{"id":1369,"date":"2017-09-20T21:30:52","date_gmt":"2017-09-20T19:30:52","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=1369"},"modified":"2017-09-20T21:31:03","modified_gmt":"2017-09-20T19:31:03","slug":"forsking-i-postfakta-samfunnet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2017\/09\/20\/forsking-i-postfakta-samfunnet\/","title":{"rendered":"Forsking i postfakta-samfunnet"},"content":{"rendered":"<p><em>Kronikk i Sunnm\u00f8rsposten 20. september 2017.<\/em><\/p>\n<p><strong>I eit samfunn der fleire og fleire tvilar p\u00e5 fakta og kunnskap er det viktigare enn nokon gong at forskarsamfunnet strekkjer seg ut til resten av samfunnet for \u00e5 ope og \u00e6rleg fortelje om korleis forsking foreg\u00e5r &#8211; og \u00e5 g\u00e5 i dialog med b\u00e5de brukarar og kritikarar av forsking.<\/strong><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/09\/IMG_0886.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter size-large wp-image-1370\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/09\/IMG_0886-1024x908.jpg\" alt=\"\" width=\"660\" height=\"585\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/09\/IMG_0886-1024x908.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/09\/IMG_0886-300x266.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/09\/IMG_0886-768x681.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/09\/IMG_0886.jpg 1539w\" sizes=\"(max-width: 660px) 100vw, 660px\" \/><\/a><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www3.hivolda.no\/forskingsdagane\">Forskingsdagane<\/a> er ein nasjonal og \u00e5rleg forskingsfestival som kvart \u00e5r blir arrangert i slutten av september. I l\u00f8pet av eit par veker vert det arrangert ca 1.000 arrangement landet rundt, og ved H\u00f8gskulen i Volda er vi stolte over at vi i 2017 med heile 27 arrangement har fleire forskarar enn nokon gong f\u00f8r i sving for \u00e5 drive forskingsformidling, eller som det heiter i den overordna m\u00e5lsettinga for forskingsdagane: \u00c5 skape begeistring og forst\u00e5ing for forsking.<br \/>\n<!--more--><br \/>\nSom den st\u00f8rste forskingsinstitusjonen i M\u00f8re og Romsdal med over 200 fagtilsette kjenner vi eit s\u00e6rleg ansvar for \u00e5 formidle fag og forsking p\u00e5 ein m\u00e5te som b\u00e5de er tilgjengeleg for folk som ikkje visste at forsking kunne vere spennande, og p\u00e5 eit vidt spekter av arenaer der interesserte og engasjerte menneske m\u00f8test. Vi deltek p\u00e5 eldreuniversitet, i kyrkja, i museum, p\u00e5 kino, p\u00e5 utestader og ute i friluft &#8211; i tillegg til H\u00f8gskulen i Volda. Vi lanserer b\u00f8ker, har faglege debattar, diskuterer og syner film &#8211; og har kviss. Forskarar er like mangfaldige som alle andre.<\/p>\n<p>V\u00e5re eigne forskarar og forskarar fr\u00e5 inn- og utland skal blant anna snakke om bied\u00f8d, om l\u00e6rarutdanning, om verdien av estetiske fag, om samfunnsplanlegging &#8211; og om verdien av ur\u00f8rt natur. Fagfolk fr\u00e5 alle v\u00e5re avdelingar deltek og p\u00e5 mange av arrangementa har vi lagt opp til at v\u00e5re eigne studentar skal m\u00f8te forsking i ein litt anna og breiare samanheng enn vanleg. Det skjer spennande ting og nye tankar kan bli tenkt n\u00e5r l\u00e6rarar og studentar m\u00f8ter og samtalar med representantar fr\u00e5 livet utanfor akademia &#8211; fr\u00e5 arbeidslivet. Det kan faktisk bli samskaping av slike m\u00f8te.<\/p>\n<p>Kvifor er det viktig \u00e5 drive slik opps\u00f8kande forskingsformidling? Er det ikkje nok \u00e5 formidle forsking til andre fagfolk og ekspertar gjennom internasjonale tidsskrift? Det er heilt n\u00f8dvendig og normal og viktig aktivitet for \u00e5 sikre forsking av h\u00f8gast muleg kvalitet. Men det er ikkje nok.<\/p>\n<p>Barn og unge m\u00f8ter i dag ei overveldande mengde med informasjon gjennom sosiale media. Ikkje alt i sosiale media er slik som det ser ut. I 2016-2017 har &laquo;fake news&raquo; &#8211; falske nyhende &#8211; vorte eitt av dei aller mest brukte og omtala orda i verda. Og mange snakkar ogs\u00e5 om at vi kan vere p\u00e5 veg inn i &laquo;post truth&raquo;-samfunnet. Er vi ferdig med fakta? N\u00e5r mange nok korkje trur p\u00e5 nyhende eller p\u00e5 fakta i det heile &#8211; kva skal ein tru p\u00e5 d\u00e5?<\/p>\n<p>Djupast sett handlar dette om tillit og om kommunikasjon. Kommunikasjon b\u00e5de krev tillit &#8211; og kan skape tillit. Om vi ikkje har tillit til kommunikasjonspartnaren orkar vi knapt \u00e5 bry oss om han eller ho, avisa, boka eller nettsida.<\/p>\n<p>For at forskarar skal oppretthalde og styrke tilliten til forsking og fagleg arbeid m\u00e5 forskarane dele kunnskapen sin med eit allment publikum. Folk flest m\u00e5 kunne f\u00e5 tilgang til fag- og forskingsresultat for \u00e5 orientere seg i samfunnet, for \u00e5 f\u00e5 nye idear og impulsar og for \u00e5 kunne vere eit danna og opplyst menneske i den store samfunnsdebatten og i den lille samtalen i heimen.<\/p>\n<p>Men igjen er det ikkje nok \u00e5 berre dele kunnskapen. Forskarane m\u00e5 ogs\u00e5 dele med andre korleis forskinga blir til. Korleis forsking blir finansiert. Kven som har interesser for forskinga. Kva som er forskingas f\u00f8resetnader, metodar og avgrensingar. Og s\u00e5 m\u00e5 ein vere open om feila &#8211; b\u00e5de dei fr\u00e5 i g\u00e5r og dei andre. Det er slett ikkje slik at all forsking er av god kvalitet. Det er ikkje slik at forsking alltid gir resultat som ein oppdragsgjevar eller andre kan bruke. Om forskarane er opne ogs\u00e5 om dette. Om forskarar ogs\u00e5 formidlar slike historier er dei med p\u00e5 byggje tillit.<\/p>\n<p>Om ein trur at alle nyhende er falske og at vi alt er inne i eit post-fakta-samfunn, s\u00e5 g\u00e5r vi ei uendeleg triste framtid i m\u00f8te. D\u00e5 er det viktig \u00e5 hugse at internett og sosiale media ikkje berre er enormt sterke kanalar for \u00e5 formidle propaganda og l\u00f8gner &#8211; men gjeve oss alle ogs\u00e5 verkt\u00f8y til \u00e5 leite etter kunnskap, f\u00f8re gode samtalar og finne fram til sj\u00f8lvstendige standpunkt og vurderingar av kva som faktisk stemmer og er sant. Men det krev dialog. Og tillit.<\/p>\n<p>H\u00f8gskulen i Volda er ein spissa institusjon. Dei fleste forskarane v\u00e5re har utdanning fr\u00e5 og forskar innanfor humanistiske fag og samfunnsfag. Det omfattar pedagogikk, spr\u00e5k, litteratur, historie, kulturfag, sosiologi, psykologi, statsvitskap, mediefag &#8211; og andre fag. Dette er fag der spr\u00e5kleg formidling st\u00e5r i fokus, der kunnskap om spr\u00e5k, formidling, kjeldebruk og kjeldekritikk er n\u00f8dvendige og sj\u00f8lvsagde inngangar til kunnskap. Eg trur at v\u00e5re fag gjev b\u00e5de l\u00e6rarar, journalistar, kulturarbeidarar, sosionomar og andre kunnskapar, verkt\u00f8y &#8211; og danning &#8211; som kan fungere som vaksine mot falske nyhende.<\/p>\n<p><strong>Fakta om Forskingsdagane ved H\u00f8gskulen i Volda:<\/strong><br \/>\nBlir arrangert i tida 21. til 28. september<br \/>\n28 arrangement i Volda, \u00d8rsta, S\u00e6b\u00f8, Ulsteinvik.<br \/>\nI samarbeider med ca 30 lag og organisasjonar.<br \/>\nArrangementa er gratis og opne for alle.<br \/>\nMeir informasjon p\u00e5 <a href=\"http:\/\/Www.hivolda.no\">www.hivolda.no<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kronikk i Sunnm\u00f8rsposten 20. september 2017. I eit samfunn der fleire og fleire tvilar p\u00e5 fakta og kunnskap er det viktigare enn nokon gong at forskarsamfunnet strekkjer seg ut til resten av samfunnet for \u00e5 ope og \u00e6rleg fortelje om korleis forsking foreg\u00e5r &#8211; og \u00e5 g\u00e5 i dialog med b\u00e5de brukarar og kritikarar av &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2017\/09\/20\/forsking-i-postfakta-samfunnet\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Forsking i postfakta-samfunnet<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1369"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1369"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1369\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1372,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1369\/revisions\/1372"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1369"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1369"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1369"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}