Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Styremedlemmer og tilhøyrarar på møtet i Høgskulestyret (skjermdump).
Høgskulestyret ønskjer på alle styremøte å få ei kort orientering frå rektor om saker som styret reknar som særleg viktige. Struktursaka og grunnskulelærarutdanningane blir det orientert om på alle styremøte.
Nedanfor står orienteringa frå styremøtet 13. september 2019.

Struktursaka og samarbeidsavtalen med UiB

Samarbeidsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda vart signert i 2016 og skulle vare for tre år, med opsjon på forlenging i tre nye år. Det må altså vi og UiB ta stilling til våren 2019. Det kan antakelig passe å forlenge avtalen på Solstrand-seminaret i mars 2019. Avtalen er inngått på rektornivå på dei to institusjonane og styra har fått avtalen til orientering.
På fellesnivået så har prorektor i Volda hatt møte med prorektor for utdanning i Bergen. Leiinga i Volda skal også ha eit møte med våre felles professorar, altså II-arane i Volda som er tilsette ved UiB den 21. september.
På fagleg nivå melder Avdeling for samfunnsfag og historie om nye aktivitetar innanfor eller i tilknytning til samarbeidsavtalen. Det er samarbeid om metodeundervisning, barnevernssamarbeid der også Høgskulen på Vestlandet er med. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har rigga forskingsprosjektet DigiGLU – altså digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – slik at professor Rune Johan Krumsvik er prosjektleiar i lag med professor Peder Haug. Krumsvik er som kjent II-ar ved Avdeling for kulturfag.

Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Helsing til doktorand Torhild Erika Lillemark Høydalsvik

Ingen tvil – Høydalsvik tek tak i disputasen. Frå venstre dekan Arne Myklebust, 3.opponent Margareth Sandvik, 2. opponent Bjørn Stensaker, prodekan for forsking (OsloMet) Halla Bjørk Holmarsdottir og rettleiar Liv Gjems.

OsloMet sin omtale av disputasen.
Høgskulen i Volda sin omtale av disputasen.

Helsing frå rektor til doktoranden på doktormiddagen, fredag 14. september 2019:

På vegne av alle tilsette ved Høgskulen i Volda vil eg som rektor nytte høvet til å gratulere Torhild og alle andre involverte med vel gjennomført disputas.
Torhild har på ein engasjert og klarspråkleg måte levert eit forsvar som syner kor viktig ho meiner det er med barnehagelærarutdanning og rolla som lærarutdannar.
Kommisjonsmedlemmene har tydeleg synt at avhandlinga har trigga dei på mange måtar. OsloMet skal ha ros for å ha fått fram nok ein kandidat – og eg ser at mange frå fagmiljøet i Oslo også har møtt opp her.

Fortsett å lese Helsing til doktorand Torhild Erika Lillemark Høydalsvik

Henrik Kaarstad-huset: Nytt tak på 96-åringen

Nøkkelpersonar i arbeidet: Arbeidsleiar Olav Rangseter i Dalsfjord Bygg og Driftsleiar Frank Lande ved Statsbygg i Volda.

Taket på Kaarstad-huset blir no reparert. Det er derfor huset har vore ikledd stillas på alle kantar dei siste månadene. Men i september skal arbeidet vere ferdig og stillasa blir fjerna. Og då blir det vonleg fleire tiår før det blir nødvendig med nytt takarbeid av særleg omfang. Førre gongen taket vart reparert var tilbake i 1982, men diverre var det no nødvendig å ta att ein god del av arbeidet frå 1982 – det var ikkje godt nok.

– Eg har sett det i fleire år at taket må takast, seier Statsbyggs mann i Volda, Frank Lande. Og i 2018 var pengane på plass så arbeidet kunne gjerast.

I tillegg til taksteinen har det også blitt reparasjonar i klokketårnet, takrenner og beslag og måling av vinduskarmar og ymse anna. Så det blir ein verkeleg rehabilitert og skinande 96-åring som viser seg fram når stillasa blir tekne bort.

Eitt artig historisk poeng er at nokre av takhellene var gåen, men det var ikkje nødvendig å dra veldig langt for å finne nye: Ei gammal løe på Engeset i Volda hadde Altaskifer av akkurat same kvalitet og alder som på Kaarstad-huset.

Fortsett å lese Henrik Kaarstad-huset: Nytt tak på 96-åringen

Statsbudsjettet for 2019: Kva kan HVO vente av Iselin Nybø?

Kunnskapsminister Iselin Nybø. Foto: Marte Garmann.

Regjeringas sitt framlegg til statsbudsjett for 2019 vert etter planen lagt fram 8.oktober 2018. Dette blir Iselin Nybøs første statsbudsjett som Kunnskapsminister. Kva kan vi vente av budsjettet til hennar departement?

For Høgskulen i Volda må vi nok vere førebudde på eit nullbudsjett. Det store spørsmålet blir om vi i statsbudsjettet eller i løpet av 2019 får tildelt prosjekt- og utviklingsmidlar som kan kompensere for lågare grunnløyving, og det har vi godt håp om. Vi har sett at innanfor lærarutdanning og ikkje minst vidareutdanning av lærarar så har det vore svært mange fleirårige prosjekt der Høgskulen i Volda har spelt ei viktig rolle i regionen og delvis nasjonalt. Eg trur det heller blir fleire enn færre slike oppgåver for oss i åra som kjem. I sum kan vi difor håpe og tru at den samla løyvinga til Høgskulen i Volda ikkje går ned.

Eitt døme på slike tiltak er «Kompetanse for kvalitet» som skal gå til 2025 der det særleg vert satsa på vidareutdanning innanfor matematikk, norsk og engelsk.

Vi veit frå før at grunnløyvinga kjem til å gå ned. Stortingsfleirtalet har vedtatt endringar som gjev oss lågare grunnløyving, og den vert no gradvis innført. Rett nok med ein litt mjukare overgang enn det først vart lagt opp til av den førre regjeringa. Men diverre er ikkje venta nytt i dette tilfellet godt nytt. Høgskulen i Volda har dei siste tiåra hatt lågare grunnløyving enn andre institusjonar, og no er den altså på veg nedover. Vi ser vel ikkje så mykje til premiering av billig og effektiv drift – vi må tvert i mot kjempe stadig hardare for å nå fram i konkurransen mot betre finansierte institusjonar og med den nye utviklingsavtalen risikerer vi også å få trekk i grunnløyvinga, men vi skal sjølvsagt arbeide godt for å unngå det.

Høgskulens ønskeliste

Høgskulestyret vedtok i september 2017 framlegg til tiltak «utanfor ramma» som det heiter – som i klartekst betyr at det er styrets framlegg til tilleggsløyvingar for 2019. Eller ønskelista vår, kan ein vel også litt uhøgtidleg kalle det.

Fortsett å lese Statsbudsjettet for 2019: Kva kan HVO vente av Iselin Nybø?

Forskarskulen WNGER II – viktig for Høgskulen i Volda

Voldaforskarar på WNGER-opningskonferanse 2018. Frå venstre Kjartan Leer-Salvesen, Peder Haug, Henriette Hafsaas og Tor-Johan Ekeland.

Helsing på opningskonferansen til forskarskulen WNGER II, Bergen, 23.08.2018.

Nettsida til opningskonferansen.

Høgskulen i Volda har brått vorte ein liten høgskule, sjølv om vi ikkje har minka. Det er berre det at dei fleste av de andre har vorte så store. Men vi har passert 4.000 studentar, og Volda er ein ikkje heilt liten studiestad.
I vårt fagmiljø har vi litt over 200 fagleg tilsette. Litt over halvparten av dei har førstekompetanse og vi har ca 40 som arbeider med doktorgrad. Halvparten av dei er stipendiatar. Den andre halvparten arbeider med doktorgrad innanfor stilling – mange etter ei femårig ordning vi har innført for fast tilsette lektorar som ønskjer å ta doktorgrad.

Fortsett å lese Forskarskulen WNGER II – viktig for Høgskulen i Volda

Volda University College 2018: Rectors opening speech: Welcome to Volda, to Water, and the World!

The class of 2018 at Volda University College. Photo: Johann Arnt Folkestad.

Speaker: Rector, Professor Dr. Johann Roppen, Volda University College

Thank you for the opening act, pupils from Øyra elementary school, our closest neighbour and good partner! And to the rappers from Side brok!
At Volda University College (VUC) students are in focus – something this opening ceremony also will show. Most of the people on the stage today are current, former and hopefully future VUC-students!

A warm welcome to all VIP guests – and to the most important people here:
Each and every new student!

Fortsett å lese Volda University College 2018: Rectors opening speech: Welcome to Volda, to Water, and the World!

Velkomsttale studieåret 2018-2019: Velkomen til Volda, til vatn og til verda

Velkomen til semesteropning 2018.

The speech in English.

Tusen takk til elevar og lærarar på Øyra skule – vår næraste partnar i utdanning like over gjerdet! Takk også til rapparane Side Brok! Vi gler oss til å høyre meir av dei!

I Volda ønskjer vi å sette studenten i sentrum – og viser det også på denne opninga ved at dei fleste som står på denne scena her i dag er noverande, tidlegare – og vonleg framtidige studentar ved Høgskulen i Volda.

Fylkesmann. Inviterte gjester. Tilsette ved Høgskulen i Volda: Som rektor på Høgskulen i Volda er eg takksam for at de har kome hit i dag for å ta i mot dagens hovudpersonar: Nemleg dei nye studentane! Velkomne til Volda!

Fortsett å lese Velkomsttale studieåret 2018-2019: Velkomen til Volda, til vatn og til verda

Tale på sommaravslutning for Høgskulen i Volda, våren 2018 *)

Sommaravslutning på Høgskulen i Volda juni 2018.

Kjære alle tilsette og inviterte gjester!

Eg hadde tenkt å gje eit lite overblikk over det som har skjedd på ved og med Høgskulen i Volda det siste året, og å sjå litt framover. Dette er ei av få samkomer i løpet av eit kalenderår der så mange av oss er samla i lag, og då passar det godt også å bli samla om viktige sider i fellesskapet vårt av ca 350 tilsette, over 4.000 studentar og våre partnarar i Studentsamskipnaden, Statsbygg, Studentparlamentet og andre.

Nasjonale perspektiv

Kunnskapssektoren har fått ny minister i Iselin Nybø. Det blir spennande å sjå korleis ein ny minister frå eit anna parti enn den førre vil sette sitt preg på sektoren framover. Av tiltaka og idear som ho delvis har arva frå sin forgjengar så er det nok foretaksmodellen som er mest omtala. Og med god grunn. Eg trur vi i Volda har lite å hente på ein foretaksmodell og håper vi ikkje blir tvinga inn i eit forsøk. Vi har ikkje fått noko signal om at det kan skje. Men sjølv om berre eitt universitet startar forsøk med ein foretaksmodell, så vil det påverke dei andre høgskulane og universiteta også. Og i alle fall om det skulle bli NTNU som er landets største universitet. Så eg håper ministeren lyttar til dei kritiske røystene i sektoren – og ikkje går i gang med eksperiment på dette området.

Den såkalla strukturdebatten ser ikkje ut til å vere over, men den går inn i ein ny fase. Kunnskapsminister Iselin Nybø har i større grad gjennomføring av strukturreformen på sin agenda og er kanskje ikkje så oppteken av at Høgskulen i Volda på død og liv må bli ein del av ei større eining.

Høgskulestyret vårt har på si side lagt ein eigen plan for desse spørsmåla og vil våren 2019 kome med ei vurdering av kvar vi står og kvar vi skal gå. For korkje verda eller vi står stille sjølv om vi ikkje aktivt går i retning av ein fusjonspartnar.

Eg registrerer også at fusjonsprosessane no har bevega seg inn i evalueringsfasen. Gjennom oppslag i Khrono og Universitetsavisa har vi sett at dei tilsette ved «gamle» NTNU ikkje er så sikre på at det har vore fusjonsgevinstar å få enno. Det var kanskje tilfeldig, men førre fredag lyste Forskingsrådet ut prosjektmidlar for å evaluere strukturreformen.

Forskingsrådets utlysing.

Og det er kanskje litt artig for somme at eitt av temaene for evalueringa er «institusjonenes arbeid med å legge grunnlag for mer robuste forskningsgrupper og utdanninger.» Robust-begrepet lever vidare. Kanskje. Vi ser også at NOKUT har sett i gang evaluering av Høgskulen på Vestlandet, Høgskolen i Innlandet, Nord Universitet og Universitetet i SørAust-Noreg. Det handlar rett og slett om kvalitet hos dei nyfusjonerte.

Eit nytt tiltak som er innført i sektoren og som vi står midt oppe i i den siste pulja av statlege institusjonar er det som vert kalla utviklingsavtalar. Høgskulestyret har i to møte stadfesta at vi skal ha fire tema for utviklingsavtalar. Vidare har dei fire avdelingane fått i oppgåve å kome med framlegg til kva som skal vere mål og målsettingar med avtalane. Altså kvar skal vi vere om fire år på dei aktuelle områda.

Utviklingsavtale i sakspapira til høgskulestyret, 7. juni 2018.

Tema og fordeling mellom avdelingar er slik:

  • ASH: Korleis utvikle fleire med toppkompetanse?
  • AKF: Future skills – frampeik? – kunnskap for framtida. Men i vår eigen versjon.
  • AMF: Medieutdanningane skal beholde og vidareutvikle sin posisjon
  • AHL: Lærarutdanningane skal gjennomføre planane for den nye femåriga utdanninga – både når det gjeld fagleg innhald for studentar – men også på alle andre område.

Måla vi set oss i utviklingsavatalar må både vere vanskelege – og viktige. Innhaldet vil vi forhandle med Kunnskapsdepartementet om i haust og så blir det skrive inn i tildelingsbrevet for 2019. Og vi må rekne med å bli straffa på pungen om vi ikkje når måla vi set oss i utviklingsavtalen. Frå andre institusjonar har vi høyrt at departementet nyttar begrepet utviklingsKONTRAKT. Eg tykkjer ikkje det høyrest lovande ut.

Eit blikk på oss sjølve

Kva store hendingar har så skjedd internt på Høgskulen i Volda i studieåret 2017-2018?

Ei av dei vektigaste og viktigaste hendingane skjedde no i vår. Og det i form av 2,2 kilogram med ein heilskapleg og tilgjengeleg inngang til den nynorske skjønnlitteraturen. Jan Inge Sørbø har fått velfortent ros for boka Nynorsk litteraturhistorie, og eg vil slutte meg til gratulantane. Dette er eit viktig bidrag i ei tid då norsk fagspråk er under press og der over 90 prosent av alle norske forskingsartiklar blir skrivne på engelsk, og nesten ingen på nynorsk. Høgskulen i Volda er eit unntak på alle måtar i dette bildet. Vi har vore og skal også i framtida vere eit føredøme når det gjeld bruk av nynorsk. Eg er glad for at vi får konkurranse frå Høgskulen på Vestlandet. Og eg reknar med at språkleg kvalitet blir ein del av vårt internkontrollsystem når det blir utvikla vidare.

Undervisning og studentar

Vi ønskjer at Høgskulen i Volda skal ha eit godt og velfortent ry og rykte blant studentar – både noverande og framtidige. Her har det siste studieåret gjeve oss litt blanda drops. I fjor vår hadde vi sterk auke i søkinga i Samordna opptak. Og studentane ikkje berre søkte – dei møtte også opp i Volda, så hausten 2017 noterte vi oss for ny rekord i talet på registrerte studentar. Talet vi bør hugse er 4.184 studentar. Og når vi også våren 2018 har sterk auke i talet på søknader i Samordna opptak så er det ikkje utenkjeleg at det blir ny rekord også i 2018. Dette syner at våre studietilbod er ettertrakta og at vi er viktige for regionen. Men vi får diverre ikkje betre økonomi av å få fleire studentar. Kanskje tvert i mot.

Tala frå Studiebarometeret 2017 var direkte skuffande, og eg håper at diskusjonane både i fagmiljøa og med leiing, fagmiljø og studentar har gjeve gode inntak til korleis vi skal bli betre og få betre resultat for 2018. Eg vil særleg peike på at mange studentar ønskjer seg større medverknad i studiekvardagen, og eg håper det er noko fagmiljøa og alle andre tilsette er tydelege på at vi også ønskjer frå studentane. På alle nivå. Gjennom alle ledd i kvalitetsarbeidet. Studiekvalitet, resultat og også lærarar blir betre av å undervise studentar som er aktive og engasjerte i faget sitt. Eg håper difor studentane også både får høyre og sjå at medverknad er noko som går begge vegar.

Utviklingsprosjekt

Det største prosjektet høgskulen arbeider med er nybygget Sivert Aarflot-huset – der mediefaga skal flytte inn – men som er eit viktig hus for heile Høgskulen i Volda. I ein kritisk situasjon for norske media og for norske medieutdanningar er dette eit prosjekt som skal gjere at Volda også i framtida blir ein attraktiv høgskule for medieutdanning, utviklingsprosjekt for media og for medieforsking både i 2021, i 2031, i 2041 og så langt framover som det gir meining å sjå. Eg trur alle som er involvert i prosjektet er spente på alt som skal skje med prosjektet det næraste halvåret – det blir kritisk. Det handler om anbudsopning 6.september. Prisane på andre store byggeprosjekt i Møre og Romsdal gjer ikkje dette mindre spennande. Det handlar om ei ei eingongsløyving på 25 millionar kroner til inventar og teknisk utstyr. Dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er optimist etter godt lobbyarbeid i vår. Regjeringa skal godkjenne prosjektet som regjeringsnotat. Vi har snakka med fleire regjeringsmedlemmer som gjer at vi trur det bør gå.

Alle desse prosjekta krev stor intern samordning av oss, og det er eg sikker på at direktøren vil ta i vare på beste vis.

Det er likevel kontorarbeidsplassar til tilsette som har fått overskriftene lokalt og nasjonalt.

Om vi likar det eller ikkje så er vi underlagt eit nasjonalt regelverk som gir oss 23 kvadratmeter til rådvelde pr tilsett. Det skal også dekke møterom og andre fellesareal. Eg er svært spent på korleis dette blir løyst i anbudsrunden og i tilpassingsfasen. Dette vert uansett eit pilotprosjekt på Høgskulen i Volda.

I 2000 hadde vi 205 årsverk. Sidan har vi blitt veldig mange fleire. Då Synnøve Riste-huset stod ferdig i 2010 hadde vi 299 årsverk. I 2017 har vi kome opp i 326 årsverk. Dei mange nye tilsette vi har fått etter at Riste stod ferdig gjer at vi har kome langt i å fylle opp eit nytt kontorbygg av same storleik som Synnøve Riste.

Mange tilsette merkar det alt i dag ved at dei delvis er plasserte i felles arbeidsrom – og delvis sjølve har organisert seg slik. Men dette er nytt for oss, og vi er nok i ein lærefase. Eg trur at vi om 5-10 år må til med meir nybygging for å få arbeidsplassar til alle tilsette og betre lokale for studentar – stikkordet er først og fremst grupperom.

I fellesadministrasjonen er direktør Karen Lomeland Jacobsen i ferd med å beslutte ein ny organisasjonsstruktur – ny kontorinndeling. Når det er bestemt vil det bli ombyggingar i tredje etasje. Det vil bli brukt midlar frå avsetningane i fellesadministrasjonen for å betale for desse ombyggingane. Rektoratet og direktør har klart og tydeleg oppfatta at somme av dei som er kritiske til å dele kontor eller ha fellesrom med andre oppmodar leiinga til å gå føre med eit godt eksempel. Og det kjem vi til å gjere i løpet av hausten 2018 eller våren 2019.

Interne utgreiingar: Avdelingsstruktur og budsjettmodell

Vi har gjennomført svært arbeidskrevjande interne utgreiingar i 2017-2018. Og då tenkjer eg særleg på arbeidet i dei to gruppene som har evaluert budsjettmodellen og avdelingsstrukturen. Dei har gjort grunnlagsarbeid som er viktig for HVO i eit tiårs-perspektiv. Såpass sjeldan er det vi ser på desse spørsmåla. Og slik bør det også vere etter mi meining.

På eit overordna plan har resultatet blitt at vi held fram både med den same budsjettmodellen og med den same avdelingsstrukturen. Det betyr ikkje at vi ikkje endrar oss og tilpassar oss. Men eg håper vi no er sikrare på at vala vi har gjort er godt forankra – sjølv om ikkje alltid gjer store endringar.

Gruppa som skulle evaluere avdelingsstrukturen gjorde etter mi meining ein god jobb og ska ha takk for innsatsen, og då særleg utvalsleiar Roar Amdam. Gruppa tilrådde at høgskulen sende på høyring ein modell med to avdelingar og ein modell med tre avdelingar. Dette har vorte gjort og det kom fram at det var ulike synspunkt på kva som var best å gjere for Høgskulen i Volda. I prosessen kom det også fram vurderingar og bekymringar som i all hovudsak handla om dei to minste avdelingane – først og fremst av økonomisk og administrativt slag. Desse må følgjast opp i åra framover. Resultatet blei som kjent at på høgskulestyret samrøystes vedtok å halde fram med dagens struktur med fire avdelingar. Eg er glad for at det vart eit samrøystes vedtak i denne saka, og at vi dermed kan gå vidare med faste og kjende organisatoriske rammer dei neste åra.

Odd Helge Mjellem Tonheim leia arbeidet med evaluering av budsjettmodellen. Fleire har kommentert at det var ein godt skriven og lett tilgjengeleg rapport når tematikken var budsjett. Utvalet kom der med sine vurderingar av ei rekkje små og store spørsmål i budsjettmodellen – og var på ei intern høyring organisasjonen. Også denne saka var oppe i høgskulestyremøtet 7. juni. Styret røysta der over ei rekkje einskildpunkt der det var lagt fram ulike framlegg, men kom i mål og fekk vedtatt ein revidert budsjettmodell. Vi har dei same overordna retningslinene som tidlegare. Dei går kort sagt ut på at vi også internt brukar Kunnskapsdepartementets reknemåtar i neddelinga til avdelingar og fellesadministrasjon. Og vi ser at til dømes Høgskulen på Vestlandet har gjort det same etter fusjonen.

Den største einskildendringa handlar potensielt sett om at det vert sett tak på avsetningane frå 2020. Eg håper og trur at avdelingane som har store avsetningar kan nytte dei til fagleg utvikling. Eg kan elles fortelje at somme UH-institusjonar har fått klar beskjed frå Kunnskapsdepartementet at no er avsetningane for store. Så vi er vonleg føre var.

Pedagogisk basiskompetanse og meritering av undervisning

Men vi er ikkje heilt ferdig med store interne utgreiingsarbeid. For den einskilde fagtilsette er det kanskje arbeidet til gruppa Odd Ragnar Hunnes leiar som er nærast kvardagen: Nærast undervisning, utvikling og forsking. Arbeidsgruppa skal arbeide både med meritering av undervisning og pedagogisk basiskompetanse skal drøftast. Tankegangen er at det må vere ein samanheng mellom den pedagogiske basiskompetansen vi vil kreve av oss sjølve og andre – og at meritering av undervisning må byggje vidare på denne basisen.

Det såkalla Underdal-utvalet har kome med eit framlegg til ny stillingsstruktur i vår sektor. Det kunne først virke som at utvalet ville ta livet av dosenttittelen – men slik fleire av oss les utvalets arbeid så kan det breie kompetansegrunnlaget for dosentar også bli med inn i den nye stillingsstrukturen. Det skal altså også i framtida gå an å byggje ein karriere – eller få anerkjent – ein undervisningsfokusert praksis. Arbeidet blir leia av dekan Odd Ragnar Hunnes, og eg er sikker på at det vil bli eit godt resultat.

Hausten 2018 har direktøren varsla at det er på tide å ta opp att Campusutvikling. Vi bør ha eit nytt prosjekt, rett og slett fordi både vi og ikkje minst omgjevnadene våre endrar seg. Og då tenkjer eg både på dei mange store endringane i det fysiske landskapet rundt oss: Øyra skule, Volda Campus Arena, Sivert-huset, Nye studentheimar, Kunnskapsparken og ikkje minst tunnelen til Ørsta – som har namnet Voldatunnelen. Desse utomhusendringane kallar Statens Vegvesen for bymessige utfordringar. Det blir trangt på og rundt oss no. Vala vi gjer i dag og i morgon må vil leve med i 50-100 år.

Andre tiltak vil også kome – vi er i endring. Vi skal få ein plan for digitalisering. Vi skal ha studentombod. Og studentane har endra namn på studenttinget til Studentparlamentet. Ting skjer!

Ein millimeter

Avslutningsvis så vil eg gjenta noko eg sa tidlegare: Det trengst ikkje alltid store ytre endringar. Kanskje er det like effektiv og ønskjeleg å gjennomføre mange og små endringar og forbetringar?

Eller som Anne Grete Preus sa det:

Av og til, av og til er en millimeter nok
Lavt og lite har mere kraft enn mye, fullt og nok
Av og til, av og til er en millimeter nok

Men: Vi må alle passe på at det er ein millimeter i rett retning!

*) Rektor brukar å halde tale på ei felles sommaravslutning for alle tilsette på Høgskulen i Volda. I 2018 var sommaravslutning og tale halde 18. juni. Manuset til talen her er litt lenger enn det som vart framført munnleg på avslutninga – talen vart litt kutta for at den ikkje skulle bli for lang.

Orientering til Høgskulestyret, styremøtet 7. juni

*) Høgskulestyret ønskjer på kvart møte å få ei kort orientering frå rektor om viktige ting som har skjedd sidan førre styremøte, og ønskjer særleg å bli halden oppdatert om struktursaka, lærarutdanningane og nybygget (Sivert-prosjektet). Orienteringa nedanfor vart gitt på styremøtet 7. juni. 

Sakspapir til styremøtet 7. juni 2018.
Video frå styremøtet 7 juni 2018.

1) Lærarutdanningane
Ei internasjonal ekspertgruppe har gjeve råd til Kunnskapsdepartementet om korleis innføring av dei nye grunnskulelærarutdanningane bør følgjast opp og også kome med framlegg til justering av kursen.

Nokre av framlegga er desse:

Fortsett å lese Orientering til Høgskulestyret, styremøtet 7. juni

Opningshelsing på symposium for skriftkultur, 6. juni 2018

 

 

Kjære alle skriftlærde!

 

Det er ei stor glede for meg som rektor ved Høgskulen i Volda å få lov til å ønskje dykk velkomne til symposium om forsking på skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Først og fremst vil eg takke forskingsgruppa for nynorsk skriftkultur for at de har fått i stand dette symposiet – denne ekspertkonferansen. Både av innhald og deltakarar ser eg at det har vorte gjort ein god jobb, med anerkjente fagfolk som innleiarar og med interessante titlar. Det er godt gjort av den nokså nystarta forskingsgruppa i nynorsk skriftkultur å få til dette.

Fortsett å lese Opningshelsing på symposium for skriftkultur, 6. juni 2018