Lokale og nasjonale strategiar – og fjellvettreglane (oppdatert)


Blogginnlegget har vorte oppdatert med eit par tilleggsoppysningar/utvikling av diskusjonen. Tillegga er markerte med teksten «tillegg», dato og kursiv.

Høgskulen skal i 2021 inn i ein ny strategidiskusjon – godt forsinka av korona. Samtidig vil våren 2021 by på ei retteleg haglbyge av nasjonale strategiar for høgskule- og universitetssektoren.

Når veret kan vere skiftande og terrenget utfordrande bør fjellvettreglane vere godt kjende når ein skal ut på ein såpass krevande tur som ein strategiprosess kan bli. Og med litt usikre langtidsmeldingar frå sentralt hold. Vi kan starte med fjellvettregel nummer 2:

Nr 2: Tilpass turen etter evne og forhold.

Korleis står det til med evnene til Høgskulen i Volda?

I studieåret 2020-2021 har vi rekordmange studentar, vi har rekordvekst i 2021-budsjettet og i åra som kjem vil fleire store byggeprosjekt lande. Vi har ein del å gå på blant anna når det gjeld kompetanse, publisering og forskingsinntekter. Men med dei mange oppgraderingane og investeringane håper eg vi har på plass det Fjellvettregel nr 5 handlar om:

Nr 5: Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre

Vi bør altså ha eit godt utgangspunkt, men strategiarbeid handlar også om å planlegge framtida, om gå inn i det ukjende – og kanskje usikre. Då er det viktig å følgje Fjellvettregel nr 1:

Nr 1: Planlegg turen og meld frå kvar du går.

Planlegginga av turen, eller kartet, er både strategiprosessen, resultatet og gjennomføringa av planen. Vi har ein strategiplan som er datert 2017-2020, men koronaen har forsinka oss så først no i 2021 skal vi klare å gjennomføre samråda som trengst for at vi på slutten av året skal kunne seie at alle har fått høve til å delta i strategiarbeidet og styret kan vedta ny strategi for Høgskulen i Volda på eit godt grunnlag. Om vi held fram som før så er det ein ny fireårig strategiplan som vil bli vedtatt – kanskje for 2022-2025.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar