Orientering til høgskulestyret, desember 2022

Høgskulestyret 2019-2023.: Frå venstre: Cecilie Røeggen, Ann Kristin Emblem, Roar Tobro, Inger Østensjø, Mats Ekeberg, Odd Helge Mjellem Tonheim, Johann Roppen, Bodil Palma Hollingsæter, Eirik Søvik, Irmelin Johanne Angell Losvik, Geir Terje Ruud, Silje Louise Dahl, Randi Myklebust. Foto: Karl August Swanstrøm


På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet er:

  • Rektorvalet, direktørtilsetting, tilsetting av studiedirektør og dekantilsettingar
  • 100-års markering for Henrik Kaarstad-huset og besøk frå og møte med Ola Borten Moe
  • Kvinnelege professorar og dosentar

Rektorvalet, direktørtilsetting, studiedirektør, dekantilsettingar:

Høgskulen i Volda har ein syklus der det kvart 4. år er store endring i styring og leiing av høgskulen. Eg skal her gi eit kort oversyn over status i dei ulike funksjonane, og først rektorat og styre:

  • Valet på rektor og prorektor blir gjennomført 9.-16. desember. Det er berre eitt kandidatpar: Som rektor: Odd Helge Mjellem Tonheim. Som prorektor: Eirik Søvik. Så dei kjem til å bli valde. Det vart arrangert ei høyring med det nye rektoratet på eit allmøte 5. desember, og det vart ein god diskusjon.
     
  • Våren 2023 skal det nye valstyret arrangere val på 4 faste og 4 vararepresentantar til høgskulestyret. Dei skal veljast blant dei tilsette på høgskulen og både faglege og teknisk/administrativt personale skal vere representert. Som i dag.
     
  • Våren 2023 vil Kunnskapsdepartementet peike ut 4 faste og 4 vararepresentantar til det nye høgskulestyret som skal ta til 1. august 2023. Høgskulestyret har sett ned eit utval som vil kome med eit framlegg på personar som så blir vedtatt av styret og oversendt til Kunnskapsdepartementet. Departementet står fritt til å utpeike representantar.
     
  • Hausten 2023 skal det veljast studentrepresentantar til høgskulestyret: 2 faste og 2 vara.
  • Tre av dekanane har åremål som også går ut 1. august 2023. Dei tre avdelingane er Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for kulturfag. På Avdeling for mediefag går åremålet ut 1. september 2024. Søknadsfristen på dei tre dekanstillingane er 2. januar 2023. Høgskulen har teikna rammeavtale med rekrutteringsselskapet Jefferson Welles og dekantilsettingane blir den første store oppgåva deira for oss.  Høgskulestyret tilset dekanar på styremøtet i mars 2023.
  • Høgskuledirektør Ann Kristin Emblem har godteke tilsettingsavtalen og er frå 1.12. formelt og fast tilsett som høgskuledirektør.
  • Tilsetting av ny studiedirektør vil skje før nyttår. Det har meldt seg 9 søkarar. Vurderinga slik eg forstår det er at det er fleire godt kvalifiserte søkarar.

Den noverande leiinga tek sikte på å ha eit overlappingsseminar med det påtroppande rektoratet og dekanane i juni 2023.

***

Eit lite tillegg når det gjeld rektorvalet. Det kom jo som ei overrasking på høgskulestyret at valstyret opna for at det kunne veljast ein rektor med to prorektorar. Det hadde nok ikkje styret i tankane då vi vedtok valreglementet for høgskulen. Eg snakka etter møtet med leiar i valstyret og det er klart at valstyret hadde dei beste intensjonar med dette grepet: Nemleg å få fleire til å stille til val.

Valstyret tolka dei faktiske vedtaka til høgskulestyret slik at det var opning for å gjere dette.

Det er mitt inntrykk at både valstyret og truleg også potensielle kandidatar såg fleire problem med ei slik ordning, utan at eg kan seie at det var årsaka til at det ikkje melde seg fleire kandidatar.

Mi meining er at organiseringa av høgskulen bør gjerast på andre måtar enn gjennom forretningsorden for val. Det er no 4 år til neste rektorval, så det vil vere rett at den nye leiinga og det nye styret vurderer om og kva som eventuelt bør endrast eller klargjerast løpande – og i alle fall i god tid før neste val i 2026.

100-års markering for Henrik Kaarstad-huset og besøk frå og møte med Ola Borten Moe

Den 16. november arrangerte vi 100-års markering for Henrik Kaarstad-huset, på dagen 100 år sidan huset vart offisielt opna.

Dagen var prega av lærarskulehistorie, men også breidda av faglege aktivitetar på Høgskulen i dag. Det var ope fagleg hus på Kaarstad-huset med mat og prat også for inviterte gjester.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe heldt jubileumstalen.

Ministeren brukte mesteparten av dagen i Volda og hadde blant anna møte med leiinga på høgskulen – rektoratet, direktør, dekanane, forskingssjef og studentparlamentet.

Han hadde bede særskilt om å få diskutere rekruttering til lærarutdanning, og der møtte han også representantar frå utdanningane og ein student på MAGLU. Ministeren var glad for å få ha fått mange innspel til spørsmål som han seier er samansett og utfordrande for heile sektoren.

Kvinnelege professorar og dosentar – stor interesse

Det er ei viktig og kjekk gladsak at stadig fleire fagleg tilsette oppnår toppkompetanse, altså professor eller dosent. Det er få personar det er snakk om, men målt i årsverk er det snakk om nesten ei tredobling i talet på kvinner med toppkompetanse. Omtalen av dette vart løfta fram på nettsidene våre og spreidd i sosiale media og fekk i følgje kontor for kommunikasjon svært god spreiing både i aviser, kringkasting og sosiale media.

Andre saker:

  • Høgskulestyret bør vite at Volda kommune har gjort endeleg vedtak og signert kontrakt på å bygge symjehall. Det skal skje på same tomta som idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena ligg på og symjehallen skal delvis bruke fasilitetar i idrettshallen. Byggestart var 1. desember 2022 og byggetida er på ca. 2 år. Dette blir ein fantastisk flott tilvekst av aktivitetstilbod på høgskuleområdet og styrkar Volda som studiestad.
  • Høgskulestyret er kjend med at Arbeidstilsynet har vore på tilsynsbesøk hos Høgskulen. Vi har fått beskjed om at dei reknar med å kome med sin rapport før jul, som er noko seinare enn først planlagt. 
  • Søknaden om ph.d.-utdanning Utdanning, språk og kultur vart sendt innan fristen 1. november. Vi har førebels ikkje høyrt noko frå NOKUT når det gjeld handtering av denne søknaden. NOKUT har gått ut offentleg og sagt at dei har fått budsjettkutt og difor får redusert kapasitet. Vi har også andre akkrediteringsprosessar: På Master i barnevernsarbeid er dei sakkunnige i arbeid. Vi har ikkje høyrt noko spesielt om mastersøknaden frå Avdeling for kulturfag: Natur, kultur og berekraft.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar