Kulturmøte (1875): Ivar Aasen og «Heimsyn»

Helsing til forskarseminar: «Kulturmøte og interkulturell kommunikasjon»Samling på Sæbø, 22. oktober 2020.

Masterstudiet «Kulturmøte» ved Høgskulen i Volda omtalar seg sjølv slik:

«Med utgangspunkt i faga historie og religion, er Master i kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og i notida.»

Det er fagmiljøa på Institutt for historie (ASH) og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag som deler på ansvaret for masterutdanninga. På seminaret «Kulturmøte og interkulturell kommunikasjon» på Sæbø 22. og 23. var forskarar frå miljøa samla i lag med forskarar frå fleire andre høgskular og universitet. Det er kjekt at det faktisk går an å arrangere slike forskarmøte i desse koronatider, og når seminaret er på Sæbø veit vi at då har spesielt tilreisande deltakarar fått ein ekstra dimensjon på seminaret gjennom opplevinga av å kome til sjølve Fjord-Noreg.

I vår omskiftelege tid er kunnskap og medvit om kulturmøte livsviktig både for kvar einskild av oss, men også for demokrati, kommunikasjon og vitskap.

Ivar Aasen hadde noko verdfullt å seie også om dette. I 1875 gav han ut boka «Heimsyn», som hadde undertittelen: «Ei snøgg Umsjaaing yver Skapningen og Menneskja, tilmaatad fyre Ungdomen». Boka vart gitt ut med anonym forfattar. Ut frå tittelen får ein inntrykk av at det er ei lærebok, så antakelig hadde ikkje boka scora så høgt i dagens tellekantsystem. Men boka inneheld likevel interessante og viktige bidrag – også i eit Kulturmøte-perspektiv.

Kapittel nr 6 i boka heiter «Um Menneskja» og etter mange sider av beskrivande slag sluttar kapittelet med at Aasen kjem med sine vurderingar av ulike folkeslag. Eller heller: Vurderingar av vurderingar av ulike folkeslag og kven som har rett til å kalle andre for «villmenn». Og i konklusjonen er Aasen veldig klår:

Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk, so hava me ingen Rett til aa vanvyrda deim, um dei ikkje era heilt upp slike, som me vilde, at dei skulde vera.

Så vi kan kanskje seie at tankar om Kulturmøte heilt sikkert kan førast attende til Ivar Aasen i 1875, noko som kan vere verdt å minnast sidan Ivar Aasen er ein av dei intellektuelle forfedrene som Høgskulen i Volda reknar som viktig for si historie.

Slikt kan også vere viktig å ta med seg i desse tellekant og NOKUT-tider og i alle fall på eit seminar som har kulturmøte og interkulturell kommunikasjon som tema.

Heimsyn har ei eiga side på Aasentunets nettsider – der kan ulike utgåver av boka lesast.

Her er heile avsnittet frå «Heimsyn»:

Millom dei mange Folkeslag utyver Jordi er sume fjølmennte og megtuge, og sume faamennte og litet vinnande. Um nokre Ætter heiter det, at dei veikna
og minka av; og um sume av deim heve det og voret sagt, at dei hava so litet Vit, at dei ikkje era fullføre til nokon Trivnad elder Framgang. Men me faa no ikkje tru alt, som me høyra um slike Ting; for slike Smaafolk hava no jamnan den Uheppa, at
dei verda vanvyrde av dei storlaatne Framandfolk, som ferdast imillom deim, og som alltid vilja tru, at deira eigen Husbunad er den einaste sømelege, og at alt annat er berre Vyrdløysa og Villmannskap.

Vistnog er der vel ymse Folkeslag, som liva i myken Villskap med ymis Utru og Used; men so høyra me ogso Merke paa, at dei sokallade Villmenner paa ymse Stader kunna hava mange store Dygder og derimillom ein stor Vyrdnad fyre Rett og Sanning etter den Lærdom, som dei eingong hava fenget.

Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk, so hava me ingen Rett til aa vanvyrda deim, um dei ikkje era heilt upp slike, som me vilde, at dei skulde vera.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar