Video av styremøtet ved Høgskulen i Volda, 7.12.2017

Frå venstre: Janne Heggvoll (AKF), Nikolai Hannvik Nordlid (student, ASH), Marie Havnsund (student, AHL) og Kjell Einar Dagfinrud (adm, ASH).

Årets siste styremøte vart gjennomført torsdag 7. desember 2017. Du kan sjå styremøtet i opptak på våre nettsider. 

Representantar, møteplan og styrepapir til dette og tidlegare møte i Høgskulestyret. 

 

Opningshelsing til Ulstein Arena, 2.12.2017

Ulstein Arena på opningsdagen 2.12.2017.

HVO er ein regional institusjon, og difor er det veldig kjekt å få vere med på ei anna regional hending: Opning av Ulstein Arena.

Lære – leve – oppleve

Desse tre orda seier mykje om kva HVO ønskjer å tilby våre studentar. Og dei same tre orda seier også mykje om ambisjonane for Ulstein Arena.

Fortsett å lese Opningshelsing til Ulstein Arena, 2.12.2017

Her også: «Sei i frå»

Læringsmiljøutvalet ved Høgskulen i Volda 2017. Frå venstre Guro Kvist, Sara Bergland, Gonnie Smit, Ingunn Blindheim, Gaute Hareide, Eli Anne Løksa.

Høgskulen i Volda har fått sin «Sei i frå» knapp på nettsidene våre:
Du finn knappen her.

Og trykker du på knappen får du følgjande tekst – og kontakter for ulike problem:

«Her kan du seie frå om ting du synes er vanskeleg å ta opp med dei nærast deg på studiet (faglærar, emneansvarleg, praksislærar, dekan), eller ta vidare om du har sagt frå om noko viktig og ikkje blitt høyrt. «

Det er veldig bra at Læringsmiljøutvalet (LMU) ved Høgskulen i Volda har teke initiativ til dette. Oppgåva til LMU er å arbeide med «studentane sin trivsel, sikkerheit og velferd, og delta i planlegging i saker som gjeld dette.»

Fortsett å lese Her også: «Sei i frå»

Dobbelt gjennomslag: Ca 24 mill i prosjektmidlar til IKT i grunnskulen

Med få dagars mellomrom tikka det inn melding om at Høgskulen i Volda hadde vunne fram med prosjektsøknader på området IKT i grunnskulen.

Siv Måseidvåg Gamlem (t.v.) og Wenke Mork Rogne.

Først kom meldinga om at prosjektet DigiHand hadde fått ca 10 mill i forskingsmidlar frå Norges Forskingsråd gjennom FINNUT-programmet. Forskingsprosjektet er leia av Wenke Mork Rogne og med Siv Måseidvåg Gamlem som forskingsleiar på prosjektet. Les meir om prosjektet.

Få dagar etter kom meldinga om at «Digitaliseringsprosjektet» hadde fått 14 millionar frå Norgesuniversitetet til digitalisering av grunnskulelærarutdanning. Her er Synnøve H. Amdam prosjektleiar. Les meir på våre nettsider.

Oddvar Aalde og Synnøve H. Amdam

Les også om tildelinga i nettavisa Khrono.

Fortsett å lese Dobbelt gjennomslag: Ca 24 mill i prosjektmidlar til IKT i grunnskulen

Studentrekord i Volda – men ikkje i fylkesstatistikken

Semesteropning Høgskulen i Volda 2017
 Høgskulen i Volda sette hausten 2017 ny rekord i tal studentar: Heile 4.184 studentar har valt å studere  ved Høgskulen i Volda, den største utdanningsinstitusjonen i Møre og Romsdal. Men slik ser det ikkje ut i fylkesstatistikken.

Fortsett å lese Studentrekord i Volda – men ikkje i fylkesstatistikken

Rekordstor barnehagekonferanse – opningshelsing

Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes – HVOs medlemmer av arrangementsgruppa for barnehagekonferansen 2017.

Opningshelsing på Barnehagekonferansen 2017, Ålesund 26.-27. oktober.

Høgskulen i Volda er medarrangør av Barnehagekonferansen 2017 og vi er glade og stolte over det Barnehagekonferansen har blitt. Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal blir arrangert av:

  • Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Høgskulen i Volda.

Dei tre samarbeidspartane samordnar seg i ei arbeidsgruppe og medlemmene er:

Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:  Maren Ørjasæter Aaland og Bodil Grindvik Uri.
Frå Utdanningsforbundet Møre og Romsdal: Hilde Holmeide Aandahl og Julie Gunnstensen.
Frå Høgskulen i Volda: Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes.

Fortsett å lese Rekordstor barnehagekonferanse – opningshelsing

www.hivolda.no har blitt ny – men bør aldri bli ferdig

www.hivolda.no har blitt ny: 25.10.2017

Nettsidene til Høgskulen i Volda har fornya seg, og det skjedde i dag 25. oktober 2017. Det er i god tid før juletida 2017 då mange nye studentar for alvor tek til å orientere seg mot eit nytt studieår hausten 2018.

Fortsett å lese www.hivolda.no har blitt ny – men bør aldri bli ferdig

Høgskulen og næringslivet? Klart det!

Kunnskapspark 2021? Ideskisse.
Høgskulen i Volda var 18.10.2017 arena for eitt av fire dialogmøte om nærings- og samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Dette i regi av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Noregs Forskingsråd, SIVA og Innovasjon Noreg. Litt over 20 personar frå høgskulen, kommunar og private verksemder på Søre Sunnmøre deltok på møtet i Volda. Liknande møte vart halde i Rauma, Ålesund og Kristiansund.
Bakgrunnen for møtet er at Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med andre aktørar laga ein plan for Forsking og innovasjon – ein FOI-strategi.

Fortsett å lese Høgskulen og næringslivet? Klart det!

Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar

UH Nett Vest representantar på besøk ved HVO-biblioteket

Biblioteksamarbeidet innanfor UH Nett Vest har vore godt – og vart lenge. 28. september kom representantar frå HVL (Sogndal, Bergen og Haugesund), UiB og Universitetet i Agder til Volda omvising på høgskulebiblioteket – og utfordringane er nokså like alle stader kan det sjå ut til. I tillegg deltok representant frå UiS på skype i møtedelen.

Biblioteket er plassert på ulike stader i organisasjonen på dei ulike institusjonane i UH Nett Vest: HVO, UiS og UiA: Administrasjonen. UiB: Viserektor for utdanning er leiar i bibliotekstyret. HVL: Prorektor for forsking.

Fortsett å lese Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar

FoU-prisvinnar 2017: Tor Arne Haugen. Les takketalen.

Professor Tor Arne Haugen (til høgre) vart tildelt Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2017 frå rektor Johann Roppen. Foto: Tone Solhaug

FoU-prisen for 2017 vart 22. september 2017 tildelt professor Tor Arne Haugen ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Tor Arne Haugens takketale og rektors tale til prisvinnaren.

Takketale:

Takk for FoU-prisen 2017

Tusen takk, det er veldig gjevt å få denne prisen. Eg har elles aldri hatt så mange forvirrande samtaler som etter at dette blei offentleggjort i vår. Dette var nemleg omtrent samtidig med at det blei kjent at mi kjære kone er gravid, og det var ei periode der eg fekk svært mange gratulasjonar i gangane på Berte Kanutte. Av dei samtalene eg etter kvart forsto kva handla om, trur eg omtrent 50 % handla om graviditeten, mens 50 % handla om FoU-prisen. Men i mange tilfelle var eg framleis usikker etter at samtalen var slutt. Og det er klart at det slit på ein introvert å vera i så mange samtalar på kort tid som du ikkje heilt veit kva dreiar seg om, men det hjelper sjølvsagt når ein i alle fall veit at det er noko veldig hyggeleg. Ja, dette var jo eigentleg tidenes luksusproblem. Det er ei ære å få stå her i dag.

Fortsett å lese FoU-prisvinnar 2017: Tor Arne Haugen. Les takketalen.