Orientering til høgskulestyret, 5.12.2019.

Styremøte torsdag 5. desember 2019.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida: https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Nybygget og campusutvikling – sak 41/19

Husbygginga på høgskuleområdet viser no godt igjen, også på bygginga av det nye mediehuset. Samtidig har Volda Campus Sparebank1 Arena kome eit godt stykke på veg. Det har vore og kjem til å bli mange små og store endringar på grunn av bygginga: Stengde dører, vegar og vatn, omlegging av interne vegar og parkeringsplassar. Det virkar som ting går rundt.

Vi har ikkje noko nytt å melde når det gjeld tilskot på nasjonalt nivå til mediehuset.

Byggeplassen, 4.12.2019

Struktursaka

Leiinga har hatt eit par møte med uformelle samtalar med leiinga ved Høgskolen i Molde og Høgskulen på Vestlandet om muleg framtidig samarbeid. Mi vurdering er at dette er spørsmål som det for Høgskulen i Volda vil vere naturleg å ta inn i den komande strategiprosessen. Det er ikkje noko nytt å melde når det gjeld samarbeidsavtalen med Universitetet i Bergen.

Studiebarometeret: Høg svarprosent også i 2019

Høgskulen i Volda fekk ein svarprosent på 65. Det betyr at 65 prosent av dei inviterte studentane fullførte spørjeskjemaet. Dette er blant dei høgste svarprosentane i sektoren og nest høgste svarprosent nokon gong på HVO. Resultata blir presenterte i januar/februar.

Kvinnefleirtal blant førsteamanuensane

Kvinner no utgjer over 53 prosent av alle årsverk utført av førsteamanuensar, og det er første gongen er det er kvinnefleirtal i denne gruppa av tilsette. Færrast kvinner er det blant professorane, men her auka kvinneandelen frå 18 til 26 prosent. Også blant alle fagleg tilsette sett under eitt er det ein auke i kvinneandel og kvinner utfører no ca 55 prosent av alle faglege årsverk på høgskulen.

Fleire tilsette – fleire mellombels tilsette – lågare andel førstekompetente

Høgskulen har auka talet på tilsette mykje dei siste åra og vi har no fleire fagleg tilsette enn nokon gong tidlegare med ca 240 årsverk. Målt i årsverk har vi også fleire tilsette som er førstekompetente eler høgare enn nokon gong tidlegare. Stillingstypane vi snakkar om her er professorar, dosentar, førsteamanuensar og førstelektorar.

Men talet på høgskulelektorar og høgskulelærar har auka meir enn talet på førstekompetente, så andel av tilsette med førstekompetente har gått ned frå ca 52 prosent i 2018 til ca 50 prosent i 2019.

Mange av dei nye tilsette er i mellombelse stillingar, og blant tilsette i faste stillingar er det i 2019 ca 56 prosent førstekompetente, men også det er ca 2 prosent lågare enn året før. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar