1a. Kortfatta skildring av mitt lokalsamfunn

Eg kjem frå den lille bygda Innvik, ein tettstad i Stryn Kommune i Sogn og Fjordane. Per 1.Januar 2017 var det 438 innbyggjarar i Innvik. Bygda ligg på sørsida av Nordfjord, mellom nabobygdene Utvik og Olden. Det er ca. 1 time til Førde og 30 minutt til Stryn. Innvik var tidlegare ein eigen kommune, fram til dei i 1965 vart slått i lag med Stryn.

Sjølv om bygda er svært lita, har vi fleire bedrifter som har blitt Norgeskjende, der iblant Skogstad Sport og Sacco of Norway. Bygda har sin eigen matbutikk, barneskule, omsorgssenter, kafé, hotell, campingplass og idrettslag med eigen hall og treningssenter. Innvik er også godt kjent som ein av dei største bærproduserande bygdene i Sogn og Fjordane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *