1b. Kortfatta ressurskartlegging i mitt lokalsamfunn

Stryn bibliotek

Mitt lokale folkebibliotek ligg i Stryn, 30 minutt frå heimstaden min. Det lokalhistoriske stoffet til Stryn biblioteket, som eg skal skrive om i dette avsnittet, er svært omfattande og vidstrekjande. Dei har ein eigen seksjon med kun lokalhistorisk stoff plassert i biblioteket. Her finn du alt frå bøker til fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Stryn og bygdene rundt. Biblioteket har også sitt eige mikrofilmapparat med mikrofilmar heilt tilbake til 1928 frå avisene Fjordingen og Innfjordingen. Dei har også moglegheita til å leige inn mikrofilmar frå Nasjonalbiblioteket om ynskjeleg. Mykje av det lokalhistoriske stoffet på biblioteket er henta inn frå Stryn Historielag, som har skrive fleire årbøker og artiklar om lokalsamfunnet mitt. Også lokalforfattarar som til dømes Jacob Aaland sine bøker er til utleige i Stryn. Gjennom søkesystemet til Stryn Bibliotek, Bibsok, kan ein finne alt ein leitar etter. Om boka ikkje allereie er i biblioteket, får dei tak i den gjennom det nasjonale biblioteknettverket, som Stryn bibliotek er ein del av.

Stryn Historielag

Stryn Historielag vart stifta i 1991 og leiar i dag er Anita Elisabeth Flo. Heilt sidan starten har dei gjeve ut ei årbok kvar haust, med stort bokslepp på biblioteket. I desse årbøkene samlar dei inn historier frå lokale bidragsytarar, i tillegg til at medlemmane i laget bidrar til boka. Stryn historielag har også hatt eit tett samarbeid med biblioteket sidan starten. Der held dei blant anna kurs og foredrag, i tillegg til å arrangere det dei kallar 3 historiske spel med lokale forfattarar kvart år.  Gjennom arrangementa på biblioteket prøver dei også å rekruttere fleire medlemmar. Dette fordi historielaget i dag berre består av knappe 50 medlemmar, der majoriteten er eldre menn. Historielaget har difor eit stort ynskje om både fleire og yngre medlemmar, og jobbar stadig med å finne på nye kreative saker som kan trekkje folk til laget. Stryn Historielag var dei som stod for ansvaret rundt innsamlinga av kulturminner til kommunedelplanen, men i den nærmaste framtid står dei framfor sin største jobb hittil. Dei har nemleg fått hovudansvaret for å lage ei ny bygdebok for Stryn Kommune. Dette er det største prosjektet laget har teke på seg nokon gong, og dei håpar at også dette vil bringe fleire medlemmar.

Arkiv

Alle offentlege arkiv som har tilknytning til Stryn Kommune ligg tilgjengeleg på nettsida Arkivportalen.no. Der kan ein finne det meste ein leitar etter. Om ein ynskjer innsyn i private arkiv, kan ein søkje begjæring om innsyn. Om ein vil levere inn eit privatarkiv, skal dette sendast til kommunens post- og arkivteneste, der det vil bli vurdert som enten verdig eller uverdig arkivpost. All verdig arkivpost blir så stempla og journalført.

Kulturvern

Stryn Kommune har stort fokus på bevaring av kulturminner. Gjennom kommunedelplanen for kulturminner som vart vedtatt i 2017, vart fleire bygningar verna eller freda i Stryn Kommune. Dette vart gjort for å bevare kulturminnet. Stiftingar som tek vare på blant anna garden Li i Innvik og Singerheimen i Olden, fekk auka sitt årlege driftstilskot gjennom kommunedelplanen. Dette for å kunne drive vedlikehald på bygningane.  I denne kommunedelplanen vart også kvar enkelt kulturminne sett på og det vart bestemt kva slags tiltak som skulle gjerast for å bevare dei. Alle vart vurdert, tildelt ein dato for når tiltaka skulle gjennomførast og summen det ville koste å utføre desse tiltaka. Denne planen strekk seg til 2020, og er difor endå under gjennomføring. Gjennom linken nedanfor kan de sjå på kvar enkelt kulturminne og kva tiltak som har blitt gjort eller som skal gjerast på dei.

https://stryn.kommune.no/_f/p1/i9d82f342-0776-472c-85ed-d8a15b07ecf3/kommunedelplan-for-kulturminne-2017.pdf