Nynorsk og engelsk, klarspråk og kvalitet. Og litt om dilemma.

Kommentar i høve nettseminar om språklova og tilhøvet mellom engelsk og norsk i akademia, 15. mars 2022.

Min eigen bakgrunn gjer at dette med språk eigentleg er svært enkelt: Nynorsk er eit naturleg val. Vidare bør ein skrive så lettforståeleg og tydeleg som muleg. Klar og tydeleg nynorsk fører oss langt i retning av god språkleg kvalitet, men som vi veit kan også språkleg kvalitet vere like vanskeleg å definere som anna kvalitet. Endeleg så meiner eg vi bør skrive (ny)norsk når vi kan og engelsk når vi må. Vi er ein del av den store verda og det er ikkje alle som kjenner Ivar Aasen. Dessverre.

Desse fire måla: Nynorsk, klarspråk, språkleg kvalitet og eit medvite forhold til engelsk finn vi også støtte for i Høgskulen i Voldas overordna dokument som handlar om språk.

Høgskulen i Volda har vedtatt eigne språkpolitiske retningsliner – dei byggjer på «Lov om språk (språklova) som vart vedtatt i 2021. Her er eit viktig avsnitt i retningslinene våre:

Høgskulen har i 2021 vedtatt ny strategiplan. Den er skriven på nynorsk og språk er omtala i bolken som handlar om profil:

«Vi tek eit særleg ansvar for å bevare og utvikle nynorsk språk og skriftkultur.»

Så kunne ein kanskje tru at med lova på plass, strategiplan på plass og språkpolitiske retningsliner på plass så er det meste avklara?

Hadde det vore slik, så hadde vi nok ikkje arrangert to seminar om språk ved Høgskulen i Volda i mars 2022. Det første den 15. mars har dei nasjonale perspektiva og bruk av engelsk som tema – men om få dagar skal vi ha eit nytt seminar – og då handlar det om oss sjølve. Om språk i den praktiske kvardagen. Og det handlar både om å gjere lova og retningslinene kjende – og å følgje dei opp i kvardagen.

Og sjølv om språk og språkval kanskje er lett for meg, så er det nok ikkje det for alle. Og ser eg også dilemma knytt til eit nynorsk klarspråksprogram. Her vil eg prøve å diskutere litt dilemma knytt til alle dei fire måla:

  • Nynorsk
  • Klarspråk
  • Språkleg kvalitet
  • Engelsk

Nynorsk:

Noko av det første eg opplevde av faglege forventningar då eg tok til som rektor tilbake i 2015 var at ein del representantar frå målrørsla viste seg å vere småkritiske til Høgskulen i Volda. Ikkje for kva vi gjorde, men kva vi ikkje gjorde for nynorsk. Eg møtte klare forventningar til at Høgskulen i Volda skulle vere offensiv og kreve at studentar – ikkje berre på norsk – men også i medieutdanningane – skulle skrive og formidle både på nynorsk og bokmål. Eller endå meir konkret: I sin lokaljournalistikk burde dei skrive på nynorsk, og Høgskulen i Volda burde stille det som arbeidskrav.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar