{"id":2367,"date":"2019-12-02T10:20:49","date_gmt":"2019-12-02T09:20:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/?page_id=2367"},"modified":"2019-12-02T10:20:49","modified_gmt":"2019-12-02T09:20:49","slug":"gode-grunnar-for-a-fa-eit-eige-doktorgradsprogram-ved-ahl","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/gode-grunnar-for-a-fa-eit-eige-doktorgradsprogram-ved-ahl\/","title":{"rendered":"&laquo;Gode grunnar for \u00e5 f\u00e5 eit eige doktorgradsprogram ved AHL&raquo;"},"content":{"rendered":"\n<p><em>Innlegg p\u00e5 AHL-seminar om ph.d.   Loen, 27.11.2019<\/em><\/p>\n\n\n\n<p><em>Av Gudrun Kl\u00f8ve-Juuhl<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Eg har f\u00e5tt i oppdrag \u00e5 snakka om gode\ngrunnar for \u00e5 f\u00e5 eit eige doktorgradsprogram ved AHL. Fyrst skal eg snakka om\ndet, det vert alts\u00e5 punkt 1. S\u00e5 skal eg seia noko om kva eg trur kan vera den\nfaglege kjernen i ein slik. Det vert punkt 2.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>1.<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Det norske landskapet av h\u00f8gre\nutdanningsinstitusjonar er i endring,<\/p>\n\n\n\n<p>Ein viktig del av arbeidet for \u00e5 sikra at\nHVO vil halda fram som ein institusjon som kan tilby profesjons- og\nfagutdanningar for regionen i framtida, vil vera \u00e5 f\u00e5 plass eit tilbod gjennom\nheile h\u00f8gre utdanningsl\u00f8pet fr\u00e5 bachelor til doktorgradsstudiar.<\/p>\n\n\n\n<p>Institusjonar som tilbyr phd-program, er\nsj\u00f8lvakkrediterande n\u00e5r det gjeld utdanningane som ligg under. Dette vil gjera\noss mindre avhengig av velvilje fr\u00e5 NOKUT.<\/p>\n\n\n\n<p>AHL finansierer allereie mange\ndoktorgradar i \u00e5ret i dag, gjennom stipendiatstillingar og fem\u00e5rige\ndoktorgradsl\u00f8p for allereie tilsette. Berre p\u00e5 seksjonen min, ein del av\ninstituttt for spr\u00e5k og litteratur, er det til d\u00f8mes no tre som held p\u00e5 med\ndoktorgrad. <\/p>\n\n\n\n<p>Dersom h\u00f8gskulen ogs\u00e5 kan tilby\ndoktorgradsutdanning og rettleiing, vil me som institusjon f\u00e5 meir ut av dei\ndoktorgradane me finansierer. Doktorgradsrettleiing er ein del av arbeidet med\n\u00e5 kvalifisera seg til professor som er vanskeleg \u00e5 f\u00e5 gjort for v\u00e5re tilsette\nslik det er i dag. Me vil ogs\u00e5 kunna driva ei meir m\u00e5lretta bygging av fagmilj\u00f8\ngjennom doktorgradsutdanninga me tilbyd \u2013 gjennom den faglege profilen den vil\nha og dei faglege fellesskapane som vert bygde rundt den.<\/p>\n\n\n\n<p>Og her kjem eg til eit viktig poeng:<\/p>\n\n\n\n<p>For fyrste gong er det, som rektor skriv i nyhendebrevet sitt, <a href=\"https:\/\/dbh.nsd.uib.no\/statistikk\/rapport.action?visningId=137&amp;visKode=false&amp;admdebug=false&amp;columns=arstall&amp;index=3&amp;formel=329!8!401&amp;hier=instkode!9!st_kat!9!st_kode!9!fakkode!9!ufakkode&amp;sti=Statlige%20h%C3%B8yskoler!9!H%C3%B8gskulen%20i%20Volda!9!H%C3%B8gskulen%20i%20Volda!9!Undervisnings-%20og%20forskerstillinger&amp;param=st_kat%3DUN1!9!insttype%3D02!9!arstall%3D2019!8!2018!8!2017!8!2016!8!2015!9!dep_id%3D1!9!instkode%3D0236\">fleirtal kvinner mellom fyrsteamanuensisane i Volda. Mellom professorane er ca 25 prosent kvinner<\/a>.<\/p>\n\n\n\n<p>Me veit fr\u00e5 mange samanhengar at n\u00e5r\n\u00abtilfeldigheitene\u00bb eller \u00abmarknaden\u00bb f\u00e5r r\u00e5, s\u00e5 er det dei som har mest tru p\u00e5\nsin eigen unike kompetanse, eventuelt spissast olbogar, som kjem p\u00e5 \u00e5 karra til\nseg birettleiarstillingar for doktorgradsstipendiatar eller s\u00f8kja om\nprofessoropprykk. Dersom me har eit doktorgradsprogram, kan h\u00f8gskulen som\ninstitusjon tenkja strategisk p\u00e5 kva slags fyrsteamanuensar som kan passa til \u00e5\nrettleia kva slags doktorgradsprosjekt, p\u00e5 kven som kan vera eit tredjemedlem i\nein doktorgradskommisjon osb. At institusjonen tenkjer strategisk p\u00e5 kva\nkompetanse ein har bruk for \u00e5 byggja, og at ein spesielt har bruk for \u00e5 auka\nkvinneandelen med slik kompetanse \u2013 det er slike ting me veit funkar for\nlikestilling. <\/p>\n\n\n\n<p>Sannsynlegvis vil det ogs\u00e5 hjelpa p\u00e5 eit anna\nproblem me har i dag. Me har ein del professorar som snart vert pensjonistar\nutan at dei har greidd \u00e5 reprodusera seg sj\u00f8lve. Mange av dei har jo greidd \u00e5\nf\u00e5 ungar, det er ikkje det, men dei har alts\u00e5 ikkje greidd \u00e5 f\u00e5 fram andre\nprofessorar p\u00e5 h\u00f8gskulen. Det b\u00f8r heller ikkje vera eit individuelt ansvar, men\neit institusjonelt. Og eit arbeid med \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass og drifta eit\ndoktorgradsprogram vil kunna gje oss som institusjon den dytten og dei\nstrukturane me treng til det. Og me treng professorar anten dei er slik eller\ns\u00e5nn, ogs\u00e5 for \u00e5 f\u00e5 lov til \u00e5 driva l\u00e6rarutdanning<\/p>\n\n\n\n<p>Det var det eg skulle seia om kvifor.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>2.<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 gjer eg eit mentalt hopp, og g\u00e5r over til \u00e5 seia noko om kva eg tenkjer at det faglege innhaldet i eit doktorgradsprogram for AHL kan vera. <\/p>\n\n\n\n<p>AHL og HVO treng eit doktorgradsprogram\nsom b\u00e5de kan vera relevant for flest mogleg av masterutdanningane og fagmilj\u00f8a\nv\u00e5re, og som samstundes har ein fagleg indre samanheng, jamf\u00f8r formuleringa i \u00a7\n3-3 Akkreditering av doktorgradsstudier: \u00abOmr\u00e5det for doktorgradsstudiet skal\nutgj\u00f8re en vitenskapelig helhet, og det skal v\u00e6re sammenheng mellom de enkelte\ndelene studiet er satt sammen av\u00bb.<\/p>\n\n\n\n<p>Rektor lanserte f\u00f8r sumaren skule og\nskriftkultur som ei slags tematisk overbygning. Eit anna bokstavrim i same gata\ner l\u00e6ring og literacy. Ein annan mogleg, om enn mindre velklingande variant, er\nl\u00e6ring og skriftkultur. Kall det kva du vil, eg tykkjer denne samanbindinga av\ndet som har med l\u00e6ring skr\u00e5strek utdanningsinstitusjonen \u00e5 gjera og det som har\nmed skriftkultur skr\u00e5strek literacy \u00e5 gjera, er ein god ide, av to grunnar:<\/p>\n\n\n\n<p>Fordi det er dette faglege\nlandskapet me st\u00e5r i p\u00e5 AHL. L\u00e6ring og l\u00e6rarutdanning, breitt forst\u00e5tt, knytt\ntil b\u00e5de barnehage og skule, er jo den eine foten HVO st\u00e5r p\u00e5.\nSkriftkulturforsking er noko alle humanistiske fag, inkludert historie\nmediefag, driv med i st\u00f8rre og mindre grad.<\/p>\n\n\n\n<p>Fordi skule og\nskriftkultur, l\u00e6ring og literacy, heng saman, b\u00e5de historisk og i fleire\nlevande forskingsfelt i dag. All forsking i eit slikt phd-program vil ikkje\nkunna st\u00e5 p\u00e5 begge desse f\u00f8tene, og det vil vera greitt, men ein god del vil\ndet. Det historiske sambandet og det praktiske ambandet i mykje forsking i dag\nvil kunna vera sterkt nok til \u00e5 binda dei to delane saman.<\/p>\n\n\n\n<p>No kjem eg med nokre d\u00f8me p\u00e5 forsking som\nknyter dei to kompisane l\u00e6ring og skriftkultur saman, og som vil vera relevant\n\u00e5 bruka til \u00e5 byggja det indre faglege sambandet som eit slikt\ndoktorgradsprogram m\u00e5 ha. Det finst heilt sikkert fleire d\u00f8me her:<\/p>\n\n\n\n<p>Dei seinare \u00e5ra er det produsert mykej forsking som handlar om det tette, indre sambandet mellom skriftkultur (ofte med den engelske nemninga literacy) og l\u00e6ring i skulen. Eit mykje brukt sitat for \u00e5 understreka dette poenget er Michael Hallidays: \u00abeducational failure is, more often than not, linguistic failure\u00bb (Halliday 1995, finn ref) <\/p>\n\n\n\n<p>Dette sitatet fangar essensen i ein viktig fagtradisjon n\u00e5r det gjeld forsking p\u00e5 sambandet mellom literacy og l\u00e6ring, det som vert kalla sjangerskulen, som har gjeve impulsar til fagdidaktisk utvikling i b\u00e5de realfaglege og humanistiske skulefag. Eit anna d\u00f8me p\u00e5 aktuell forsking som understrekar dette sambandet, er det danske forskingsprosjektet <em>Faglighed og skriftlighed<\/em>, som unders\u00f8kte samspelet mellom faglegheit og skriftlegheit i dansk ungdoms- og vidareg\u00e5ande skule (Christensen, Elf, &amp; Krogh, 2014). I Noreg har skulereforma Kunnskapsl\u00f8ftet vore skildra som ei literacyreform (Berge, 2005), og har vore eit tildriv for mykje av den norske forskinga om skriftkultur\/literacy og l\u00e6ring som har vorte gjort etterp\u00e5 (sj\u00e5 til d\u00f8mes:&nbsp; Berge et al., 2017; Maager\u00f8 &amp; Skjelbred, 2012; \u00d8greid &amp; Hertzberg, 2009).<\/p>\n\n\n\n<p>Dette gjeld ogs\u00e5 mykje av forskinga knytt til l\u00e6ring og skriftkultur i Volda. Det p\u00e5g\u00e5ande forskingsr\u00e5dsfinansierte prosjektet DigiHand, leidd av Wenke Mork Rogne, unders\u00f8kjer sambandet mellom bruk av <a href=\"https:\/\/www.hivolda.no\/Forsking\/Forskingsprosjekt\/digihand\">nettbrett i byrjaroppl\u00e6ringa og lese- og skrivekunne<\/a>. Ved H\u00f8gskulen i Volda er det dei siste \u00e5ra gjeve ut fleire doktoravhandlingar som tematiserer skriftkultur\/literacy og l\u00e6ring SAMAN p\u00e5 ulike m\u00e5tar ( sj\u00e5 til d\u00f8mes Fiskerstrand, 2017; Hamre, 2014; H\u00e5berg, 2015; Opsal, 2013; Rogne, 2014). <\/p>\n\n\n\n<p>Skriftkultur\/literacy og l\u00e6ring, og det indre sambandet mellom dei, er alts\u00e5 noko H\u00f8gskulen i Volda held p\u00e5 \u00e5 byggja opp eit fagmilj\u00f8 kring. <\/p>\n\n\n\n<p>Ogs\u00e5 dei historiske sambanda mellom l\u00e6ring\nog skriftkultur studerer me her i Volda. Jostein Fet sine verk om lesande og\nskrivande b\u00f8nder har vore paradigmatiske n\u00e5r det gjeld synet p\u00e5 \u00e5lmugen si\nlese- og skrivekunne i norsk historieskriving, og seier ogs\u00e5 noko viktig om kva\nl\u00e6rdomstradisjonar H\u00f8gskulen i Volda er sprungen ut av. Forskinga til Per Halse\nom nynorsk som kyrkjespr\u00e5k viser ogs\u00e5 det tette sambandet mellom\nskriftkulturen, den religi\u00f8se institusjonen og utdanningsinstitusjonen. Og\nforskargruppa forum for h\u00f8gskulehistorie har alle desse dimensjonane i seg. <\/p>\n\n\n\n<p>Ser ein p\u00e5 kva H\u00f8gskulen i Volda pr\u00f8ver \u00e5\nbyggja opp eit fagmilj\u00f8 kring, kan ein sj\u00e5 p\u00e5 kva stipendiatstillingar ein har\nlyst ut:<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Barnehagepedagogikk<\/li><li>Skriftkulturar <\/li><li>Samfunnsfagsdidaktikk med vekt p\u00e5 berekraftperspektiv <\/li><li>Kreativ visuell kommunikasjon <\/li><li>Kvinner og motkulturar i norsk historie<\/li><li>M\u00f8re og Romsdal distriktsh\u00f8gskule Volda og regionen (1969-1994)<\/li><li>Framtidsferdigheiter med innretning mot praktisk-estetiske fag<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Alle desse ville ein kunna plassera innanfor eit breitt forst\u00e5tt skriftkultur \/ literacyomgrep. Utdanningsinstitusjonen er ein skriftkulturell institusjon, ogs\u00e5 barnehagen. Kvinner og motkulturar i norsk historie \u2013 ein kan ikkje studera det utan \u00e5 bry seg med tekstane desse kvinnene las, skreiv og formidla. Historie er i stor grad eit skriftkulturfag, ogs\u00e5 mediefag.<\/p>\n\n\n\n<p>Det er alts\u00e5 dette me held p\u00e5 med her p\u00e5 h\u00f8gskulen, og her p\u00e5 AHL. Difor er det ei viss moglegheit for at me vil greia \u00e5 byggja opp ei doktorgradsutdanning rundt det.<\/p>\n\n\n\n<p>Kva ville vera relevante felles emne p\u00e5 ei\ndoktorgradsutdanninga innanfor L\u00e6ring og skriftkultur?<\/p>\n\n\n\n<ul><li>Fortolking og hermeneutikk, b\u00e5de knytt til tekstar og andre menneskelege uttrykksformer, vil vera ein sentral komponent i eit metodekurs, meiner no eg. N\u00e5r ein forskar p\u00e5 tekstar og menneske, kjem ein ikkje unna refleksjon om fortolking.<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p>Eit emne om utdanningsinstitusjonen<\/p>\n\n\n\n<p>Berge, K. L. (2005). Skriving som\ngrunnleggende ferdighet og nasjonal pr\u00f8ve &#8211; ideologi og strategier. In A. J.\nAasen &amp; S. Nome (Eds.), <em>Det nye\nnorskfaget<\/em>. Bergen: LNU\/Fagbokforlaget.<\/p>\n\n\n\n<p>Berge, K. L., Skar, G., Matre, S., Solheim, R., Evensen, L. S.,\n&amp; Thygesen, R. (2017). Introducing teachers to new semiotic tools for\nwriting instruction and writing assessment: Consequences for students&#8217; writing\nproficiency. <em>Assesment in Education:\nPrinciples, Policy &amp; Practice, 24<\/em>(3). <\/p>\n\n\n\n<p>Christensen, T. S., Elf, N. F., &amp; Krogh, E. (2014). <em>Skrivekulturer i folkeskolens niende klasse<\/em>.\nOdense: Syddansk Universitetsforlag.<\/p>\n\n\n\n<p>Fiskerstrand, P. (2017). <em>Spr\u00e5kfag\nog fagspr\u00e5k.<\/em> (Doktoravhandling), Universitetet i Bergen, <\/p>\n\n\n\n<p>Hamre, P. (2014). <em>Norskfaget\nog skj\u00f8nnliltteraturen. <\/em><em>Ein studie av norskfaglege\nnormtekstar 1739-2013.<\/em> (Doktoravhandling), Universitetet i Bergen, <\/p>\n\n\n\n<p>H\u00e5berg, L. I. A. (2015). <em>Didaktisk arbeid i barnehagen. Kvalitativ\nstudie av korleis assistentar og barnehagel\u00e6rarar planlegg, gjennomf\u00f8rer og\nvurderer samlingsstund og fem\u00e5rsklubb.<\/em> (Doktoravhandling), Universitetet i\nOslo, Oslo. <\/p>\n\n\n\n<p>Maager\u00f8, E., &amp; Skjelbred, D.\n(2012). Skrivehendelser i yrkesfaglig program i videreg\u00e5ende skole: Martin og\njim gj\u00f8r oppgave i faget industriteknologi. In S. Matre, D. K. Sj\u00f8helle, &amp;\nR. Solheim (Eds.), <em>Teorier om tekst i\nm\u00f8te med skolens lese- og skrivepraksiser<\/em> (pp. 225-238). Oslo:\nUniversitetsforlaget.<\/p>\n\n\n\n<p>Opsal, H. (2013). <em>Bruk av elevb\u00f8ker i matematikk p\u00e5\nungdomssteget: Ein kasusstudie.<\/em> (Doktoravhandling), Universitetet i Agder, <\/p>\n\n\n\n<p>Rogne, W. M. (2014). <em>P\u00e5 sporet av meining. Korleis unge lesarar\narbeider med multiple, delvis motstridande tekstar. Ein empirisk\nmixed-methods-studie av sjuandeklassingar sine strategiske aktivitetar.<\/em>\n(Doktoravhandling), Universitetet i Oslo, <\/p>\n\n\n\n<p>\u00d8greid, A. K., &amp; Hertzberg, F.\n(2009). Argumentation in and across diciplines: Two\nnorwegian cases. <em>Argumentation, (2009)<\/em>(23),\n451-468. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Innlegg p\u00e5 AHL-seminar om ph.d. Loen, 27.11.2019 Av Gudrun Kl\u00f8ve-Juuhl Eg har f\u00e5tt i oppdrag \u00e5 snakka om gode grunnar for \u00e5 f\u00e5 eit eige doktorgradsprogram ved AHL. Fyrst skal eg snakka om det, det vert alts\u00e5 punkt 1. S\u00e5 skal eg seia noko om kva eg trur kan vera den faglege kjernen i ein &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/gode-grunnar-for-a-fa-eit-eige-doktorgradsprogram-ved-ahl\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">&laquo;Gode grunnar for \u00e5 f\u00e5 eit eige doktorgradsprogram ved AHL&raquo;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"post_mailing_queue_ids":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2367"}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2367"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2367\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2376,"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2367\/revisions\/2376"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hivolda.no\/jr\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2367"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}