Orientering til høgskulestyret, styremøte 21.10.2021, Ålesund

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet er:

  • Livet i studentbygda
  • Etatstyringsmøte i 2022
  • Status for NOKUT-tilsynet av kvalitetssystemet til HVO
  • Grunnskulelærarutdanning i lys av Hurdalsplattforma (regjeringserklæringa)
  • Samarbeid med andre institusjonar

Det er kjekt å sjå at studentlivet og kultur- og idrettslivet i Volda har teke seg opp etter opninga. Studenthuset Rokken gjekk frå null arrangement i haust til nesten daglege arrangement i oktober og november, så studentmiljøet er på veg oppover. Og det kan vi alle vere svært glade for.

Vi har fått beskjed om at vi skal ha etatstyringsmøte også i 2022. Vi har ikkje fått dato for dette enno, men det brukar å vere i juni. Kunnskapsdepartementet hadde planlagt å ha eit etatstyringsmøte for 2021 i Volda, men det vart på video – så kanskje får vi besøk av Kunnskapsdepartementet i juni 2022.

Status for NOKUT-tilsynet

Som tidlegare meldt til styret, og som det går fram av styresaka om kvalitetsmeldinga så har vi fått frist til 31.12.2021 med å ettersende periodiske studieprogramevalueringar til NOKUT – det er dette som manglar i NOKUTs akkreditering av høgskulens kvalitetssystem. 

Det vert arbeidd godt i dei utpeika studieprogramma, og arbeidet er i rute. Prorektor, studiedirektør og dekan følgjer prosessen tett opp for å sikre at vi får levere til NOKUT i god tid.

Grunnskulelærarutdanning

I Hurdalsplattforma står det at krava til opptak på lærarutdanning skal justerast, og vi trur dette i praksis betyr at kravet om 4 i matematikk vert justert ned. Det vil kunne føre til fleire kvalifiserte søkarar til grunnskulelærarutdanning.

Hurdalsplattforma seier også at det skal kome ein gjennomgang av profesjonsutdanningar.

Den nye regjeringa ser ikkje ut til å ville oppheve nasjonale rammeplaner for grunnskulelærarutdanning, men signala kan tyde på at dei nasjonale rammeplanane blir noko meir generelle i form enn dei er i dag. UHR Lærarutdanning og UHR styret følgjer nøye med på utviklinga.

I rektorbloggen har eg kommentert regjeringsplattforma.

Samarbeid med andre institusjonar

I samband med regjeringsforhandlingane vart Høgskulen i Volda v/rektor med på eit initiativ overfor dei nye regjeringspartia som handla om å endre på dei særnorske reglane for akkreditering av universitet. Initiativet kom frå Høgskolen Kristiania og i tillegg til Volda var også Molde, Østfold og Samisk Høgskole med.

Resonnementet for min del er at om vi først klarer å gjennomfører våre planar blant anna om ein ny ph.d.-grad og vi deretter får ei endring i regelverket for universitetsakkreditering, så vil Volda ein gong i framtida bli kalla universitet. Så slik eg ser det er ikkje universitetsakkreditering eit mål i seg sjølv, men eit teikn på at har nådd andre kvalitetsmål i forsking og utdanning.

Litt meir detaljert handlar dette særnorske kravet om at i Noreg må ein institusjon blant anna ha fire doktorgrader for å kunne kalle seg universitet. Krava for å bli med i European University Association  er at institusjonen har ein doktorgrad, noko som også er kriteriet for vitskaplege høgskular, som til dømes Høgskolen i Molde.

Men som vi veit følgjer det fortsatt ikkje auka løyving frå KD med ei eventuell universitetsakkreditering.

Innspelet viser truleg igjen i regjeringserklæringa på eit punkt der det står at regjeringa vil: «Gjennomgå sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i høgare utdanning.» Her er lenke til kronikken på Khrono:
https://khrono.no/saernorske-universitetsregler-ma-fjernes/619007

Spørsmålet om universitetstatus og universitetsakkreditering vart også diskutert på styreseminaret som vi hadde i går, og det vil vere naturleg å ta opp spørsmålet i organisasjonen. Når og på kva måte må vi kome tilbake til.

Rektors leiargruppe – dekanmøtet – vurderer ein studietur til Bergen våren 2022. Vi har fått førebels positiv respons frå HVL og UiB om separate møte med dei to institusjonane. Der vil det vere naturleg å diskutere erfaringar og eventuelle samarbeid om masterutdanning, ph.d-utdanning og heilt sikkert også andre spørsmål.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar