{"id":3223,"date":"2021-10-29T15:15:54","date_gmt":"2021-10-29T13:15:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?page_id=3223"},"modified":"2021-11-01T09:02:21","modified_gmt":"2021-11-01T08:02:21","slug":"festtale-i-hove-opninga-av-sivert-aarflot-huset","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/festtale-i-hove-opninga-av-sivert-aarflot-huset\/","title":{"rendered":"Festtale i h\u00f8ve opninga av Sivert Aarflot-huset"},"content":{"rendered":"\n<p>(<em>Forlenga utg\u00e5ve av) Festtale til AMF-tilsette, og andre, samla p\u00e5 Rekkedal gjestehus 26.10. for markering av offisiell opning av Sivert Aarflot-huset.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Kj\u00e6re alle p\u00e5 Avdeling for mediefag &#8211; og heile HVO: Gratulerer med dagen!<\/p>\n\n\n\n<p>Dette kjennest litt ut som ein d\u00e5psfest. Det er jo fantastisk n\u00e5r eit barn blir f\u00f8dd, men det er gjerne litt kaotisk og ting blir ikkje n\u00f8dvendigvis akkurat slik du hadde planlagt, og barnet kan kome litt for tidleg eller litt for seint, og det er f\u00e5 som stiller opp pynta n\u00e5r eit barn kjem til verda.<\/p>\n\n\n\n<p>Men d\u00e5psfesten kan ein planlegge og sj\u00e5 fram til og invitere kvarandre til \u00e5 vere med p\u00e5.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 om studiestarten 2021 var f\u00f8dselsdagen til Sivert Aarflot-huset, s\u00e5 har vi dag ein slags d\u00e5psdag, ein festdag, med helsingar og blomar og takk og god mat &#8211; som i kveld! Og meir skal det blir har eg forst\u00e5tt.<\/p>\n\n\n\n<p>Men alts\u00e5: Etter 50 \u00e5r har medieutdanningane flytta ut av Ivar Aasen-huset og inn i Sivert Aarflot-huset.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/11\/1632133968084-bd189940-d03d-4a14-af5b-ff7979622c03.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"768\" height=\"1024\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/11\/1632133968084-bd189940-d03d-4a14-af5b-ff7979622c03-768x1024.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3251\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/11\/1632133968084-bd189940-d03d-4a14-af5b-ff7979622c03-768x1024.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/11\/1632133968084-bd189940-d03d-4a14-af5b-ff7979622c03-225x300.jpg 225w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/11\/1632133968084-bd189940-d03d-4a14-af5b-ff7979622c03-1152x1536.jpg 1152w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/11\/1632133968084-bd189940-d03d-4a14-af5b-ff7979622c03.jpg 1500w\" sizes=\"(max-width: 768px) 100vw, 768px\" \/><\/a><figcaption>Ei tid var &#8230; <\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen har satsa 250 millionar kroner p\u00e5 medieutdanningane. Huset er ca. 3.800 kvadratmeter stort. Aasen-huset er p\u00e5 vel 2.000 kvadratmeter. Det b\u00f8r vere nok plass, luft og lys, rom for kreativitet og kommunikasjon innanfor desse kvadratmetrane p\u00e5 desse to etasjane.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5r var det arbeidet med Sivert Aarflot-huset starta? Ei investering p\u00e5 250 millionar kroner kjem ikkje av seg sj\u00f8lv. Korleis har vi r\u00e5d til det? Utan \u00e5 f\u00e5 ei l\u00f8yving fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet?<\/p>\n\n\n\n<p>Det er eitt grep, ei hending, som er viktigare enn nokon andre og som vart avgjerande for at vi kunne ha offisiell opning av Sivert Aarflot-huset her i dag. Eg skal kome til dette grepet undervegs, men for \u00e5 gjere forteljinga om Sivert Aarflot-huset lettare \u00e5 f\u00f8lgje med p\u00e5 skal eg pr\u00f8ve meg p\u00e5 litt historieforteljing, ein kronologi.<\/p>\n\n\n\n<p>Som det har vorte sagt i dag starta medieutdanningane i 1971, med heile 34 studentar som ville ta til p\u00e5 eit studium som ikkje fanst nokon annan stad i Noreg, ei tverrfaglege medieutdanning som blant anna hadde som utgangspunkt ambisjonen om \u00e5 utdanne journalistar til dei nynorske bygdeblada. Det vart mykje meir enn det.<\/p>\n\n\n\n<p>Utdanninga var etterspurt blant studentane og gjorde seg nasjonalt bemerka p\u00e5 mange m\u00e5tar &#8211; og var p\u00e5 1980-talet blant utdanningane med flest s\u00f8karar i heile landet, uansett fagomr\u00e5de.<\/p>\n\n\n\n<p>Utdanninga voks ogs\u00e5 i mange retningar: Journalistikk, PR Kommunikasjon, animasjon &#8211; og seinare ogs\u00e5 medieproduksjon og design. Og med masterutdanning fr\u00e5 2013 og etterkvart mange internasjonale studentar.<\/p>\n\n\n\n<p>Talet p\u00e5 studentar auka, plassen minka og det vart drive medieutdanning sju ulike stader rundt om p\u00e5 H\u00f8gskulen. Men ingen s\u00e5g heilt f\u00f8re seg at vi skulle f\u00e5 r\u00e5d til \u00e5 bygge eit nytt hus for medieutdanningane, sj\u00f8lv om vi trengte det.<\/p>\n\n\n\n<p>F\u00f8rste og til d\u00e5 einaste gongen medieutdanningane hadde f\u00e5tt eit kraftig oppsving i kvadratmeter var i 1983 d\u00e5 Hans Str\u00f8m-huset opna og vi med det fekk studiofasilitetar for fjernsyn og radio. Vi var aleine om det i h\u00f8gskule-Noreg p\u00e5 den tida.<\/p>\n\n\n\n<p>Men fr\u00e5 1983 og 30 \u00e5r fram i tid &#8211; til 2014: Behovet var der &#8211; det hadde mange \u00e5rs utdanning og studenttilstr\u00f8yming synt. Men korleis f\u00e5 det til?<\/p>\n\n\n\n<p>Alt i 2014-2015 hadde H\u00f8gskulen gjort eit anna viktig grep eller val &#8211; som var avgjerande for at det skulle byggast eit nytt hus &#8211; og det var \u00e5 lage ein Campusutviklingsplan. Marit Gridseth Fl\u00f8, administrasjonssjef p\u00e5 AMF, var sekret\u00e6r for arbeidet med planen.<\/p>\n\n\n\n<p>Campusutviklingsplan for H\u00f8gskulen i Volda, den f\u00f8rste, skulle det vise seg, vart vedtatt i H\u00f8gskulestyret 4. juni 2015. Og i denne planen st\u00e5r under &laquo;Strategi 4: &laquo;Etablere nybygg som dekkjer dokumenterte behov&raquo;<br \/><br \/>Og vidare st\u00e5r det: &laquo;Starte arbeidet med \u00e5 planleggje eit nytt bygg for formidlingsfaga. Finne beste plasseringa.&raquo;<\/p>\n\n\n\n<p>Formidlingsfaga var ordlyden &#8211; og det understrekar at fr\u00e5 starten av var det tenkt p\u00e5 eit hus for heile HVO.<\/p>\n\n\n\n<p>Hausten 2015 vart det etablert ei arbeidsgruppe som skulle starte arbeidet med det nye huset. Volda kommune og Studentsamskipnaden vart inviterte med i styringsgruppa. Gruppa vart leia av AMF dekan P\u00e5l Aam og dei andre medlemmene var Reidulf Botn, Idar Flo, Aud Folkestad, Ivar John Erdal, Carl J\u00f8rgen Nesset og sekret\u00e6r var Margrete Apelseth.<\/p>\n\n\n\n<p>Gruppa leverte sitt dokument: HVO &#8211; Nybygg for mediefaga &#8211; Programprosjekt&raquo; i januar 2016.<\/p>\n\n\n\n<p>I programprosjektet vart det dokumentert behov for eit nytt hus. Det var kanskje det enklaste punktet? Medieutdanningane hadde definitivt behov for nye lokale. B\u00e5de for eigen del fordi lokala var noks\u00e5 slitne etter nesten 50 \u00e5r. Men ogs\u00e5 fordi konkurransen om mediestudentane hardnar til. Det vart klart for arbeidsgruppa som reiste rundt til andre medieutdanningar og s\u00e5g at moderne lokale kunne vere avgjerande for framtida til medieutdanningar.<\/p>\n\n\n\n<p>Berre som eit apropos:<\/p>\n\n\n\n<p>For nokre dagar sidan no i oktober 2021 var eg med p\u00e5 opning av H\u00f8gskolen Kristiania sitt nye hus i Urtegata i Oslo, eigentleg ein ny og hard konkurrent av oss. School of arts, design and media har 1.600 studentar og 120 faglege \u00e5rsverk og reklamerer med at dei er &laquo;det st\u00f8rste kreative og kunstfaglige milj\u00f8et p\u00e5 universitets- og h\u00f8yskoleniv\u00e5 i Norge&raquo;. Blant anna er Westerdahl ein del av Kristiania.<\/p>\n\n\n\n<p>Konkurransen hardnar til.<\/p>\n\n\n\n<p>Men alts\u00e5 &#8211; vi er komne til 28. april 2016: H\u00f8gskulestyret f\u00e5r orientering om prosjektet og&nbsp; gir h\u00f8gskuleleiinga i oppdrag \u00e5 &laquo;arbeide vidare med nybygg for mediefaga&raquo;, og \u00e5 dekke kostnadene til eit skisseprosjekt.<\/p>\n\n\n\n<p>I saksutgreiinga skreiv direkt\u00f8r: &laquo;Rapporten fr\u00e5 arbeidsgruppa f\u00f8lgjer som vedlegg til denne saka. Det er viktig \u00e5 presisere at framlegget til nybygg berre er ei skisse. Det er ikkje sikkert at nybygget vil sj\u00e5 ut slik som det er avbilda i rapporten.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Mediehusrapport-ENDELEG_Page_01-scaled.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"724\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Mediehusrapport-ENDELEG_Page_01-1024x724.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3224\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Mediehusrapport-ENDELEG_Page_01-1024x724.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Mediehusrapport-ENDELEG_Page_01-300x212.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Mediehusrapport-ENDELEG_Page_01-768x543.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Mediehusrapport-ENDELEG_Page_01-1536x1086.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Mediehusrapport-ENDELEG_Page_01-2048x1448.jpg 2048w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption>Teikninga likna meir enn litt p\u00e5 Rockheim i Trondheim.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>I rapporten vart det laga eit romprogram som beskriver behovet til dei samla mediefaga p\u00e5 HVO. Som ein kan sj\u00e5 av romprogrammet, har arbeidsgruppa lagt inn areal til fleirbrukssal og kino (visningssal). Det er i samsvar med mandatet som gruppa fekk:<br \/><br \/>\u00abVurdere potensialet for eit sambruks-konsept som inneheld kino og eventuelt andre kulturhusfunksjonar.\u00bb<\/p>\n\n\n\n<p>Kort sagt sa H\u00f8gskulestyret ja til \u00e5 bruke nokre millionar p\u00e5 planlegging av huset, men fortsatt er saka ei oppf\u00f8lging av campusutviklingsplanen: I lag med fleire ladestasjonar, betre rutetabellar for bussar og \u00e5 lage ein kalender som synleggjer gjestef\u00f8relesingar for eksterne &#8211; og andre f\u00f8rem\u00e5l.<\/p>\n\n\n\n<p>Og her er vi ved det avgjerande punktet i arbeidet med Sivert Aarflot-huset:<\/p>\n\n\n\n<p>Korleis f\u00e5 r\u00e5d til dette? Stiller ein seg pent i k\u00f8a til nye hus finansiert av Kunnskapsdepartementet, s\u00e5 m\u00e5 ein rekne med \u00e5 vere tolmodig. Det er mange gode form\u00e5l, og mitt inntrykk er at dei store prestisjeprosjekta i milliardklassen blir prioritert framfor sm\u00e5prosjekt p\u00e5 nokre hundre millionar. Og det er f\u00f8r overskridingane kjem. For tida er samlinga av NTNU i Trondheim og Livsvitskapsbygget ved Universitet i Oslo slike prosjekt, kva p\u00e5 ca. 10 milliardar kroner, for \u00e5 snakke runde tal. Andre store utbyggingar har vore p\u00e5 NMBU og Idrettsh\u00f8gskulen &#8211; og ja &#8211; det er snakk om milliardar.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 korleis ordna finansieringa seg?<\/p>\n\n\n\n<p>Det er muleg at det ikkje passar i ein festtale \u00e5 bli teknisk, men likevel: L\u00f8ysinga var noko s\u00e5 teknisk som at Statsbygg takserte husa dei eig her ved H\u00f8gskulen i Volda. Statsbygg hadde nett f\u00e5tt fridom til \u00e5 sette husleige ut fr\u00e5 marknadstakst. Husleigeavtalane i Volda gjekk rett nok fram til 2020, men Statsbygg bestemte seg for \u00e5 kome med ein ny takst alt i 2016.<\/p>\n\n\n\n<p>Som det st\u00e5r i styresaka til H\u00f8gskulestyret v\u00e5ren 2016:<br \/><br \/>&laquo;Utgangspunktet for ny leige er takst p\u00e5 alle bygga som Statsbygg eig. Statsbygg vil gjennomf\u00f8re takseringa i l\u00f8pet av 2016. Taksten kan gi grunnlag for ei l\u00e5gare leige enn det vi betaler i dag. Kor mykje l\u00e5gare veit vi ikkje f\u00f8r taksten ligg f\u00f8re.&raquo;<\/p>\n\n\n\n<p>Men kva taksten ville bli &#8211; og kva handlingsrom vi hadde &#8211; det visste ingen i april 2016.<\/p>\n\n\n\n<p>Den nye taksten for Statsbygg sine hus i Volda vart ca. 10 millionar l\u00e5gare enn f\u00f8r. Men s\u00e5 var det ogs\u00e5 underforst\u00e5tt at H\u00f8gskulen skulle bruke denne innsparte husleiga til \u00e5 bygge eit nytt hus, som vart Sivert Aarflot-huset. Og ca 10 millionar kroner &#8211; det betalar husleiga p\u00e5 eit hus til ca. 200 millionar.<\/p>\n\n\n\n<p>Kjetil Lehn er ein ringrev i Statsbygg-systemet og var her i Volda p\u00e5 opninga av Sivert Aarflot-huset. Han seier at det var i Volda Statsbygg for f\u00f8rste gong gjorde dette grepet &#8211; seinare har det vorte gjort mange andre stader ogs\u00e5. Vi b\u00f8r nok sende ein takk til Kjetil Lehn som internt i Statsbygg var viktig for b\u00e5de taksten og vurderinga.<\/p>\n\n\n\n<p>Fr\u00e5 april til august 2016 har h\u00f8gskulestyret f\u00e5tt vite om Statsbyggs nye takst, og eit nytt omgrep dukkar opp. 17.august 2016 sender H\u00f8gskulen eit s\u00e5kalla oppdragsbrev der Statsbygg f\u00e5r i oppdrag \u00e5 drive prosjektet framover:<br \/><br \/>&laquo;HVO gir med dette Statsbygg i oppdrag \u00e5 starte arbeidet med prosjektering av nybygg for mediefaga. Prosjektet er planlagt gjennomf\u00f8rt som eit kurantprosjekt. Prosjekteringa skal skje p\u00e5 grunnlag av \u00abprogramprosjekt\u00bb av 15.1.2016, men likevel med ein gjennomgang, saman med brukar, av rammer og&nbsp; Programprosjekt&raquo;<\/p>\n\n\n\n<p>Det nye ordet er alts\u00e5 &laquo;Kurantprosjekt&raquo;, som i statens spr\u00e5kbruk betydde at Sivert Aarflot-huset skal byggast til ein pris som H\u00f8gskulen i Volda kunne betale utan \u00e5 f\u00e5 auka l\u00f8yving fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet. Alts\u00e5 betale huset sj\u00f8lv.<\/p>\n\n\n\n<p>Og n\u00e5r det gjeld krav til huset st\u00e5r det:<\/p>\n\n\n\n<p>&laquo;Bygget skal gje ei n\u00f8ktern og kostnadseffektiv byggel\u00f8ysing, men likevel med h\u00f8g teknisk kvalitet og funksjonalitet. Prosjektet er kvalitetsstyrt, men til l\u00e5gast mogeleg kostnad.&raquo;<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 d\u00e5 var prosjektet i gang, hausten 2016.<\/p>\n\n\n\n<p>No var det ikkje strake vegen. \u00c5ret 2016-2017 vart ogs\u00e5 \u00e5r med nokre blindvegar i prosjektet. Ein av dei&nbsp; var planar om kultursal og kino. Dette kosta prosjektet b\u00e5de tid og pengar, og vart f\u00f8rst teke ut av prosjektet s\u00e5 seint som muleg i november 2017 s\u00e5 Volda kommunestyre sa at dei ikkje \u00f8nska \u00e5 g\u00e5 vidare med kultursal og kino i Mediebygget. D\u00e5 l\u00e5g det f\u00f8re noks\u00e5 detaljerte planar for ein kultursal og ein kino. Sj\u00f8lv hugsar eg best ei teikning med orkestergrav og garasje for flyget. Det hadde blitt eit heilt anna hus, p\u00e5 alle m\u00e5tar.<\/p>\n\n\n\n<p>Ein annan blindveg som kanskje fekk eit lukkelegare og mykje meir konkret utfall var tomta som VCA i dag st\u00e5r p\u00e5: Igjen, som oppf\u00f8lging av Campusutviklingsplanen fr\u00e5 2015 sende H\u00f8gskulen sommaren 2016 brev til Volda kommune og bad kommunen sikre grunn for framtidig utvikling av h\u00f8gskuleomr\u00e5det. Som vi veit sette det i gang ein kjedereaksjon som f\u00f8rte fram til Volda Campus Sparebank1 Arena.<\/p>\n\n\n\n<p>Det var nok ei mykje betre l\u00f8ysing for H\u00f8gskulen enn \u00e5 bygge friluftsparkering p\u00e5 tomta. Parkering har vi f\u00e5tt i kjellaren p\u00e5 VCA.<br \/>&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Men tilbake til Sivert Aarflot-prosjektet. I mars 2018 hadde vi f\u00e5tt tilbod fr\u00e5 4 totalentrepren\u00f8rarar, og i h\u00f8gskulestyret 7.6.2018 vart det orientert om at det var valt leverand\u00f8rar: Link og PEAB\/Nordang.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Screenshot_20181208-022304_Sunnmrsposten-eAvis-1.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1080\" height=\"675\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Screenshot_20181208-022304_Sunnmrsposten-eAvis-1-edited.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3229\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Screenshot_20181208-022304_Sunnmrsposten-eAvis-1-edited.jpg 1080w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Screenshot_20181208-022304_Sunnmrsposten-eAvis-1-edited-300x188.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Screenshot_20181208-022304_Sunnmrsposten-eAvis-1-edited-1024x640.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Screenshot_20181208-022304_Sunnmrsposten-eAvis-1-edited-768x480.jpg 768w\" sizes=\"(max-width: 1080px) 100vw, 1080px\" \/><\/a><figcaption>&laquo;EXPO&raquo; var namnet p\u00e5 vinnarutkastet fr\u00e5 LINK arkitektar. Klipp fr\u00e5 Sunnm\u00f8rposten i samband med offentleggjeringa i desember 2018. <\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Den 6. desember 2018 vart prosjektet endeleg godkjent i h\u00f8gskulestyret, under f\u00f8resetnad av at regjeringa godkjenner prosjektet som eit kurantprosjekt. Det g\u00e5r d\u00e5 ogs\u00e5 fram av eit nytt oppdragsbrev som blir send til Statsbygg 13. desember 2018.<br \/>&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 g\u00e5r det nesten 8 m\u00e5nader der vi ventar p\u00e5 at regjeringa skal vurdere om dette kan bli eit kurantprosjekt.<\/p>\n\n\n\n<p>Munnleg svar p\u00e5 det fekk vi litt f\u00f8r valet hausten 2019 d\u00e5 minister for forsking og h\u00f8gare utdanning Iselin Nyb\u00f8 kom til Volda i samband med semesteropninga og ogs\u00e5 kunne fortelje at kurantprosjektet var godkjent.<\/p>\n\n\n\n<p>Den 21. august 2019 kom brevet fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet med den t\u00f8rre tittelen:<br \/><br \/><em>&laquo;Brukerfinansiert prosjekt for H\u00f8gskulen i Volda &#8211; Nybygg for medieutdanningene &#8211; Tilslutning til igangsetting&raquo;. <\/em><br \/><br \/>Og vidare:<br \/><br \/><em>&laquo;Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har godkjent en styringsramme (P50) for prosjektet p\u00e5 201 mill. kroner og en kostnadsramme (P85) p\u00e5 211,5 mill. kroner, inkludert 1,5 mill. kroner til kunstnerisk utsmykning (prisniv\u00e5 november 2018).&raquo;<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>I ein statusrapport til styret i desember 2019 skreiv direkt\u00f8ren:<\/p>\n\n\n\n<p>&laquo;Regjeringsgodkjenninga tok lenger tid enn vi h\u00e5pa p\u00e5, og den opphavlege tidsplanen med innflytting til \u00e5rsskiftet 2020\/2021 var dermed ikkje r\u00e5d \u00e5 gjennomf\u00f8re. Det er no utarbeidd ein ny tidsplan der overtaking av bygget blir i m\u00e5nadsskiftet mai\/juni, slik at huset er klar til bruk til semesterstart hausten 2021. Prosjektet er i rute etter den nye framdriftsplanen, men styret b\u00f8r vite at ogs\u00e5 denne tidsplanen er stram.&raquo;<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 det tidspunkt hadde gravemaskinene alt vore i sving nokre veker. Byggeomr\u00e5det vart avsperra i november 2019.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Sivert-aarflot-desember-2019-scaled.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"768\" src=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Sivert-aarflot-desember-2019-1024x768.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3231\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Sivert-aarflot-desember-2019-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Sivert-aarflot-desember-2019-300x225.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Sivert-aarflot-desember-2019-768x576.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Sivert-aarflot-desember-2019-1536x1152.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/Sivert-aarflot-desember-2019-2048x1536.jpg 2048w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption>Bygginga har starta &#8211; Sivert Aarflot-huset i desember 2019.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>I byggetida har studentar og tilsette opplevd det ein m\u00e5 rekne med i ein byggeperiode: Vegar har vore sperra &#8211; straumen har vore vekk til tider &#8211; vi har hatt det f\u00f8rste h\u00e6rverket.<\/p>\n\n\n\n<p>I styrem\u00f8te den 10. september 2020 vart namnet p\u00e5 huset vedtatt av H\u00f8gskulestyret. Sivert Aarflot-huset, skal huset heite. Men Avdeling for mediefag har ogs\u00e5 hatt sitt heilt eigne namnearbeid &#8211; med originale namn p\u00e5 auditorium og m\u00f8terom: R\u00f8ynda, allmenningen, linsa &#8230; Veldig bra!<\/p>\n\n\n\n<p>Eg skal ikkje seie s\u00e5 mykje om den fysiske overflyttinga og innflyttinga og startvanskane. Det har vore eit lenge planlagt svangerskap, ein lang f\u00f8dsel og somme vil kanskje seie noko i retning av trang, men no st\u00e5r huset der og har alle f\u00f8resetnader for \u00e5 kunne bli #Verdas-beste-mediehus.<\/p>\n\n\n\n<p>Kristian Ringnes har sagt: &laquo;N\u00e5r du planlegg eit hus, s\u00e5 bestemmer du over huset. Men n\u00e5r huset st\u00e5r der, s\u00e5 bestemmer huset over deg.&raquo; Eller noko s\u00e5nt.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>D\u00e5 eg h\u00f8yrde dei orda det s\u00e5 trur eg alle inkludert meg nikka og tenkte at det var kloke ord. Derfor er hus viktige.<\/p>\n\n\n\n<p>Men etterp\u00e5 har eg tenkt litt vidare: Eg h\u00e5per inderleg at det ikkje blir slik at Sivert Aarflot-huset bestemmer over dei som har sin arbeidsdag i huset.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Tvert i mot h\u00e5per eg at studentar og tilsette i lag med kvarandre bestemmer korleis huset skal bli brukt, at huset ogs\u00e5 i framtida blir forma av aktivitetane som foreg\u00e5r innanfor dei fire veggane og at huset, fint som det er, ikkje skal st\u00e5 i vegen for idear og fagleg og kunstnarleg liv. D\u00e5 blir det faktisk vi som formar huset, kvar dag.<\/p>\n\n\n\n<p>Til lukke med dagen!<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/20211026_102702-scaled.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/20211026_102702-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3241\" srcset=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/20211026_102702-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/20211026_102702-300x169.jpg 300w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/20211026_102702-768x432.jpg 768w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/20211026_102702-1536x864.jpg 1536w, https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-content\/uploads\/sites\/68\/2021\/10\/20211026_102702-2048x1152.jpg 2048w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><figcaption>Sivert Aarflot-huset, 26.10.2021.<\/figcaption><\/figure>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>(Forlenga utg\u00e5ve av) Festtale til AMF-tilsette, og andre, samla p\u00e5 Rekkedal gjestehus 26.10. for markering av offisiell opning av Sivert Aarflot-huset. Kj\u00e6re alle p\u00e5 Avdeling for mediefag &#8211; og heile HVO: Gratulerer med dagen! Dette kjennest litt ut som ein d\u00e5psfest. Det er jo fantastisk n\u00e5r eit barn blir f\u00f8dd, men det er gjerne litt &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/festtale-i-hove-opninga-av-sivert-aarflot-huset\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Festtale i h\u00f8ve opninga av Sivert Aarflot-huset<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3223"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3223"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3223\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3252,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3223\/revisions\/3252"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3223"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}