NEON 2019 – Sesjon 3B og 4B

Ansvarlege for sesjonane: 

Roar Stokken, Fyrsteamanuensis, Høgskulen i Volda,   roars@hivolda.no, 45240204
Atle Ødegård, Professor, Høgskolen i Molde

Sesjonsomtale

Omgrep som «Samskaping», «innovasjon» og «Ny offentleg forvaltning» vert i aukande grad nytta i ulike typer dokument og diskursar som omhandlar  korleis kommunene skal løyse oppgåvene sine. Når omgrepa skal omsetjast til praksis oppstår gjerne ei rekkje utfordringar på mange ulike nivå. Mange av desse utfordringane er knytt til at kommunane treng eit utvida tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid for å realisere omgrepa. Dette fører til eit behov for forsking som studerer organisering og leiing av tverrprofesjonelt samarbeid i kommunane.  Med dette som utgangspunkt ønskjer vi velkomen bidrag som på ulike måtar kastar lys over aspekt som er relevant for tverrprofesjonelt samarbeid i kommunane. Eksempel på fenomen  kan til dømes vere psykisk helsearbeid, folkehelsearbeid, barnevern, samarbeid mellom helseforetak og kommunar, brukarmedverknad osb. Både empiriske og teoretiske bidrag er velkomne.

Organisering

Før konferansen

Innsending av kort paper (ca 2000 ord )
Frist:
20/11
(Sidan folk skal ha høve til å lese papera på førehand, ber vi om at denne datoen vert respektert. )
Til: roars@hivolda.no

Alle som presenterer får tilgang til alle korte paper. Vi har valt eit kort format for at så mange som råd skal ha høve til å gjere seg kjend med innhaldet på førehand. Dei som har utkast til fulle paper kan sende inn eit slikt paper i tillegg. Dette vil i så fall bli distribuert til berre opponentar.

Opponent
Torsdag 21/11 vil dei som har innlegg bli tildelt eit paper å vere førsteopponent på.
Alle vil få tilgang til alle dei korte papera.

Under sesjonane

Kvart paper får 20 minutt.
Det gir oss 10 minutt slakk på kvar sesjon i tilfelle teknisk trøbbel ol.

Tid til presentasjon er sett til maksimalt 10 minutt.
Opponent får 3- 4 minutt til å gi ei konstruktiv tilbakemelding på paperet .
Det vil såleis bli minst 6 minutt per sesjon til diskusjon og spørsmål per paper.

3B) Samarbeid i kommunen I

8:30-10:00 Torsdag 28/11 Lillehammersal II

08.30 – 08.50

Organising financial resources in the municipality: a case study on integrated service provision to persons with dual diagnosis.
Therese Dwyer Løken1,Aud Johannessen2,Catharina Bjørkquist1
1. Østfold University College, Norway. 2. University of South-Eastern Norway, Norway. 

Kort og langt paper – Førstekommentator: Atle Ødegård

08.50 – 09.10

Innbyggerinvolvering og samskaping i norske kommuner
Ailin Aastvedt1,2,Gunn Kristin Aasen Leikvoll1,Anette Myhre Momrak3
1. Telemarksforsking, Norway. 2. Høgskolen i Innlandet, Norway. 3. Universitetet i Sørøst-Norge, Norway. 

Kort og langt paper -Førstekommentator: Ragnhild Waldahl

09.10 – 09.30

The Complexity of Stakeholders in Implementation of Technology in Community Health Care – a roadmap
Monika Knudsen Gullslett Universitetet i Sørøst-Norge, Norway. 
Kort paper – Førstekommentator: Roar Stokken

09.30 – 09.50

Leiing av tverrprofesjonelle team i psykisk helse feltet
Roar Stokken1,Helene Hoemsnes2, Knut Hunnes1
1)Høgskulen i Volda, 2)Høgskolen i Molde
Kort paper – Førstekommentator: Ailin Aastvedt

4B) Samarbeid i kommunen II

11:50-13:20 Torsdag 28/11 Lillehammersal

11.50-12.10

Samarbeid om ungdommer på barnevernsinstitusjon
Ellen Aarseth Høgskulen i Volda, Norway. 
Kort paper – Førstekommentator: Anne Botslangen

12.10-12.30

Welfare service navigators; creating spaces for innovative collaboration?
Ragnhild Waldahl1,Karin Antonsen1,Cecilie Anvik2
1. Nordlandsforskning, Norway. 2. Nord Universitet, Norway. 

Kort paper – Førstekommentator: Therese Dwyer Løken

1230-1250

Tilrettelagt friluftsliv for mennesker med utviklingshemming
Ingrid Botslangen Frantzen
NTNU, Norway.

Kort paper – Førstekommentator: Ellen Aarseth

1250-1310

Friluftsliv som sosial møteplass. Analyse av intervju med ledsagere på Friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemmede (FTU), Molderegionen
Anne Botslangen1,Gøril Groven2
1. Høgskolen i Molde, Norway. 2. Møreforskning, Norway. 
Kort paper – Førstekommentator: Monika Knudsen Gullslett

Publisering og formidling: 
Det vert jobba med ein publiseringskanal for innlegg på sesjonen. Konkret informasjon vil truleg vere klart til konferansen.