{"id":2779,"date":"2021-01-19T20:25:21","date_gmt":"2021-01-19T19:25:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?page_id=2779"},"modified":"2021-01-19T20:25:21","modified_gmt":"2021-01-19T19:25:21","slug":"nesna-volda-og-kristiansund-eller-strukturprosessen-i-hogare-utdanning","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/nesna-volda-og-kristiansund-eller-strukturprosessen-i-hogare-utdanning\/","title":{"rendered":"Nesna &#8211; Volda &#8211; og Kristiansund: Eller strukturprosessen i h\u00f8gare utdanning"},"content":{"rendered":"\n<p><\/p>\n\n\n\n<p><em>Dette innlegget vart presentert i form av ein video som vart spelt av p\u00e5 ein konferanse om h\u00f8gare utdanning i Nesna i september 2020.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Eg har ikkje n\u00e6r eller lokal kunnskap om Nesna eller Nordland, s\u00e5 m\u00e5 snakke mest om Volda og mitt eige fylke. S\u00e5: Look to M\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n\n\n\n<p>H\u00f8gskulen i Volda har r\u00f8ter tilbake til 1861 og har hatt samanhengande l\u00e6rarutdanning sidan 1895. I 1969 vedtok stortinget \u00e5 opprette distriktsh\u00f8gskule i Volda, og i 1994 vart l\u00e6rarskulen og distriktsh\u00f8gskulen sl\u00e5tt saman til H\u00f8gskulen i Volda.\u00a0<\/p>\n\n\n\n<p>Vi held berre til i Volda og har i 2020 ca 4.500 studentar og ca 360 \u00e5rsverk. Vi driv med l\u00e6rarutdanning, spr\u00e5k og historie, vi gir sosialarbeidarutdanning og har nasjonalt kjente utdanningar i kultur- og mediefag.<\/p>\n\n\n\n<p>Volda har ikkje vorte ein del av ei st\u00f8rre eining, eller eit st\u00f8rre universitet eller h\u00f8gskule. Mi eiga meining &#8211; gjekk til val p\u00e5 det som rektor &#8211; og vart attvald. Rett nok utan motkandidatar begge gongane.<\/p>\n\n\n\n<p>Fleire grunnar til at eg meinte at det var best for Volda \u00e5 halde fram som sj\u00f8lvstendig h\u00f8gskule.<\/p>\n\n\n\n<p>For det f\u00f8rste hadde vi ikkje f\u00e5tt ein god begrunnelse for kvifor det var bra for Volda eller for regionen at vi blei ein del av ei st\u00f8rre eining og skulle bli styrt fr\u00e5 for eksempel Bergen eller Trondheim. Det var ingen signal om st\u00f8rre ressursar eller fleire tilsette eller at aktiviteten i regionen skulle bli opprettholdt. Det var berre \u00e5 bli overtatt av ein st\u00f8rre institusjon &#8211; s\u00e5 skulle alt bli bra.<\/p>\n\n\n\n<p>For det andre s\u00e5 var eg usikker p\u00e5 kva som var dei langsiktige perspektiva. Vi s\u00e5g jo at rundt oss vart det inng\u00e5tt avtalar eller fusjonsplattformer som skulle sikre at intensjonane med overtakingane vart vidaref\u00f8rt. Men kor lenge varer slike garantiar? Til neste styre kjem p\u00e5 plass? Dette var i alle fall ein del av ein st\u00f8rre tendens der makt blir overf\u00f8rt fr\u00e5 det demokratiske systemet til eit meir utydleg mellomniv\u00e5.<\/p>\n\n\n\n<p>For det tredje s\u00e5 hadde vi i Volda ikkje EITT klart fusjonsalternativ &#8211; det var ikkje slik at det var sj\u00f8lvstende eller ein bestemt fusjonspartnar. Det var vel kanskje 4-5 ulike alternativ som verserte: Ein felles institusjon for M\u00f8re og Romsdal, ein felles institusjon for M\u00f8re og Romsdal og Sogn og Fjordane, fusjon med det som blei H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet, overtaking av NTNU, overtaking av Universitetet i Begen. P\u00e5 eitt tidspunkt inviterte vil H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar, men dei valde i staden \u00e5 g\u00e5 inn i H\u00f8gskolen p\u00e5 Vestlandet. Vi diskuterte ogs\u00e5 ein friare allianse med H\u00f8gskolen i Molde og d\u00e5verande H\u00f8gskulen p\u00e5 Lillehammer. S\u00e5 i dette landskapet var det ingen alternativ som peika seg ut som opplagt. Og det var kanskje derfor det var vanskeleg for h\u00f8gskulestyret \u00e5 samle seg i ei retning.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>I ettertid kan det sj\u00e5 ut til at strukturreformen eigentleg berre hadde ein innebygd trussel i seg: De er for sm\u00e5 til \u00e5 klare dykk i framtida, s\u00e5 finn nokon \u00e5 fusjonere med &#8211; samma kven det blir.<\/p>\n\n\n\n<p>Det regionale aspektet var ikkje framtredande &#8211; det vart teke for gitt at st\u00f8rre einingar med meir konsentrerte ressursar ville f\u00f8re til betre kvalitet og ogs\u00e5 meir attraktive institusjonar ogs\u00e5 for regionalt arbeidsliv.<\/p>\n\n\n\n<p>Kva betydning har s\u00e5 utdanning i din region? Kollega professor K\u00e5re Heggen ved H\u00f8gskulen i Volda har i samarbeid med andre forskarar blant anna ved Oslo Met analysert eit gigantisk datasett som handlar om kvar studentar kjem fr\u00e5, kvar dei tek si utdanning &#8211; og kvar dei buset seg etterp\u00e5. Forskingsresultata er tydeleg p\u00e5 at geografi er viktig for studentar i eit livsl\u00f8psperspektiv: Dei som tek utdanning i sin eigen region kjem faktisk til \u00e5 busette seg i regionen ogs\u00e5 framtida. Dei som flyttar ut av regionen for \u00e5 ta utdanning kan gjerne ha planar om \u00e5 kome tilbake &#8211; men dei gjer det i mykje mindre grad. S\u00e5 det er kritisk viktig for alle regionar \u00e5 ha relevante utdanningar innanfor regionen.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 med strukturreformen gav politikarane fr\u00e5 seg verkemiddel i regionalpolitikken og overlot det ansvaret til h\u00f8gskule- og universitetsstyra. Nesna er jo sikkert det beste d\u00f8met p\u00e5 det.<\/p>\n\n\n\n<p>Dette kan sikkert b\u00e5de tolkast som avmakt eller mange p\u00e5 interesse for regionale sp\u00f8rsm\u00e5l. Eventuelt ei stadfesting av somme store universitet kan f\u00e5 gjere som dei vil. Kanskje til og med at dei er &laquo;too big to fail&raquo; som det heiter.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi i Volda og andre sm\u00e5 h\u00f8gskular vart alts\u00e5 skremt med at vi ikkje ville klare oss i framtida. Men denne framtida var det jo det same&nbsp; departementet som skulle legge rammene for. S\u00e5 i mange av utgreiingane av fusjonsprosessane konkluderte jo forskingsinstituttet NIFU med at det var vanskeleg \u00e5 sj\u00e5 fusjonsfordelar, men det var litt risikabelt \u00e5 legge seg ut med departementet.<\/p>\n\n\n\n<p>Historia om strukturreformen blir nok skriven ein dag, men akkurat no har eg nok kjensla av at det er vinnarane som skriv historia og at vi er litt der at &laquo;spist er spist&raquo; som reven sa.<\/p>\n\n\n\n<p>Det er vanskeleg \u00e5 sj\u00e5 fusjonar blir reverserte. Det er i grunnen det motsette prinsippet av i n\u00e6ringslivet der det er like naturleg og vanleg \u00e5 fusjonere som \u00e5 fisjonere. S\u00e5 det er eigentleg ein veldig stor risiko \u00e5 ta \u00e5 gjere noko som eigentleg berre er einvegsprosess &#8211; alts\u00e5 \u00e5 bygge store einingar.<\/p>\n\n\n\n<p>Det er jo veldig spennande med dei offensive planane som vi av og til kan lese om Nesna og det som foreg\u00e5r der. N\u00e5r geografi og regionsgrenser tilsynelatande ikkje skal vere s\u00e5 viktige lenger s\u00e5 opnar det for at det kan vere fritt fram for Universitetet i Troms\u00f8 eller andre \u00e5 etablere ny aktivitet p\u00e5 Nesna. Eller i Volda. NTNU har jo etablert seg i Oslo.<\/p>\n\n\n\n<p>Strukturreformen var p\u00e5 mange m\u00e5tar ein kopi av universitetsreformane i Danmark. Og i Danmark har dette vorte slept heilt laus og Universitetet med namnet \u00c5lborg har flest studentar i K\u00f8benhavn. Eg trur at geografi er viktigare i Noreg enn i Danmark og tvilar p\u00e5 at regionalpolitikken har s\u00e5 stor overf\u00f8ringsverdi fr\u00e5 Danmark til Noreg.<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Kva s\u00e5 med framtida for h\u00f8gskulen i Volda? Korleis har det g\u00e5tt?<\/li><li>Vi er jo framleis ein sj\u00f8lvstendig h\u00f8gskule.<\/li><li>Vi har fleire studentar og tilsette enn nokon gong f\u00f8r.<\/li><li>Vi er eigentleg ikkje s\u00e5 sm\u00e5 &#8211; vi har like mange universitet og h\u00f8gskular som er st\u00f8rre enn oss og som er mindre enn oss, igjen m\u00e5lt i tal studentar<\/li><li>S\u00e5 s\u00e5 langt har det ikkje g\u00e5tt s\u00e5 verst.<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Dei fleste statlege h\u00f8gskular som var mindre enn oss har g\u00e5tt inn i st\u00f8rre einingar og meir ressursterke universitet, s\u00e5 blir vi no samanlikna med heilt andre institusjonar enn tidlegare. S\u00e5 krava til oss vil bere stige i \u00e5ra som kjem.<\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 om framtidige politiske regime p\u00e5 toppen av Kunnskapsdepartementet vil tenke nye tankar om samanhengen mellom regionale utdanningsinstitusjonar og regionalt arbeidsliv.<\/p>\n\n\n\n<p>Det kan hende det er h\u00e5p, og igjen kan vi kikke litt p\u00e5 M\u00f8re og Romsdal. Heilt nord i fylket, i byen Kristansund, har vi eit kjempegodt eksempel p\u00e5 at det g\u00e5r an \u00e5 tenke heilt annleis. I tett samarbeid mellom Kristiansund kommune, arbeidslivet i regionen, H\u00f8gskolen i Molde &#8211; og Kunnskapsdepartementet &#8211; blir det no bygd opp nye utdanningar under paraplyen Campus Kristiansund. Der er langt f\u00e6rre studentar enn i Nesna &#8211; men har planar om vekst.<\/p>\n\n\n\n<p>Strukturreformen var ein politisk reform. Oppbygging av Campus Kristiansund g\u00e5r i stikk motsett retning &#8211; men er ogs\u00e5 eit resultat av politiske beslutningar. S\u00e5 ver s\u00e5 god igjen: Look to M\u00f8re og Romsdal!&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette innlegget vart presentert i form av ein video som vart spelt av p\u00e5 ein konferanse om h\u00f8gare utdanning i Nesna i september 2020. Eg har ikkje n\u00e6r eller lokal kunnskap om Nesna eller Nordland, s\u00e5 m\u00e5 snakke mest om Volda og mitt eige fylke. S\u00e5: Look to M\u00f8re og Romsdal. H\u00f8gskulen i Volda har &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/nesna-volda-og-kristiansund-eller-strukturprosessen-i-hogare-utdanning\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Nesna &#8211; Volda &#8211; og Kristiansund: Eller strukturprosessen i h\u00f8gare utdanning<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2779"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2779"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2779\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2781,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2779\/revisions\/2781"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2779"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}