{"id":1694,"date":"2018-04-26T09:33:18","date_gmt":"2018-04-26T07:33:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=1694"},"modified":"2018-04-27T11:09:57","modified_gmt":"2018-04-27T09:09:57","slug":"framtidas-arbeidsplassar-spor-studentane","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2018\/04\/26\/framtidas-arbeidsplassar-spor-studentane\/","title":{"rendered":"Framtidas arbeidsplassar? Sp\u00f8r studentane"},"content":{"rendered":"<div>\n<figure id=\"attachment_1696\" aria-describedby=\"caption-attachment-1696\" style=\"width: 660px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_173000.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-large wp-image-1696\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_173000-1024x768.jpg\" alt=\"\" width=\"660\" height=\"495\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_173000-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_173000-300x225.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_173000-768x576.jpg 768w\" sizes=\"(max-width: 660px) 100vw, 660px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-1696\" class=\"wp-caption-text\">Framtidas eller fortidas arbeidsplass? Media City Bergen<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n<p>Debatten g\u00e5r h\u00f8gt om arbeidsplassar for tilsette og med to klare ytterpunkt: Cellekontor eller variantar av kontorlandskap (&laquo;aktivitetsbaserte arbeidsplassar&raquo;).<\/p>\n<p>Det er liten tvil om at det forkjemparane for det best\u00e5ande, cellekontor, som har overtaket i mediedebatten. Men aktivitetsbaserte arbeidsplassar har eit statleg rundskriv p\u00e5 si side. Det er ein stille, men formidabel motstandar.<\/p>\n<p>Forkjemparane for cellekontor meiner det er ur\u00e5d \u00e5 drive konsentrasjonskrevande arbeid om ein ikkje har ei d\u00f8r \u00e5 stenge seg inne bak. Dette var ogs\u00e5 gjennomgangsmelodien i NRK Brennpunkts dokumentar 25.april 2018:<\/p>\n<div><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/dokumentar\/xl\/kan-apent-kontorlandskap-gjore-deg-440-prosent-bedre_-1.14019357\"><span style=\"font-size: large\">&laquo;Kan \u00e5pent kontorlandskap gj\u00f8re deg 440 prosent bedre?&raquo;<br \/>\n<\/span><\/a><\/div>\n<p><!--more--><br \/>\nCellekontor er vi vane med. Landskapsliknande arbeidsplassar er det f\u00e6rre som har erfaring med p\u00e5 h\u00f8gskular og universitet i Noreg. Men i privat sektor er kontorlandskap det normale. Det sa i alle fall programleiarane i NRK dokumentaren i innleiinga si, men brydde seg ikkje mykje meir om det poenget.<\/p>\n<p>Eg trur dei fleste har vanskeleg for \u00e5 akseptere at det berre er forskarar i offentleg sektor som driv konsentrasjonskrevande arbeid og difor m\u00e5 ha cellekontor heile tida. Ein kan vel snu p\u00e5 det \u00e5 seie at vi alle b\u00f8r vere rimeleg konsentrerte for \u00e5 kunne gjere jobben v\u00e5r. Motsett er det nok ogs\u00e5 slik at mange burde oftare kome ut av cellekontora sine.<\/p>\n<p>Kontorlandskap er s\u00e5pass nytt i norsk akademia at vi ikkje eigentleg har norsk forsking p\u00e5 temaet. Ein flittig sitert metastudie av forsking p\u00e5 omr\u00e5det byggjer i stor grad p\u00e5 utanlandskje kjelder og er sj\u00f8lv f\u00f8rebels ikkje publisert i ein kanal for vitskapleg publisering. Vi treng nok meir forsking.<\/p>\n<p>I lys av dette er det eit eksperiment i stor skala vi opplever n\u00e5r staten i sin arealnorm gir oss 23 kvadratmeter til r\u00e5dvelde og dette no p\u00e5verkar fleire og fleire forskarar.<\/p>\n<div><a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/dokumenter\/rundskriv-om-normer-for-energi--og-arealbruk-for-statlige-bygg\/id2474498\/\">&laquo;Rundskriv om normer for energi og arealbruk for statlige bygg&raquo;<\/a> (12.12.2015)<\/div>\n<p>Det er spesielt eitt av argumenta mot kontorlandskap som eg meiner har vorte for lite diskutert, og det er studentane og deira arbeidsformer.<\/p>\n<p>Somme meiner at om h\u00f8gskulel\u00e6rarane blir flytta over i kontorlandskap s\u00e5 vil det ogs\u00e5 g\u00e5 ut over undervisninga &#8211; eller i alle fall rettleiinga til studentane. Ja, er det verkeleg slik? Ein ting er at dette dessverre kan bli ein sj\u00f8lvoppfyllande profeti, sj\u00f8lv om eg ikkje trur at nokon med vilje vil gje d\u00e5rlegare undervisning eller rettleiing som protest mot aktivitetsbaserte arbeidsplassar.<\/p>\n<p>Men eg trur ein meir spennande m\u00e5te \u00e5 tenkje p\u00e5 er \u00e5 sj\u00e5 studentanes arbeidsm\u00e5tar i dag. Det gir eit frampeik p\u00e5 korleis akademisk arbeid blir i framtida. Og studentane viser at l\u00e6ring og kunnskapsproduksjon i framtida vil ikkje berre skje i einsemd p\u00e5 cellekontor.<\/p>\n<p>Kritikarane av kontorlandskap hevdar at konsentrasjonskrevande arbeid berre kan gi resultat i stille cellekontor. Ein konsekvens av dette synet er at d\u00e5 burde ein ikkje berre kjempe for cellekontor til seg sj\u00f8lv, men ogs\u00e5 til alle studentar. Men er det einsam lesing studentane faktisk \u00f8nskjer seg eller opps\u00f8kjer?<\/p>\n<p>H\u00f8gskular og universitet har alltid tilbydd studentar i form av arbeidsplassar i lesesalar og i bibliotek.\u00a0Men alle som har vore innom ein lesesal eller eit bibliotek i dag ser at studentane ikkje er p\u00e5 lesesal, og er dei p\u00e5 biblioteket er dei i alle fall ikkje heilt stille, men arbeider i grupper.<\/p>\n<p>B\u00e5de i Volda og andre stader er lesesalane s\u00e5 lite brukte at dei blir bygde om, og i staden brukte til grupperom. Denne utviklinga ser vi i Volda <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2017\/10\/02\/biblioteka-pa-vestlandet-faerre-boker-fleire-studentar\/\">og hos dei andre h\u00f8gskulane og universiteta p\u00e5 Vestlandet<\/a>, og heilt sikkert p\u00e5 andre studiestader ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Studentane \u00f8nskjer alts\u00e5 \u00e5 lese, l\u00e6re og diskutere &#8211; i lag med pc-en sin og andre studentar. B\u00e5de over bordet og over nett. Vi m\u00e5 sj\u00f8lvsagt ta atterhald om at dei studentane vi ikkje ser kanskje sit p\u00e5 hybelen og les, men det burde vi nok finne ut meir om. Ogs\u00e5 her trengst det meir forsking.<\/p>\n<p>Korleis l\u00e6rer forskarar? Vi ser vel akkurat same tendensen som hos studentar: Organisering i forskingsgrupper. Formidling i interne seminar og i faglege diskusjonar. Presentasjon og diskusjon p\u00e5 Forskingsdagane. Bibliotektr\u00e5ling. Deltaking i internasjonale konferansar. Kor mykje tid blir eigentleg brukt til \u00e5 sette seg ned og lese ei heil bok?<br \/>\n<em>Tillegg, 27.04.: Altfor lite. Vi burde alle lese meir b\u00f8ker.<\/em><\/p>\n<p>H\u00f8gskulen vil i 2020 opne nybygget som har arbeidsnamnet &laquo;Sivert Aarflot-huset&raquo;. Det er i all hovudsak Avdeling for mediefag som skal nytte huset til undervisning og forsking, og det ligg dermed sv\u00e6rt godt til rette for at studentar og tilsette kan samarbeide end\u00e5 n\u00e6rare og tettare enn f\u00f8r.<\/p>\n<p>Praksisn\u00e6rleik er eit mantra for medieutdanningane, og for mediefaga er kontorlandskap noks\u00e5 likt arbeidsmilj\u00f8et studentane \u00a0vil m\u00f8te ute i den s\u00e5kalla verkelege verda, i arbeidslivet, i praksisfeltet.<\/p>\n<p>Mediehus 2020 er eit sv\u00e6rt viktig prosjekt for H\u00f8gskulen i Volda for dei neste 50 \u00e5ra, eller meir. Eg er sikker p\u00e5 at leverand\u00f8rane som no arbeider med framlegg til l\u00f8ysing av oppdraget kjenner godt til argumenta, \u00f8nskja og krava ogs\u00e5 fr\u00e5 dei som \u00f8nskjer cellekontor.<\/p>\n<p>I Sunnm\u00f8rsposten 26. april 2018 gjekk leiar i Forskarforbundet Erling Sivertsen ut og var bekymra over kva aktivitetsbaserte arbeidsplassar kan f\u00f8re til av problem for arbeidsmilj\u00f8et.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.smp.no\/nyheter\/2018\/04\/25\/Klubbleiar-om-opne-kontorlandskap-planar-%E2%80%93-Tilsette-kan-bli-sjuke-16567121.ece\">Tilsette kan bli sjuke<\/a>\u00a0(Sunnm\u00f8rsposten 26.4.2018)<\/p>\n<p>Det er bra tilsette og tillitsvalde engasjerer seg i dette sp\u00f8rsm\u00e5let, og eg er sikker p\u00e5 at dei vil bli h\u00f8yrt. Det nye mediehuset kjem heilt sikkert til \u00e5 ha b\u00e5de cellekontor og aktivitetsbsserte arbeidsplassar.<\/p>\n<p>Sivertsen er ein av 8 tilsette p\u00e5 HVO som har signert p\u00e5 eit opprop mot aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Med ca 350 tilsette p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda s\u00e5 er det f\u00f8rebels ikkje veldig mange som deler Sivertsens uro i s\u00e5 stor grad at dei signerer p\u00e5 oppropet.<\/p>\n<p>Det er ved nybygg eller st\u00f8rre ombyggingar dette sp\u00f8rsm\u00e5let blir aktuelt, s\u00e5 for dei fleste i sektoren er dette lite aktuelt i dag.<\/p>\n<p>I NRK Brennpunkt sa rektor Gunnar Bovim ved NTNU at han ville pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 meir enn 23 kvadratmeter pr tilsett p\u00e5 nye NTNU.\u00a0\u00a0Eg tvilar eg sterkt p\u00e5 at arealnormen vil bli endra raskt for \u00e5 gje berre forskarar meir plass. Og vi m\u00e5 i s\u00e5 fall heilt sikkert betale meirkostnaden sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Derimot trur eg det er sv\u00e6rt viktig \u00e5 forske p\u00e5 ulike arbeidsformer i forsking, p\u00e5 samanhengane mellom fysisk og psykososialt arbeidsmilj\u00f8, p\u00e5 korleis digitalisering kan gje betre kvalitet p\u00e5 forsking og undervisning og det samla arbeidsmilj\u00f8et. Og d\u00e5 er det faktisk viktig at vi har ulike typer av arbeidsplassar slik at det er noko \u00e5 forske p\u00e5.<\/p>\n<p>D\u00e5 vil det ogs\u00e5 vere naturleg \u00e5 forske p\u00e5 negative sider ved dagens cellekontor. S\u00e5 lenge nesten alle UH-tilsette i dag sit i cellekontor, s\u00e5 kan det hende cellekontor er ei medverkande \u00e5rsak til det som m\u00e5tte finnast av dagens arbeidsmilj\u00f8- og produktivitetsproblem. Truleg vil nytilsette lettare bli kjent med arbeidsplassen sin om alle sit i landskap. Slike sp\u00f8rsm\u00e5l m\u00e5 ogs\u00e5 unders\u00f8kast n\u00e6rare.<\/p>\n<p>Hausten 2018 vil h\u00f8gskulen starte eit nytt campusutviklingsprosjekt. Det vil vere naturleg at dette prosjektet ogs\u00e5 vurderer framtidig utforming av arbeidsplassar til tilsette.<\/p>\n<div>\n<figure id=\"attachment_1697\" aria-describedby=\"caption-attachment-1697\" style=\"width: 660px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_175210.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-large wp-image-1697\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_175210-1024x768.jpg\" alt=\"\" width=\"660\" height=\"495\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_175210-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_175210-300x225.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2018\/04\/20180322_175210-768x576.jpg 768w\" sizes=\"(max-width: 660px) 100vw, 660px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-1697\" class=\"wp-caption-text\">Telefonkiosk 2018?<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Debatten g\u00e5r h\u00f8gt om arbeidsplassar for tilsette og med to klare ytterpunkt: Cellekontor eller variantar av kontorlandskap (&laquo;aktivitetsbaserte arbeidsplassar&raquo;). Det er liten tvil om at det forkjemparane for det best\u00e5ande, cellekontor, som har overtaket i mediedebatten. Men aktivitetsbaserte arbeidsplassar har eit statleg rundskriv p\u00e5 si side. Det er ein stille, men formidabel motstandar. Forkjemparane for &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2018\/04\/26\/framtidas-arbeidsplassar-spor-studentane\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Framtidas arbeidsplassar? Sp\u00f8r studentane<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[117,116,118],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1694"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1694"}],"version-history":[{"count":10,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1694\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1706,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1694\/revisions\/1706"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1694"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1694"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1694"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}