{"id":1078,"date":"2016-12-20T23:22:38","date_gmt":"2016-12-20T22:22:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?p=1078"},"modified":"2016-12-21T16:44:32","modified_gmt":"2016-12-21T15:44:32","slug":"aviskommentar-campus-kristiansund-eit-maratonlop-oppdatert","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/12\/20\/aviskommentar-campus-kristiansund-eit-maratonlop-oppdatert\/","title":{"rendered":"Aviskommentar: Campus Kristiansund &#8211; eit maratonl\u00f8p (oppdatert)"},"content":{"rendered":"<figure id=\"attachment_1079\" aria-describedby=\"caption-attachment-1079\" style=\"width: 640px\" class=\"wp-caption alignnone\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/12\/1-HIKSU-web.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-1079 size-full\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/12\/1-HIKSU-web.jpg\" width=\"640\" height=\"444\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/12\/1-HIKSU-web.jpg 640w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2016\/12\/1-HIKSU-web-300x208.jpg 300w\" sizes=\"(max-width: 640px) 100vw, 640px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-1079\" class=\"wp-caption-text\">H\u00f8gskulesenteret i Kristiansund.<\/figcaption><\/figure>\n<p><em>Denne aviskommentaren stod p\u00e5 trykk i <a href=\"http:\/\/www.smp.no\/meninger\/kronikk\/2016\/12\/20\/%C2%ABCampus-Kristiansund-%E2%80%93-eit-maratonl%C3%B8p%C2%BB-13960089.ece\">Sunnm\u00f8rsposten<\/a> og <a href=\"http:\/\/www.tk.no\/meninger\/leserbrev\/utdanning\/campus-kristiansund-eit-maratonlop\/o\/5-51-259373\">Tidens Krav<\/a> 21. desember 2016. Kommentaren er\u00a0i denne bloggen oppdatert med vedtak i Stortinget om H\u00f8gskulesenteret i Kristiansund &#8211; sj\u00e5 nederst.\u00a0<\/em><\/p>\n<p><strong>Per Vidar Kj\u00f8lmoen i Arbeidarpartiet i M\u00f8re og Romsdal har i eit lesarinnlegg i ei rekkje lokalaviser i fylket fortalt om Fylkestinget i M\u00f8re og Romsdal sitt vedtak om \u00e5 bruke 4 millionar kroner til planlegging av Campus Kristiansund i samarbeid med h\u00f8gskulane i Volda og Molde.<\/strong><\/p>\n<p><!--more--><\/p>\n<p>Det var stort fleirtal for dette i Fylkestinget i M\u00f8re og Romsdal, men avisene har etter det eg kan sj\u00e5 ikkje skrive noko om kva som vart sagt i debatten. S\u00e5 kva politikarane har lagt vekt p\u00e5 og korleis eit Campus Kristiansund skal utviklast er ukjent for dei fleste. Men H\u00f8gskulen i Volda blir gjerne med p\u00e5 \u00e5 diskutere korleis ein kan arbeide for \u00e5 n\u00e5 dette m\u00e5let, og om M\u00f8re og Romsdal blir ein eigen region s\u00e5 kan interessa for forsking og h\u00f8gare utdanning gi ein ny giv for arbeidsliv og n\u00e6ringsliv.<\/p>\n<blockquote><p>Ein liten brikke i dette samarbeidet kan vere at forskingsmilj\u00f8a i fylket legg eit felles arrangement under Forskingsdagane i september 2017 til Kristiansund.<\/p><\/blockquote>\n<p>Fylkesstatistikken viser at utdanningsniv\u00e5et i Kristiansund og p\u00e5 Nordm\u00f8re er noko l\u00e5gare enn i resten av fylket. S\u00e6rleg er det stor skilnad i utdanningsniv\u00e5 mellom Kristiansund og dei tre andre stadene som har h\u00f8gre utdanningsinstitusjonar og sjukehus: Molde, \u00c5lesund og Volda. Det er heilt klart ei regionalpolitisk utfordring \u00e5 finne l\u00f8ysingar p\u00e5 dette problemet, og ei forklaring er nok at det ikkje har vore ein h\u00f8gskule i Kristiansund. Fylkespolitikarane syner regional utviklingsvilje n\u00e5r dei l\u00f8yver 4 millionar kroner til f\u00f8rem\u00e5let. Tidlegare har ogs\u00e5 Kunnskapsdepartementet gjeve \u00e5rlege l\u00f8yvingar til H\u00f8gskolesenteret i Kristiansund. Sp\u00f8rsm\u00e5let er: Korleis f\u00e5 mest muleg ut av desse l\u00f8yvingane og korleis ein skal samarbeide?<\/p>\n<p>Sett fr\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda er det utfordrande \u00e5 finne gode samarbeidsmodellar som kan bidra til at det blir bygd ut eit campus Kristiansund. For fleire \u00e5r sidan dreiv H\u00f8gskulen i Volda undervisning ved H\u00f8gskolesenteret i Kristiansund og sende d\u00e5 l\u00e6rarar til Kristiansund for \u00e5 gjennomf\u00f8re undervisning i l\u00e6rarutdanningar. R\u00f8ynslene b\u00e5de fr\u00e5 Kristiansund og andre stader var at det var vanskeleg \u00e5 drive undervisning og \u00e5 utvikle eit studiemilj\u00f8 n\u00e5r det ikkje var jamn, dagleg aktivitet p\u00e5 staden.<\/p>\n<blockquote><p>Det er truleg n\u00f8dvendig \u00e5 utvikle eit campus Kristiansund med eigne undervisningstilbod for \u00e5 f\u00e5 kontinuitet og vekst.<\/p><\/blockquote>\n<p>Kva slags studietilbod som kan vere aktuelt \u00e5 utvikle og tilby har det vorte arbeidd med i fleire \u00e5r. H\u00f8gskolen i Molde har drive fleire studium i Kristiansund, men fylkestinget \u00f8nskjer seg meir og ein f\u00e5r tru breiare aktivitet. Det er ikkje godt \u00e5 seie kva studietilbod som er lurast \u00e5 starte med. Sj\u00f8lv trur eg det er lurt \u00e5 ha studium b\u00e5de for privat n\u00e6ringsliv og for offentleg verksemd.<\/p>\n<p>Volda og \u00d8rsta er med sine ca 20.000 innbyggjarar litt mindre enn Kristiansund. Men i Volda har vi hatt studietilbod i h\u00f8gare utdanning sidan 1861. Denne lange historia er ein viktig grunn til at vesle Volda er og har vore den den st\u00f8rste studiestaden i M\u00f8re og Romsdal. Dei siste \u00e5ra har vi hatt mellom 3.600-4.000 studentar og eit nasjonalt attraktivt studentmilj\u00f8. Vi tilbyr ca 20 bachelorutdanningar, 6 masterutdanningar og eit phd-studium i helse- og sosialfag i samarbeid med H\u00f8gskolen i Molde. V\u00e5re viktigaste fagomr\u00e5de er l\u00e6rarutdanningar og skulefag, sosialfag, medie- og kulturfag og planlegging og administrasjon.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 hausten 2017 tilbyr vi ei heilt ny fem\u00e5rige grunnskulel\u00e6rarutdanning med masterfaga spesialpedagogikk, norsk, matematikk, engelsk og samfunnsfag. Vi er blant dei tre f\u00f8rste h\u00f8gskulane i landet som har f\u00e5tt akkreditert fem\u00e5rig grunnskulel\u00e6rarutdanning &#8211; og det er eit kvalitetsstempel som vi er sv\u00e6rt stolte av \u00e5 ha f\u00e5tt. Det er langsiktig, hardt arbeid som krevst for \u00e5 byggje opp gode studietilbod i h\u00f8gare utdanning. Alle som arbeider for h\u00f8gskuleutdanning i Kristiansund veit nok dette, men det kan vere greitt \u00e5 minne fylkespolitikarane om at ein m\u00e5 vere skodd for eit maratonl\u00f8p.<\/p>\n<p>Studentane og arbeidsm\u00e5tane er i endring. Er det framleis behov for tradisjonelle h\u00f8gskular med sine bibliotek og auditorium? Mange av studentane i Volda ser vi berre p\u00e5 nett, og mange kjem fr\u00e5 Nordm\u00f8re. Faktisk er vi blant h\u00f8gskulane som har st\u00f8rst andel studentar p\u00e5 nett. Men dei klart fleste studentane ved H\u00f8gskulen i Volda bur i Volda eller dagpendlar hit. Studietilboda i Volda og p\u00e5 internett er begge viktige og n\u00f8dvendige for oss som h\u00f8gskule og for at vi skal kunne oppfylle v\u00e5rt samfunnsoppdrag. Det g\u00e5r ut p\u00e5 \u00e5 gje undervisning av h\u00f8g kvalitet som er lett tilgjengeleg og viktig for utviklinga av samfunnet. Spesielt i v\u00e5r region. Vel halvparten av v\u00e5re studentar kjem fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal, men mange kjem ogs\u00e5 fr\u00e5 Sogn og Fjordane. Ved at ungdom kan ta utdanning i regionen er vi med p\u00e5 \u00e5 gjere regionen meir attraktiv &#8211; b\u00e5de for ungdom som har vokse opp her, men ogs\u00e5 for ungdom fr\u00e5 andre stader i landet som er nyfikne p\u00e5 kva vi har \u00e5 tilby.<\/p>\n<p>Det h\u00f8yrer med eit varsko i dette bildet. H\u00f8gskulane i Molde og Volda har i mange \u00e5r hatt for d\u00e5rleg statleg finansiering og treng all muleg hjelp og st\u00f8tte fr\u00e5 politikarane i fylket for \u00e5 holde p\u00e5 si stilling og \u00e5 utvikle seg vidare. Det er kamp om knappe ressursar b\u00e5de i fylket og nasjonalt. Om det blir foresl\u00e5tt \u00e5 bygge opp aktivitet i Kristiansund p\u00e5 ein m\u00e5te som g\u00e5r ut over dei etablerte studiestadene er det sv\u00e6rt problematisk. B\u00e5de Volda, \u00c5lesund og Molde er i nasjonal samanheng mindre studiestader som f\u00f8rst og fremst m\u00e5 konkurrere mot studietilbod som ogs\u00e5 finst i dei st\u00f8rste byane: Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Troms\u00f8. Ein ungdom fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal som ikkje finn sitt dr\u00f8ymestudium i regionen vil nesten alltid finne eit alternativt studium i ein av dei store byane. Og d\u00e5 syner all r\u00f8ynsle at det er langt f\u00e6rre som flyttar tilbake til sin region, sitt fylke, sin heimstad. D\u00e5rlegare tilbod p\u00e5 eksisterande studiestader vil neppe f\u00f8re til at fleire studentar blir igjen i regionen &#8211; heller tvert i mot.<\/p>\n<blockquote><p>Det er alts\u00e5 kjempebra om det er muleg \u00e5 byggje opp meir h\u00f8gskuleaktivitet i Kristiansund.\u00a0Men det m\u00e5 ikkje g\u00e5 ut over dei etablerte studiestadene.<\/p><\/blockquote>\n<p>Og s\u00e5 m\u00e5 vi bu oss p\u00e5 at det er eit maratonl\u00f8p.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><em>Oppdatering:\u00a0<\/em><\/p>\n<p><em>Eit fleirtal p\u00e5 Stortinget (alle partia utanom H\u00f8gre og Framstegspartiet) har vedtatt f\u00f8lgjande:\u00a0<\/em><\/p>\n<p>&laquo;F l e r t a l l e t er kjent med at det p\u00e5g\u00e5r en strategiprosess ved H\u00f8gskolesenteret i Kristiansund for \u00e5 avklare\u00a0en framtidig modell for det h\u00f8yere\u00a0utdanningstilbudet p\u00e5 Nordm\u00f8re. F l e r t a l l e t ber\u00a0Kunnskapsdepartementet komme tilbake med en vurdering av hvordan et langsiktig og robust tilbud\u00a0om h\u00f8yere utdanning i Kristiansund kan utvikles i samarbeid med eksisterende h\u00f8gskoler eller universitet,\u00a0og hvordan et forprosjekt med dette form\u00e5l best\u00a0b\u00f8r organiseres og finansieres.&raquo;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne aviskommentaren stod p\u00e5 trykk i Sunnm\u00f8rsposten og Tidens Krav 21. desember 2016. Kommentaren er\u00a0i denne bloggen oppdatert med vedtak i Stortinget om H\u00f8gskulesenteret i Kristiansund &#8211; sj\u00e5 nederst.\u00a0 Per Vidar Kj\u00f8lmoen i Arbeidarpartiet i M\u00f8re og Romsdal har i eit lesarinnlegg i ei rekkje lokalaviser i fylket fortalt om Fylkestinget i M\u00f8re og Romsdal &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/2016\/12\/20\/aviskommentar-campus-kristiansund-eit-maratonlop-oppdatert\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Aviskommentar: Campus Kristiansund &#8211; eit maratonl\u00f8p (oppdatert)<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"aside","meta":{"footnotes":""},"categories":[9],"tags":[78,79,10,4,80],"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1078"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1078"}],"version-history":[{"count":9,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1078\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1088,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1078\/revisions\/1088"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1078"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1078"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1078"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}