Helsing til sosialfag i høve opninga av 50-års jubileet, 31. mars 2022

Program for jubileumsseminar, Institutt for sosialfag.

https://www.hivolda.no/om/samfunnsfag-og-historie/sosialfag-50-ar-volda


Kjære alle tilsette og studentar på Institutt for sosialfag, og heile Avdeling for samfunnsfag og historie: Gratulerer så mykje med dagen!

Eg er sikker på at eg har med meg alle tilsette og studentar på dei andre avdelingane og fagområda på Høgskulen i Volda når vi ønsker sosialfag til lukke med feiringa, og vi ser fram til at også i framtida skal sosialfag vere eit svært sentralt fagområde ved Høgskulen.

Ja vi har jo for kort tid sidan vedtatt ein strategiplan som faktisk seier det i klartekst:

HVO skal heve ambisjonane innafor lærarutdanningane, sosialfaga og mediefaga står det. Og særleg for sosialfag at vi ønsker at det skal bli etablert ein master i barnevernsarbeid og vidareutvikle ph.d.-en i helse og sosialfag.

Master i barnevernsarbeid er ei nasjonal oppgåve som fagmiljøet i sosialfag er med på å løyse. Og den har sine klare internasjonale sider – eg nemner berre Strasbourg. Utdanning på masternivå og fokus på juss og kulturkunnskap bør gi ei endå betre utdanning i framtida.

Ph.d.-en i helse og sosial: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling er eit ektefødd barn av fagfolk ved instituttet: Eg nemner her særleg professorane Tor-Johan Ekeland, Kåre Heggen og Jan Inge Sørbø som var heilt sentrale for at Møre og Romsdal skulle få si andre ph.d.-utdanning. Og utdanninga har etter seks-sju års drift fått ein tydeleg fagleg profil, mange ph.d.-kandidatar og også vist seg å ha styrke til å skaffe forskingsrådsprosjekt i dei mest konkurransutsette programma.

Sidan dette er eit 50 års jubileum vil det også bli mange attersyn, og eg må få lov å kome med mitt eige vesle hugskott frå tida som student på DH-skulen i 1986 til 1991: Eg gjekk ikkje på barnevern, men på norsk og media. Men på den tida var vi nokså raskt på fornamn med dei fleste andre studentane – i dag har Høgskulen godt over 4.000 studentar så det er litt vanskelegare.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar