Statsbudsjettet for 2022 – som venta for Høgskulen i Volda

Vi får ny regjering – men på kort sikt er det statsbudsjettet for 2022 som får direkte følgjer for Høgskulen i Volda. Solberg-regjeringa sitt framlegg skal gjennom Stortinget og kor store endringar det blir veit ingen i dag.

Høgskulestyret får tilsendt ei orientering om framlegget til statsbudsjett og skal drøfte det på styremøtet 21. oktober. Vurderinga frå leiinga på Høgskulen er at framlegget til statsbudsjett gir eit greitt budsjett for Høgskulen i Volda som ikkje har svært store overraskingar i noko retning.

Ser ein berre på tala i løyvinga så aukar vi frå ca. 410 millionar i 2021 til ca. 417 millionar i 2022. Skulle vi fått fullt ut kompensert for løns og prisvekst så mangla vi ca 4 millionar kroner. Men bak desse tala ligg ei rekke små og store endringar og justeringar som også må takast med i vurderinga.

For å ta det som går i minus først så held regjeringa fram med det såkalla ABE-kuttet (Avbyråkratisering og effektivisering) som er likt for all statleg verksemd og gir eit kutt på 0,5 prosent samanlikna med løyvinga i 2022. Budsjettet blir også kutta med ca. 0,1 prosent fordi vi alle har reist mindre i løpet av pandemien, og dei nye reisevanane reknar regjeringa med har festa seg. I tillegg til ei anna mindre justering så er altså ABE-kuttet på ca 0,6 prosent. Det største kuttet er likevel ei justering av pensjonsinnbetalingar der staten no vil gå over til å rekne ut reelle pensjonsutgifter for kvar einskild statleg verksemd. For Høgskulen i Volda betyr dette nesten 10 mill i lågare løyving men er også meir i tråd med våre reelle pensjonsutgifter.

Eit anna bidrag til lågare løyving er at vi i 2020 minka studiepoengproduksjonen og dermed får lågare resultatbasert løyving. På den andre sida hadde vi ein svært god forskingsproduksjon i 2020 og dermed større inntekter frå den resultatbaserte løyvinga, men i sum gjekk vi altså ned i resultatbasert løyving. Samanlikna med andre institusjonar har studentane ved Høgskulen i Volda produsert færre studiepoeng i 2020, medan så godt som alle andre institusjonar har auka talet på produserte studiepoeng. Dette må vi finne forklaringar på.

Koronaåret 2020 førte også til mindre internasjonal studentutveksling og dermed lågare løyving.

Kva så med pluss-sida? Kvar har vi fått auke? Vi har ikkje fått heilt nye studieplassar eller stipendiatstillingar. Men våren 2020 sette Solberg-regjeringa inn det såkalla «Utdaningsløftet» som eit tiltak midt i korona-krisa. For Høgskulen i Volda betydde det fleire studieplassar, altså meir pengar til utdanning og til å ta opp fleire studentar. Studieplassane kom for det meste på fleirårige utdanningar, og regjeringa har følgt opp med å gi løyving også til år 2 eller år 3 av slike fleirårige utdanningar. Det same gjeld 6 stipendiatstillingar som vi også fekk tildelt i 2020 og som også gir auka løyving over fleire år. Og så har vi fått eit tillegg for det femte året på den nye femårige grunnskulelærarutdanninga.

Så i sum jamnar altså ting seg ut og gir eit greitt budsjettet for Høgskulen i Volda i 2022. Slik det ser ut no.

Både Høgskulen og Kunnskapsdepartementet har vore opptekne av dei såkalla avsetningane i sektoren, og av statbudsjettet går det fram at Høgskulen i Volda også i 2020 har auka avsetningane. Av tertialrekneskapet for 2021 som vert lagt fram for Høgskulestyret 20. oktober ser vi at avsetningane nærmar seg 100 millionar kroner. Det må leggast planar for kva investeringar desse pengane skal nyttast i 2022 og i åra framover, og for Høgskulen i Volda er det framfor alt ombyggingane i Hans Strøm-huset som i praksis blir finansiert av avsetningane. Av framlegget til statsbudsjettet for 2022 går det fram at regjeringa ikkje lenger vil sette av eigne midlar til oppgradering av undervisningslokale, så vi kan vere svært nøgde med at vi har fått midlar av desse ordningane både til Veksel-Strøm (3,5 mill) og til ombygginga av Strøm-huset (10 mill).

Helsing til – og frå – FoU-prisvinnar 2021: Professor Roar Amdam

Professor Roar Amdam med interesserte mediestudentar etter prisutdelinga.

Omtale av prisutdelinga på nettsidene til Høgskulen i Volda.
Roar Amdams profilside – og faglege nettside: (http://tilsett.hivolda.no/ram/)
Roar Amdams tale i høve prismottakinga.

Helsing frå rektor til Roar Amdam i høve overrekking av FoU-prisen for 2021, Forskingsdagane 24. september 2021. Nokre faktaopplysningar er retta samanlikna med talen som vart framført og versjonen som først vart publisert på bloggen.

Dette er ein forskingspris, men det er også ein pris for utvikling. Og formidling. Kort sagt alt som er viktig for Høgskulen.

Og årets prisvinnar har verkeleg sett spor etter seg både når det gjeld forsking, utvikling og formidling.

Prisvinnaren vart cand.agric. ved institusjonen som i dag heiter Noregs Miljø og Biovitskaplege Universitet, NMBU, tilbake i 1977. Seinare kom han til Volda og Møreforsking og DH-skulen etter å ha arbeidd som planleggar i Sande kommune.

Så han starta i det som mange av oss akademikarar kallar «feltet», eller yrkesfeltet. I Sande kommune. Som planleggar. Han forska vidare på og med primærkommunar og fylkeskommunar i år etter år etterpå. I den grad at vi må seie at mange reknar han som ein del av feltet. Med ein slik bakgrunn er det ikkje rart at prisvinnaren og fagmiljøet han er ein del av har stor legitimitet hos mange som arbeider i kommunar og lokal forvaltning – ikkje minst dei som har teke slik utdanning i Volda. I periodar har han nærast konstant vore ute på reise og formidla og diskutert fag med folk i feltet. 

Bjørnstjerne Bjørnsons «Redaktøren» (1874*) – og i dag?

Romsdals budstikke, 11.9.2021.

Blogginnlegget er er skrive som oppspel til eit debattmøte under Bjørnson-festivalen 2021 og blei også trykt i Romsdals Budstikke 11. september 2021.

Teateret Vårt har i september 2021 sett opp «Redaktøren» (1874) av Bjørnson. Er «Redaktøren» av 1874 viktig i 2021? Tja.

Bjørnstjerne Bjørnsons drama «Redaktøren» frå 1874 er eit av dei mest gløymde og minst framførte av Bjørnson verk. Nokre gode replikkar frå stykket har hatt eit godt liv i mediehistoria som spissformuleringar av sjølvforståinga til redaktørar og journalistar. Som denne replikken frå den namnlause redaktørens munn: «Jeg er fullbyrderen af den offentlige vilje.» (Sjå til dømes Eide 2000:57) Stort meir pompøst kan det ikkje bli. Men den same redaktøren seier også at «Den offentlige mening er en meget troløs væn», og at «jeg har ingen [venner]». (Bjørnson 1874: Tredje møde, side 64-76).

Også i dag høyrer ein liknande replikkar i medieordskiftet: Som ideal for kritiske, uavhengige media og journalistar, som spissformulering av medias makt, men også motsett som tomme formuleringar frå ein sjølvopptatt mediestand, og som berre til ein viss grad stemmer med realiteten i kvardagen.

Korleis er så historia i «Redaktøren»? Hovudpersonen i stykket ein mann med namn Evje, ein rik borgar. Han er i ferd med å gifte vekk dotter si til den politisk sett radikale Harald Rejn, og det likar ikkje Redaktøren av lokalavisa då han ser på eit slikt ekteskap også som ein politisk allianse som opnar opp for «de røde». Redaktøren trugar med å henge ut både Evje og Rejn i avisa, om ikkje trulovinga blir avlyst. Etter mykje fram og tilbake kjem den kritiske artikkelen på trykk, og det kostar liv: Halvdan Rejn er den sjuke og svaklege broren til Harald Rejn, og når han les artikkelen, så døyr han av «blod-styrtning». Dette er for oss i dag nokså framandt. Skremmer verkeleg litt politisk kritikk livet av Evje og fører til at Halvdan Rejn døyr på flekken av å lese det? Ein må ha stor tru på betydning av omdømme og medias makt for å akseptere den delen av historia. For ikkje å snakke om at det å omtale ei truloving i seg sjølv skulle vere slik skandalemat.

Første statsministerbesøk! På kor lenge?

Høgskulen i Volda får 20. juni 2021 besøk av statsminister Erna Solberg, og ho er særleg interessert i få vite meir om Sivert Aarflot-huset, det nye mediebygget.

Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor

Men når fekk Høgskulen i Volda / Volda lærar(høg)skule / DH-skulen sist besøk av ein sittande statsminister? Etter det eg har klart å finne ut må vi tilbake til 1978: Odvar Nordli besøkte Volda lærarhøgskule tysdag 12. september. Lokalavisa Møre følgde besøket tett og lurte blant anna på kva Nordli hadde fått ut av møtet med studentar og tilsette på Volda lærarhøgskule, der Nordli var noko vag, men hadde fått med seg ønske og planar om nybygg ved lærarskulen.

Odvar Nordli var statsminister frå 1976-1981.

På Volda Samfunnshus same kvelden heldt Nordli ein tale som vekte nasjonal oppsikt. Bergens Tidende skreiv: «Alvorspreget Odvar Nordli: Vanskene tårner seg opp for oss». VG skreiv: «Beskjed om måtehold». Så landet rundt vart talen omtala som talen «på Volda». Ja ja. Det var heile 300 frammøtte som følgde talen til Nordli.

Men ein feil har kanskje Møre i 1978 har gjort når dei i overskrifta kalla besøket historisk og skreiv at Odvar Nordli var den første statsminister som besøkte Volda lærarskule.

For lærarskulen hadde også tidlegare fått besøk av ein statsminister, men vi må heilt tilbake til 1930! I 1930 var landets statsminister Johan Ludwig Mowinckel, borgarleg venstremann frå Bergen, og det kan virke som han starta valkampen i Volda søndag 22. juni 1930.

Mowinckel var på politisk reise i regionen og skulle eigentleg halde sin tale på Idrettsplassen ved Volda vidaregåande skule. Men Mowinckel vart forsinka og Idrettsplassen var alt lova vekk til Arbeidarpartiet sin stortingsrepresentant Nordanger, så Mowinckel måtte flytte til Volda lærarhøgskule. Der heldt han sin politiske tale frå verandaen i det som i dag heiter Henrik Kaarstad-huset. Den politiske temperaturen og interessa var svært høg i 1930, og Mowinckel hadde kanskje så mange som 1.200 tilhøyrar «frå Volda, Dalsfjord, Ørsta og Hjørundfjord.» Venstreavisa Sunnmørsposten som omtalte talen slik: «Og folk fylgde spent med i det stemningsfulle og klåre foredraget, som fekk sterk fagning.»

Møre refererte Mowinckels tale, 24. juni 1930.

Møre leverte tysdag 24. juni fyldige referat både frå Mowinckel og Nordanger sine talar under overskrifta: «Dei politiske foredragi sundag.» Av referatet går det fram at Mowinckel stort sett tala om nasjonale politiske spørsmål, men han sa også:

«Vinstre vil framleis ta seg av dei kulturelle spursmål. Lovi om 4 års lærarskule t. d. viser det. Talaren nemnde med honnør statsråd [Sigvald] Hasund og Anders Vassbotn for deira arbeid for denne lovi.»

Så besøket til Mowinckel var altså ikkje planlagt lagt til Volda lærarhøgskule – det var ein improvisasjon fordi Idrettsplassen var oppteken! Så om dette verkeleg var det første statsminsterbesøket på Volda lærarhøgskule så var det nokså tilfeldig – men Mowinckel var altså inne i Henrik Kaarstad-huset og då må vel dette reknast som eit besøk?

Elles er det interessant å sjå på desse tre statsministerbesøka ut i frå si tid:

  • 1930: Mowinckel samla truleg over 1.000 tilhøyrarar til ein klassisk politisk tale, utandørs. Lokalmedia dekte hendinga i stor detalj, men om det finst bilde av hendinga stod dei ikkje i avisene. Kanskje nokon i Volda har eit gammalt bilde frå møtet? Hadde Mowinckel tid til å snakke med folk? Det er usikkert. Talen var i fokus i avisa.
  • 1978: Odvar Nordli samla godt med folk – 300 i Volda samfunnshus. Fleire aviser følgde besøket, og det var vel fullt hus, og talen som Nordli heldt vart sitert landet rundt. Gamle voldingar hugsar framleis møtet med Nordli – både at han var interessert i å snakke med folk – og at han var ein framifrå forteljar!
  • 2021: Erna Solberg er også på politisk turne og vil besøke Høgskulen i Volda i tillegg til mange andre stader i regionen. Det er ikkje lagt opp til noko politisk møte denne gongen, så publikum er eigentleg dei journalistane som blir med på møtet, men Solberg har vore tydeleg på at ho ønsker å snakke med både tilsette og studentar. Men Solberg hadde naturlegvis også fått ta seg ein tur opp på Mowinckel-verandaen om ho hadde ønska det!
Framfor Mowinckel-verandaen? Glade nye masterstudentar på Avdeling for mediefag våren 2021. Frå venstre: Eirik Aarseth, Franziska Schminke, Andrea Schrøder Karlsen og Nini Bakke Kristiansen. Foto: Julie Wiken Krogstadmo, Høgskulen i Volda

Eit sluttpoeng for politikarar er naturlegvis at val er viktig – og det var valår både i 1930, 1979 (lokalval) – 2021. Eit litt artig frampeik for Erna Solberg kan vere at sjølv om Mowinckel (V) og Nordli (Ap) heldt fram som statsministerar etter vala i 1930 og 1979 så var det nok Høgre som gjorde det best både i 1930 og 1979!

Nesten-ministrane

I arbeidet med å røkje etter og nøste i historia har det kome fram også andre statsministernamn som har besøkt Høgskulen i Volda. Fremst i minnet var kanskje Einar Gerhardsen – men det var i 1985 – fleire tiår etter at han hadde slutta som statsminister.

Nærast var kanskje Per Borten som i 1967 deltok i Norges Bondelag sitt landsmøte i Volda. Landsmøtet vart arrangert på Volda ungdomsskule (Øyraskulen), men om Borten nytta høvet og stakk innom Volda lærarhøgskule har eg ikkje funne nokon kjelder som fortel noko om.

Rekruttering og karriere i akademia?

Dei siste dagane har det kome tre viktige bidrag til politikkområdet rekruttering og karrierebygging for høgskular, universitet og andre forskingsinstitusjonar. To av bidraga kjem frå Universitets- og høgskulerådet (UHR) og ein frå Kunnskapsdepartementet (KD). Dei tre dokumenta har naturlegvis ulik status og tidshorisont – og overlappar også kvarandre til ein viss grad, men alle kan reknast som oppfølging av Underdal-utvalet sin rapport frå mai 2018: Stillingsstruktur ved universiteter og høyskoler.

Dette er dei tre dokumenta:

  • UHR: En helhetlig stillingsstruktur i akademia – rapport fra Stillingsstrukturutvalget
  • KD: Strategi for forskerrekruttering og karriereutvikling
  • UHR: Rettleiar for vurdering i akademiske karriereløp

Dokumenta er delvis overlappande, men det kan vere lettare å sjå samanhengen mellom dei i ei slags logisk rekkefølgje

UHR: En helhetlig stillingsstruktur i akademia – rapport fra Stillingsstrukturutvalget

Høyringsfristen er 23. august.

Det er særleg to framlegg som eg trur mange på Høgskulen i Volda har klare meiningar om:

Det første er ph.d. eller tilsvarande «normalt» skal vere krav for tilsetting på høgskular og universitet. Rett nok står det også i rapporten at for somme stillingstypar vil det vere unntak for ph.d.-grad: «herunder for undervisere og praksisveiledere i profesjonsfagene». Kva som ligg i profesjonsfag er ikkje så godt å seie.

Denne merknaden bør ikkje bli borte i den vidare behandlinga av framlegga. Skal ein ha praksisnære profesjonsutdanningar så er ein avhengig av å rekruttere tilsette med erfaring frå praksisfeltet, yrkeslivet. Og vi er ikkje der i Noreg i dag at det er overflod av tilsette med ph.d. i skulen, i sosialtenesta eller i medieredaksjonar.

Eit ferskt døme frå Nord Universitet understrekar dette dilemmaet.

For Høgskulen i Volda ville eit krav om ph.d.som inngangsstilling frå i morgon av truleg føre til at vi måtte stenge butikken. Over 25 år har vi auka andelen førstekompetente frå ca. 25 prosent til over 50 prosent av alle faglege årsverk, men vi har eit stykke igjen før vi når opp til kompetansenivået som universiteta hadde for 25 år sidan.  Forskingsmidlar, doktorgradsutdanning og flyttestraumar går i retning av dei største byane i landet og slike absolutte kompetansekrav vil skunde på ei slik utvikling. Som utvalet truleg har forstått vil kravet om ph.d. også kunne gjere det vanskelegare å oppfylle ambisjonane om betra arbeidslivsrelevans. Så eg kan vere samd i at det er eit mål å arbeide mot at fleire bør ha eller få ph.d., og det er også derfor Høgskulen i Volda har ein fellesgrad, ph.d. I Helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde og arbeider for å få på plass ein eigen ph.d.

Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2021: NM i akademia?

DIKU: Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2021

Det er kanskje ikkje vårens vakraste eventyr eller den aller mest spenstige tittelen: Tilstandsrapport for høyere utdanning 2021. Her er det 132 sider med telling av det aller meste i høgare utdanning – og med meir detaljerte tabellar på nettsider kopla til rapporten.

DIKU: Krevende veg mot livslang læring (Tilstandsrapporten for 2020)

Regjeringa: Rekordmange studenter ved universiteter og høgskoler

Men for mange av oss som er leiarar i høgare utdanning er dette obligatorisk – og viktig lesnad. Det kan kanskje minne litt om NM i akademia. Har vår institusjon framgang eller tilbakegang i publisering? Kva kan vi løfte fram som er særleg positivt for vår institusjon? Eller når statistikken går feil veg: Kunne det eigentleg ha gått mykje verre? Og kan vi skulde litt eller mykje på korona? Så har eg då også omtala Tilstandsrapporten i denne bloggen også fleire gonger tidlegare, og i fjor vart overskrifta slik:

2020: Voldastudentane er best på fullføring av bachelor

For dei som leitar etter Høgskulen i Volda i tabellane i 2021, så har rapportskrivarane teke i bruk forkortinga «HVO». Det er eg godt nøgd med. I rapporten for 2020 og tidelgare år har vi vorte omtala som «Hivo», men det er vel i praksis nesten berre i Tilstandsrapporten at akkurat den forkortinga dukkar opp, så det er bra at DIKU har teke i bruk «HVO».

Orientering til høgskulestyret, styremøte 29. april 2021

X2-festivalen vart digital også i 2021 – som dei andre festivalane i Studiebygda.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet er:

  • Handtering av koronasituasjonen på HVO
  • Akkreditering av kvalitetssystemet til Høgskulen i Volda
  • Søking og opptak for hausten 2021
  • Publiseringar 2020
  • Bygg og anlegg

Korona:

På Høgskulen i Volda og i Volda kommune har koronasmitten vore under kontroll også sidan førre styremøte. Vi har ikkje hatt utbrot blant tilsette og studentar og det som har vore av smitte i Volda har kome frå andre kommunar og har ikkje spreidd seg vidare i Volda eller på Høgskulen. Men det har altså vore smitteutbrot fleire stader i regionen både i mars og april. Vi ser frå andre stader at om smitten først kjem inn i eit studentmiljø så er det vanskeleg å slå den ned. Når vi ikkje har hatt utbrot på Høgskulen i Volda så håper og trur eg det kjem av at studentar og tilsette har gjort godt arbeid med smittevernet.

Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret, styremøte 29. april 2021

Helsing til doktorand Egil Arne Standal

Førstelektor Egil Arne Standal disputerte ved Universitet i Bergen, men frå Store auditorium i Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda, 23. april 2021. Tittelen på avhandlinga er «Opplysningsplikt i barnevernssaker».

Standal i startblokka på disputasen
Standal i startblokka

Det er utruleg kjekt å kunne seie at no har du gjennomført ein disputas til ei juridisk doktoravhandling – i Volda!  

Egil Arne har gjennom val av tema lagt seg tett opp til heilt sentrale spørsmål for det miljøet han er ein del av – altså sosialfagutdanningane ved Høgskulen i Volda. Dei har også vorte takka i avhandlinga, og Kåre Heggen er særskilt nemnt.  Eg har jo sett både i Fjordkonferansen og i andre samanhengar at det juridiske miljøet ved Høgskulen i Volda samarbeider på tvers av avdelingsgrener og fag/administrasjon – og også at de har samarbeid med blant andre fagmiljø ved Høgskolen i Molde og på Høgskulen på Vestlandet. Og eg ser også at Egil Arne har takka Ellen Hovlid i avhandlinga. Slikt gjer meg glad!

Og som vi fekk høyre frå oppsummeringa i starten av disputasen – så er første del av avhandlinga tradisjonell juridisk – rettsdogmatisk. Medan andre del – og det oppfattar eg som hovuddelen av avhandlinga – kanskje den delen av avhandlinga som vil ha betydning for flest – der stiller du det viktige og vanskelege spørsmålet om «bør». At Sverige og Danmark har andre – og kanskje betre? – reglar enn Noreg på dette området er nok ikkje så kjent utanfor fagmiljøa. Men no når barnevernsutdanning er i ferd med å løfte seg opp til å bli masterutdanning, blant anna ut frå internasjonale perspektiv – så vil det bli spennande å sjå korleis di avhandling går inn i ein slik samanheng. 

Eller som dekan Karl Harald Søvig ved Universitete i Bergen sa: Avhandlinga er både teoretisk og praktisk viktig – og nyttig! 

Litt for tidleg påskehelsing

Vårsemesteret 2021: Studentar i grautkø, no også med munnbind.

Så blei det veldig lang koronapåske på oss som til dagleg arbeider eller studerer ved Høgskulen i Volda. Kanskje skal vi håpe og tru at det blir ei betre påske enn i fjor? I 2020 heldt vi stengt ut vårsemesteret, men no i 2021 er det i alle fall håp om at vi kan opne igjen 12. april. Eller er det for optimistisk no når mutantvirusa gjer smittevern endå viktigare – og vanskelegare? Munnbind på offentlege stader og 2 meters grense mellom oss – og obligatorisk heimekontor. Så lenge det er slik må både undervisning, rettleiing og anna drift på høgskulen skje på nett. Så det er ikkje påskeferie slett enno, men vi er alle heime i god tid før påske.

Sjølv håpte eg i det lengste at vi skulle kunne få ha mest muleg ope og kanskje drive mest muleg vanleg. Men vi ser kor lett og fort villsmitten kan spreie seg så var det vel antakelig for optimistisk å håpe på at vi kunne halde fram som ei smittefri øy. Vi har sett kor fort Ålesund og Stad har gått frå å vere like smittefrie som Volda til å kome på ein lite ønskeleg landstopp.

Om vi tenker tilbake på Bergen i fjor haust så spreidde smitten seg svært raskt i studentmiljøa, på tvers av utdanningsinstitusjonane Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Handelshøgskulen – og dei andre høgskulane i Bergen. Smitten i studentmiljøa og i resten av samfunnet stengde i praksis ned store delar av byen hausten 2020. Og det var før mutantvirusa hadde dukka opp.

Volda og student- og høgskulemiljøet har gode føresetnader for å fortsette å vere smittefri, slik vi har vore i heile 2020 og 2021. Men om smitten hadde teke laus i vår, så ville det kompakte og nære studentmiljøet i Volda snu seg frå å vere ein styrke til å kunne bli det motsette. Heldigvis har mange studentgrupper bygd smittevern også ved å opptre mest muleg samla eller lagar sine eigne kohortar – rett og slett gjennom å bli samde om reglar for reising og anna. Så får vi berre håpe at vi heller ikkje etter påske får smitteutbrot og dermed får sjå kor sikkert slikt sosialt smittevern faktisk er. Det er kjekt å sitte i lag i kantina – men 2 meters avstand har vore sjeldan å sjå.

Den store oppturen i vårsemesteret 2021 var nok – grauten! Velferdsgruppa i samarbeid med kantina har servert gratis graut, frukt og kaffi til studentar, og det har vore ei veldig god stemning dei gongane eg har vore i kantina og har sett korleis studentane har fått ein mjuk og varm start på dagen. Eg håper vi snart kan få grauten tilbake.

Men inntil vidare håper og trur eg at både handvask, spriting, testing og avstandskrava i tilegg til sosiale tiltak har medverka til at tilsette og studentar har kome gjennom eit halvt vårsemester utan smitte. Dermed har vi alle støtta kvarandre slik at vi har klart å gjennomføre praksis. Og ikkje minst har studentane fått si studentveke! Det er veldig mykje betre å minnast enn «mutant».

Så igjen ein takk til alle som har teke ansvar og prøver å gjere noko for å forhindre smitte – og så får vi hjelpe kvarandre med smittevern også i tida framover.

Så dette blir ei litt for tidleg påskehelsing til tilsette og studentar rundt om på hyblar og i stover. Men vi går inn mot påska truleg utan koronavirus i Volda, og det skal vi framleis vere glade for.

(Snart) god påske til alle studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda!

God påske! Helsing rektor (siste dag på kontoret før stenginga).

Vekerevyen 2021: Dette trengte vi! For ein feiande flott revy!

Fleire bilde frå revyen.

Vekerevyen 2021 har tittelen «Kvifor skal alt være så forbanna vanskelig hele tiden». Men med så dyktige skodespelarar, musikarar, instruktørar – og ja alle involverte – så kunne revyen like godt hatt tittelen: «Korleis får dei det til å sjå så veldig lett ut»?

For la det vere sagt med ein gong: Vekerevyen 2021 er veldig bra. Og ordet må ha gått, for alle dei fem framsyningane vart utselde nesten med det same. Fantastisk!

Sjølv var eg så heldig å få representere Høgskulen på den tradisjonelle før-framsyninga og fekk oppleve ein enorm energi – både frå skodespelarane og musikarane – men også frå publikum som var så levande med på timane revyen varte! Skodespelarar, musikarar, regisørrar, tekstforfattarar, kostyme, lyd/lys – ja alle må ha hatt det utruleg kjekt i lag! Ja i år har revyen til og med eigen songpedagog! Revysjef Trond Odin Johansen kunne nesten ikkje tru at det berre var vel eit halvt år sidan at revyen starta nesten på null – men jammen har resultatet blitt bra!

Kva er så innhaldet i Vekerevyen 2021? Som ein kan vente og håpe på – ei salig og herleg blanding av snåle og gale og nevrotiske og sjølvopptatte og forelska og sjølvhøgtidlege karakterar inspirert av kvardagen rundt oss. Ein trist Rotsethorn-rap – ein publikumsfavoritt – ein knallbra duett med norsk tekst til «Rolling in the deep», ein nokså lite samarbeidsvillig støvsugar, ein stakkar som hadde gått over i permanent zoom-modus og eit par skrullete karar med relasjonsproblem, dans på lokalet, eit singlet-kledd boyband. Ja og så var dei gode å synge og danse og hadde gummitryne og mimikk så det heldt – også til å berge i land sketsjane med dei tynnaste poenga!