Framlegg til nye språkpolitiske retningsliner: Høgskulen tek større ansvar for nynorsk

Det siste halvåret har ei arbeidsgruppe på høgskulen arbeidd med nye språkpolitiske retningsliner, og no er framlegget deira på høyring.

Høyringsbrev, framlegget til arbeidsgruppa og dei gjeldande retningslinene frå 2014 er samla i denne mappa.

Alle som vil kan kome med innspel og høyringsfristen er 1. april 2020. Det er styret som til slutt skal vedta nye språkpolitiske retningsliner. 

Arbeidsgruppa har lagt vekt på å formulere seg kort: Framlegget til retningsliner er berre på to sider. Forbilledleg!

På eit høyringsmøte tysdag 24. februar møtte arbeidsgruppa andre språkinteresserte på høgskulen og eg reknar med mange av poenga frå diskusjonen både vil og bør bli diskutert i den formelle høyringa.

I dette blogginnlegget har eg drive litt sjølvplukk i argumenta som vart framført av flinke og engasjerte kolleger på høyringsmøtet. Så dette er ikkje eit møtereferat men meir ein status av kva spørsmål som vekker diskusjon og mi eiga vurdering av dei språkpolitiske retningslinene pr i dag.

På overordna nivå seier framlegget til retningsliner følgjande om kva som er målet for høgskulens språkpolitikk:

Den språklege kvaliteten skal vere god i all kommunikasjon som høgskulen har ansvaret for. Prinsippet om klarspråk;  eit korrekt, klart og mottakartilpassa språk, skal leggjast til grunn for all skriftleg kommunikasjon frå og ved Høgskulen i Volda.

Nynorsk som hovudspråk

Punktet som eg meiner alle på HVO bør vere mest klar over handlar om nynorsk. Høgskulen i Volda har vore viktig for nynorsk, og omvendt. Kanskje hadde vi ikkje hatt nokon høgskule i Volda hadde det ikkje vore for at nynorsk er ein så sterk del av vår historie, kultur og identitet?

I den gjeldande strategiplanen for høgskulen er nynorsk nemnt i fleire samanhengar – blant anna står det at «Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av identiteten vår», og at vi skal «ta eit særleg ansvar for forsking på nynorsk språk og litteratur og sikre nynorsk som fagspråk.» Strategiplanen vil bli revidert eller nyskriven i 2020, og korleis vi skal forholde oss til nynorsk i den nye planen har vi nok i praksis fått eit innspel på gjennom framlegget til nye språkpolitiske retningsliner.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar