{"id":1114,"date":"2017-01-27T09:48:06","date_gmt":"2017-01-27T08:48:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=1114"},"modified":"2017-02-01T17:29:36","modified_gmt":"2017-02-01T16:29:36","slug":"strategiplanen-er-vedtatt-kva-no","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2017\/01\/27\/strategiplanen-er-vedtatt-kva-no\/","title":{"rendered":"Strategiplanen er vedtatt &#8211; kva no?"},"content":{"rendered":"<p>Strategiplanen for H\u00f8gskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av h\u00f8gskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde p\u00e5 styrem\u00f8tet.<\/p>\n<blockquote><p>Og det er ein strategiplan berre for H\u00f8gskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til \u00e5 minne om.<\/p><\/blockquote>\n<div>Det kom inn mange endringsframlegg i l\u00f8pet av styrem\u00f8tet. Dei skal innarbeidast i den reviderte planen av h\u00f8gskuledirekt\u00f8r Jacob Kj\u00f8de. Deretter skal planen sendast styret for ein sjekk. Etter det vil planen bli signert av to styremedlemmer og offentleggjerast. Vonleg vil dette skje i l\u00f8pet av f\u00f8rste veka i februar og etter det blir planen lagt ut p\u00e5 nettsidene v\u00e5re. Skulle det ha skjedd mistydingar kan ogs\u00e5 styret i neste m\u00f8te rette dei opp n\u00e5r protokoll for styrem\u00f8tet 26. januar skal godkjennast.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Slik er rutinen for styresaker ved H\u00f8gskulen i Volda.<\/div>\n<h4>Oppf\u00f8lgjing<\/h4>\n<div>Strategiplanen skal s\u00e5 f\u00f8lgjast opp i \u00e5ra som kjem &#8211; og d\u00e5 tenkjer eg p\u00e5 heile planen &#8211; ikkje berre det som handlar om struktur og eventuelle fusjonar.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Gjennom strategiplanen og oppf\u00f8lgjinga skal bli \u00a0i stand til \u00e5 svare b\u00e5de internt og eksternt p\u00e5 kva vi tenkjer og vil gjere med utfordringane vi st\u00e5r overfor. Mykje er bra &#8211; spesielt er det viktig at vi har f\u00e5tt akkreditert grunnskulel\u00e6rarutdanninga og at arbeidet med &laquo;Sivert&raquo; &#8211; nybygget for media og formidling er godt i gjenge og er viktige tiltak i \u00e5ra 2017-2020.<\/div>\n<div><\/div>\n<p><!--more--><\/p>\n<div>Som styreleiar er eg f\u00f8rst og fremst glad for at vi fekk p\u00e5 plass ein strategiplan og gjorde samr\u00f8ystes vedtak p\u00e5 dei fleste punkt.<\/div>\n<h4>Struktursaka<\/h4>\n<div>Det er ikkje s\u00e6rleg tvil om at mange i styret og ikkje minst mange utanforst\u00e5ande f\u00f8rst og fremst lurer p\u00e5 kva H\u00f8gskulen i Volda vil gjere i h\u00f8ve til sj\u00f8lvstende eventuelt gjere andre val &#8211; der forpliktande samarbeid &#8211; eller fusjon &#8211; med Universitetet i Bergen eller H\u00f8gskolen i Molde er dei to aktuelle alternativa som er omtala i strategiplanen.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>I direkt\u00f8rens utkast til strategiplan vart plassering i framtidas UH-landskap omtala og heile styret slutta seg til formuleringa om at vi i fire\u00e5rsperioden skal arbeide for \u00e5 avklare desse sp\u00f8rsm\u00e5la. Dette var alts\u00e5 den overordna formuleringa.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Tre eksterne styremedlemmer kom med eit felles framlegg til handlingsplanen om at det skal vurderast \u00e5 halde fram som ein sj\u00f8lvstendig skarpt profilert h\u00f8gskule &#8211; eller forpliktande samarbeid med Universitetet i Bergen eller Molde. Formuleringa skarpt profilert er henta fr\u00e5 statssekret\u00e6r Bj\u00f8rn Haugstads vurdering av status for H\u00f8gskulen i Volda slik det g\u00e5r fram av eit <a href=\"http:\/\/pahoyden.no\/2017\/01\/erna-gir-toppkarakter-til-torbjorn-far-stryk-av-liv-signe\">intervju i nettavisa P\u00e5H\u00f8yden<\/a>. Sitatet er ogs\u00e5 med i saksutgreiinga.<\/div>\n<div><\/div>\n<p>I eit eige vedtak bad styret om at opplegget (mandat, arbeidsprosess og framdrift) for \u00e5 vurdere struktursp\u00f8rsm\u00e5la vart lagt fram p\u00e5 mars eller april-m\u00f8tet i styret.<\/p>\n<div><\/div>\n<div>\n<figure id=\"attachment_1115\" aria-describedby=\"caption-attachment-1115\" style=\"width: 1413px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/01\/20170127_054911.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-1115\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2017\/01\/20170127_054911.png\" alt=\"\" width=\"1413\" height=\"801\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-1115\" class=\"wp-caption-text\">Sunnm\u00f8rspostens oppslag etter styrem\u00f8tet 26. januar 2017.<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n<div><\/div>\n<div>\n<p>Sunnm\u00f8rsposten fokuserer i sin omtale av styrem\u00f8tet p\u00e5 at dei eksterne styremedlemmene la for dagen uro over dagens sj\u00f8lvstende &#8211; eller aleinegang som det ogs\u00e5 blir omtala som.<\/p>\n<\/div>\n<div><a href=\"http:\/\/www.smp.no\/nyheter\/2017\/01\/26\/Uro-over-%C3%A5leinegang-14120379.ece?cx_front_click=baseline_test&amp;cx_front_click_place=13&amp;cx_front_click_articles=2\">Her er Sunnm\u00f8rspostens artikkel.<\/a><\/div>\n<p>Nettavisa P\u00e5H\u00f8yden har ogs\u00e5 f\u00f8lgt opp styrem\u00f8tet:<br \/>\n<a href=\"http:\/\/pahoyden.no\/2017\/01\/volda-vil-greia-ut-fusjon-med-molde-og-bergen\">P\u00e5H\u00f8yden (30.1.2017): Volda vil greia ut fusjon med Molde og Bergen.<\/a><\/p>\n<h4>&#8211; Vi er skarpt profilert<\/h4>\n<div>I mitt eige innlegg i denne saka var eg oppteken av at H\u00f8gskulen i Volda i dag alt er skarpt profilert blant anna gjennom v\u00e5rt faglege fokus p\u00e5 samfunnsfag og humaniora.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Dei tre forslagsstillarane gjorde det p\u00e5 m\u00f8tet klart at dei meinte at H\u00f8gskulen i Volda alt i dag er skarpt profilert &#8211; det var alts\u00e5 ikkje slik at framlegget i seg sj\u00f8lv betyr at H\u00f8gskulen i Volda m\u00e5 skjerpe profilen i h\u00f8ve til status i dag. Det er etter mi meining ein viktig inngang til heile sp\u00f8rsm\u00e5let: Vi er ikkje ein tvangssituasjon korkje politisk eller fagleg.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Kva som ligg i \u00e5 vurdere sj\u00f8lvstende og dei to fusjonsalternativa vil leiinga og styret kome tilbake til.<\/div>\n<div><\/div>\n<div>Eg tek det for gitt at slike vurderingar vil byggje p\u00e5 strategiplanen og gi svar p\u00e5 kva struktur som best set oss i stand til \u00e5 oppn\u00e5 m\u00e5la i strategiplanen: Sj\u00f8lvstende eller fusjon.<\/div>\n<div><\/div>\n<blockquote>\n<div>Mange tilsette og styremedlemmer er nok ogs\u00e5 uroa over kva ein eventuell fusjon kan f\u00f8re med seg.<\/div>\n<\/blockquote>\n<div><\/div>\n<div>Tilsette, avdelingane og studentane vil naturlegvis bli involverte i arbeidet med desse vurderingane.<\/div>\n<div><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Strategiplanen for H\u00f8gskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av h\u00f8gskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde p\u00e5 styrem\u00f8tet. Og det er ein strategiplan berre for H\u00f8gskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til \u00e5 minne om. Det kom inn mange endringsframlegg i l\u00f8pet av styrem\u00f8tet. Dei skal innarbeidast i den &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2017\/01\/27\/strategiplanen-er-vedtatt-kva-no\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Strategiplanen er vedtatt &#8211; kva no?<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[8],"tags":[10,24,15,22,3,26],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1114"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1114"}],"version-history":[{"count":18,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1114\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1150,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1114\/revisions\/1150"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1114"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1114"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1114"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}