldastudentane har dei siste \u00e5ra oppgitt dei studerer knapt 30 timar pr veke. Dette er gjennomsnittstal for alle studentar, og naturlegvis med variasjon mellom studieprogramma. Gjennomsnittleg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2019\/03\/15\/tid-til-a-studere\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Studiebarometeret: Tid til \u00e5 studere? (oppdatert)<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2084"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2084"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2084\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2122,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2084\/revisions\/2122"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2084"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2084"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2084"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}